10.08.2017

Åttande august

Åttande august 1937 vart Cornelis Vreeswijk fødd i nederlandske Ijmuiden. Gjennom eit hardt liv sette den svensk-hollandske visesongaren Vreeswijk sitt preg på skandinavisk visesong. Han har skrive eit utal viser og gjendikta fleire kjende framandspråklege tekstar, ofte med ein humoristisk og samfunnsrefsande synsvinkel. Hjå meg finn du to samlingar av Vreeswijk sine songar, Guldkorn (Samhällskritikarn) (2001) og Guldkorn Frå Master Cees Memoarer (1996), og eg ser ikkje bort frå at det vert fleire. Vreeswijk døydde i 1987. I 1942 kom bassisten John Gustafson til verda i engelske Liverpool. Gustafson har ei allsidig karriere som omfattar mellom anna The Merseybeats, Roxy Music og Ian Gillan Band. Hjå meg kan han, så langt, høyrast på Roxy Music si samleplate More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music frå 1995, og medan han spelar bass på songen Lounge Lizzard på Ian Hunter si sjølvtitulerte soloplate frå 1975. Gustavson døydde i 2014. I 1950 vart Liberty DeVitto fødd i Brooklyn i New York City. Trommeslagaren DeVitto var fram til 2006 fast medlem med meir enn tretti års fartstid i Billy Joel sitt band og kan hjå meg høyrast på studioplatene Glass Houses (1980) og Storm Front frå 1989, i tillegg til konsertplata Kohuept frå 1987. I 1952 kom Anton Fig til verda i Cape Town i Sør-Afrika. Trommisen, som ofte vert kalla The Thunder From Down Under, er best kjend for arbeidet han har gjort i CBS Orchestra, som spelar på Dave Letterman sitt Late Show. Hjå meg kan Fig høyrast medan han vikarierar for ein kollisjonsskadd Peter Criss på Kiss-plata Dynasty frå 1979, og på Gary Moore si plate After Hours frå 1992. I 1953 kom Bianca Thornton til verda i Kansas City i Missouri. Songerinna Lady Bianca kan i mi platesamling høyrast på plata No Guru No Method No Teacher, som Van Morrison slepte i 1986, samt på utvalde spor på samleplata The Philosopher’s Stone, som den same Van «The Man» Morrison slepte i 1998. I 1956 vart Christopher John Foreman fødd i London. Gitaristen Chris Foreman var ein av grunnleggjarane av Madness og i mi platehylle kan du høyre godlyden frå gitaren hans på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1998. I 1957 kom Dennis Drew til verda i Jamestown i den amerikanske delstaten New York. Tangentmannen Drew var ein av grunnleggjarane av 10 000 Maniacs. I 1961 kom David Howell Evans til verda i Barking i London. The Edge har skaffa seg eit levebrød som gitarist i U2 og kan i mi platehylle høyrast på bandet si tredje studioplate, War, frå 1983. Same dag kunne Elvis Presley fortelje at (Marie’s The Name) His Latest Flame og fekk med det fire veker på fyrsteplass på hitlistene i England. I USA klatra plata til fjerdeplass som høgaste plassering. I 1968 spelte Johnny Cash inn Oh, What A Dream og All Over Again som begge kan høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1969 vart Brad Pemberton fødd. Perkusjonisten Pemberton er fast innslag i The Cardinals, eit band som er kjend for å støtte Ryan Adams i tjukt og tynt. I mi platehylle høyrer du Pemberton sitt arbeid på Adams si plate Easy Tiger frå 2007. I 1973 vart Anthony Scott Flippen fødd i Goldsboro i North Carolina. Nykristne Scott Stapp var vokalist i Creed og påstår han har klart å plassere flaska på hylla for godt. Stapp påstår også at han er så fattig at han i periodar bur i bilen og ikkje har pengar til mat. I gamle dagar hausta Stapp fleire Grammy-utmerkjingar for arbeidet med Creed, og hjå meg kan røysta hans høyrast på plata Human Clay frå 1999. I 1975 døydde Cannonball Adderley. I 1976 kom Olaf Olsen til verda i Oslo. Olsen er trommeslagar i Bigbang og den av medlemmene som har vore lengst med i bandet, etter sjefen sjølv, Øystein Greni. I 1977 vart Marsha Ambrosius fødd i den engelske hamnebyen Liverpool. Songerinna Ambrosius har ei fortid i bandet Floetry og solodebuterte så seint som i 2011. Hjå meg kan Ambrosius høyrast på Justin Timberlake si debutplate Justified frå 2002. I 1979 fekk nederlandske fjernsynssjåarar servert eit ungt og vitalt AC/DC. Programmet Veronica-Countdown bydde på eit opptak gjort i Rijnhall i Arnhem i juli same år. For dei som kjenner for å mimre kan det vere lurt å sjekke DVD’ane Plug Me In eller Let There Be Rock. I 1980 slepte The Clash singelen Bankrobber, som klatra til tolvteplass på dei engelske singellistene. I 1984 gav W.A.S.P. ut den sjølvtitulerte debutplata si og rocken vart aldri den same. Sjefen Blackie Lawless trakterte bassen og hadde med seg gitaristane Randy Piper og Chris Holmes i tillegg til trommeslagaren Tony Richards. L.O.V.E. Machine, I Wanna Be Somebody og On Your Knees kan i tillegg høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1993. I 1986 var Toy Dolls på plass på Dollys i Oxford. I 1987 kunne Toy Dolls opplevast på Sneekwave i Sneek. I 2006 slepte Slayer plata Christ Illution, dette var bandet si niande studioplate.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar