03.08.2017

Tredje august

Tredje august 1925 vart Dom Um Romão fødd i brasilianske Rio de Janeiro. Perkusjonisten Romão spelte med ei rekkje amerikanske artistar, men er best kjend for å spele med Weather Report. Hjå meg kan Romão sitt trommespel høyrast på samleplata Collection frå 2008. Romão døydde i 2005. I 1946 kom John Foley York til verda i White Plains i delstaten New York. Bassisten John York er kreditert for å spele på eit spor på studioplata The Papas & The Mamas, som The Mamas & The Papas slepte i 1968. I 1947 vart John Tyler fødd i engelske Barlow. Gitaristen Sean Tyla var ein av dei som hjelpte The Blackhearts med gitarspel for Joan Jett på plata I Love Rock’n Roll frå 1981. I 1953 kom Ian Bairnson til verda i Lerwick på hovudøya på idylliske Shetland. Gitaristen Bairnson er best kjend for å spele i The Alan Parsons Project, men hjå meg kan han høyrast medan han spelar for Kate Bush på plata Lionheart frå 1978. I Nashville i Tennessee vart Randy Scruggs fødd. Musikaren Randy Scruggs er son av banjolegenda Earl Scruggs. I mi platehylle kan Scruggs jr. høyrast medan han spelar gitar for Johnny Cash på tre ulike studioplater i American-serien: Solitary Man (2000), The Man Comes Around (2002) og A Hundred Highways (2006), i tillegg til eitt spor på Dwight Yoakam si samleplate In Others Words frå 2003. I 1959 vart Martin Clive Atkins fødd i engelske Coventry. Trommisen Martin Atkins har vore innom band som Killing Joke og Pigface, men er betre kjend for arbeiet han gjorde i Public Image Ldt. Hjå meg høyrer du Atkins på PIL sine studioplater Metal Box (Second Edition) frå 1979, og This Is What You Want…This Is What You Get (1984), i tillegg til konsertplata In Case You Didn’t Feel Like Showing Up, som Ministry slepte i 1990. I 1961 kom Leon Drucker til verda i Massapequa i delstaten New York. Drucker er til vanleg kjend som den hårfine bassisten Lee Rocker i det fantastiske rockabillybandet Stray Cats og kan hjå meg høyrast på platene Gonna Ball frå 1981 og Choo Choo Hot Fish frå 1992, i tillegg til samleplata The Best Of The Stray Cats (1996) som oppsummerar den fyrste, og viktigaste, delen av rockabillylegendene si karriere på strålande vis. I 1963 vart James Alan Hetfield fødd i Downey i California. James Hetfield er ein av grunnleggjarane av Metallica, han er både gitarist og songar, og hjå meg kan han høyrast på platene Ride The Lightning (1984), Master Of Puppets (1986), …And Justice For All (1988), Metallica (1991), Load (1996) og St. Anger (2003). I 1964 vart Amery Smith fødd i Los Angeles i California. Den trommeslagande artisten kjend som AWOL har vore innom ei rekkje band og kan hjå meg høyrast på Beastie Boys si plate Ill Communication frå 1994. I 1967 kom Deborah Ann Dyer til verda i innvandrarbydelen Brixton i London. Skin tok verda med storm midt på 1990-talet som ein del av bandet Skunk Anansie og kan hjå meg høyrast på platene Stoosh frå 1996, og Post Orgasmic Chil (1999). I 1971 vart Deidra Muriel Roper fødd i Brooklyn i New York City. DJ Spinderella var den som snurra plater for raptrioen Salt’n Pepa og kan i mi platehylle høyrast på plata Very Necessary frå 1993. I 1979 kom Chevon Young til verda i Philadelphia i Pennsylvania. Ms. Jade har slept plater på eiga hand, i mi platehyllek kan ho høyrast med vokalhjelp på Missy Elliot sine plater Miss E…So Addictive (2001) og Under Construction frå 2002. I 1992 slepte INXS plata Welcome To Wherever You Are, bandet si åttande studioplate. I 1993 platedebuterte Sheryl Crow med Tuesday Night Music Club. I 1999 døydde Leroy Vinnegar. I 2003 stod Linkin Park på scena i Texas Stadium i Irvin i skytegale Texas. Delar av konserten kan høyrast på konsertplata Live In Texas, som kom på marknaden seinare same året.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar