04.08.2017

Fjerde august

Fjerde august 1901 vart jazztrompetisten og songaren Louis Daniel Armstrong fødd i jazzbyen framfor nokon, New Orleans i Louisiana. Frå fattigstroka ved Mississippi-elva sine bredder gjekk turen til storbyane Chicago og New York, og seinare tusenvis av konsertar verda over. Etter kvart voks Armstrong si stjerne seg så stor at han i dag har si eiga stjerne på den berømte Hollywood Walk Of Fame. Hjå meg er Armstrong representert med samleplata Supergold, i tillegg til Ella & Louis Again, som han gav ut saman med Ella Fitzgerald i 1957. Armstrong døydde i 1971. I 1921 kom Mitchell Herbert Ellis til verda i Farmersville i skytegale Texas. Gitaristen Herb Ellis kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på plata Ella & Louis Again, som Ella Fitzgerald og Louis Armstrong gav ut i 1957. Ellis døydde i 2010. I 1940 kom Lawrence William Knechtel til verda i Bell i California. Larry Knechtel dreiv vekselbruk mellom bass og keyboard og fekk spele med store namn som Simon & Garfunkel og The Doors. Hjå meg kan Knechtel høyrast som tangentmann på plata The Papas & The Mamas, som The Mamas & The Papas slepte i 1968, Joan Baez si plate Diamond & Rust (1975), og på Elvis Costello si plate Mighty Like A Rose frå 1991. Knechtel døydde i 2009. I 1957 vart Dean Ivanhoe Fraser fødd i Kingston på Jamaica. Saksofonisten Dean Fraser har deltatt på meir enn hundre plater i reggeasjangeren. Hjå meg kan han høyrast medan han spelar for Peter Tosh på studioplata Wanted Dread Or Alive (1981), samt samleplatene The Toughest (1998) og The Best Of Peter Tosh (1999). I 1960 vart Stefan Kaufmann fødd i tyske Solingen. Trommeslagaren Kaufmann har heldt takten på ni av gay-metal-legendene Accept sine studioplater og kan hjå meg høyrast på legendariske Balls To The Wall frå 1983, samt på dei fleste spora på samleplata No Substitutes (1995). I 1967 slepte Aretha Franklin plata Aretha Arrives, produsent var Jerry Wexler. I 1969 vart Massimiliano Antonio Cavalera fødd i brasilianske Belo Horizonte. Gitaristen og vokalisten Max Cavalera er, saman med broren Igor, ein av grunnleggjarane av Sepultura og heldt med det ut med bandet frå 1982 til 1996. Hjå meg kan Cavalera høyrast på studioplata Arise frå 1991. I 1986 kunne Toy Dolls høyrast på Roof Tops i den skotske storbyen Glasgow.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar