21.08.2017

Tjuefyrste august

Tjuefyrste august 1904 vart William James Basie fødd i Red Bank i New Jersey. Storbandleiaren Count Basie leia sitt eige band med stødig hand i nesten femti år. Samleplata Atomic Swing frå 1999 er Basie sitt bidrag til mi samling. Basie døydde i 1984. I 1939 kom James Burton til verda i Dubberly i Louisiana. Gitaristen Burton er kjend som Master Of The Telecaster og har vore medlem av Rock’n Roll Hall Of Fame sidan 2001. Burton sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast på Buffalo Springfield si plate Buffalo Springfield Again frå 1967, på Pieces Of The Sky, som var Emmylou Harris sitt bidrag til platemarknaden i 1975, og på Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991. I Staunton i Virginia vart Harold Reid fødd. Bassongaren Reid var medlem av The Statler Brothers til dei pensjonerte seg i 2012 og er kreditert for å ha skrive fleire av songane deira. Hjå meg kan Reid høyrast med bakgrunnsvokal på Johnny Cash si konsertplate At Folsom Prison frå 1968. I 1941 kom tangentmannen Tom Coster til verda i den tidlegare så stolte bilbyen Detroit i Michigan. Store musikarar som Santana og Joe Satriani har nytt godt av Coster sine tenester og kjem du innom meg for å høyre tangentspelet hans kan du gjere det på 50 Cent si plate Get Rich Or Die Tryin’ frå 2003. I 1943 var dette dagen for Clydie May Crittendon sin fødsel, det hendte i olympiabyen Atlanta i Georgia. Clydie King starta karrieren si som syngjedame tidleg i tenåra og har arbeida med artistar som Ray Charles og Steely Dan. Hjå meg kan King høyrast som bakgrunnsrøyst på platene Greetings from L.A. frå Tim Buckley (1972), Stranger In Town, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1978, og på Bob Dylan si tjuefyrste studioplate, Shot Of Love frå 1981. Ho har også vore med på andre Dylan-plater som enno ikkje er på plass i mi hylle. I 1944 kom Sharon Lee Myers til verda i Hazel i Kentucky. Songerinna Jackie DeShannon er i mi platehylle kreditert for å synge bakgrunnsvokal for Van Morrison på utvalde spor på samleplata The Philosopher’s Stone frå 1998. I 1952 vart John Mellor fødd i den tyrkiske hovudstaden Ankara. Multitalentet Joe Strummer var gitarist, vokalist og låtskrivar for The Clash, han gjorde også stor suksess som produsent for andre artistar. Strummer kan hjå meg høyrst på The Clash si studioplate Combat Rock frå 1982, og på samleplata The Singles, som kom på marknaden i 2007. Strummer er også kreditert som produsent på The Pogues si plata Hells Ditch frå 1990, og han song duett med Johnny Cash på ein flott versjon av Bob Marley sin Redemtion Song, som du finn i boxen Unearthed, som kom på marknaden i 2003. Strummer døydde i 2002. I 1954 kom Steve Elliot Smith til verda i Whitman i den amerikanske delstaten Massachusetts. Trommeslagaren Steve Smith vert rekna som ein av verdas framste innan sitt fag, og bidraget hans til mi platehylle finn du på Journey si samleplate Greatest Hits frå 1988. I 1957 kom Peter Edward Clarke til verda i St. Hellens nordvest i England. Trommeslagaren Budgie sitt bidrag til mi platehylle finn du på Siouxie & The Banshees si plate Tinderbox frå 1986. I Kansas City i Missouri vart Mark Pender fødd. Trompetisten kalla The Loveman har fått plass i mi platehylle med arbeidet han gjorde på Bon Jovi si plate These Days frå 1995, og Turnpike Diaries, som The Getaway People slepte i 2000. I Philadelphia i Pennsylvania kom Kim Sledge til verda. Saman med systrene sine, Debbie, Joni og Kathy, starta Sledge jentekvartetten Sister Sledge i 1971. Hjå meg finn du Sledge sitt arbeid på ei uautorisert plate med same tittel som bandet. I 1962 fekk Johnny Cash vokalhjelp av gruppa The Carter Family då han spela inn Where You There (When They Crusified My Lord?). Underverket enda opp på plata Ring Of Fire og er også tilgjengeleg på samleplatene God frå 2002 og Johnny Cash’s America frå 2008. I 1971 kom Liam Howlett til verda i engelske Essex. Howlett er mannen bak The Prodigy og i mi platehylle kan han høyrast på platenen Music For The Jilted Generation (1994) og The Fat Of The Land (1997). I 1980 gav datoen oss ein Toy Dolls-konsert, den var i Belvedere Club i Bishop Auckland. I 1982 var Toy Dolls i Working Mans Club i Winlaton for å underhalde. I 1984 fekk 100 Club i London vitjing av Toy Dolls. I 1986 døydde Thad Jones. I 1990 platedebuterte Alice In Chains med plata Facelift, og Anthrax slepte si femte studioplate, Persistence Of Time. I 2000 gav Bigbang ut plata Clouds Rolling By, som inneheld signaturlåten Girl In Oslo. I 2008 døydde Buddy Harman.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar