25.08.2017

Tjuefemte august

Tjuefemte august 1920 kom Leonard Gaskin til verda i New York City. Bassisten Gaskin, som eigentleg vert rekna som jazzmusikar og har spel for trompetlegenda Miles Davis på sin CV, kan hjå meg høyrast på Bob Dylan si plate The Freewheelin’ Bob Dylan frå 1963. Gaskin døydde i 2009. I 1933 vart Wayne Shorter fødd i flyplassbyen Newark i New Jersey. Saksofonisten Shorter vert rekna som ein av tidenes framste musikarar og har gjeve ut meir enn tjue plater som bandleiar under eige namn. I mi platesamling kan Shorter høyrast på den femte og tiande soloplata sin, Juju (1964) og Adams Apple frå 1966. Shorter kan også høyrast medan han spelar i bandet Weather Report på samleplata Collection, og for trompetlegenda Miles Davis på platene In A Silent Way (1969) og Water Babies frå 1976. I 1949 kom Chaim Weitz til verda i Haifa i Israel. Ettersom Chaim Wietz er eit namn det er lov å tru ikkje vil selgje så godt i den ubamhjertige rockeindustrien har Weitz teke kunstnarnamnet Gene Simmons. Simmons er kjent som den langtunga bassisten i teikneseriebandet Kiss og skryt av at han har landa fleire damer enn dei fleste andre i same bransje, noko fleire nære kjenningar av Simmons avkreftar. Underteikna var heldig og fekk oppleve Simons og resten av Kiss på Koengen i Bergen 1. juni 2008. Gamlingane leverte eit fantastisk show som heile familien levde lenge på, litt synd den lyse nordiske sumarnatta la ein dempar på litt av pyroshowet. Hjå meg kan Simmons høyrast på studioplatene Love Gun (1977), Dynasty (1979), Music From The Elder (1981) og Crazy Nights (1987), i tillegg til samleplata Double Platinum (1978), konsertplata Alive III (1993) og soloalbumet Gene Simmons frå 1978. I Djoliba i Mali vart Salif Keita fødd. Salif Keita er kjend som Afrikas gullrøyst og har hatt ei stor internasjonal karriere med millionar av selde plater. Mi platehylle byr på plata 69-80, ei samleplate frå 1994. I 1950 kom William Paul Borsey Jr til verda i Stamford i Connecticut. Willy DeVille gjorde seg fyrst merkt som leiar av bandet Mink DeVille, som til tider var husband på legendariske CBGB’s i New York City, men frå 1986 gjorde han solokarriere under namnet Willy DeVille. I mi platehylle står Backstreets Of Desire frå 1992. Willy DeVille døydde av kreft i bukspyttkjertelen i 2009. I 1951 vart Robert John Arthur Halford fødd i engelske Sutton Coldfield. Metallikonet Rob Halford er kjend som vokalist i bandet Judas Priest og vert av fansen referert til som The Metal God, eit tilnamn alle frammøtte på konserten i Bergenshallen 8. juni 2008 og på Edvard Griegs Plass i 2011 vil skrive under på at han har gjort seg fôrtend til. Hjå meg står sju ulike titlar, studio-, konsert- og samleplater, i hylla. I 1954 kom Declan Patrik MacManus til verda i London. Elvis Costello har slepte plater under eige namn og saman med bandet The Attractions, han har også samarbeida med verdskjende artistar som sviskekongen Burt Bacharack og kona Diana Kral. Costello har også produsert plater for andre artistar, som mellom anna The Pogues. I mi platehylle er det, enn så lenge, plata Mighty Like A Rose frå 1991 som er Costello sitt bidrag, men eg lovar at det kjem meir. I 1955 vart John Alexander McGeoch fødd i skotske Greenock. Gitaristen John McGeoch var best kjend for å spele i PiL, hjå meg kan han høyrast medan han hjelp Sugarcubes med gitarspel på plata Stick Around For Joy frå 1992. McGeoch døydde i 2004. I 1961 kom Jan Ingemar Kyhle til verda i Stockholm. Operasongaren Jan Kyhle sitt bidrag til mi platesamling finn du på plata Synd, som Imperiet slepte i 1986. I 1962 fekk verda nok ein nordirsk gitarist då Vivian Patric Campbell vart fødd i Belfast. Vivian Campbell var ein del av originalbesetninga i Dio og kan hjå meg høyrast på Holy Diver frå 1983. I 1963 kom Candida Mary Doyle til verda i den Nord-Irske hovudstaden Belfast. Tangentdama Candida Doyle spelte i Pulp frå 1984 til 2002 og kan hjå meg høyrast på plata Different Class frå 1995. I 1966 vart Derek Sherinian fødd i Laguna Beach i California. Tangentmannen Sherinian sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Kiss si konsertplate Alive III frå 1993. I 1967 vart Jeffery Scot Tweedy fødd i Belleville i Illinois. Jeff Tweedy har ei fortid i Uncle Tupelo (1987-1994), men er i dag best kjend for å vere den kreative krafta i bandet Wilco. Hjå meg er han representert med bandet si tredje, fjerde og femte studioplate, Summerteeth (1999), Yankee Hotel Foxtrot (2002) og A Ghost Is Born frå 2004. I 1968 kom Stuart Lee Murdoch til verda i skotske Clarkston. Stuart Murdoch er låtskrivar, vokalist og gitarist i det skotske indiebandet Belle & Sebastian. Så langt byr mi hylle på plata The Boy With The Arab Strap, og meir er på veg. I 1971 var dette dagen The Who gav ut Who’s Next i England. Plata nådde #1 på dei britiske listene. I 1972 kom Arne Hovda til verda i Stavanger. Tangentmannen Hovda har ei fortid i The Getaway People og hjå meg høyrer du han på plata Turnpike Diaries frå 2000. I 1978 var dette dagen plata Who Are You med The Who vart gjeven ut på andre sida av Atlanterhavet. Plata nådde andreplass på dei amerikanske listene. I 1986 var det Rockabillyfest på Klub Foot i Hammersmith og på scenen stod mellom anna Torment, Rochee & The Sarnos, Wigswille Spliffs, The Coffin Nails, The Caravans, alle frå Storbritannia, og nederlandske Batmobile. Alle saman kan høyrast og nytast på plata Stomping At The Klub Foot Vol. 3. I 1987 kom The Cars si sjette og siste studioplate, den fekk namnet Door To Door og gjorde ikkje nemneverdig suksess. I 1988 gav Metallica ut plata …And Justice For All, og no var dei tidlegare garasjerockarane brått superstjerner. I 1992 slepte Eric Clapton konsertplata Unplugged, som var eit samarbeidsprosjekt med fjernsynskanalen MTV. I 1995 døydde Doug Stegmeyer. I 1996 kom andresingelen frå plata To The Faitful Departed med The Cranberries, Free To Decide. I 1997 gav Rammstein ut plata Sehnsucht og gav med det nytt liv til sjangeren industrimetall. Same dag slepte Motörhead CD-Boxen Protect The Innocent der ein på fire plater får det beste av det beste frå perioden 1976 til 1992. Og som om ikkje det var nok, platedebuterte Stereophonics med plata Word Gets Around. I 1998 oppsummerte sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd bandet sin gullalder, 1971-1977, med plata The Essential Lynyrd Skynyrd. Og Lauryn Hill lanserte plata som skulle markere starten på hennar solokarriere, The Miseducation Of Lauryn Hill. Juliana Hatfield slepte si tredje soloplate, Bed. I 2000 døydde Jack Nitzsche. I 2003 slepte Bigbang den doble konsertplata Radio Radio TV Sleep. I 2014 døydde Uziah «Sticky» Thompson.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar