23.09.2017

Tjuetredje september

Tjuetredje september 1926 kom saksofonisten John William Coltrane til verda i Hamlet i North Carolina. Eg er den lukkelege eigaren av platene Olé Coltrande frå 1962 og Cresent frå 1964, sistnemnde utgjeve under signaturen John Coltrane Quartet. Coltrane kan også høyrast på Miles Davis si plate Kind Of Blue frå 1959, og medan han spelar saksofonsolo på plata Someday My Prince Will Come, som same artist gav ut i 1961. Coltrane døydde i 1967. I 1928 vart Frank Foster fødd i Cincinatti i Ohio. Foster sitt saksofonspel var ofte å høyre i Count Basie sitt band og kan hjå meg høyrast på samleplata Atomic Swing frå 1999. Foster døydde i 2011. I 1947 vart Neal Smith fødd i Akron i Ohio. Smith var i gamle dager trommeslagar i Alice Cooper Group og hjå meg høyrer du han i taktfast driv på platene School’s Out, som kom på marknaden i 1972, og på Billon Dollar Babies frå 1973, samt på den obskure og høgst uoffisielle konsertplata Nobody Likes Me, som skal vere frå ein konsert Alice Cooper Group heldt i Toronto i 1969, og sjølvsagt samleplata The Beast Of Alice Cooper. I 1959 kom Martin George Page til verda i den engelske hamnebyen Southampton. Bassisten Martin Page er best kjend som studiomusikar og kan mi platehylle høyrast på Robbie Robertson si andre soloplate Storyville frå 1991. I 1961 kom bassisten Anders Jørgen Grønneberg til verda i Fredrikstad. Anders Grønneberg sine karrierehøgdepunkt er å høyre for bandet CC Cowboys, og hjå meg er høgdepunkta samla på samleplata Ekko CC Cowboys Beste. I 1964 vart Ivar Christian Eidem fødd. Ivar Eidem kan hjå meg høyrast medan han spelar keyboard på to dei to studioplatene, Flowerground (1989) og Itchy Bitchy (1990), som Matchstik Sun slepte i si karriere. I 1968 kom Cato Bekkevold til verda i Oslo. Sportsfiskaren Bekkevold livnærer seg som trommeslagar i Enslaved og kan hjå meg høyrast medan han held takten på studioplatene Vertebrae (2008) og Axioma Ethica Odini (2010). I 1972 vart Christopher Higgins fødd ein stad i USA. Musikaren kjend som X-13 var ein del av The Offspring i tida frå 1994-2005 og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Americana (1998), Conspiracy Of One (2000) og Splinter frå 2003. I 1974 døydde Robbie McIntosh. I 1977 slepte The Clash singelen Complete Control, som nådde ein tjueåttandeplass på dei engelske singellistene. I 1983 spelte Jimmie Ray Vaughan And Double Trouble på ein stad kalla The Pallace i Hollywood. Songane Testify, Mary Had A Little Lamb og Wham frå denne konseren har fått plass som bonus spor på kompaktplate versjonen av Texas Flood. På Durham University spelte Toy Dolls i levande live. I 1985 gjorde 10 000 Maniacs sin debut på eit av dei store plateselskapa. Det var Electra som slepte den kritiskarroste The Wishing Chair. I 1991 slepte Primal Scream plata Screamadelica. Dette var bandet si tredje studioplate. Og The Pixies slepte kritikarroste Trompe Le Monde, som var bandet si fjerde studioplat. I 2003 slepte Dwight Yoakam plata In Others Words, som var ei samleplate med Yoakam sine tolkingar av andre artistar sine songar.

22.09.2017

Tjueandre september

Tjueandre september 1952 kom Gary Frederic Holton til verda i London. Songaren Gary Holton slo gjennom med Heavy Metal Kids tidleg på syttitalet, men her heime er han best kjend for samarbeidet med Casino Steel, som resulterte i omgrepet Riggrock, etter ei saftig skrøne om at dei to rockarane skal ha møttes om bord på ein oljerigg i Nordsjøen. Hjå meg kan du høyre Holton på dei to fyrste platene frå samarbeidet med Steel, Gary Holton & Casino Steel (1981) og Part II. Holton døydde av ein overdose av alt som er meir enn godt i 1985. I 1956 vart bassisten Doug Wimbish fødd i Hartford i Connecticut. Bassisten Wimbish spelar til dagleg i Living Colour, og har i tillegg spelt med store artistar som George Clinton, Madonna og Depeche Mode. I mi platesamling kan Wimbish høyrast medan han spelar på Living Colour-plata Stain, i tillegg til Mick Jagger si plate Wandering Spirit, begge frå 1993. I 1957 var dette dagen Nickolas Edward Cave kom til verda i Warracknabeal (ja, eg har sjekka stavemåten fleire gonger) i den australske delstaten Victoria. Cave starta sitt musikalske eventyr i bandet The Boys Next Door/The Birthday Party heime i Australia, og har sidan prega punk- og alternativscena verda over. I tillegg til eiga solokarriere, er Cave i dag kjend for samarbeidet med banda The Bad Seeds og Grinderman. For tida er eg den lukkelege eigaren av platene Junkyard, med The Birthday Party, og soloplatene From Here To Eternity og The Boatman’s Call, men eg er meir enn overmoden for å utvide denne delen av samlinga mi. I 1958 vart Joan Marie Larkin fødd i Wynnewood i Philadelphia i Pennyslvania. Joan Jett har ei fortid som gitarist i jentebandet The Runaways der ho, mellom anna, spelte saman med supergitaristen Lita Ford. Joan Jett har til vanleg hjelp av bandet The Blackhearts og er i mi platehylle representert med slagaren I Love Rock’n Roll, som toppa Billboardlista i 1982 og er henta frå ei plate med same namn. I 1969 kom Matthew Kelly Sharp til verda i Thailand sin eksotiske hovudstad Bangkok. Bassisten Matt Sharp var ein av grunnleggarane av Weezer, og kan hjå meg høyrast på bandet si debutplate Weezer (The Blue Album) frå 1994, og den vanskelege andreplata Pinkerton frå 1996. Sharp slo opp med Weezer i 1998 for å spele ofre seg for sitt eige band The Rentals, men har med ujamne mellomrom opptrådd saman med moderbandet. I 1970 vart Yanul David Hernandez-Campos LaBastida Barreras fødd i Guadalajara i Mexico. Gitaristen Dave Hernandez har spela med The Shins i to periodar og kan i mi platehylle høyrast på bandet si andre studioplate Chutes Too Narrow frå 2003. I 1978 slepte Ramones plata Road To Ruin. Plata var spela inn i perioden mai/juni same år i Media Sound i heimbyen New York City og produsentar var T. Erdilyi og Ed Stasium. Songane I Just Wanna Have Something To Do, I Wanna Be Sedated og Needles And Pins kan i tillegg høyrast på samleplata Ramones Mania. I 1983 kunne Toy Dolls høyrast på 100 Club i London. I 1987 spelte Toy Dolls i Piece Hall i Halifax. I 1991 residerte Neil Young hjå Redwood Digital i Woodside i California. Resultatet frå denne seansen vart songen Harvest Moon frå plata med same namn og songen kan i tillegg høyrast på plata Greatest Hits frå 1998. I 1992 slepte Bel Canto plata Shimering Warm And Bright. I 2003 slepte Rufus Wainwright si tredje studioplate, Want One.

21.09.2017

Tjuefyrste september

Tjuefyrste september 1933, det var ein torsdag, var Blind Willie McTell og Curley Weaver i studio i New York City og spela inn B&O Blues No 2 #1, B&O Blues No. 2 #2, Weary Hearted Blues, Bell St. Lightnin’, Southern Can Mama, Runnin’ Me Crazy & East St. Louis Blues (Fare You Well). Alle songane finn du på den doble samleplata The Definitive Blind Wilie McTell som Columbia/Legacy slepte i 1994. 1934 vart den kanadiske Leonard Norman Cohen fødd i den kanadiske olympiabyen Montreal. Poeten Leonard Cohen har spela inn meir enn to tusen songar gjennom ei karriere som strekk seg over seks tiår, og ti av desse songane kan du høyre på plata Ten New Songs, som var Cohen sitt bidrag til populærkulturen i 2001, og som står på ein av dei mange heidersplassane i mi platehylle. Cohen døydde i 2016. I 1943 kom David Hood til verda i Sheffield i Alabama. Bassisten Hood kan hjå meg høyrast medan han spelar for Bob Seger på plata Beautiful Loser frå 1975. I 1947 vart Donald William Felder fødd i Gainsville i pensjoniststaten Florida. Don Felder er best kjend for glitrande sologitarspel i Eagles i to periodar, men hjå meg er det på utvalde spor på Bob Seger And The Silver Bullet Band sine studioplater Stranger In Town (1978) og The Distance (1982) gitarspelet hans kan høyrast. I 1952 kom David Gregory til verda i engelske Swindon. Dave Gregory er best kjend for å ha spelt gitar i det engelske New Wave-bandet XTC. Mi platesamling byr på Gregory sitt gitarspel på plata Black Sea frå 1980. I 1954 vart den dyriske trommeslagaren Philty Animal Taylor fødd som Phil Taylor i byen sigarettmerket Chesterfield truleg har namnet sitt frå. Philty spelte trommer på dei mest kjende Motörheadplatene, men fekk diverre sparken frå bandet i 1992, etter å ha delteke på ti studioplater og den mest legendariske konsertplata av dei alle No Sleep ‘till Hammersmith. Taylor døydde i 2011. I 1962 kom Michael Algar til verda i engelske Marsden. Gitaristen og vokalisten, som er kjend under artistnamnet Olga, er leiar av, og einaste gjenværande originalmedlem i punkbandet Toy Dolls, som alltid har vore eit kuriøst innslag i mi assorterte platesamling. Hjå meg kan Olga høyrast på studioplatene Dig That Groove Baby, A Far Out Disc, Bare Faced Cheek (1987), Fat Bobs Feet og Absurd Ditties, i tillegg til konsertplata Twenty Two Tunes Live From Tokyo og samlplata Ten Years Of Toys. I 1970 vart Tyler Joseph Stewart fødd i kanadiske Toronto. Trommisen Tyler Stewart spelar til dagleg i Barenaked Ladies og kan i mi platehylle høyrast medan bandet hjelp Tom Jones med eit spor på hans studioplate Reload frå 1999. I 1972 kom Oasis-vokalisten og Manchester City-tilhengjaren William John Paul Gallagher til verda i engelske Manchester. Den humøsjuke jet-setaren Liam Gallagher var tidlegare fast innslag i skandalepressa, i dag er han fast innslag i platesamlinga mi med plater som Definitely Maybe (1994), (What’s The Story) Morning Glory (1995), Be Here Now (1997), Unplugged, og konsertplata Familiar To Millions frå 2000. Gallagher er også kreditert for bakgrunnsvokal på tre av spora på The Verve si tredje studioplate Urban Hymns frå 1997. I San Leandro i California vart David Randall Silveria fødd. Trommisen David Silveria var med å starte Korn i 1993, men sa takk for seg i bandet i 2006. Hjå meg kan Silveria høyrast med taktfaste bidrag på samleplata Proud frå 2000. I 1976 vart Jonas Bjerre Terkelsbøl fødd i København. Jonas Bjerre er vokalist og gitarist i det danske indiebandet Mew, og i mi platehylle kan han høyrast på plata And The Glass Handed Kites frå 2005. I 1982 slepte Dolly Parton samleplata Dolly Parton’s Greatest Hits. I 1985 nytta alltid like elleville Toy Dolls høve til å spele på Klub Foot i London. I 1987 døydde Jaco Pastorius. I 1990 gav Bette Midler ut plata Some People’s Lives. I 1992 slepte Abba samleplata Gold-Greatest Hits, som inneheld nitten av dei største hitsene frå den svenske superkvartetten. I 1993 gav Melissa Etheridge ut plata Yes, I Am og det langt meir hardtrockande Seattle-bandet Hater platedebuterte med ei skive med same namn som bandet. I 1999 kom Tori Amos si femte studioplate, To Venus And Back, som var ein dobbel CD. I 2006 døydde Boz Burrell.

20.09.2017

Tjuande september

Tjuande september 1938 vart Eric J. Gale fødd i New York-bydelen Brooklyn. Gitaristen Eric Gale er eigentleg utdanna kjemikar, men slo seg etter kvart opp som jazz-musikar. Hjå meg kan Gale sitt gitarspel høyrast på samleplatene The Bang Masters (Van Morrison, 1991) og The Greatest Hits (Nina Simone, 2003). Gale døydde av lungekreft i 1994. I 1946 kom Michael Oldroy til verda i Dovercourt i Essex. Gitaristen Mick Rogers er mangeårig medlem av Manfred Mann’s Earth Band og kan hjå meg høyrast på utvalde spor på samleplata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band frå 1999. I 1954 vart Antti Juhani Seppälä fødd i finske Lavia. Bassisten ndeppälä spelte i Leningrad Cowboys frå 1989 til 2000 og hjå meg kan han høyrast på studioplatene We Cum From Brooklyn (1992), Happy Together (1994) og Go Space frå 1996, i tillegg til filmmusikken til Leningrad Cowboys Go America frå 1989 og konsertplata Live In Provinzz, som kom på marknaden i 1993. I 1960 kom David Robert Hemingway til verda i den engelske hamnebyen Kingston upon Hull. Songaren Dave Hemingway har ei fortid i bandet The Housemartins, men hjå meg kan han høyrast medan han syng på bandet The Beautiful South sine plater Welcome To The Beautiful South (1989) og Painting It Red frå 2000. I 1966 vart gitaristen Kjetil Melkersen fødd i Bergen. Melkersen kan høyrast som gitarist i bandet CC Cowboys på samleplata Ekko CC Cowboys beste frå 1998. I 1967 kom tvillingane Gunnar Eric og Matthew Gray Nelson til verda i Santa Monica i California. Tvillingane er søner av det tidlegare tenåringsidolet Ricky Nelson og har seld plater i bøtter og spann under namnet The Nelsons. Hjå meg kan The Nelsons høyrast med hjelpevokal på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell II: Back Into Hell frå 1993. I 1968 kom Hunter Benedickt Shepherd til verda i Okinawa i Japan. Soundgarden-bassist Ben Shepherd kan hjå meg høyrast på studioplatene Badmotorfinger (1991) og Superunknown (1994), i tillegg som vokalist for bandet Hater på deira sjølvtitulerte debutplate frå 1993. I 1976 gav AC/DC ut plata Dirty Deeds Done Dirt Cheap, men berre for det australske markedet denne gongen. Resten av verda fekk sitt desember same året, men på den internasjonale versjonen er diverre songen Jailbreak fjerna. I 1986 var St.Albans City Hall rett stad for dei som ville høyre musikken Toy Dolls hadde å by på denne kvelden. I 1988 slepte Billy Bragg plata Workers Playtime. I 1994 vart Grant Lee Buffalo si andre studioplate, Mighty Joe Moon, tilgjengeleg for det platekjøpande publikummet. I 2000 slepte Madonna plata Music, som var den allsidige dama si åttande studioplate.

19.09.2017

Nittande september

Nittande september 1933, det var ein tysdag, var Blind Willie McTell og partnaren Curly Weaver i studio i New York City og spela inn songane Love Makin’ Mama #1, Love Makin’ Mama #2, Death room Blues #1, Death Room Blues #2, Death Cell Blues, Lord Send Me An Angel #1 og Lord Send Me An Angel #2. Alle songane finn du på den doble samleplata The Definitive Blind Wilie McTell som Columbia/Legacy slepte i 1994. I 1941 kom Ellen Naomi Cohen til verda i Baltimore i Marryland. Songerinna Cass Elliot, også kjend som Mama Cass, var ein av grunnleggjarane av The Mamas & The Papas. Hjå meg kan Mama Cass høyrast på plata The Papas & The Mamas frå 1968. Elliot døydde i 1974. I 1942 vart Ray Cooper fødd i engelske Watford. Trommeslagaren Cooper sine bidrag til mi platehylle kan høyrast medan han held takten for Rod Stewart på plata Smiler (1974), Carly Simon på samleplata The Best Of Carly Simon (1975), og for Eric Clapton på den akustiske konsertplata Unplugged frå 1992. I 1946 fekk verda nok ein trommeslagar, for då vart John Coghlan vart fødd i Dulwich i London. Coglan heldt takten for Status Quo frå tidleg på sekstitalet og fram til 1981. Coghlan var også med då Quo-kollega Allan Lancaster starta The Bombers, men gav seg i god tid før dei starta innspelinga plata Aim High, som er The Bombers sitt bidrag til mi platesamling. Hjå meg kan Coglan høyrast på Status Quo sine samleplater 12 Gold Bars (1980) og 12 Gold Bars II (1984). I 1947 kom Laurence Neil Crem til verda. Lol Crem er best kjend som gitarist i det engelske bandet 10cc. I 1951 vart produsenten Daniel Lanois fødd i Hull i canadiske Quebec. Lanois har bidrege på ei rekkje plateproduksjonar og kan hjå meg høyrast medan han spelar gitar på Bob Dylan si plate Time Out Of Mind frå 1997. I 1952 kom gitaristen Nile Gregory Rodgers til verda i New York City. Den mykje nytta studiomusikaren Nile Rodgers kan i mi platehylle høyrast medan han spelar gitar på The B52s si studioplate Cosmic Thing frå 1989, på utvalde spor på samleplata More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som Bryan Ferry og kompisane i Roxy Music slepte i 1995, i tillegg til låta I’m A Scientist på The Dandy Warhols si studioplate Welcome To The Monkeyhouse frå 2003. I 1957 vart Rusty Egan fødd i London. Trommeslagaren Egan har ei fortid i The Rich Kids, hjå meg høyrer du han på utvalde spor på Phil Lynott si plate The Phillip Lynott Album frå 1982. I 1958 vart Carmelita Rossanna Ford fødd i London. Runawaysgitaristen Lita Ford, som saman med Joan Jett er dei einaste av Runawaysmedlemmene som har hatt ei karriere etter at bandet vart oppløyst, vert rekna som ei av verdas beste kvinnelege hardrockgitaristar og kan i mi platesamling høyrast på songen Sunset And Babylon frå W.A.S.P si samleplate First Blood. Last Cuts frå 1993. I 1963 kom Jarvis Branson Cocker til verda i den engelske stålbyen Sheffield. Jarvis Cocker var frontmann i det klassemedvitne britpop-bandet Pulp og kan hjå meg høyrast på plata Different Class frå 1995. I 1971 kom Paul Winter-Heart til verda i Hammersmith i London. Trommeslagaren Paul Winterheart spelar til dagleg i Kula Shaker og kan hjå meg høyrast på plata Peasants, Pigs & Astronauts frå 1999. I 1976 kom Jannicke Larsen til verda. Larsen er vokalist og pianist i den bergenske jentevisepoptrioen Ephemera og kan hjå meg høyrast på platene Glue (1996) og Air (2003). I 1985 kunne Toy Dolls høyrast medan dei rocka amerikansk-inspirerte Stars and Stripes i Carlisle. I 1986 kunne dei same Toy Dolls opplevast i Bridgewater Art Centre. I 1988 gav Anthrax ut plata State Of Euphoria same dag som Janet Jackson slepte si fjerde plate, Janet Jackson’s Rhythm Nation 1814, som skulle toppe albumlista Billboard 200 og har seld i meir enn fjorten millionar eksemplar. I 1990 innleia Iron Maiden UK Inter City Express Tour. Togturen vara til attande oktober. I 1995 slepte Dreat Theater plata A Change Of Season, dette er ein EP med mykje konsertopptak med spanandes versjonar av andre sine låtar. I 2000 gav Madonna ut plata Music. I 2004 gav det sjarmerande og utruleg energiske bandet Trick-Babys, med vokalist Lynne Von i spissen, ut plata Player som stadig vekk vert plukka fram frå mi platehylle for ei god lyttaroppleving. I 2005 kunne ein kjøpe danske Mew si fjerde studioplate And The Glass Handed Kites. I 2008 døydde Earl Palmer.

18.09.2017

Attande september

Attande september 1933, det var ein mondag, var Blind Willie McTell og partnaren Curly Weaver i studio i New York City og spela inn You Was Born To Die, Lord Have Mercy If You Please og Don’t You See How The World Made A Change. Effektive McTell spela I tillegg inn Savannah Mama, Broke Down Engine, Broke Down Engine No. 2 og My Baby’s Gone på eiga hand. Alle songane finn du på den doble samleplata The Definitive Blind Wilie McTell som Columbia/Legacy slepte i 1994. I 1951 vart Douglas Glenn Colvin fødd i Fort Lee i Virginia. Bassisten Dee Dee Ramone var ein uvurderlig del av punkbandet Ramones, både som bandet sin primære låtskrivar, og som songar, i tillegg til hovudoppgåva som bassist. Hjå meg kan Dee Dee Ramone sitt basspel høyrast på studioplatene Leave Home (1977), End Of The Century (1980) og Pleasant Dreams (1981), og samleplata Ramones Mania (1988). Dee Dee Ramone døydde av ein overdose heroin i 2002. I 1953 kom Carl Eugene Jackson til verda i Louisville i Kentucky. Songaren Carl Jackson lev greitt innom country- og bluegrassjangeren. I mi platehylle kan Jackson høyrast på utvalde spor på Dwight Yoakom si samleplate In Others Words frå 2003. I 1962 kom Anthony Harnell til verda i San Diego i California. Tony Harnell har ei fortid som songar i TNT og kan i mi platehylle høyrast på bandet si sjuande studioplate, Transistor, frå 1999. I 1966 kunne platekjøparane gå i butikken og sikre seg singelen Magic Bus frå eit ungt og framoverstormande The Who. Songen, som heilt klart er ein av mine personlege favorittar, vart spela inn i IBC Studios i London med Kit Lambert som produsent og nådde berre ein skuffande tjuesjetteplass på listene. I 1970 døydde supergitaristen Jimi Hendrix i London og verda vart aldri meir den same for dei av oss som elskar god og støyande gitarrock, eller kan hende er det sagnet om gitaristen som har vekse seg så stort at det overskuggar mannen sjølv. Det får me aldri vete, men tanken på ein overvektig Hendrix på scenen i eit kasino i Las Vegas gjer at det hender eg tenkjer dette var ei god dag alt i alt. I 1978 gav Kiss ut dei fire soloplatene, ei for kvar av bandmedlemmene, som skulle vere med å tøyle dei store egoa som bandet inneheldt. Alle kan sjølvsagt tenkjer seg at dette var ei umogleg oppgåve, men bandet held framleis saman, med dei to aller største egoa på plass. I 1982 spelte Toy Dolls i Whicham Club i Newcastle upon Tyne. I 1985 kunne Toy Dolls høyrast frå scenen i Adam and Eve i Leeds. I 1986 var Toy Dolls på plass for å spele på Tiffanys i Rochdale. I 1987 gav Kiss ut plata Crazy Nights, bandet si fjortande studioplate, som etter kvart selde til platina i USA etter meir enn ein million selde eksemplar.

17.09.2017

Syttande september

Syttande september 1926 kom William Patton Black jr til verda i Memphis i Tennessee. Gitaristen Bill Black vert rekna som ein av pionerane innom rockabilly og kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på samleplata 30 #1 Hits, som dødsbuet etter Elvis Presley slepte i 2002. Black døydde i 1965. I 1951 vart Will Gregory fødd i engelske Bristol. Allsidige Gregory kan hjå meg høyarst medan han spelar obo for Tori Amos på studioplata Little Earthquakes frå 1992. I 1961 kom Anders Herrlin til verda i svenske Halmstad. Bassisten Herrlin er kjend for å spele i Gyllene Tider, men har også to verdsturnéar med Roxette på CVen. Hjå meg kan Herrlin sitt basspel høyart på Roxette si studioplate Joyride frå 1991. I 1969 kom Keith Flint til verda i London. Flint var eigentleg dansar for The Prodigy, men er etter kvart forfremma til songar. Hjå meg kan Flint høyrast på plata The Fat Of The Land frå 1997. I 1979 slepte Judas Priest si fyrste konsertplate, Unlashed In The East, som vart spela inn under to konsertar i Tokyo på turnéen i Japan i februar same året. I 1982 slepte Phil Lynott soloplata The Phillip Lynott Album. The Clash slepte singelen Should I Stay Or Should I Go, som nådde syttandeplassen på dei britiske listene. Singelen vart relansert i 1991, denne gongen med topplassering som resultat. I 1987 var Toy Dolls i Portsmouth for å underhalde dei frammøtte på Basins. I 1991 gav Guns n’ Roses ut dei to Use Your Illution-platene, som begge selde i bøtter og spann og som truleg tok livet av den energien bandet var kjend for. Ozzy Osbourne nytta høvet til å sleppe plata No More Tears. Same dag gjekk eit amerikansk hardrockikon bort, Rob Tyner døydde så altfor tidleg. I 2002 gav Manu Chao ut konsertplata Radio Bemba Sound System. I 2006 døydde Al Casey.

16.09.2017

Sekstande september

Sekstande september 1925 kom Riley B. King til verda i Itta Bena i elvedelstaten Mississippi. B.B. King vert rekna som ein av verdas desidert framste gitaristar og har underheldt små og store bluesfans sidan han signerte kontrakt med RPM Records i 1949. Insatsen er etterkvart løna med fleire Grammy-prisar og ein plass i prestisjetunge Rock’n Roll Hall Of Fame. I mi platehylle kan King sitt gitarspel nytast i friskt samarbeid med ei anna gitarlegende, Eric Clapton, på plata Riding With The King frå 2000. King spelar også gitar på songen Since I Met You Baby på Gary Moore si plate After Hours frå 1992. King døydde i 2015. I 1934 vart Joseph Ronald Drew fødd ikkje langt frå den irske hovudstaden Dublin. Ronnie Drew spelte fleire periodar i dei irske folk-legendene The Dubliners og kan hjå meg høyrast på konsertplata Live In Carré, som vart spela inn i under eit radioshow i Amsterdam i 1985. Drew døydde i 2008. I 1942 kom Bernie Calvert til verda i engelske Brierfield. Calvert var bassist og tangentmann for The Hollies frå 1966 til 1981 og kan i mi platehylle høyrast på den høgs uoffisielle samleplata 20 Great Love Songs. I 1946 vart Kenneth Thommas Jones fødd i London. Trommeslagaren Kenney Jones si karriere omfattar band som Small Faces, Faces og The Who. Hjå meg kan Jones høyrast på Faces si plate Long Player frå 1971, Smiler, som Rod Stewart slepte i 1974, og på Joan Armatrading si sjølvtitulerte plate frå 1976. I 1957 kom Anna Simion til verda i rumenske Câmpulung Moldovenesc. Jazzsongerinna Anca Parghel (Parchel) var ei levande legende i heimlandet Romania, men hadde sine mest produktive år i utlendighet i Brussel. Hjå meg kan du høyre Parghel si røyst på tre spor på Wizard Of Ooze si plate The Dipster, som kom på marknaden i 1997. Anca Parghel døydde i 2008. I 1961 kom Bilinda Jayne Butcher til verda i metropolen London. Bilinda Butcher er best kjend som gitarist og songar i My Bloody Valentine og hjå meg kan ho høyrast på studioplatene Isn’t Anyting (1988) og Loveless (1991). I 1963 kom Richard Noel Marx til verda i Chigaco i Illinois. Songaren Richard Marx, med fleire halvstore hits i heismusikk-sjangeren, kan i mi platesamling høyrast med hjelpevokal på Madonna si plate True Blue frå 1986. I 1977 døydde Marc Bolan. I 1999 gav Tom Jones ut plata Reload, som inneheld megahiten Burning Down The House, ein song som var eit samarbeid med svenske The Cardigans og revitaliserte karrieren for den gamle rundbrennaren. I 2006 døydde Mary Travers. I 2011 døydde Willie “Big Eyes” Smith.

15.09.2017

Femtande september

Femtande september 1928 kom Julian Edwin Adderley til verda i Tampa i pensjoniststaten Florida. Saksofonisten Cannonball Adderley har spela med fleire store, amerikanske jazzartistar og kan hjå meg høyrast på Miles Davis si plate Kind Of Blue frå 1959. Adderley døydde i 1975. I 1954 var Chet Baker i studio og spela inn Stella By Starlight. Til å hjelpe seg med smektande jazztonar denne dagen hadde han eit band beståande av Bob Brookmeyer Valve på trombone, Bud Shank på barytonsaksofon, pianisten Russ Freeman, Carson Smith på bass og trommeslagaren Shelly Manne. Samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992 er rett stad for den som vil høyre denne perla. I 1960 vart Michel Dorge fødd i forblåste Winnipeg i Canada. Trommeslagaren Mitch Dorge spelar til vanleg i Crash Test Dummies og kan hjå meg høyrast på plata God Shuffeled His Feet frå 1993. I 1967 kom Huw Cennydd Bunford til verda i Cardiff. Huw Bunford er gitarist i det walisiske bandet Super Furry Animals og kan høyrast på platene Love Kraft og Songbook vol 1. I 1969 gjekk Jimi Hendrix i gang med innspelinga av songen Steppingstone. Med seg på denne innspelinga hadde han Mitch Mitchell på trommer og Billy Cox på bass. I 1976 kom Paul Robert Jude Nester Thomson til verda Glasgow. Paul Thomson er ansvarlig for den stødige takten i det skotske indiebandet Franz Ferdinand. Hjå meg kan Thomson høyrast på platene Franz Ferdinand (2004), You Could Have It So Much Better (2005) og Tonight: Franz Ferdinand (2009). I 1980 døydde Bill Evans. I 1984 fekk verda servert Motörhead si No Remorse-plate på denne datoen. Same dag kom Iron Maiden sitt bidrag til ein god platehaust, Powerslave. Eg legg ikkje skjul på at eg er stolt av å eige begge desse platene. I 1987 vert datoen hugsa for at det var den dagen Ramones gav ut Halfway To Sanity. Plata vart spela inn i Intergalactic Studios i New York i mars og april same år og dei skinnkledde gjorde produksjonen sjølv, i samarbeid med Daniel Ray. I 2004 tapte Johnny Ramone ein lang kamp mot kreften på denne datoen.

14.09.2017

Fjortande september

Fjortande september 1933, det var ein torsdag, var Blind Willie McTell og Curley Weaver i studio i New York City og spela inn Warm It Up To Me, It’s Your Time To Worry og It’s A Good Little Thing. Alle songane finn du på samleplata The Definitive Blind Wilie McTell som Columbia/Legacy slepte i 1994. I 1949 vart Edward C. King fødd i Glendale i California. Gitaristen Ed King var med i det attforeina Lynyrd Skynyrd i 1987, men forlét bandet grunna hjarteproblem i 1996. Hjå meg kan King sitt gitarspel høyrast på studioplata Lynyrd Skynyrd 1991. I West Virginia kom Frederick Dewey Smith til verda. Saman med resten av MC5 gav gitaristen Fred «Sonic» Smith ut tre studioplater som var med å revolusjonere den meir rufsete delen av rocken, før bandet av ulike årsaker fann det like greitt å skilje lag. Sonic Smith var gift med Patti Smith frå 1980 og spelte også ein kort periode i Patti Smith Band før han døydde i 1994. Hjå meg kan Smith sitt gitarspel høyrast på MC5 si studioplate Back In The USA frå 1970. I 1952 vart Deborah Gray fødd i New York City. Songerinna Diva Gray vert rekna som ei av populærmusikken sine best bevarte løyndomar og har songe bakgrunnsvokal for største delen av eliten av amerikanske artistar. Hjå meg kan Diva Gray si røyst høyrast på platenen Gene Simons Solo Album (Kiss, 1978), Once In A Lifetime – The Best Of Talking Heads (Talking Heads, 1982), Never Let Me Down (David Bowie, 1987), og Sister Sledge (Sister Sledge, 1996). I 1955 kom Steve Berlin til verda i Philadelphia i Pennsylvania. Saksofonisten Berlin er best kjend for å spele i Los Lobos. Hjå meg finn du Berlin medan han leikar seg i hobbybandet sitt, Tuatara på plata Trading With The Ennemy frå 1998, elles er han kreditert for å spele på plata Document, som R.E.M. slepte i 1987. Berlin kan også høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1970 vart Mark Andrew Webber fødd i engelske Chesterfield. Gitaristen Mark Webber var tidlegare formann i Pulp sin fanklubb, men vart headhunta til å spele med bandet i 1995. Hjå meg kan Webber høyrast på plata Different Class frå 1995. I 1983 vart Amy Jade Winehouse fødd i London. Amy Winehouse er best kjend for songen Rehab og eit stormfullt ekteskap med den valdelege ektemannen Blake Fielder-Civil. Eit ublidt møte med politiet i Bergen skapte litt ekstra blest rundt den rusavhengige syngedama her heime. Hjå meg kan ein høyre Winehouse si andre studioplate Back To Black frå 2006. Winehouse døydde av ein overdose i 2011. I 1987 spelte R.E.M. levande musikk for Vara Radio i Holland. Songen Time After Time etc. kan høyrast på samleplata Dockument, i tillegg til som B-side på Finest Worksong. I 1992 fekk platekjøparane høve til å investere i konsertplata A Little Light Music. Mennene som stod for musikken kallar seg for Jethro Tull. I 1993 oppsummerte Violent Femmes dei fyrste åra av karrieren si med plata Add It Up (1981-1993). På same dag platedebuterte New York-bandet Piss Factory, som hadde tatt namnet sitt frå ein Pattie Smith-låt, med ei plate som fekk same sjarmerande namn som bandet. Nasegrus hylling av den vitale punkprinsessa med andre ord. Også Meat Loaf fann det bryet verdt med å yte eit bidrag til platehyllene denne dagen. Produktet fekk titelen Bat Out Of Hell II og var eit nytt samarbeidsprosjekt med suksesskomponisten Jim Steinman. I 1998 slepte Manic Street Preacher si femte studioplate, This Is My Truth Tell Me Yours, same dag som Marilyn Manson slepte si tredje studioplate, Mechanical Animals, på den australske marknaden, resten av verda måtte vente til dagen etter. I 2004 gav The Modfather, Paul Weller, ut plata Studio 150. I 2009 platedebuterte det fantastiske Loddefjord-bandet John Olav Nilsen Og Gjengen med den like fantastiske plata For Sant Til Å Være Godt.

13.09.2017

Trettande september

Trettande september 1922 vart Tony Russell Brown fødd i Texas City i skytegale Texas. Pianisten Charles Brown slo gjennom i tida rett etter andre verdskrigen og serverte ei rekkje blues-hits på eiga hand. Hjå meg kan Brown høyrast med tangentspel på John Lee Hooker si samarbeidsplate Best Of Friends frå 1998. Brown døydde i 1999. I 1932 kom Eddie Brown til verda i Clarksdale i Mississippi. Perkusjonisten Eddie «Bongo» Brown sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Marvin Gaye si plate I Want You frå 1976, samt på utvalde spor på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon, frå 1975. Brown døydde i 1984. I 1940 vart Alex Riel fødd i København. Jazz-trommeslagaren Riel var i 1968 med å starte bandet The Savage Rose som hjå meg kan høyrast på studioplatene Black Angel og Tameless. I 1952 vart Don Fagenson fødd i bilbyen Detroit i Michigan. Produsenten Don Was trør gjerne til på gitaren i festleg lag, og festlig var det nok både då Bob Seger And The Silver Bullet Band var i studio for å feste The Fire Inside til rullane i 1991, og då B52s spelte inn plata Good Stuff i 1992. I 1955 kom Joni Sledge til verda i Philadelphia i Pennsylvania. Saman med systrene Kim, Debbie og Kathy, starta Sledge jentekvartetten Sister Sledge i 1971. Hjå meg finn du Sledge sitt arbeid på ei uautorisert plate med same tittel som bandet. I 1956 vart David Mansfield fødd i stålbyen Pittsburgh i Pennsylvania. Allsidige Mansfield, som trakterar ei rekkje strengeinstrument spelte fast i Bob Dylan sitt band i åra 1975-1978, akkurat lenge nok til at han er kreditert for å spele på konsertplata Hard Rain (1976), samt utvalde spor på samleplata The Bootleg Series Vol.1-3, som kom på marknaden i 1991. I 1957 fekk den tradisjonelt norske bydelen i New York, Brooklyn, ein hardtslåande tilvekst i Appice-familien sin andre trommelslagar, Vincent Paul. Storebror Carmine var truleg stolt. Vinny Appice var i sine yngre dagar innom i Black Sabbath før han, saman med Ronnie James Dio ”hit the road” og starta bandet Dio, The Road Trip vart avslutta med at dei kom saman for å danne Heaven & Hell. I mi platehylle er Dio-platene Holy Diver frå 1983 og Dream Evil frå 1987 rett stad å leite for den som vil høyre Vinnie Appice sitt trommespel, og er ikkje det nok, kan ein også leite på utvalde spor på Black Sabbath si samleplate Beteween Heaven & Hell, som kom på marknaden i 1995. Appice har også heldt takten for Black Sabbath-kloningen Heaven & Hell. I 1961 vart David Scott Mustaine fødd i La Mesa i California. Etter at Dave Mustaine fekk sparken i Metallica i 1983 gjekk han i gang med å starte sitt eige band, Megadeth, og det er på plata Rust In Peace frå 1990 den musikalske dugleiken hans kan høyrast i mi platesamling. I 1967 kom Stephen Andrew Perkins til verda i Los Angeles i California. Trommisen Stephen Perkins sitt taktfaste arbeid kan hjå meg høyrast på Jane’s Addiction si plate Nothing’s Shocking frå 1988, han er i tillegg kreditert som hjelpeperkusjonist på eitt spor på Rage Against The Machine si debutplate Rage Against The Machine frå 1992, på eitt spor på One Hot Minute, som Red Hot Chili Peppers slepte i 1995, og på like mange spor på Rancid si fjerde studioplate Life Won’t Wait frå 1998. I 1970 spelte Mott The Hople ein fantastisk konsert i Farifield Halls i bydelen Croydon sør i London. Songen Keep A Knocking enda opp på plata Wildlife, ei plate som eg reknar som ein pryd for platesamlinga mi. Ein versjon Keep A Knocking, der det utruleg nok er klipt ut ein seksjon midt i ?!?, kan høyrast på samleplata Walking With A Mountain, Best Of Mott The Hoople som kom på marknaden i 1990. I 1976 nytta dei langhåra sørstastatsrockarane i Lynyrd Skynyrd denne datoen til å sleppe konsertplata One More For The Road, som sjølvsagt var full av drivande godt gitarspel. Også Bob Dylan slepte konsertplate på denne dagen, den fekk tittelen Hard Rain og vart spela inn over to kveldar i mai same året. I 1982 entra Toy Dolls på scenen i Barracks i Albemarle. I 1986 var Toy Dolls attende på Klub Foot i London. I 1989 slepte Tina Turner plata Foreign Affair. I 1993 kom Nirvana-plata In Utero på marknaden. I 1994 gav Nitro Records ut Guttermouth si andre plate, Friendly People. Dette var den fyrste plata i det heile frå plateselskapet Nitro Records. I 2000 heldt Rage Against The Machine andre og siste konsert i Grand Olympic Auditorium. Konserten vart foreviga og kan høyrast på plata Live At The G.O.A. frå 2003. I 2005 slepte The Dandy Warhols plata Odditorium Or Warlords From Mars.

12.09.2017

Tolvte september

Tolvte september 1923 kom Joseph Shulman til verda i smeltedigelen New York City. I mi platehylle er det på Miles Davis si samleplate Birth Of The Cool frå 1957 at bassisten Joe Shulman sitt arbeid kan høyrast. Shulman døydde i 1957. I 1931 vart George Glenn Jones fødd i Saratoga i skytegale Texas. George Jones er ein respektert countryartist med mange storselgjande plater på merittlista, men for mange er han like, om ikkje betre, kjend for å ha vore gift med den kvinnelege countrysongerinna Tammy Wynette, og for å ha levd eit hardt liv med mykje fyll og spetakkel. Hjå meg kan Jones høyrast på plata Walls Can Fall frå 1992. Jones døydde i 2013. I 1938 kom Judith Grace Guions til verda i St. Pauls i North Carolina. Songerinna Judy Clay leverte sterke vokalprestasjonar i ulike vokalduoar på sekstitalet. Hjå meg kan Clay høyrast som bakgrunnssongar på utvalde spor på Van Morrison si samleplate The Philosopher’s Stone frå 1998. Clay døydde etter ei bilulukke i 2001. I 1944 vart Barry Eugene Carter fødd i Galveston i skytegale Texas. Barry White var artist og produsent og hausta fleire Grammy-titlar i løpet av karrieren. Hjå meg kan White høyrast på ei samleplate med det optimistiske namnet The Ultimate Collection. Barry White døydde i 2003. I 1949 kom Anders Bru til verda i Stavanger. Bru var med å starte Stavangerensemblet i 1974 og har skrive dei fleste låtane til bandet. Hjå meg høyrer du Bru i fri dressur på platene Ska Det Ver…Så Ska Det Ver (1981) og Knappar Og Glansbilder (1984). I 1952 kom Neil Ellwood Peart fødd i Hamilton i kanadiske Ontario. Trommisen Neil Peart spelar til dagleg i det kanadiske bandet Rush, og kan hjå meg høyrast på studioplatene Fly By Night (1975), Grace Under Pressure (1984) og Hold Your Fire (1987). I 1954 vart Nigel Benjamin fødd i Hackney, nord i London. Gitaristen Benjamin var innom fleire lokale London-band før han slo seg saman med restane av Mott The Hoople. Her spelte han på platene Drive On & Shouting And Pointing, dei to platene som står i mi hylle. I 1956 vart Brian David Robertson fødd i skotske Clarkston. Gitaristen Brian «Robbo» Robertson er best kjend for arbeidet han har gjort i Thin Lizzy og Motörhead, hjå meg kan Robbo høyrast medan han trakterar gitaren på Shane MacGowan And The Popes si plate The Snake frå 1995. I London kom Barry Andrews til verda. Den tidlegare XTC-vokalisten Andrews kan i mi platehylle høyrast medan han spelar keyboard for Iggy Pop på plata Soldier frå 1980. I 1968 kom Reid Lawrence LaLonde til verda i Oakland i California. Gitaristen Larry LaLonde livnærar seg til dagleg ved å spele i det amerikanske punkrockbandet Primus, som har lurt plata Porc Soda frå 1993 inn i platehylla mi. Larry LaLonde yt også eit bidrag til mi platesamling når han spelar gitar på songen Big In Japan på Tom Waits si plate Mule Variations frå 1999. I Newport Beach i California vart Warren Fitzgerald fødd. Gitaristen Fitzgerald spelar til dagleg i The Vandals og kan i mi platehylle høyrast på plata The Quickening frå 1996. I 1976 var Led Zeppelin på plass i Mountain Studios i Montreux i den sveitsiske Alpane og spelte inn Bonzo’s Montreux. Songen kan høyrast på samleplata Coda frå 1982. I 1977 kom James Louis McCartney til verda i London. Som son av Paul og Linda McCartney har James eit opphav som forpliktar, og han innfrir. Hjå meg kan James McCartney høyrast medan han spelar gitar på faren si plate Flaming Pie frå 1997. I 1980 gav Andy Partridge og resten av XTC ut plata Black Sea. I 1981 vart Jennifer Kate Hudson fødd i Chicago i Illinois. Songerinna og skodespelaren Jennifer Hudson slo gjennom på fjernsynsfesjået American Idol i 2004. Hjå meg kan Hudson høyrast på eit spor på plata Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose, som Meat Loaf slepte i 2006. På kvelden spelte traktorpunkpionerane Violent Femmes konsert på The Beneath It All Cafe i motorsykkelbyen Milwaukee i Wisconsin. Hendinga vart festa til lydband og songen Johnny kan høyrast på samleplata Add It Up frå 1993. I 1986 kunne dei frammøtte på Porterhouse i Retford nyte både synet og lyden av våre venner i Toy Dolls. I 1992 spelte Black Sabbath på Monsters Of Rock i Reggio Emilia i Italia. Ein driftig publikummar nytta høve til å ta konserten opp på band, noko som resulterte i bootlegplata Reviviscence som kom ut same år til tross for elendig lydkvalitet. I 1995 spelte Ozzy Osbourne i Buenos Aires i Argentina. Arenaen heit Estadio Obras og songane Desire, I Don't Know, Flying High Again, Mr. Crowley, War Pigs og Crazy Train kan høyrast på konsertplata Master Of Madness. Same dag slepte Red Hot Chili Peppers plata One Hot Minute, som var bandet sitt sjette studioalbum. Plata selde mindre enn halvparten så mange eksemplar som den førre plata og var kommersielt sett skuffande. I 2000 heldt Rage Against The Machine fyrste konsert, av to, i Grand Olympic Auditorium. Konserten vart foreviga og kan høyrast på plata Live At The GOA frå 2003. I 2003 var dette ein triste dag og det skuldast at ein av mine store heltar, komponisten, tekstforfattaren, country- og rockestjerna, og outlawlegenda Johnny Cash, døydde etter lengre tids sjukdom. I 2004 døydde Kenneth Buttrey. I 2014 døydde Joe Sample.