12.08.2017

Tolvte august

Tolvte august 1929 kom Alvis Edgar Owens Jr til verda i Sherman i skytegale Texas. Countrysongaren Buck Owens flytta til Bakersfield i California på slutten av 1950-talet og hadde fleire hits som ikkje berre klatra til topps på countrylistene, men også plasserte seg høgt på dei vanlege poplistene. Eg hugsar Owens best frå far min sine gamle langspelplater, men då eg for ei tid tilbake kom over ei CD-plate på Fretex, vart eg hard gripen av nostalgi og investerte halvanna sneis i eit eksemplar av Act Naturally-Greatest Hits. Owens døydde i 2006. I 1943 vart Leslie Duncan fødd i engelske Stockton-On-Tees. Songerinna Leslie Duncan nådde aldri den store komersielle suksessen, noko som skal skyldast stor grad av sceneskrekk. Hjå meg kan Duncan høyrast med bakgrunnsvokal på Pink Floyd si plate Dark Side Of The Moon frå 1973. Duncan døydde i 2010. I 1947 kom Ian William Rilen til verda i australske Bendigo. Bassisten Ian Rilen er best kjend for å spele med Rose Tattoo og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of Rose Tattoo frå 2005. Rilen døydde i 2006. I 1949 vart Louis Martin fødd i nordirske Belfast. I mi platesamling kan pianisten og keybordisten Lou Martin høyrast medan han held orden på tangentane for Rory Gallagher på studioplata Calling Card frå 1976, samt på utvalde spor på samleplata Big Guns – The Very Best Of Rory Gallagher, som kom på marknaden i 1995. Martin døydde i 2012. I Glasgow kom Mark Freud Knopfler til verda. Gitaristen Mark Knopfler sitt arbeid for bandet Dire Straits har gjort at han i dag vert rekna som ein av verdas beste gitaristar. Hjå meg kan Knopfler sitt gitarspel nytast på Phil Lynott si soloplate The Phillip Lynott Album frå 1982, og på Tina Turner si plate Foreign Affair, som kom på markanden i 1989, i tillegg til låta I Think I Love You Too Much frå Jeff Healey Band si plate Hell To Pay frå 1990. I 1951 vart Herman Ernest III fødd i New Orleans i Louisiana. Trommeslagaren med tilnamnet Roscoe er best kjend for å spele i Dr. John sitt band og kan i mi platehylle høyrast i taktfast arbeid på studioplata Anutha Zone frå 1998. I 1953 kom den Peter Ostroushko til verda i Minneapolis i Minnesota. Felespelande Ostroushko platedebuterte på Bob Dylan si plate Blood On The Tracks i 1975, som også er bidraget hans til mi platesamling. Seinare har Ostroushko spelt for mellom anna Emmylou Harris og Willie Nelson. I 1960 vart Morten Skaget fødd i Trondheim. Bassisten Morty Black er best kjend for å spele i TNT og kan i mi platehylle høyrast på bandet si sjuande studioplate, Transistor, frå 1999. I 1967 platedebuterte Big Brother & The Holding Company med ei plate med same namn som bandet, vokalist var legendariske Janis Joplin. I 1975 vart Robert Solli Burås fødd i Narvik. Gitaristen Robert Burås slo gjennom med Mardrugada i 1999, eit band han slepte fire studioplater, Industrial Silence (1999), The Nightly Desease (2001), Grit (2002) og The Deep End (2005), og ei konsertplate, Live At Tralfamadore (2005), med før han døydde i 2007. I 1976 spelte Ramones live på The Roxy i Hollywood. Hendinga vart festa til band og seksten tidlegare uutgjevne songar inkludert Blitzkrieg Bop og Now I Wanna Sniff Some Glue kan høyrast som tilleggsmateriale på plata Leave Home. I 1986 slepte Paul Simon den kritikarroste plata Graceland, som var hans sjuande soloplate etter at samarbeidet med Art Garfunkel vart lagt på is for ei stund. I 1995 gjorde Doug Stegmeyer sjølvmord, og også Marty Paich drog eit siste sukk. I 2005 døydde Rufus Thibodeaux. I 2010 døydde Richie Hayward. I 2013 døydde Tompall Glaser.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar