17.08.2017

Syttande august

Syttande august 1954 kom Ronald Graham Strykert til verda i Australia. Gitaristen Ron Strykert spelte ei tid i Men At Work og hjå meg høyrer du arbeidet hans på samleplata Contraband: The Best Of Men At Work frå 1996. I 1955 vart Colin Ivor Moulding fødd i engelske Swindon. Bassisten Colin Moulding er ein av grunnleggjarane av det engelske New Wave-bandet XTC og kan hjå meg høyrast på plata Black Sea frå 1980. I 1958 kom Christopher Ryan Goss til verda. Chris Goss er til dagleg plateprodusent, men i mi platesamling er han lista som gjestemusikar på Queens Of The Stone Age sine studioplater Songs For The Deaf frå 2002, og Lullabies To Paralyze (2005). I 1959 slepte Miles Davis plata Kind Of Blue, som av mange vert rekna som den beste plata trompetgeniet gav ut gjennom heile karrieren sin. I 1960 vart Lisa Coleman fødd i Los Angeles i California. Tangentdama Coleman har ei fortid i Price sitt band The Revolution, og spelar for tida saman med Wendy Melvion i duoen Wendy & Lisa, men hjå meg er det medan ho hjelp Gwen Stefani med godlyd på plata Love. Angel. Music. Baby. frå 2004 ho kan høyrast. I 1962 kom Gilbert Clarke til verda i Cleveland i Ohio. Gitaristen Gilby Clarke kan hjå meg høyrast på Guns N’Roses si femte studioplate The Spaghetti Incident frå 1993. I 1964 kom Maria Louisa McKee til verda i Los Angeles i California. Maria McKee er ein av grunnleggjarane av bandet Lone Justice og har også ei solokarriere som artist og komponist, men hjå meg er det som korist for Steve Earle på plata Copperhead Road frå 1988 røysta hennar kan høyrast. I 1965 vart Deen Castronovo fødd i Westminister i California. Trommeslagaren Castronovo sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Ozzy Osbourne si plate No More Tears frå 1995, i tillegg til studioplata Celebrity Skin, som Hole slepte i 1998. I Muskegon i Michigan kom Steve Gorman til verda. Gorman er best kjend for å halde takten for The Black Crows og kan i mi platehylle høyrast i taktfast arbeid på studioplatene Amorica (1994) og By Your Side (1999). I 1987 slepte New Order den doble samleplata Substance 1987. I 1990 spelte AC/DC inn ein promovideo til Thunderstruck. Regissør var også denne gongen David Mallet. I 2012 døydde Lou Martin.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar