26.12.2011

Tjuesjette desember

Tjuesjette desember 1947 kom bassisten George Porter Jr til verda i jazzhovudstaden New Orleans. Porter var med å starte bandet The Meters på midten av 1960-talet, men kan hjå meg høyrast på Tori Amos si plate Under The Pink frå 1994. I 1951 vart gitaristen John Scofield fødd i Dayton i Ohio. Scofield har ei merittliste som er lengre enn eit vondt år, men hjå meg må ein enn så lenge nøye seg med å høyre han på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. Sama dag kom gitaristen Paul Anthony Quinn til verda i Barnsley. Paul Quinn si karriere er sentrert rundt det engelske hardrockbandet Saxon og han kan høyrast på plata Wheels Of Steel frå 1980. I 1957 kom trompetisten Guy Barker til verda. I mi platesamling vert han lagt merke til for å spele flygelhorn på More Than I Can Bear på Matt Bianco si plate Whose Side Are You On frå 1984. I 1966 er dette dagen det vert hevda Jimi Hendrix skreiv songen Purple Haze. I 1989 var Toy Dolls sin verdsturne komen fram til Osaka i Japan. Muse Hall var staden det hendte for Toy Dolls-fansen denne kvelden, og det hendte like godt to gongar, fyrst klokka seks om ettermiddagen, sidan halv ni.

Tjuefemte desember

Tjuefemte desember 1939 var verdsmetropolen New York velsigna med perkussjonisten Charles ”Don” Alias. Don Alias spelte i lag med fleire store namn, som mellom anna Weather Report og Herbie Hancock. I mi platesamling kan Alias høyrast på Ian Hunter si plate All American Alien Boys frå 1976 og på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. Alias gjekk bort i 2006. I 1945 kom Ian Kilmister til verda i fotballbyen Stoke-On-Trent. Han er i dag kjent mest kjent som Lemmy, sjefen over alle sjefar i verdas tøffaste rockeband, Motörhead. Lemmy har ei fortid som roadie for gitarguruen Jimi Hendrix og som bassist og vokalist i det legendariske undergrundsbandet Hawkwind før han stabla på beina sitt eige band midt på 1970-talet. Lemmy sin exit frå Hawkwind skuldast eit uheldig møte med det kanadiske grensepolitiet. Resten av bandet, med grunnleggar Dave Brock i spissen hadde ikkje tid til å vente på at bassisten skulle sone ferdig for smuglingsforsøk av eit par marihuanasigarettar, eit grovt brotsverk den gongen. Julegåva 2010 omfatta den nyaste Motörhead-plata, The Wörld Is Yours, så det var ei vellukka høgtid. I 1948 vart den amerikanske soulsongarinna Merry Clayton fødd i Louisiana. Clayton har ei allsidig karriere både som soloartist og korist for andre og kan hjå meg høyrast på Tori Amos si plate Under The Pink frå 1994. I 1954 vart den skotske artisten Ann Lennox fødd i oljebyen Aberdeen. Annie Lennox var den feminine halvdelen av den britiske popduoen Eurythmics, som hadde stor suksess frå starten i 1980 og framover. I 1957 kom kultikonet Shane Patrick Lysaght MacGovan til verda i landsbyen Pembury i det engelske grevskapet Kent. MacGovan er, saman med Jem Finer og Spider Stacy ein av grunnleggarane av det fantastiske folkpunkbandet The Pogues. Før tida med The Pogues hadde Shane eit mindre kjend band med namnet The Nipple Erectors. Tungt alkoholiserte Shane har også gjeve ut plater saman med The Popes og begge hovudattraksjonane er sjølvsagt på plass i mi platehylle. MacGovan kan også høyrast saman med resten av The Pogues på Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. MacGovan er elles kjend for å vere verdsmeister i tannlegeskrekk, noko som skal ha resultert i ein tanngard vanlege folk ikkje ville vere stolt av. I 1958 var songarinna Alannah Myles fødd i Ontario i Canada. Myles slo gjennom med kjempehitten Black Velvet i 1990, men hjå meg er det på to andre plater, den minst like gode andreplata Rockinghorse frå 1992, og Arrival frå 1998, ho kan høyrast. I 1963 kom Noël Rota til verda i Paris. Under namnet Helno eller Helno Rota gjorde mannen kjempesuksess som vokalist i det fantastiske bandet Les Negresses Vertes, som voks fram på den franske undergrunnscena på slutten av åttitalet. Rota song på dei to beste studioplatene frå bandet, Mlah (1988) og Famillie Nombreuse (1991), før han døyde av ein overdose heroin i 1993. I 1969 vart Nicolas Godin fødd like utanfor Paris. Godin er ein halvpart av den franske electronicaduoen Air. I 1979 var det Toy Dolls som var juleunderhaldninga i Northon Workmens Club i Stockton. I 2006 døyde James Brown.

25.12.2011

Tjuefjerde desember

Tjuefjerde desember, sjølvaste julaftan, 1919 vart Henry Coker fødd i Dallas. Trombonisten Coker spelte med Count Basie på femti- og sekstitalet og kan høyrast på samleplata Atomic Swing. Coker døyde i 1979. I 1970 kom Will Oldham til verda i Louisville i Kentucky. Under artistnamnet Bonnie ”Prince” Billy har Oldham herja alternativscena sidan 1993, der han har skapt seg eit stort namn. Enno står ingen av hans eigne produksjonar i platehylle, men fortvil ikkje, for Bonnie ”Prince” Billy kan høyrast medan han syng saman med Johnny Cash på sin eigen song I See Darkness, som er å finne på plata Americana III: Solitary Man frå 2000. I 1973 vart Kjell Grutle fødd. Grutle Kjellson er vokalist og bassist i Enslaved og står for to solide bidrag til mi platehylle, Vertebrae og Axioma Ethica Odini. I 1981 bydde Birds Nest i Hartlepool til julefest med Toy Dolls som underhaldning. I 1983 var julestemninga sikra på Tin Can i Birmingham då Toy Dolls ringte jula inn. I 1989 spela Toy Dolls eit ettermiddagsshow på Street i Tokyo, og om kvelden var det E.L.L i Nagoya som fekk vitjing av dei hardarbeidande indierockarane frå Nordaust-England. I 1990 slepte Iron Maiden singelen Bring Your Daughter ... To The Slaughter som toppa listene i England i dei neste to vekene.

Tjuetredje desember

Tjuetredje desember 1929 vart jazztrompetisten Chesney Henry Baker, Jr fødd i Oklahoma. Norskætta Chet Baker fekk etter kvart mange fans for det særeigne trompetspelet sitt. Men nesten like mykje omtale har Baker hausta for narkotikabruken sin, ein uvane som sørgjer for at han fekk lang fengselsstraff i Italia, at han vart deportert frå det som den gong vart kalla Vest-Tyskland og at karrieren hans gjekk rett på skogen. Baker døyde etter at han fall ut av eit hotellvindauga i Amsterdam i 1988. I 1951 kom bassisten Doug Stegmeyer til verda på Long Island. Stegmeyer er best kjend for samarbeidet sitt med Billy Joel og kan i mi platesamling høyrast på konsertplata Kohucept frå 1987. Den stødige bassisten fekk etter kvart sparken frå Joel sitt band og ein desillusjonert Stegmeyer døyde for eiga hand i 1995. I 1956 fekk verda David Michael Murray. Gitaristen Dave Murray er i dag den eine av to gjenværande originalmedlemmer i Iron Maiden. Moonface Murray er til no representert på femten Iron Maiden studioplater i mi platehylle. Please keep it comin’. I 1962 vart trommeslagaren Sonny Emory fødd i Atlanta. Emory kan høyrast medan han spelar trommer for The B-52’s på plata Cosmic Thing frå 1989. Same dag kom Sarah Jordan til verda i den tradisjonsrike engelske industribyen Birmingham. Sass Jordan voks opp i kanadiske Montreal og kan hjå meg høyrast på Jeff Healey si plate Hell To Pay frå 1990. I 1964 kom Edward Louis Severson III til verda i Chicagoforstaden Evanston i Illinois. Eddie Vedder er vokalist i grungebandet Pearl Jam som vart starte i Seattle i 1990. I 1966 vart trommeslagaren Bobby Schayer fødd i det som vist nok skal vere englane sin by, Los Angeles. Kvifor denne er plassert på den amerikanske vestkysten er det ikkje tid eller plass til å diskutere her. Schayer var trommis i Bad Religion i ti år, frå 1991 til 2001, men måtte diverre forlate bandet på grunn av ei skada skulder. Sjølv om musikarkarrieren fekk ein lei slutt, kan Schayer sitt trommespelet høyrast på platene Stanger Than Fiction frå 1994, og No Substance, som kom på marknaden i 1998. I 1979 kom Toy Dolls til Boiler Makers Club i Sunderland. I 1983 spela Toy Dolls på Noresman i Amble. I 1998 markerte The Cranberries at det snart var jul med å gje ut singelen I Just Shot John Lennon.

Tjueandre desember

Tjueandre desember 1939 kom James Gurley til verda i Detroit. James Gurley var ein av to gitaristar i Big Brother & The Holding Company. Gurley døyde i 2009. I 1946 vart den energiske Cheap Trick-gitaristen Rick Nielsen fødd i Rockford i Illinois. Eg var så heldig at eg plukka opp konsertplata Live At Budokan ein gong tidleg på åttitalet og sidan har eg vore heilfrelst Cheap Trick-fan. I CD-hylla mi står, i tillegg til den omtala liveplata, den doble samleplate The Essential Cheap Trick, som dekkar det meste av det beste dei har gjort. Og i det siste har også den nyaste plata, The Latest, distribuert gjennom Classic Rock Magazine, dukka opp. I 1953 var Chet Baker i studio og spela inn Pro Defunctus og Moonlight Becomes You. Med seg i studio hadde han saksofonistane Herb Geller, Jack Montrose og Bob Gordon, pianisten Russ Freeman, Joe Mondragon på bass og trommeslagaren Shelly Manne. Begge låtane kan høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays. I 1957 kom Richard Alexander Ross til verda i den ikkje altfor store skotske byen Dundee. Ricky Ross er best kjend som vokalist og gitarist i bandet Deacon Blue og kan hjå meg høyrast på platene Raintown og Fellow Hoodlums. I 1965 freista The Byrds å korte ned ventetida fram til jul med å spele inn det som vart alternative versjonar av Eight Miles High og Why. Begge spora kan høyrast som tilleggsmateriale på plata Fifth Dimension. I 1967 kom Manic Street Preachers gitaristen Richey James Edwards til verda i walisiske Blackwood. Edwards forsvann i 1995 og er antatt daud. I 1979 spela Toy Dolls i Football Club i Peterlee. I 1986 dundra Iron Maiden inn på hitlistene med Stranger In A Strange Land. Topplasseringa vart tjueandreplass. I 2002 døyde Joe Strummer.

Tjuefyrste desember

Tjuefyrste desember 1946 kom Carl Dean Wilson til verda i Hawthorne i California. Gitaristen Carl Wilson er den mindre kjende broren til Brian Wilson og spelte gitar i The Beach Boys. Carl Wilson døyde i 1998. I 1971 avslutta Deep Purple innspelinga av plata Machine Head. I 1981 spela AC/DC den andre konserten på to kveldar i Largo/Landover. Hendinga vart filma og eit opptak av Let’s get it up er å finne på DVD’en Family Jewels. I 1982 var Toy Dolls og spela på Julies i Newcastle. I 1983 kunne Toy Dolls opplevast på Brannigans i Leeds.

Tjuande desember

Tjuande desember 1945 vart tidlegare Kiss-trommis Peter Criss fødd med det lyriske døypenamnet George Peter John Criscoula. Criss var ein av dei fire originale medlemmene av Kiss, men slutta så tidleg som 1980 og bidrog minimalt på plata Dynasty, sjølv om han var avbilda på omslaget og har hausta det meste av æra for trommespelet på plata. Criss har seinare dukka opp på diverse attforeiningar av Kiss. I 1957 kom Stephen William Bragg til verda i London. Billy Bragg er ein kjend artist på alternativscena der han blandar element frå folk rock og punk. Billy Bragg er ein aktiv aktivist på den politiske venstresida, slike skulle det ha vore fleire av, og bidraget til mi platehylle heiter Workers Playtime. I 1964 var dette dagen Johnny Cash var i studio og spela inn Danny Boy, All Of Gods Children Ain’t Free, Orange Blossom Special og Engine 143 medan andre var ute og kjøpte julepresangar. Songane kan høyrast på plata Orange Blossom Special som kom på marknaden året etter. I 1967 fekk Jimi Hendrix Experience foreviga Crosstown Traffic i Olympic Studios i London. I 1970 hjelpte Black Sabbath til med å ringe jula inn på Olympia i Paris. Dei frammøtte fekk høyra mellom anna War Pigs og N.I.B som kan høyrast og sjåast på DVD-en Undead And Alive. I 1979 var Toy Dolls i Ferryhill for å spele i Station Workmen Club. I 1981 let AC/DC Hells Bells ringe i øyro på konsertgjengarane i Largo/Landover. Songane Back In Black og T.N.T. frå denne konserten kan nytast på DVD’en Plug Me In. I 1982 vart John Olav Nilsen fødd. Saman med Gjengen platedebuterte John Olav i 2009 med plata For Sant Til Å Være Godt, som vart ein bestsegjar i ein elles vanskeleg platemarknad. Salstala for oppfølgjaren Det Nærmeste du kommer er i skrivande stund ikkje klare, men det er lov og håpe at den vil vere ei antitese i ei verd prega av dalande platesal. I 1983 var det Toy Dolls som sikra høg førjulsstemning frå scenen på 100 Club i London. I 2009 døyde James Gurley.

Nittande desember

Nittande desember 1915 kom sporven Edith Piaff til verda som Edith Giovanna Gassion. Unge Piaf skal ha vokse opp i ein bordell i Normandie, før ho som femtanåring drog til Paris og hovdsakleg livnærte seg som gatesongarske før ho vart oppdaga og fekk platekontrakt. Piaf døyde i 1963. I 1929 vart jazzmusikaren Robert Brookmeyer fødd i Kansas City. Bob Brookmeyer kan høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays. I 1935 kom Robert Henry Timmons til verda i Philadelphia. Pianisten Bobby Timmons sine leikne tonar kan høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays. Timmons døyde i 1974. I 1944 vart supergitaristen Graham Barnes fødd i Nottingham. Alvin Lee starta bandet Ten Years After i 1960 og gjorde ein fantastisk konsert på Woodstock i 1969. Hjå meg kan du høyre bandet si sjette studioplate, Watt, frå 1970. I 1947 kom den skotske bassisten Jimmy Bain til verda i Newtonmore. Bain har spela med Phil Lynnot i Thin Lizzy, men er mest kjend for å ha spelt i Rainbow og Dio og hjå meg kan han høyrast på platene Holy Diver (1983) og Dream Evil (1987) frå bandet til metallgnomen Ronnie James Dio. I 1951 fekk verda den nordirske bassisten Gerry McAvoy. McAvoy er best kjend for samarbeidet med den irske gitaristen Rorry Gallagher og basspelet hans kan hjå meg høyrast på plata Calling Card frå 1976. I 1957 kom den australske bassisten Tracy Pew til verda. Tracy Pew spelte i bandet The Birthday Party og kan hjå meg høyrast på plata Junkyard frå 1982. Pew døyde i 1986. I 1958 var Count Basie og bandet hans i studio og spela inn sin versjon av Quincy Jones sin The Midnite Sun Never Sets. Komponisten sjølv var arrangør og solist var Marshall Royal på altsaksofon. I 1982 var det Legions Club i South Shields som var vertskap for Toy Dolls.

Attande desember

Attande desember 1941 kom Sam Houston Andrew III til verda i California. Sam Andrew var gitarist i, og ein av grunnleggjarane av gruppa Big Brother & The Holding Company. I 1943 vart saksofonisten Bobby Keys fødd i Texas. Keys spela på Had Me A Good Time frå Faces-plata Long Player, som kom på marknaden i 1971. I 1950 kom trommeslagaren Randolpho Francisco Castillo til verda i omsungne Alberquerque i New Mexico. Etter å ha forkorta namnet til Randy Castillo tente han lenge til livets opphald som trommeslagar for sjølvaste The Prince Of Darkness, Ozzy Osbourne, og han har fleire plateinnspelingar bak seg. Castillo er også ein av fleire trommeslagarar som har vikariert i Mötley Crüe medan deira faste trommeslagar, Tommy Lee, var innom kasjotten, etter at han vart dømd for å ha banka kona si, den kanadiske skodespelaren Pamella Anderson. I 1953 vart Elliot Easton fødd i Brooklyn. Easton var sjefsgitarist i The Cars og kan høyrast på fleire plater. I 1964 var Johnny Cash i Nashville og spela inn songane The Wall, You Wild Colorado og Wildwood Flower. Han spela også inn si versjon av Bob Dylan sin slager Don’t Think Twice, It’s Alright. Cash byrja også på innspelinga av When It’s Springtime In Alaska (it’s forty below) (duett med June Carter) og Amen. Alle songane kan høyrast på plata Orange Blossom Special, og i tillegg finn du When It’s Springtime In Alaska og The Wall på samleplata Murder frå 2000. I 1969 var eit Band Of Gypsies leia av Jimi Hendrix i studio for å spele inn Ezy Ryder. I 1971 kom den engelske Indieartisten Baxter Dury til verda i Wingrave. Baxter er son av meir meritterte Ian Dury og debuterte som frontfigur på omslaget til faren si plate New Boots And Panties som femåring. I 1974 vart Knut Schreiner fødd i Oslo. Euroboy har gjort seg merkt både i Turboneger og Kåre And The Cavemen, som etter kvart endra namn til Euroboys. I 1979 spela Toy Dolls i Rumors Disco i Sunderland. I 1983 avslutta Iron Maiden World Piece Tour med konsert i Dortmund.

Syttande desember

Syttande desember 1948 kom fiolinisten Darryl Way til verda. Mi platehylle byr på Way sitt felespel på Jethro Tull si plate Heavy Horses frå 1978, men han nådde aldri status som fullverdig medlem av bandet. I 1949 vart Paul Bernard Rodgers fødd i hamnebyen Middlesbrough. Paul Rodgers hadde stor suksess med bandet Free og som erstattar for Freddie Mercury i Queen. Hjå meg kan rockens siste gentleman høyrast som frontmann for supergruppa Bad Company på plata Straight Shooter frå 1975. I 1958 vart R.E.M.-musikaren Michael Edward Mills fødd i Orange County i California. Mike Mills kan høyrast på så mykje som ni ulike R.E.M-titlar i mi platehylle. Mills kan også høyrast medan han spelar bass for Warren Zevon på plata Sentimental Hygiene frå 1987, og medan han spelar piano for The Smashing Pumpkins på songen Soma frå plata Siamese Dream som kom på marknaden i 1993. I 1964 fekk The Long Black Veil og Mama You’ve Been On My Mind evig liv i Johnny Cash si tolking. Cash byrja også innspelinga av (I’m Proud) The Baby Is Mine. Alle songane kan høyrast på plata Orange Blossom Special som var produsert av Don Law. Dei faste musikarane Luther Perkins og Marshall Grant vart assistert Norman L. Blake, Ray Edenton og Robert L. Johnson på gitar, W.S. Holland på trommer, Floyd Cramer og William Withney Pursell på piano, Charles R. McCoy på munnspel og ei blåserekkje beståande av Homer L. Randolph på saksofon og trompetistane William K. McElhiney og Karl R. Garvin. I 1964 spela Johnny Cash inn The Long Black Veil, som enda opp på plata Orange Blossom Special. Songen kan også høyrast på ei rekkje samleplater, mellom anna Murder frå 2000. I 1976 gav AC/DC ut den internasjonale versjonen av plata Dirty Deeds Done Dirt Cheap. I 1981 spela AC/DC i War Memorial i Rochester og Toy Dolls var på plass i Turks Head i Darlington. I 1982 kom Toy Dolls til Smugglers Club i Stanley for å spele. I 1986 kom Toy Dolls til Coventry Polytechnic for å spele. I 1992 var Nash Kato, Blackie O og ”Eddie” King Roeser i Urge Overkill på plass i Studio 4 i Philadelphia for å spele inn det som etter kvart vart plata Saturation.

Sekstande desember

Sekstande desember 1939 kom Bernard Noël McKenna fødd i Irland. Banjo Barney McKenna var ein av grunnleggjarane av The Dubliners og kan hjå meg høyrast på konsertplata Live In Carré, i tillegg til fleire samleplater. I 1945 vart William Frederick Gibbons. Billy Gibbons er den skjeggete gitaristen i den texanske bluesrockgruppa ZZ Top. Sjølv var eg heldig og fekk sjå ZZ Top i levande live i Oslo Spectrum i 1996, ei oppleving eg levde lenge på. Samlinga byr, enn så lenge, på platene Fandango og Recycler. I 1946 fekk verda framtidige Hep Stars-pianist Benny Bror Göran Andersson. Andersson er meste kjent for tida i den svenske popgruppa ABBA som serverte ei rekkje hits gjennom syttiåra, men har også, i samarbeid med kompisen Bjørn Ulveus, vore med å komponere musikalar som Chess. I 1959 var Count Basie med band i studio og spela inn songen Back To The Apple. Frank Foster og Joe Newman var solistar på tenorsaksofon og trompet. I 1981 spela AC/DC i War Memorial i Rochester. I 1982 var det publikum på Mitre i Newcastle som tok i mot dei unge mennene i Toy Dolls. I 1997 døyde Nicolette Larson.

Femtande desember

Femtande desember 1955 kom Clash-bassist Paul Simon til verda. I 1957 vart Tim Reynolds fødd i Wiesbaden i det som den gongen var Vest-Tyskland. Reynolds er gitarist i Dave Matthews Band og har også spela konsertar og gjeve ut plater saman med Dave Matthews under namna Dave & Tim og Dave Matthews & Tim Reynolds. I mi platehylle finn ein plata Live At Luther College frå 1999. I 1961 kom Timoty Gaines til verda i Portland i Oregon. Tim Gaines spelar til dagleg bass i bandet Stryper. I 1979 inntok Toy Dolls Boldon Dewside Club i Sunderland og i 1981 spela AC/DC i Boston Garden i Boston. I 1982 er Toy Dolls på plass i Old Twenty Nine i Sunderland. I 1983 kunne Toy Dolls høyrast på Bear Pit i Newcastle.

Fjortande desember

Fjortande desember 1949 vart Clifford Williams fødd. Cliff Williams er beste kjend som bassist i AC/DC der han erstatta Mark Evans i juni 1977. Williams har sidan klamra seg til jobben og er i skrivande stund framleis ansvarleg for firestrengsgitaren. I 1958 såg Peter Stacy dagens ljos i den engelske badebyen Eastbourne. Fløytespelande Spider Stacy er ein av grunnleggarane av The Pogues. Spider Stacy kan også høyrast saman med resten av The Pogues på songen Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. Same dag vart den skotske artisten Mike Scott fødd. Scott har sidan fyrste halvdelen av åttitalet vore drivkrafta i bandet Waterboys og sidan som soloartist. Scott har fått plass i mi platehylle både som soloartist med albumet Bring ’Em All Inn og med Waterboys si plate Room To Roam. I 1959 nytta Johnny Cash denne dagen til å erklære at han var Going To Memphis, truleg ikkje for ei Seccond Honeymoon, men for å syngje The Ballad Of The Harpweaver. Alle desse tre songane kan høyrast på plata Ride This Train som står støtt i platesamlinga mi. Going To Memphis kan også høyrast på samleplata Murder frå 2000. Dette var også datoen då, i 1981, AC/DC feira bassisten sin gebursdag med å halde konsert i Boston Garden i Boston. I 1982 stod Toy Dolls for underhaldninga på Honeysuckle i Gateshead. I 1986 kunne Toy Dolls opplevast på Sala Largi i Pamplona. I 2001 døyde Conte Candoli. I 2005 gav Madrugada ut konsertplata Live At Tralfamador.

Trettande desember

Trettande desember 1948 kom Theodore Anthony Nugent til verda i traktene rundt Detroit i Michigan. Gitaristen Ted Nugent har ei fortid i Amboy Dukes, men er best kjend for arbeidet med ei solokarriere. Nugent er kjend som The Motor City Madman og får diverre omdømet sitt skjemt av ei rekkje særs høgrevridde meiningar. I 1974 vart Nicholas John Augustine McCarthy fødd i badebyen Blackpool. Nicholas McCarthy livnærer seg som gitarist i det skotske indiebandet Franz Ferdinand. I 1982 kunne Toy Dolls opplevast i New Crown Hotel i South Shields. I 1986 var Toy Dolls i Zaragoza for å spele på Metro. I 1988 gjekk Uriah Heep i PRT Studios for å spele inn det som endte opp som plata Raging Silence, som kom ut året etter på det svenske selskapet Lynx Records. I 2005 gav Beck ut plata Guerolito, som inneheld remixa versjonar av songane på plata Guero, som kom ut tidlegare same året.

Tolvte desember

Tolvte desember 1943 vart Forrest Richard Betts fødd i Florida. Dickey Betts var ein av grunnleggjarane av The Allman Brothers Band og held ut saman med resten av bandet enno. I 1944 kom Alejandro Neciosup Acuña til verda i Peru. Alex Acuña sitt trommespel kan høyrast på plata Storywille som den tidlegare The Band-nestoren Robbie Roberson gav ut i 1991. Same fødselsdag er kreditert Robert Derminer. Rob Tyner er best kjend som vokalisten med det store håret i det amerikanske punk/hardrock-bandet MC5, som inspirerte ein heil generasjon unge punkarar og hardrockarar på slutten av sekstitalet. MC5 sitt bidrag til mi platesamling heiter Back In The USA og kom på marknaden i 1970. Tyner døyde av hjerteinfarkt i 1991. I 1945 kom trommeslagaren Anthony Tillmon Williams til verda i Chicago. Tony Williams kan hjå meg høyrast medan han spelar for Miles Davis på platene In A Silent Way frå 1969, og Water Babies frå 1976. Williams døyde i 1997. I 1953 kom gitaristen Bruce Kullick til verda i New York. Kullick spelar i dag i Grand Funk Railroad, men er kan hende best kjend for at han spelte i Kiss i ei årrekkje, og han kan hjå meg høyrast på platene Crazy Nights frå 1987 og Alive III frå 1993. Same dag gav liv til den tidlegare Georgia Satellites-vokalisten Daniel John Baird. Dan Baird vert rekna som ein av pionerane i Cow/Country-punk genren og er i dag sjef i eige hus i bandet Homemade Sin. Hjå meg kan Baird høyrast på plata In The Land Of Salvation And Sin som moderbandet The Georgia Satellites gav ut i 1989. I 1972 vart Hank Williams III fødd i countrybyen Nashville. Barnebarnet til den legendariske hulkecountrystjerna Hank Williams har markert seg i den diffuse countrypunksjangeren, og står på ingen måte tilbake for korkje bestefar eller far, den nesten like vidgjetne countryartisten Hank Williams Jr. I 1976 kom Daniel Francis Hawkins til verda i Surrey. Dan Hawkins er bror av meir kjende Justin Hawkis og spelar gitar i bandet The Darkness. Same kveld gjorde AC/DC opptak for australsk fjernsyn og spelte eit seksten minuttar langt sett der ein får høyre Baby, Please Don’t Go og Problem Child. For dei som gjekk glipp av denne sendinga då ho gjekk på australsk fjernsyn er det høve til å sjå dette opptaket på DVD-plata Let There Be Rock. I 1977 spelte Willie Nelson inn Stardus, Georgia On My Mind, Blue Skies, All Of Me og Moonlight In Vermont, som alle endte opp på plata Stardust. I 1981 var AC/DC og spela i Forum i Montreal. I 1982 var Toy Dolls å finne i Shineyrow Club i Sunderland. I 1983 var Toy Dolls framleis å finne i Sunderland, på Old Twenty Nine denne gongen. Same dag var AC/DC attende i Capital Center i Largo/Landover der publikum fekk høyre Flick Of The Switch og Bedlam In Belgium. Eit tidlegare uutgjeve opptak frå denne konserten er å finne på DVD-samlinga Plug Me In. I 1985 døyde Ian Stewart. I 1986 vitja Toy Dolls Sala Txibisto i Begara. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i Les Confert Modern i Pottiers. I 1991 døyde saksofonisten Ronnie Ross. I 2007 var dette dagen gitaristen Ike Turner gjekk bort.

Ellevte desember

Ellevte desember 1938 kom Alfred McCoy Tyner til verda i Philadelphia. McCoy Tyner er ein jazzpianist som er best kjend for arbeidet han har gjort saman med John Coltrane, og hjå meg er det på Coltrane sine plater Olé Coltrane frå 1961 og Cresent frå 1964, pianospelet hans kan høyrast. I 1958 vart Frank Carlton Serafino Ferrana Jr fødd. Ferrana er kjend for massane under namnet Nicky Sixx og tenar til sitt daglege brød som bassist i glamrockbandet Mötley Crue. I 1961 gav Miles Davis ut plata Someday My Prince Will Come. Same dag kom Darryl Jones til verda i Chicago. Jones er best kjend for å ha avløyst Bill Wyman som bassist i Rolling Stones, men i mi platesamling han han nytast som ein del av Miles Davis sin stødige rytmeseksjon hjå på plata Decoy frå 1984. I 1975 kom Samantha Maloney til verda i byen som vert kalla The Big Apple. Maloney steppa inn som trommis i Mötley Crüe då den faste trommisen, Tommy Lee, var innom kasjotten, ho skal også ha spelt trommer på Hole si tredje studioplate, Celbrity Skin, sjølv om ho ikkje er kreditert for den jobben. I 1981 spela AC/DC for andre kveld på rad i ishokeyarenaen Maple Leaf Gardens i Toronto. I 1982 var Toy Dolls på plass i Peterlee Comunity Centre. På same dag gav Slade ut konsertplata Slade On Stage, som også står trygt plassert i mi platehylle. I 1986 vart den katalanske hovudstaden, Barcelona, invadert av punkarar frå Nordaust-England, nærare bestemt Toy Dolls, og invasjonen enda på Zeleste. I 1989 var det Club Nuit i Auch som fekk vitjing av Toy Dolls.

Tiande desember

Tiande desember 1959 vart Accept-gitaristen Wolf Hoffmann fødd i Mainz. Hoffmann kan hjå meg høyrast på Accept si femte studioplate Balls To The Wall frå 1983. I 1972 kom Odd Nordstoga til verda i Vinje i Telemark. Hjå meg kan Nordstoga høyrast medan han spelar accordion på Katzenjammer si plate Le Pop frå 2008. I 1981 hadde AC/DC teke turen over grensa til Canada og spelte fyrste konsert av to i Maple Leaf Gardens i Toronto. I 1982 var Toy Dolls i 101 Club i Ferryhill. I 1985 platedebuterte Fine Young Cannibals med ei sjølvtittelert plate som inneheldt ein fantastisk versjon av sjølvaste kongen, Elvis Presley, sin slagar Suspicious Minds. I 1999 døyde Rick Danko. I 2003 kom Offspring si sjuande studioplate ut akkurat i tide for julehandelen, den fekk tittelen Splinter.

Niande desember

Niande desember 1950 vart den britiske songarinna og gitaristen Joan Armatrading fødd på den karibiske øya St. Kitts. Armatrading har fleire Grammy- og Brit Awards-nominasjonar og er tildelt den engelske ordenen MBE for arbeidet sitt. Hjå meg finn du Armatrading si tredje studioplate, med same namn som artisten sjølv, og som kom på marknaden i september 1976. I 1964 kom Heiko Paul Hiersche til verda i Berlin i DDR. Paul Landers spelar gitar og sputtar flammer i Rammstein. I 1966 slepte The Who plata A Quick One på den britiske marknaden. USA måtte vente til mai året etter. I 1971 vart Geoff Barrow fødd i Walton In Gordano i England. Barrow er medlem av den engelske elektronikatrioen Portishead og om du kjem innom kan du få høyre platene Dummy (1994) og Portishead (1997). I 1972 vart Frank Edwin Wright III fødd i Frankfurt. Frå 1990 har Tré Cool okkupert trommestolen i Green Day og mi platesamling byr på platene Dookie frå 1994 og Nimrod, som kom i 1997. I 1979 var AC/DC sin Highway To Hell-turné komen til Paris, der dei spelte på Pavillion De Paris. Eit opptak av denne konserten vart tilgjengeleg på dobbel CD i 1997 og var ein del av CD-boxen Bonfire. I 1989 fekk dei frammøtte i Youth Hall i Renteria sjå og høyre den muntre gjengen i Toy Dolls spele.

Åttande desember

Åttande desember 1943 vart middelklasseguten James Douglas Morrison fødd av millitærforeldre tilknytt US Navy. Under namnet Jim Morrison gjorde han suksess som låtskrivar og songar i hippiebandet The Doors. Han gav i tillegg ut fleire diktsamlingar. Morrison døyde i Paris i 1971. I 1947 kom Gregory Lenoir Allman til verda i country hovudstaden Nashville. Gregg Allman var saman med broren Duane med å starte bandet The Allman Brothers Band i 1969. Rus og sjukdom har lagt ein dempar på det som kunne vore ei soge om eit superband, men om du kjenner for å ha An Evening With The Allman Brothers Band (1992), så kan den fyrste delen av konsertplata med den tittelen høyrast hjå meg. I 1951 kom den norske visesongaren Jan Eggum til verda i Bergen. Sidan debuten i 1975 har melankolikaren Eggum jamleg forsynt det norske folk med visesong av høgaste klasse. Hjå meg kan du høyra plata Dingli Bang. I 1953 vart skodespelarinna Kim Basinger fødd som Kimila Ann Basinger i universitetsbyen Athens i Georgia. Grunnen til at sexsymbolet med filmar som mellom anna 9 1/2 Weeks på merittlista er nemnt her, er at dama faktisk har sunge duett med Ozzy Osbourne. Det skjedde på songen Shake Your Head som kan høyrast på plata One Up The B-Side som kom på marknaden i Sør-Afrika i 1997. I 1957 vart bassisten Johnny Rod fødd. Rod spelte bass i W.A.S.P. i to periodar, frå 1986 til 1989 og 1992 til 1993 og kan i mi platehylle høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1994. I 1962 fekk Elvis Presley sin femtiande listeplassering i England med Return To Sender. Songen debuterte med ein andreplass, berre slått av Frank Ifield sin Lovesick Blues. Dette hendte samstundes med at Martin Adam Friedman kom til verda. Marty Friedman slo seg saman med Megadeth i 1990 og heldt ut med bandet til 1999. Friedman han høyrast på plata Rust In Peace. I 1966 vart Sinead Marie Bernadette O’Connor fødd i County Dublin i Irland. Samfunnsengasjerte Sinead O’Connor har skapt overskrifter med meiningane sine åttitalet og er best kjend for sin versjon av det lille lilla rockegeniet Prince sin Nothing Compares 2 U. I 1972 gav Lou Reed ut si andre studioplate, Transformer, som vart produsert av radarparet David Bowie og Mick Ronson. Plata inneheld somme av dei best kjende songane til Reed og produserte singlar som Walk On The Wild Side, Satellite Of Love og Perfect Day. I 1974 vart Nicholas Joseph Zinner fødd i Massachusetts. Nick Zinner spelar ei rekkje instrument i bandet Yeah Yeah Yeahs og vert i tillegg rekna som ein habil fotograf. I 1975 døyde Gary Thain. I 1979 stod Motörhead si plate On Parole ut i platehyllene. Seinare same dag var Toy Dolls underhaldning i Central Club i Darlington. I 1980 vart John Lennon skoten og drepen utanfor Dakota-bygningen i New York City. I 1981 var det klart for konsert med Toy Dolls i Newton Park Hotel i Newcastle og AC/DC sin Nord-Amerika-turné var komen til Spectrum i Philadelphia. I 1984 døyde Gene Ramey. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i Sala Ilargi i Lacunza.

Sjuande desember

Sundag sjuande desember 1949 vart Tom Waits fødd og tildelt fullt namn Thomas Alan Waits. Tom Waits har skrive skeiv og rufsete musikk som er gjeve ut ei rekkje plater gjennom åra. Mi platesamling byr så langt på titlane Small Change, Swordfishtrombones, Rain Dogs og Mule Variation, noko som sjølvsagt er alt for lite når ein tenkjer på Waits sin produksjon. I 1977 var AC/DC og spelte i levande live i myteomspunne Atlantic Studios i like myteomspunne New York City. Eit opptak frå denne konserten var gjeven ut tjue år seinare, i 1997, og fekk plass i CD-boxen Bonfire. I 1979 slepte The Clash singelen London Calling, som nådde ellevteplassen på dei engelske singellistene. I 1980 nytta AC/DC dagen til å spele i Festhalle i Frankfurt, oppvarmar var evigunge Whitesnake med botoxkongen David Coverdale i spissen. Same dato eit år seinare, i 1981, hadde AC/DC enno ein gong teke turen over Atlanteren og spela i Spectrum i Philadelphia. I 1982 var Toy Dolls på ny på plass på scenen i 100 Club i London. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på University of Bangor. I 1989 var sporty engelskmenn i Toy Dolls på scenen i Sports Arena i Elorrio. I 2004 spela Motörhead i Philipshalle i Düsseldorf, ein konsert som er tilgjengeleg for alle på DVD-plata Stage Fright som eg var heldig og fekk til jul eit år.

Sjette desember

Sjette desember 1955 vart Leticia Hinojosa fødd i San Antonio i Texas. Tish Hinojosa er ein prisløna artist med mexicanske røter og stort samfunnsengasjement. Mi platesamling byr på plata Homeland frå 1989. Same dag kom trommeslagar Paul Richard Buckler til verda. Buckler er best kjend som den stødige rytmeseksjonen i Mod-bandet The Jam. I 1956 vart Randall William Rhoads fødd på St. John’s Hospital i Santa Monica i solrike California. Randy Rhoads var med å starte hardrockbandet Quiet Riot på slutten av 1970-talet, men er best kjent for å ha spelt gitar på dei to fyrste studioplatene til skrekkrockaren, fjernsynsstjerna og familiefaren Ozzy Osbourne. Rhoads sin visjon var å foreine hardrock og klassisk musikk, noko som kan høyrast på konsertplata Tribute, som Ozzy Osbourne gav ut som ei hylling fem år etter at kompisen gjekk bort. Rhoads døyde i ei småflyulukke i Florida i 1982. Ein som deler fødselsdag med Rhoads er Peter Lawrence Buck. Peter Buck er ein av grunnleggjarane av R.E.M., som etter kvart er med å setje preg på platesamlinga mi. Buck har ei rekkje sideprosjekt på gang og kan også høyrast på plata Trading With The Enemy, som han slepte med bandet Tuatara, han er i tillegg kreditert for gitarspel på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. I 1971 gjekk Deep Purple i studio i den sveitsiske festivalbyen Montreaux. Her byrja dei innspelinga av det som skulle ende opp som albumet Machine Head, der ein blant alle godbitane finn songen som er å rekne som bandet sin kjenningsmelodi, Smoke On The Water. I 1977 vart gitaristen Kjetil Grande fødd. Grande har ei fortid som gitarist i bandet Good Time Charlie og kan høyrast på plata Oochie Coochie!. I 1980 kunne Toy Dolls høyrast i East Stanley i Stanley. I 1981 spela AC/DC i Byrne Meadowlands Arena i Meadowlands. I 1985 var New College i Durham vertskap for Toy Dolls. I 1988 døyde Roy Orbison. I 1990 filma AC/DC ein promovideo av Moneytalks. Trufaste David Mallet var regissør. I 1994 kom Pearl Jam si tredje studioplate Vitalogy. I 1999 kom Kent med plata Hagnesta Hill.

Femte desember

Femte desember 1934 kom Art Davis til verda i den historiske byen Harrisburg. Bassisten Davis kan hjå meg høyrast medan han spelar for John Coltrane på plata Olé Coltrane frå 1961. Davis døyde i 2007. I 1938 vart J. J. Cale fødd, som John Weldon Cale i præriebyen Oklahoma City. Cale er godt kjend for å ha si eiga karriere i countryverda, og har i mi platesamling lurt inn ei samleplate med tittelen Classic, i tillegg kan han høyrast medan han trakterar gitaren på Neil Young-plata Comes A Time frå 1978. I 1976 spelte AC/DC live på programmet Countdown på ABC, Dirty Deeds Done Dirt Cheap kan sjåast på DVD’en Family Jewels. Same dag var dei unge rockarane på scenen i Sidney Meyer Music Bowl i Melbourne. Songen Problem Child frå denne konserten finn du på den doble DVD’en Plug Me In. I 1977 var Willie Nelson i studio. Han hadde selskap av pianisten Bobbie Nelson, trommeslagarane Paul English og Rex Ludwig, gitarist Jody Payne, bassistane Bee Spears og Chris Etheridge, munnspelar Michey Raphael og pianist og produsent Booker T. Jones. Saman arbeida dei fram det som skulle bli til plata Stardust. Don’t Get Around Much Anymore og Someone To Watch Over Me vart resultatet av denne dagens arbeid. I 1989 stod Club i Leon på Toy Dolls sin turneplan. I 1994 kom The Stone Roses si andre og, så langt, siste plate, The Second Coming. I 2000 slepte Rage Against The Machine si fjerde studioplate, Renegades, som inneheld utelukkande coverlåtar.

04.12.2011

Fjerde desember

Fjerde desember 1944 vart Dennis Carl Wilson fødd i Marina Del Rey i solrike California. Dennis Wilson var trommis i The Beach Boys, eit band han var med å starte saman med brørne sine Carl og Brian, han var også husvert for The Manson Family i tida før drapet på Sharon Tate. Dennis Wilson døyde i 1983. I 1947 kom Terry Woods til verda i Dublin. Allsidige Woods spelar til vanleg mandolin i The Pogues. Han kan også høyrast saman med resten av The Pogues på Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1956 spela Johnny Cash, Elvis Presley, Jerry Lee Lewis og Carl Perkins inn det som i ettertid er påstått å vere tidenes beste uutgjeve innspeling. Denne er etter kvart gjeve ut i eit heller rustent opptak som er kjekt å høyre for personar med sære interesser. I 1964 spelte Cornelis Vreeswijk i Stockholms Konserthus saman med Ann-Louise Hansson og Fred Åkerström. Brev Från Kolonien og I Natt Jag Drömde Nogot Som kan høyrast på samleplata Guldkorn Från Master Cees Memoarer. I 1976 døyde Tommy Bolin. I 1977 var det andre innspelingsdag til det som skulle bli Willie Nelson si Stardust-plate. Med hjelp av Booker T. Jones på tangentar og i kontrollrommet vart September Song festa til rullane. I 1979 var Toy Dolls innom og underheldt på Wine Loft i Sunderland. I 1981 stod eit AC/DC på Nord-Amerikaturné på scenen i Civic Centre i Providence. I 1987 var andre og siste innspelingsdag for AC/DC sin promovideo for Heatseeker. I 2001 slepte Limp Bizkit samleplata New Old Songs som inneheld remixar av tidlegare innspelingar.

Tredje desember

Tredje desember 1946 vart Geordie-gitaristen Albert Victor Malcolm fødd i Newcastle-Upon-Tyne. Vic Malcolm kan i mi platehylle høyrast medan han trakterar gitaren på samleplata Can You Do It som kom på marknaden i 1997. I 1966 kom The Who singelen Happy Jack om mannen som budde i sanden på den tidlegare vikingkolonien Isle Of Man i Irskesjøen, og som nådde tredjeplassen på listene i førjulstida. I 1977 var Willie Nelson i studioet Enactron Truck og spelte gjorde innspelingar til albumet Stardust. Resultatet av arbeidet denne dagen var Unchained Melody og On The Sunny Side Of The Street. Produsent var Booker T. Jones. I 1980 var det dei frammøtte i New Shildon W.M.C i Shildon som fekk høyre Toy Dolls. I 1981 var AC/DC sin turné omsider nådd fram til Civic Centre i Hartford. I 1987 fekk AC/DC hjelp av regissøren David Mallet for å spele inn ein promovideo til låta Heatseeker. I 1989 vitja Toy Dolls Hippo i Valladolild.

Andre desember

Andre desember 1931 vart Wynton Kelly fødd i Brooklyn. Kelly trakterar tangentane for trompetlegenda Miles Davis på plata Someday My Prince Will Come frå 1961 og på songen Freddie Freeloader på plate Kind Of Blue frå 1959. Kelly døyde i 1971. I 1941 kom Tom McGuinness til verda i tennismetropolen Wimbledon. McGuinness, som også har ei fortid i Manfred Mann, var med å starte The Blues Band i 1979 og kan i mi platehylle høyrast på platene Official Blues Band Bootleg Album frå 1979, Ready, som kom på marknaden i 1980, Itchy Feet, som stogga så langt nede som på sekstiandeplass på dei engelske listene i 1981, og Brand Loyality frå 1982. I 1948 vart The Prince Of Darkness, Ozzy Osbourne, fødd som John Michael Osbourne i den fattigslege bydelen Aston i den engelske storbyen Birmingham. Industriarbeidarsonen med den spesielle røysta slo på slutten av sekstitalet, og gjennom dei harde syttiåra, seg opp som songar saman med dei langhåra heltane i Black Sabbath, før han, i samarbeid med kona Sharon Osbourne (f. Arden) starta ei solokarriere som har sementert legendestatusen med sal av millionar av plater verda over. I 1971 gav Led Zeppelin ut singelen Black Dog med Misty Mountain Hop på B-Sida. Plata klatra til femtande plassen på dei amerikanske listene. I 1978 vart Brian Chase fødd på Long Island i New York. Chase spelar til dagleg trommer i bandet Yeah Yeah Yeahs. I 1980 la Madness seg inn på ein fin fjerdeplass på listene med Embarresment. Den legendariske arenaen Madison Square Garden i New York er kan hende mest kjend for boksekampar med avtalt utfall, men i 1981 var det AC/DC som var hovudattraksjonen då scenelysa kom på. I 1989 stod Toy Dolls for larm og lyd i Sala Rancho Bill i Burgos.

Fyrste desember

Fyrste desember 1945 vart den amerikanske skodespelaren og songarinna Bette Midler fødd i stillehavsparadiset Hawaii. Midler skapte seg legendestatus for hovudrolla i filmen The Rose, som uoffisielt handlar om livet til Janis Joplin. Midler sitt bidrag til mi platehylle heiter Some People’s Lives og kom på marknaden i 1990. I 1951 kom John Francis Anthony Pastorius til verda. Jaco Pastorius vert rekna som ein av tidenes beste jazz- og rockebassistar og vert gjerne hugsa frå tida med bandet Weather Report. I mi platesamling kan Pastorius sitt eminente basspel høyrast på Ian Hunter si plate All American Alian Boy frå 1976. Pastorius sleit etter kvart med store rusproblem og døyde etter å ha blitt sparka rått og brutalt ihel av ein dørvakt i Florida i 1987. I 1965 spelte Johnny Cash inn Happines Is You som etter kvart vart gjeven ut på eit album med same namn. Songen kan også høyrast på samleplata Love frå 2000, som står i mi platehylle. I 1977 gav Aerosmith ut plata Draw The Line. I 1989 var Salamanca vertar for Toy Dolls.