10.08.2017

Sjuande august

Sjuande august 1949 vart Timothy John Pearson Renwick fødd i den kjende engelske universitetsbyen Cambridge. Gitaristen Tim Renwick har spelt for eit utal kjende engelske artistar og er i mi platesamling representert med gitarspel på på David Bowie si studioplata Space Oddity frå 1969, Mike + The Mechanics si plate Word Of Mouth frå 1991, og på plata Across From Midnight, som Joe Cocker slepte i 1997. I 1951 kom Peter Frederick Way til verda i engelske Enfield. Bassisten Pete Way har spelt med Ozzy Osbourne og Fastway, men er best kjend for arbeidet han har gjort med UFO. Hjå meg kan Way høyrast på studioplata Obsession, som sistnemnde slepte i 1978. I 1958 vart Bruce Dickinson fødd i engelske Worksop. Dickinson er kjend som den høgtflygande vokalisten i tungrocklegendene Iron Maiden. Han har også gjeve ut fleire soloplater og har ei fortid i fleire grupper, mellom anna meritterte Samson. I mi platehylle kan Dickinson si kraftige røyst høyrast på studioplatene The Number Of The Beast (1982), Peace Of Mind (1983), Powerslave (1984), Somewhere In Time (1986), Seventh Son Of A Seventh Son (1988), No Prayer For The Dying (1990), Brave New World (2000), Dance Of Death (2003), A Matter Of Life And Death (2006) og The Final Frontiere (2010), i tillegg til konsertplata En Vivo, som kom på marknaden i 2012. I 1962 kom Alison Brown til verda i den tidlegare så stolte hockeybyen Hartford i Connecticut. Banjospelande Brown har hausta Grammy-prisar for den utradisjonelle spelemåten sin, har samarbeida med Alison Krauss i Union Station, og kan i mi platehylle høyrast på utradisjonelle Michelle Shocked si studioplate Arkansas Traveller frå 1992. I 1964 kom Aslak Dørum til verda. Bassisten Dørum spelar til dagleg i trønderbandet DumDumBoys og kan hjå meg høyrast på samleplata Schlägers frå 2001. I 2011 døydde Marshall Grant.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar