31.08.2017

Trettifyrste august

Trettifyrste august 1940 kom Wilton Lewis Felder til verda i oljebyen Houston i skytegale Texas. Bassisten Wilton Felder er i mi platesamling kreditert for å spele på Joan Baez si plate Diamonds & Rust frå 1975. Felder er også ein av fleire bassistar som er kreditert for å spele på Marvin Gaye si plate I Want You frå 1976. Felder har også fått æra av å spele på utvalde spor på samleplata The Masters, som dei to ringrevane Becker & Fagen slepte laus på platekjøarane for ei tid tilbake. Felder døydde i 2015. I 1942 vart den svenske jazztrommisen Bengt Berger fødd i Stockholm. Hjå meg kan Berger høyrast på Eagle-Eye Cherry si debutplate Desireless frå 1997. I 1945 kom den nordirske songaren George Ivan Morrison til verda i den nordirske hovudstaden Belfast. Van ”The Man” Morrison, er kjend som ein av underhaldningsbransjen sine største grinebitterer, og som ein det er tilnærma umogleg å samarbeide med. Saka vert ikkje noko betre av at han i tillegg er kjend som ei notorisk fyllebøtte. Men at mannen kan synge, er det ikkje nokon grunn til å tvile på. I mi platehylle finn du studioplatene No Guru No Method No Teacher (1986), Enligthenment (1990) og Back On Top (1999). I tillegg er platehylla pryda av samleplatene Bang Masters frå 1991, den byr på det grommaste frå The Belfast Cowboy, inkludert superhiten og kjenningsmelodien Brown Eyed Girl, og The Philosopher’s Stone (1998), som byr på tidlegare uutgjevne spor frå perioden 1969 til 1988. Morrison er også kreditert for å synge med på eit spor på Tom Jones si plate Reload frå 1999. I 1948 vart Rudolf Schenker fødd i Hildesheim i den tyske delstaten Niedersachsen. Gitaristen Schenker starta Scorpions som syttanåring i 1965 og har, som einaste originalmedlem, vore med på alle opp og nedturar sidan. Hjå meg kan Schenker sitt gitarspel nytast på plata Crazy World frå 1990. I 1955 kom Antony Thistlethwaite til verda i engelske Lutterworth. Thistletwaite var ein av grunnleggjarane av The Waterboys og kan i mi platehylle høyrast på bandet si femte studioplate Room To Roam frå 1990. I 1957 kom Glenn Martin Tilbrook til verda i London. Glenn Tilbrook er best kjend som songar i Squeeze, men hjå meg kan han høyrast medan han syng og spelar gitar på plata Across From Midnight, som Joe Cocker slepte i 1997. Same dag vart den danske songarinna og musikkpedagogen Hanne Boel fødd i Københamn. Studioplata Kinda Soul frå 1992 prydar mi platehylle. I 1963 kom Baard Henrik Slagsvold til verda på Elverum. Bassisten Baard Slagsvold slo gjennom med trønderbandet Tre Små Kineser og kan i mi platehylle høyrast på bandet si femte studioplate Tro, Håp & Kjærlighet frå 1996. I 1977 vart Derek Gruen fødd i New York City. Gitaristen Del Marquis har spelte med Scissor Sisters sidan 2002 og kan i mi platehylle høyrast medan han trakterar gitaren på bandet si sjølvtitulerte debutplate frå 2004. I 1980 kom Ryland David-Burton Steen til verda i Lincoln i Nebraska. Trommisen Ryland Steen kan i mi platehylle høyrast medan han held takten for Reel Big Fish på eitt spor på deira fjerde studioplate, Cheer Up! frå 2002. I Durham spela Toy Dolls på Witt On Gilbert Club. I 1984 var Toy Dolls attende på Norseman i Amble. I 1985 vart det nok ein åttandeplass på dei britiske singellistene for galningane i Madness då dei song om Yesterdays Men. I 2004 slepte Lou Reed samleplata NYC Man: Greatest Hits.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar