05.08.2017

Femte august

Femte august 1941 kom Airto Moreira til verda i brasilianse Itaíopolis. Perkusonisten Moreira er kjend for å spele med store namn på jazz-scena, hjå meg kan han høyrast på Bitches Brew, som Miles Davis slepte i 1970, og utvalde spor på Weather Report si samleplate Collection, som kom på marknaden i 2008. I 1947 vart Richard Zehringer fødd i Fort Recovery i Ohio. Gitaristen Rick Derringer slo gjennom i gruppa McCoys, som er fint plassert i kategorien ”one-hit-wonders” etter at dei opplevde kjempesuksess med Hang On Sloopy i 1965, men i mi platehylle kan han høyrast medan han gjer han jobben som hjelpegitarist og produsent for Johnny Winter på konsertplata And Live frå 1971, samt på utvalde spor på samleplata A Rock ‘n Roll Collection. I den australske olympiabyen Melbourne kom Gary Stephen Anderson til verda. Songaren Angry Anderson er originalmedlem og frontmann i Rose Tattoo og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of Rose Tattoo frå 2005. I 1948 kom David Hungate til verda i skytegale Texas. Bassisten Hungate, med ei fortid i Toto, kan hjå meg høyrast medan han spelar for Alice Cooper på studioplata From The Inside frå 1978, og på Rickie Lee Jones si plate The Magazine frå 1984. I 1955 vart Eddie Ojeda fødd i New York City. Ojeda, med kallenamnet Fingers, er gitarist i Twisted Sister og kan hjå meg høyrast på samleplata Big Hits And Nasty Cuts frå 1992. I 1959 kom George Ruthenberg til verda i Los Angeles i California. Gitaristen Pat Smear spelar til dagleg i Foo Fighters og kan hjå meg høyrast på plata The Colour And The Shape frå 1997. Smear er også kreditert for akustisk gitar på Nirvana sine plater MTV Unplugged In New York (1995) og From The Muddy Banks Of Wishkah (1996). I 1961 kom fiolinisten Mark O’Connor til verda i Seattle i Washinton. O’Connor kan hjå meg høyrast saman med bandet Telluride på Nothing But A Child på Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988, og på plata Across The Borderline, som Willie Nelson slepte i 1993. I 1962 døydde Marilyn Monroe. I 1964 vart Adam Nathaniel Yauch fødd i bydelen Brooklyn i New York City. Adam «MCA» Yauch var ein av grunnleggjarane av rap-trioen Beastie Boys, som ærar platehylla mi med så mykje som sju titlar frå ei lang karriere. Budhisten Yauch vart diagnostisert med kreft i 2009 og døydde så altfor tidleg i 2012. I 1968 nytta gitaristen Luther Perkins dagen til å dra sitt siste sukk etter å ha røykt på sengjekanten. I 1977 kom Terje Winterstø Røthing til verda. Gitaristen Røthing spelar til dagleg i Kaizers Orchestra og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Ompa Til Du Dør, Evig Pint og Violetta Violetta vol. 1 (2011). I 1986 var Toy Dolls i skotske Ayr for å spele på Darlington Hotel. I 1992 døydde Jeff Porcaro. I 1993 døydde Randy Jo Hobbs og Bob Cooper. I 1998 døydde Eldon Shamblin. I 2013 døydde George Duke.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar