15.08.2017

Femtande august

Femtande august 1925 kom Oscar Emmanuel Peterson til verda i olympiabyen Montreal i den kanadiske delstaten Quebec. Pianisten Oscar Peterson gav ut over to hundre plater i si levetid, og vann åtte Grammy-prisar. Hjå meg kan tangentleiken hans høyrast på plata Ella & Louis Again, som Ella Fitzgerald og Louis Armstrong gav ut i 1957. Peterson døydde i 2007. I 1942 vart Franz Beckerle fødd på Amager i København. Gitaristen Beckerle rakk å få årets jazzlegat to gonger på sekstitalet før han slo seg saman med Kim Larsen og danna Gasolin’. Beckerle har i dag lagt gitaren på hylla for godt og er ein anerkjend instalasjonskunstnar. Beckerle sitt gitarspel kan i mi platehylle nytast på Gas 1&2, som inneheld dei to fyrste studioplatene Gasolin’ slepte, Gas 3&4, som inneheld dei den tredje og fjerde studioplata, studioplatene Efter Endnu En Dag (1976) og Gör Det Noget (1977), i tillegg til samleplatene Rabalderstrædet Forever og Live – Derudaf Forever (1993). I 1950 vart Tommy Aldridge fødd i Pearl i Mississippi. Trommisen Aldridge har spela med ei rekkje tungrockband, og hjå meg kan han høyrast medan han held takten for Ozzy Osbourne på konsertplatene Speak Of The Devil (1982) og Tribute (1987). I 1956 vart Petter-John Vetterse fødd i Skotland. Tangentmannen Vetterse kan hjå meg høyrast på Simple Minds si plate Real Life frå 1991. I 1962 kom Tor Øyvind Syvertsen til verda. Gitaristen Syvertsen er best kjend for å spele i Mods og The September When. Hjå meg kan Syvertsen høyrast på Mods si samleplate Originalar (1992), som er ei samling av bandet sine to fyrste studioplater Revansj (1981) og Amerika (1982). I 1973 vart Adam David Willard fødd i San Diego i California. Trommisen Atom Willard er best kjend for å spele i Rocket From The Crypt, hjå meg kan han høyrast medan han held takten for Melissa auf Der Maur si sjølvtitulerte studioplate frå 2004. I 1984 slepte Motörhead plata No Remorse, og det har dei sikkert ikkje angra på. I 1995 slepte Garbage si sjølvtitulerte debutplate, ei plate som nådde topp tjue i ei rekkje land i den vestlege verda. Same dag oppsummerte The Jackson 5 si karriere med plata The Ultimate Collection. I 2009 døydde Jim Dickinson.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar