31.05.2017

Trettifyrste mai

Trettifyrste mai 1938 kom Peter Yarrow til verda i New York City. Politisk aktive Yarrow slo gjennom som ein del av folktrioen Peter, Paul & Mary på sekstitalet. Hjå meg kan Yarrow høyrast med bakgrunnsvokal på The Hooters si plate Zig Zag frå 1989. I 1940 vart August Meyers fødd i San Antonio i skytegale Texas. Augie Meyers spelte keyboard i Sir Douglas Quintet og vart med vidare då Doug Sahm gjekk saman med Freddy Fender og Flaco Jimenez for å starte den texanske supergruppa Texas Tornados. I tillegg til Texas Tornados-platene Hangin’ By A Thread frå 1992, og samleplata Best Of frå 1994, kan Meyers hjå meg høyrast medan han spelar på Bob Dylan-platene Time Out Of Mind, som kom på marknaden i 1997, og på Love And Theft frå 2001. I 1948 var denne dagen ein særs god dag for rytmeseksjonen, for kom den brasilianske perkusjonisten Paulo Roberto da Costa til verda i den solfylte sambabyen Rio de Janeiro. Paulinho Da Costa, som skal traktere så mykje som over to hundre ulike perkusjonsinstrument, skal ha spelt med fleire hundre artistar frå heile verda og kan hjå meg høyast medan han spelar på Michael Jackson si plate Off The Wall frå 1979, på Madonna si plate True Blue, som vart slepte i 1986, for Tracy Chapman på hennar sjølvtitulerte debutplate frå 1988, for Miles Davis på platene Tutu, som kunne kjøpast frå 1986, og Amandla frå 1989, Vagabond Heart, som Rod Stewart slepte i 1991, Willie Nelson si plate Across The Borderline (1993), og for Tori Amos på platene Little Earthquackes (1992), og Under The Pink (1994), samt utvalde spor på samleplatene Greatest Hits (The Bangles, 1990) og More Than This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music (1995). Same dag vart verdas, til no, mest hardtslåande trommeslagar, John Henry Bonham, fødd i engelske Redditch. John Bonham var den viktigaste delen av rytmeseksjonen i rockedinosaurane Led Zeppelin, kjent for å ha ei særs fin kjensle i spelet sitt sjølv om han slo like hardt som eit esel sparkar. Hjå meg kan Bonham høyrast på studioplatene II (1969), III (1970), IV (1971) og Precense (1976), i tillegg til samleplatene Coda (1982) og samleplata Mothership (2007). Bonham døyde etter ei fyllekule i 1980. Dette var også dagen Mike Edwards vart fødd i bydelen Ealing vest i London. Cellisten Edwards er best kjend for arbeidet han gjorde med Electric Light Orchestra og han kan hjå meg høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1979. Edwards døyde etter ein kollisjon med ein høyballe på motorvegen A381 i 2010. I 1952 kom Clive Hunt til verda i St. Catherine i Jamaica. Clive «Azul» Hunt sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som blåsearrangement på utvalde spor på Peter Tosh si samleplate The Toughest, som kom på marknaden i 1998. I 1954 kom Paul V. Franklin til verda i Detroit i Michigan. Multiinstrumentalisten Paul Franklin er best kjend for å spele Steel Guitar og det er nettopp dette instrumentet som gjev han plass i mi platehylle, dette kan du høyre på Willie Nelson si studioplate Across The Borderline frå 1993, og på utvalde spor på samlplata The Collection, som Steve Earle slepte i 2002. I 1958 vart den norske bassisten Håkon Torgersen fødd. Torgersen spelte bass med Jokke & Valentinerne i perioden 1984 til 1990 og kan hjå meg høyrast på plata III frå 1990. I 1965 kom Steve White til verda i London. Trommisen Steve «Supe» White er kjend for å halde takten for Paul Weller og kan i mi platehylle høyrast på The Modfather si fjerde soloplate Studio 150 frå 2004, samt på utvalde spor på samleplata Modern Classics (1998). White er også kreditert for å spele på studioplata Anutha Zone, som var Dr. John sitt bidrag til platehyllene i 1998. I 1969 slepte The Who plata Tommy i USA. Rockeoperaen nådde fjerdeplassen på dei amerikanske platelistene. I 1972 kom Christian Lee McBride til verda i Philadelphia i Pennsylvania. Bassisten Christian McBride kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på Sting si plate Sacred Love frå 2003, og på studioplata Travlin’ Light, som Queen Latifa slepte i 2007. I 1977 kom Scott Allen Klopfenstein til verda i Garden Grove i California. Scott Klopfenstein spelte gitar og trompet i Reel Big Fish fram til 2010 og kan i mi platehylle høyrast på bandet si fjerde studioplate Cheer Up! frå 2002. I 1978 vart Anna Alexandra Ternheim fødd i svenske Sollentuna. Anna Ternheim er i mi platehylle kreditert for å yte bidrag på Thåström si sjette soloplate Kärlek Är För Dom frå 2009. I 1980 døyde Sonny Burke, og Toy Dolls spelte på Westholme Farm Club i Wallsend. I 1983 kunne dei same Toy Dolls høyrast frå scenen på 100 Club i London. I 1988 oppsummerte dei skinnkledde i Ramones dei ti fyrste åra som plateartistar med samleplata Ramones Mania. I 1997 døyde Eddie Jones. I 2004 døyde Robert Quine.

30.05.2017

Trettiande mai

Trettiande mai 1924 vart Armando Peraza fødd i Havanna på Cuba. Percusjonisten Peraza sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast medan han spelar congas på utvalde spor på samleplata Best Of Friends, som John Lee Hooker slepte i 1988. Peraza døyde i 2014. I 1926 kom Anthony Terran til verda i den ein gong så stolte industribyen Buffalo i New York. Trompetisten Tony Terran er ein mykje nytta studiomusikar tilknytta The Wrecking Crew, som fekk plass i Music Hall Of Fame i 2007. Hjå meg høyrer du Terran på Madonna si soundtrackplate til kinofilmen Dick Tracy, I’m Breathless frå 1990. I 1935 vart Harold Winston Beckett fødd i Saint Michael på Barbados. Trompetisten Harry Beckett sine bidrag til mi platehylle er å finne på songen Had Me A Good Time frå Faces-plata Long Player frå 1971, og på Madonna si soundtrackplate til kinofilmen Dick Tracy, I’m Breathless, som kom på markanden i 1990. Beckett døyde i 2010. I 1955 kom Nicholas Bowen Headon til verda i engelske Bromley. Topper Headon si karriere er merkt av han er den best kjende trommeslagaren i det legendariske punkbandet The Clash. I mi platehylle kan Topper høyrast på The Clash-platene Combat Rock frå 1982, og samlinga The Singles, som kom på markanden i 2007. I 1958 vart Gun-Marie Fredrikson fødd i svenske Össjö. Roxette-vokalisten Marie Fredrikson kan hjå meg høyrast på den storselgjande studioplata Joyride frå 1991. I 1964 kom Thomas Baptiste Morello til verda i den belasta bydelen Harlem i storbyen New York City. Gitaristen Tom Morello er best kjend for å spele med Rage Against The Machine og Audioslave og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Rage Against The Machine (1992), The Battle Of Los Angeles (1999) og Renegades (2000), og konsertplata Live At The Grand Olympic Auditorium (2003), alle Rage Against The Machine, og på Audioslave sine studioplater Out Of Exile (2005) og Revelations (2006). I engelske Bebington vart Chris Sharrock fødd. Trommisen Sharrock har ei fortid på trommestolen i mytiske The La’s, hjå meg kan han høyrast medan han held takten for Robbie Williams på studioplata I’ve Been Expecting You (1998), og på eit spor for Tom Jones på plata Reload frå 1999. I 1965 kom Briana Corrigan til verda i den nordirske hovudstaden Belfast. Sjølv om ho er lista som tilleggsperson vert Corrigan rekna som den kvinnelege songerinna i The Beautiful South og song med på dei tre fyrste studioplatene frå bandet. Hjå meg kan Corrigan høyrast på debutplata Welcome To The Beautiful South frå 1989. I 1967 kom Sven Pipien til verda i tyske Hannover. Pipien er bassist i Black Crows etter å ha erstatta originalbassisten Johnny Colt frå plata By Your Side frå 1999. I 1976 vart Björn Samuelsson fødd i svenske Lysekil. Samuelsson spelte trombone i Brian Wilson sitt band ein periode og kan i mi platehylle høyrast på plata Presents Smile frå 2004. I 1980 kunne heldige frammøtte i Civic Hall i Shildon sjå Toy Dolls spele i levande live. I 1986 døyde Hank Mobley. I 1988 bydde dagen på konsert med Toy Dolls i Madrid, der dei var reist for å spele på Rock Club. I 1996 slepte Gloria Estefan si sjuande studioplate Destiny. I 1997 døyde West Arkeen.

29.05.2017

Tjueniande mai

Tjueniande mai 1949 var det jubel i familien Rossi i London, for då kom vetle Francis Dominic Nicholas Michael kom til verda. I nesten seksti år har Francis Rossi pleia musikarkarriere si som ein del av det engelske booggierockbandet Status Quo, og saman med makker Rick Parfitt har han fått den engelske utmerkinga OBE for innsatsen sin. Hjå meg kan Rossi høyrast på studioplata Rock ‘Till You Drop (1991), konsertplata Live Alive Quo (1992), samt samleplatene 12 Gold Bars I (1980) og 12 Gold Bars II (1984). I 1960 vart Mel George Gaynor fødd i London. Trommisen Mel Gaynor slo seg saman med Simple Minds i 1982 og har, med untak av eit par korte avbrekk, vore med dei sidan. Hjå meg kan Gaynor høyrast på bandet si niande studioplate, Real Life frå 1991. I Rock Island i Illinois kom Jesse Woods Johnson til verda. Gitaristen Jesse Johnson kan hjå meg høyrast på Janet Jackson si plate Janet Jackson’s Rhythm Nation 1814 frå 1989. I 1961 kom Melissa Lou Etheridge til verda i Leavenworth i Kansas. Melissa Etheridge har vore offentleg lesbisk i ei årrekkje og har fleire barn saman med den kvinnelege partnaren sin. Rykta har strøyma om kven som kan vere faren, og ein av dei som er nemnd i den samanhengen er ein annan musikar, nemleg David Crosby, kjend frå den legendariske kvartetten Crosby, Stills, Nash & Young. Eg har, uavhengig av legning, vore fan av denne dama så lenge eg kan hugse og har gjennom åra investert tungt i dei fleste platene ho har sendt ut på marknaden. Den sjølvtettelerte debutplata frå 1988 står i platehylle saman med Brave And Crazy (1989), Never Enough (1992), Yes I Am (1993), Your Little Secret (1995), Skin (2001) og Lucky (2004), og eg har planar om å halde fram med å kjøpe platene hennar så lenge ho held fram med å gje ut musikk. På Long Island i New York vart John Miceli født. Trommeslagaren Miceli spelar i bandet Neverland Express, som er Meat Loaf sitt faste band. Hjå meg høyrer du Miceli på plata Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose, som Meat Loaf slepte i 2006. I 1963 vart Bayley Alexander Cooke fødd i engelske Birmingham. Under namnet Blaze Bayley har han gjort seg merkt som vokalist i både eit sjølvtitulert band og i Wolfsbane, men i mi platehylle kan han høyrast som vokalist i Iron Maiden på dei to studioplatene The X-Factor (1995) og Virtual XI (1998). Bayley måtte seinare sei frå seg jobben som songar i jernjomfrua då gamlesongaren Bruce Dickinson ville ha jobben attende. I 1967 vart Noel Thomas David Gallagher fødd i engelske Manchester. Gitaristen Noel Gallagher er den som har vore musikalsk ansvarlig for det meste av det beste av det grinegutane i Oasis har gjort og kan hjå meg høyrast på studioplatene Definitely Maybe (1994), (What’s The Story) Morning Glory (1995) og Be Here Now (1997), og konsertplatene Unplugged og Familliar To Millions (2000). I 1972 kom Simon Robin David Jones til verda i hamnebyen Liverpool. Bassisten Simon Jones er best kjend for å spele i The Verve og kan i mi platehylle høyrast på kritikarroste Urban Hymns frå 1997. I 1979 kunne delar av AC/DC sin konsert i Glasgow året før sjåast på programmet The Old Grey Whistle Test på BBC One. I 1980 var Toy Dolls attende i Round Robin Pub i Sunderland for å spele for andre gong på ei veke. I 1988 kunne dei same Toy Dolls opplevast på Txibisto i Bergara. I 1997 døyde Tim Buckley. I 2010 døyde Dennis Hopper. I 2012 spelte Ozzy Osbourne og kompisane hans, Geezer Butler, Zakk Wylde og Slash ein glitrande konsert på Koengen i Bergen, og underteikna var sjølvsagt til stades. Gitaristen Doc Watson nytta dagen til å døy etter komplikasjonar etter eit medisinsk inngrep.

28.05.2017

Tjueåttande mai

Tjueåttande mai 1926 kom Russell Donald Freeman til verda i Chicago i Illinois. Jazzpianisten Russ Freeman vart på førti- og femtitalet kjend for samarbeid med Art Pepper og Shorty Rogers, men er i dag best kjend for å ha spela med den norskætta jazztrompetisten Chet Baker. Freeman sitt bidrag til mi platehylle finn du på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Russ Freeman døyde i 2002. I 1937 vart William Artur Walker fødd i Sydney i Australia. Musikkprodusenten Bill Walker hadde eit kort intermesso i Sør-Afrika før han dukka opp i den amerikanske countryhovudstaden Nashville i Tennesse. Walker fekk etter kvart jobben som musikalsk leiar for The Johnny Cash Show og deltok på fleire av plateinnspelingane hans. Hjå meg kan Walker høyrast medan han spelar piano på The Johnny Cash Childrens Album, som kom på marknaden i 1975. I 1944 vart Gladys Maria Knight fødd i olympiabyen Atlanta i Georgia. Songerinna Gladys Knight kom inn under den kjende Motown-etiketten i 1966. Ho vert omtala som Keisarinna av Soul, har hausta Grammy-prisar og har hatt fleire store hits saman med bandet The Pips. Hjå meg kan Knigth høyrast på ei dobbel samleplate som dekkar det meste av det beste ho gjorde både som soloartist og saman med The Pips. I 1945 vart John Cameron Fogerty fødd i universitetsbyen Berkeley. John Fogerty var frontfiguren og den kreative krafta i bandet Creedence Clerarwater Revival, som leverte fleire udøydelege slagarar på overgangen frå seksti- til syttitalet. I 1947 kom Leyland Bruce Sklar til verda i motorsykkelbyen Milwaukee i Wisconsin. Bassisten Leyland Sklar er ein høgt skatta studiomusikar og kan hjå meg høyrast på plata From The Inside, som Alice Cooper slepte i 1978, i tillegg til eitt spor på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene (1987), plata The Offbeat Of Avenues, som The Manhattan Transfer slepte i 1991, og Era si sjølvtitulerte debutplate (1996). Sklar er også kreditert for å traktere bassen på utvalde spor på Dolly Parton si samleplata Greatest Hits frå 1982. I 1949 kom Wendy Orlean Williams til verda i Webster i New York. Artisten Wendy O Williams var betre kjend for ellevill sceneopptreden enn songrøyst, men har likevel sikra seg legendestatus i enkelte miljø etter ei kaotisk karriere med bandet Plasmatics og på eiga hand. O Williams gjorde seg også merkt i filmbransjen, dog ikkje i den mest seriøse delen av bransjen. O Williams tok sitt eige liv i 1998. I 1956 vart Gerald Calvin Douglas fødd i Warren i Ohio. I mi platesamling kan ein høyre mannen som er kreditert som Jerry Douglas spele dobro på songen Nothing But A Child frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988, samt på Michelle Shocked si plate Arkansas Traveller (1992). Same dag kom den danske visesongaren Poul Krebs til verda i Jylland sin største by, Århus. Krebs slo gjennom med plata Små Sensationer i 1995. Plata var hans tiande, har vokalbidrag frå den norske krimkongen Jo Nesbø, og står i mi platehylle. I 1961 vart Roland Lee Gift fødd i den ein gong så stolte engelske industribyen Birmingham. Roland Gift var den karrismatiske songaren i Fine Young Cannibals, som smykkar mi platehylle med den sjølvtitulerte debutplata si frå 1985. I 1970 kom den engelske trommeslagaren Mark Richardson til verda i engelske Leeds. Richardson kan i mi platesamling høyrast medan han held takten for Skunk Anansie på plata Stoosh frå 1996, og Post Orgasmic Chill, som kom på marknaden i 1999. I svenske Eskilstuna vart Sami Petteri Sirviö fødd. Gitarisen Sami Sirviö var ein av grunnleggjarane av Kent og kan hjå meg høyrast på platene Kent (1995), Hagnestad Hill (1999), Du & Jag Döden (2005), samt Tillbaka Till Samtiden frå 2007. I 1973 kom Harry Mikael Sommerdahl til verda i Stockholm. Musikkprodusente og låtskrivaren Harry Sommerdahl eig sitt eige musikkstudio og har jobba med vår eigen Hanne Sørvåg, i mi platehylle er han kreditert for programmering på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006. I 1982 hadde Smuglers Arms i Stanley æra av Toy Dolls sitt besøk. I 1983 slepte Iron Maiden plata Piece Of Mind som nådde til tredjeplass på listene. I 1988 hadde Toy Dolls teke turen til Burgos for å spele på Ramas. I 1991 platedebuterte The Smashing Pumpkins med plata Gish. I 2002 slepte Eminem si tredje studioplate The Eminem Show.

Tjuesjuande mai

Tjuesjuande mai 1926 kom Clifford Everett Shank til verda i Dayton i Ohio. Saksofonisten Bud Shank har spela med kjende namn som Ravi Shankar og The Mamas & The Papas, Harry Nilson og Gene Clark, i tillegg til med den norskætta trompetisten Chet Baker, der han i mi platehylle kan høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Shank døyde i 2009. I 1948 vart Peter Sears fødd i engelske Bromley. Pete Sears er i mi platehylle kreditert for tangentspel på Rod Stewart si siste plate på Mercury Records, Smiler frå 1974, og for utvalde spor på den doble samleplata The Mercury Anthology, som kom på marknaden i 1992. I 1957 vart Edward Hawrysch fødd i kanadiske Toronto. Eddie Harsch trakterar tangentane på alle mine tre Black Crows plater, The Southern Harmony And Musical Companion (1992), Amorica (1994), og By Your Side (1999), men har sidan fôrlete bandet for å halde fram med karriera andre stader. I London kom Susan Janet Ballion til verda. Siouxsie Sioux har saman med bandet The Banshees gjeve ut elleve studioplater og vert rekna som ei av pønkverdas mest suksessrike artistar. Hjå meg finn du plata Tinderbox, som kom på markanden i 1986. I 1958 vart Neil Mullane Finn fødd i Te Awamutu på New Zeland. Neil Finn er vokalist i Crowded House, som prydar mi platehylle med plata Together Alone frå 1993. I 1963 gav ein ung Bob Dylan ut si andre plate, The Freewheelin’ Bob Dylan. Med seg i studio hadde han mellom anna gitaristane Bruce Langhorn og Howard Collins. I 1966 vart Sean Howard Kinney fødd i Renton i Washington. Sean Kinney har tent til livets opphald bak trommesettet i Alice In Chains og hans taktfaste bidrag til mi platehylle kan høyrast på studioplatene Facelift (1990) og Dirt (1992). I 1975 kom André Lauren Benjamin til verda i olympiabyen Atlanta i Georgia. Rapparen Andre 3000 er best kjend som den eine halvleiken av duoen OutKast, men i mi platehylle kan han høyrast med tangentspel og bakgrunnsvokal på Gwen Stefani si plate Love. Angel. Music. Baby. frå 2004. I 1982 nytta Toy Dolls dagen til å spele i 101 Club i Ferryhill og året etter, i 1983 gav Motörhead ut singelen I Got Mine/Turn You Round Again. Same dag var Toy Dolls attende og spela i Feltham Football Club i London, medan dei i 1988 hadde teke turen til Lacunza for å spele på Ilargi. I 2003 platedebuterte irske The Thrills med So Much For The City. I 2017 døyde Gregg Allman.

Tjuesjette mai

Tjuesjette mai 1926 vart Miles Dewey Davis III fødd i Alton i Illinois. Jazztrompetisten Miles Davis var både bandleiar og komponist, spelte med dei fleste av verdas største jazzartister og rakk å bli ein av verdas mest innflytingsrike jazzartistar før han døyde etter ei tids sjukeleie i 1991. Miles Davis gav ut meir enn hundre studio-, konsert- og samleplater, men mi platehylle byr så langt berre på ni av desse, Birth Of The Cool (1957), Kind Of Blue (1959), Someday My Prince Will Come (1961), In A Scilent Way (1969), Bitches Brew (1970), Waterbabies (1976), Decoy (1984), Tutu (1986), Amandla (1989) og Biography The Very Best Of Miles Davis. Miles Davis døyde i 1991. I 1930 kom Severino Dias de Oliveira fødd i brasilianske Paraiba. Trekkspillvirtousen Sivuca si karriere er omfattande, og inkluderar spel med artistar som Miriam Makeba og Harry Bellafonte. Hjå meg kan Sivuca hørast medan han spelar på Imperiet si plate Synd frå 1986. Sivuca døyde i 2006. I 1933 døyde Jimmy Rogers. I 1940 kom Mark Lavon Helm til verda i byen Elaine i Arkansas. Levon Helm gjorde seg merkt på seksti- og syttitalet som trommeslagar og vokalist i det legendariske folkrockbandet The Band. I mi platehylle kan du høyre Helm sitt trommespel på plata Islands frå 1977, og som takthaldar for Neil Young på plata Hawks & Doves (1980), og for Rufus Wainwright på hans tredje studioplate Want One frå 2003. Helm er i tillegg kreditert for stødig trommespel på Michelle Shocked si studioplate Arkansas Traveller (1992), samt på Bob Dylan si triple samleplate The Bootleg Series Vol 1-3 frå 1991. Helm døyde i 2012. I 1944 vart Terrence Allen fødd i idylliske Crynant i Wales. Tangentmannen Verden Allen er ein av grunnleggjarane av Mott The Hoople. Hjå meg kan Verden Allen høyrast på studioplatene Wildlife (1971) og All The Young Dudes (1972), i tillegg til samleplatene Walking With A Mountain (1990) og Greatest Hits (1976). I 1946 kom Michael Ronson til verda i hamnebyen Kingston upon Hull. Gitaristen Mick Ronson er best kjend for samarbeidet med David Bowie tidleg på 1970-talet, men hadde også ei solokarriere og spelte saman med undergrunnsheltane i Mott The Hoople. Ronson samarbeida etter Mott The Hoople-tida med Ian Hunter til han diverre døyde av leverkreft i 1993. Mykje av det beste Ronson spelte inn og gav ut er samla på plata Heaven & Hull som vart gjeven ut etter at meisteren gjekk bort, men i mi platehylle er det på Lou Reed si plate Transformer (1972), og på Ian Hunter si sjølvtitulerte debutplate (1975), i tillegg til konsertplata Welcome To The Club (1980), gitarspelet hans kan høyrast. Ronson er også kreditert for diverse arbeid på Mott The Hoople si plate All The Young Dudes frå 1972, og for gitarspel på Bob Dylan si konsertplate Hard Rain (1976), og på utvalde spor på samleplata The Bootleg Series Vol 1-3 frå 1991. I 1948 kom Stephanie Lynn Nicks til verda i Phoenix i Arizona. Stevie Nicks var vokalist i Fleetwood Mac og hjå meg kan ho høyrast på den storselgjande studioplata Rumours frå 1977. I 1953 vart Richard Arthur Sohl fødd i bydelen Queens i New York City. Tangentmannen Richard Sohl vert best hugsa for arbeidet han gjorde saman med Pattie Smith. Hjå meg kan Sohl høyrast på studioplata Easter frå 1978. Sohl døyde i 1990. Ein annan stad i USA kom David Torn til verda. Gitaristen Torn har spela med eit heilt elitelag av musikarar, som David Bowie og k.d. Lang. Hjå meg kan han høyrast medan han trakterar gitaren på Tori Amos si plate Scarlet’s Walk frå 2002. I 1963 var Elvis Presley i studio og spela inn (You’re The) Devil In Disguise. I 1964 kom Leonard Albert Kraviz til verda i New York City. Lenny Kraviz har ei solid solokarriere, plata Circus frå 1995 er på plass i hylla, og i tillegg kan han høyrast som hjelpevokalist på Mick Jagger si plate Wandering Spirit frå 1993. I 1966 vart Rita Eriksen fødd på Sola utanfor Stavanger. Eriksen har ei solid karriere på eiga hand og saman med broren i duoen Eriksen, hjå meg kan ho høyrast som den kvinnelege røysta i duett med Øyvind Staveland på sporet Tir Na Noir frå Vamp si debutstudioplate God Morgen, Søster, samt på eitt spor på Trio De Janeiro si plate Brazilikum, begge frå 1993. I 1967 kom Christopher Todd Feinstein til verda i Nashville i Tennessee. Bassisten Chris Feinstein starta som profesjonell musikar allereie som femtenåring og har turnert og spelt stuioinnspelingar med ei rekkje artistar. Hjå meg kan Feinstein sitt arbeid høyrast på Ryand Adams si plate Easy Tiger frå 2004. Feinstein døyde i 2009. I 1972 vart Alan White fødd i London. Trommeslagaren White avløste Tony McCarroll på trommestolen i Oasis og kan hjå meg høyrast på studioplatene (What’s The Story) Morning Glory (1995) og Be Here Now (1997), i tillegg til konsertplatene Unplugged og Familliar To Millions (2000). I 1975 vart Lauryn Noelle Hill fødd i East Orange i New Jersey. Lauryn Hill vart superstjerne saman med bandet Fugees og har sidan etablert seg som ein solid soloartist, plateprodusent og skodespelar som skyr rampelyset. Hjå meg kan Hill Høyrast saman med Fugees på plata The Score (1996), og på soloplata The Miseducation Of Lauryn Hill frå 1998. I 1987 kom Europe si tredje studioplate, gjennombrottet The Final Countdown, som selde i meir enn tre millionar eksemplar berre i USA. I 1988 var Toy Dolls i Valladolid for å spele på Hippo. I 1989 avslutta Melissa Etheridge studioarbeidet på det som vart gjeve ut som plata Brave And Crazy.

25.05.2017

Tjuefemte mai

Tjuefemte mai 1936 vart Norman Gary Foster fødd i Leavenworth i Kansas. Musikaren Gary Foster trakterar dei fleste blåseinstrument og underheld i fleire sjangrar, som pop, jazz og klassisk. I mi platehylle kan Foster sitt fløytespill høyrast på Bob Dylan si studioplate Pat Garett & Billy The Kid frå 1973. I 1943 kom Miriam Johnson til verda i Phoenix i Arizona. Songerinna Jessi Colter var i hine hårde dagar gift med gitaristen Duane Eddy, men er best kjend for å ha vore gift med outlaw-legenda Waylon Jennings. Hjå meg kan Colter si røyst høyrast på Jennings si studioplate Ol’ Waylon frå 1977, samt på utvalde spor på Johnny Cash si samleplate The Mercury Years frå 2000. I 1948 vart Klaus Meine fødd i tyske Hannover. Meine er den nasale songaren i Scorpions, eit band han slo seg saman med i 1970, og han syng på alle platene bandet har slept. Hjå meg kan Meine høyrast på plata Crazy World frå 1990. I 1955 kom Gunnar Låstad til verda. Bassisten Låstad slo seg saman med Vinskvetten i 1976 og kan i mi platehylle høyrast på plata Rånnyen Og Kveitebollen frå 1997. I 1956 kom den amerikanske gitaristen og dobroartisten Cindy Cashdollar til verda i byen som har gjeve namn til verdas best kjende hippiefestival, Woodstock i New York. Cashdollar, som til vanleg spelar i Asleep At The Wheel, kan hjå meg høyrast medan ho trakterar flaskehalsen på Bob Dylan si plate Time Out Of Mind frå 1997, og for Ryan Adams på plata Easy Tiger frå 2007. I 1958 vart John William Weller fødd i engelske Woking. Mannen som kallar seg Paul Weller til vanleg, og som gjerne vert referert til som The Modfather, har gjort seg merkt som leiar av det legendariske Mod-bandet The Jam. The Jam er i mi platesamling representert med samleplata Beat Surrender frå 1993. Denne plata her ein heilt utruleg driv frå fyrste takt og kan tilrådast til alle som er glad i god Mod-musikk, men ikkje er komen i gang med å kjøpe enkeltproduksjonar. Weller sitt arbeid etter tida med The Jam er elles dokumenter på studioplata Studio 150, som kom på marknaden i 2004, og på ei samling av klassikarar kalla Modern Classics, som stod i platehyllene frå 1998. Weller kan også høyrast med gitarspel på utvalde spor på Oasis si plate (What’s The Story) Morning Glory (1995), og på Robet Wyatt si ellevte soloplate Comicopera frå 2007. I 1961 var John Coltrane med venner i A&M Studios i New York og spelte inn materialet til det som skulle ende opp som Coltrane si niande studioplate, Olé Coltrane som kom på marknaden i februar året etter. I 1966 var The Byrds i studio og spela inn 5D (Fifth Dimension), Wild Mountain og John Riley. Songane vart brukt på bandet si tredje studioplate, Fifth Dimension frå 1966. I 1978 spelte eit anna Mod-band, The Who, ein improvisert konsert i Shepperton Studios som ein del av innspelinga av filmen The Kids Are Alright. I 1982 var det ska-kveld då Madness fekk notert topplassering på listene med House Of Fun. I 1983 gav bandet Dio ut debutplata si, Holy Diver, som selte til både gull og platina i USA. I 1984 vart Marion Elise Ravn fødd på Lørenskog. M2M Marion er krediter som Marion Raven når ho syng på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006, som er hennar einaste bidrag til mi platehylle. I 1987 slepte The Cure si sjuande studioplate, Kiss Me, Kiss Me, Kiss Me, som var bandet si fyrste til å klatre inn på Top 40 på den renomerte amerikanske Bilboard-lista. I 1994 døyde Eric Gale.

24.05.2017

Tjuefjerde mai

Tjuefjerde mai 1928 kom Max Bennett til verda i Oskaloosa i Iowa. Bassisten Bennet sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast medan han spelar for Ry Cooder på den sjølvtitulerte debutplata hans frå 1970, på Joan Baez si plate Diamonds And Rust frå 1975, og på plata Hejira, som var Joni Mitchell sitt bidrag til populærkulturen i 1976 og var hennar åttande studioplate. I 1941 vart hippielegenda Bob Dylan fødd som Robert Allen Zimmerman. Det skal ha skjedd i byen Duluth i det som vert rekna som den norskaste av dei amerikanske delstatane, Minnesota. Bob Dylan har gjeve ut ei rekkje plater og inspirert musikkarar i årevis, og sjølv skal han ha vore inspirert av det amerikanske visesongarikonet Woodie Guthrie. Underteikna har fylt opp med Dylan-plater i platehylla og har, så langt, vore heldig og opplevd ikonet to gonger, fyrst i Nygårdsparken i Bergen ei solrik kveldsstund i 2001, og sidan på Koengen i 2011. Begge konsertane bydde på ein Dylan i storform, han smilte litt og vinka til publikum innimellom, og han spela det meste av det beste frå ei lang karriere. Bob Dylan er også kreditert for å ha spela munnspel på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. I 1945 vart Ludlow Massacre, ein song om den avskyelege massakren som fann stad i gruvebyen Ludlow i Colorado tjuande april 1914, der gruvearbeidarar som ville fagorganisere seg vart meidd ned saman med kvinner og barn, og 1913 Massacre, også det ei song om vanskelegstilte gruvearbeidarar, spelt inn i New York City. Mannen med gitaren var Woodie Guthrie og begge songane kan høyrast på samleplata Pastures Of Plenty. I 1947 kom Robert Wachtel til verda i New York City. Waddy Wachtel spelar ei rekkje instrument og kan hjå meg høyrast medan han spelar gitar på plata The Distance, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1982, og The Fire Inside, som same mann og same band slepte i 1991. Wachtel sine gitarar kan også høyrast på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987, og på Vagabond Heart, som Rod Stewart slepte i 1991. Wachterl er også kreditert for gitarspel på Melissa Etheridge sine studioplater Melissa Etheridge (1988), Brave And Crazy (1989) og Yes, I Am (1993). Same dag vart Albert Bouchard fødd i Watertown i New York. Trommisten Bouchard var ein av grunnleggjarane av Blue Öyster Cult og kan hjå meg høyrast på plata Spectres frå 1977. I 1960 vart Guy Edward Fletcher fødd i engelske Maidstone. Mulutiinstrumentalisten Guy Fletcher er best kjend for å spele i Dire Straits, hjå meg kan han høyrast på utvalde spor på samleplata More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som Bryan Ferry og kompisane i Roxy Music slepte i 1995. I 1969 kom Richard Spencer Robinson til verda i olympiabyen Atlanta i Georgia. Gitaristen Rich Robinson var, saman med storebroren Chris, ein av grunnleggjarane av The Black Crows og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene The Southern Harmony And Musical Companion (1992), Amorica (1994) og By Your Side frå 1999. I 1975 var Led Zeppelin på scenen i Earls Court i London. I 1980 var Toy Dolls på plass i Craghead og spela i Victory Club. Og når ein spolar fram til 1987 spelte R.E.M live i McCabes Guitar Shop. The One I Love (live) enda opp som B-side på ein singel med same namn og Disturbance At The Heron House (live) endar opp som B-side på ein UK singel av The One I Love. Begge desse songane er å finne på plata Document. I 1991 døyde Gene Clark. I 1994 gav Biohazard ut plata State Of The World Adressed, som var bandet si tredje studioplate og inneheldt Lack There Of som var eit bidrag til filmen Resorvori Dogs. I 2009 døyde Jay Bennett. I 2010 døyde Steve New.

23.05.2017

Tjuetredje mai

Tjuetredje mai 1925 kom Malcolm B. Wiseman til verda i Crimora i Virginia. Bluegrassartisten Mac Wiseman har i si tid vore innom legendariske Bill Monroe’s Bluegras Boys, men kan i mi platesamling høyrast på Johnny Cash si plate American V: A Hundred Highways frå 2006. I 1947 vart Yan Patrick Erard Djivas fødd i den franske filmbyen Cannes. Bassisten Patrick Djivas sitt bidrag til mi platehylle høyrer du på Gianna Nannini si studioplate Una Radura frå 1977. I 1965 vart Simon Charles Gilbert fødd i engelske Tiddington. Trommisen Simon Gilbert er fast inventar i Suede og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Dog Man Star (1994), Coming Up (1996) og Head Music (1999), i tillegg til samleplata Sci-Fi Lullabies (1997), som inneheld B-sidene av bandet sine singlar frå dei tre fyrste studioplatene. I 1967 vart Philip James Selway fødd i engelske Abingdon. Trommisen Philip Selway held til dagleg takten for Radiohead og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Pablo Honey (1993), OK Computer (1997), Kid A (2000) og Hail To The Thief (2003). I 1969 gav The Who ut rockeoperaen Tommy, som i filmversjonen hadde Tina Turner i hovudrolla. Plata klatra til nummer to på dei engelske listene. I 1973 vart Magnus Broberg fødd i svenske Ludvika. Den sjølverklerte satanisten Emperor Magus Caligula er vokalist i bandet Dark Funeral og hjå meg kan han høyrast på bandet si andre studioplate, Vobiscum Satanas frå 1998. I 1974 kom Richard Jones til verda i walisiske Cwmaman. Bassisten Jones spelar til dagleg i Stereophonics og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Word Gets Around (1997), Just Enough Education To Perform (2001), You Gotta Go There To Come Back (2003) og Language, Sex, Drugs. Other? (2005). Jones er også med når Stereophonics spelar med på Tom Jones sin versjon av Randy Newman sin song Mama Told Me Not To Come frå plata Reload, som kom på markanden i 1999. I 1976 gav Kiss ut plata Dynasty, som var produsert av Vini Poncia og inneheldt superhitten I Was Made For Lovin’ You, som framleis er ein ”floor filler” på dansestader i ikkje alt for urbane strok. I Fort Collins i Colorado spelte Bob Dylan konserten der mesteparten av materialet til konserplata Hard Rain er henta frå. I 1981 spelte Toy Dolls i Great Lumley Commercial Centre i Durham. I 1992 var Jethro Tull og underheldt i Caesarea og slagarparaden Rocks On The Road, Look Into The Sun, A Christmas Song og This Is Not Love kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1994 fekk verda høve til å kjøpe plata Ill Communication og dei kreative, unge mennene bak meisterverket var dei rappkjefta karane i Beastie Boys. Dette var raptrioen si fjerde studioplate. I 2000 slepte Eminem si tredje soloplate, The Marshall Matters LP, som er notert i Guiness Book Of Reccords som den hurtigast selgjande plata nokon sinne med nesten 1,8 millionar selde eksemplar den fyrste veka berre i USA. Same dag fekk eit anna platekjøpande publikum høve til å kjøpe ei Johnny Cash-samling som fekk namnet Love, God, Murder. Samlinga inneheld tre CD-plater og fororda til dei ulike platene er skrive av så pass ulike rockepersonlegdomar som Bono, Nick Cave og Cash sin ektefelle June Carter Cash. I 2001 døyde Tommy Eyre. I 2005 slepte supergruppa Audioslave si andre studioplate, Out Of Exile.

22.05.2017

Tjueandre mai

Tjueandre mai 1935 kom Barron W. Rogers til verda i The Bronx i New York City. Salsamusikaren Barry Rogers kom frå ein musikalsk familie og har spela med legender som Tito Puente og Elton John. Hjå meg kan Rogers sin trombone høyrast på Peter Tosh si studioplate Wanted Dread And Alive (1981), samt samleplatene The Very Best Of Aretha Franklin Vol 1. (1994), Sister Sledge (1996), og The Toughest, som Peter Tosh sitt dødsbu slepte i 1998. Rogers døyde i 1991. I 1956 vart Natasha Shneider fødd i Moskva. I mi platehylle er Shneider lista som ein av ei rekkje gjestemusikarar på Queens Of The Stone Age si plate Songs For The Deaf frå 2002, i tillegg til at ho spelar klavinett på plata Superunknown, som Soundgarden slepte i 1994. Shneider døyde av kreft i 2008. I 1957 kom Anne Grete Preus til verda i sildebyen Haugesund. Noregs rockedronning herja ungdomshus og konserthus med Veslefrikk og Can Can på sytti- og åttitalet, før ho solodebuterte med Hotel St. Pauli i 1988. Hjå meg finn du studioplatene Alfabet (2001) og Når Dagen Roper (2004). I 1958 vart Lisa Dal Bello fødd i den kanadiske storbyen Toronto. Songerinna Dalbello har slepte fleire plater som soloartist, hjå meg høyrer du røysta hennar som bakgrunnsvokal på Alannah Myles si debutplate Alannah Myles frå 1989. I 1959 kom Steven Patric Morrisey til verda i engelske Davyhulme. Den kontroversielle veganaren og dyrevernaren Morrisey er kjend som ein av den moderne populærmusikken sine vanskelegaste og mest eksentriske karrakterar og er, kan hende, like kjend for kontroversielle utsegn som for musikken sin. Verda sitt fyrste møte med Morrisey kom då han spela saman med supergitaristen Johnny Marr i The Smiths, seinare har han pleia ei solokarriere med ein liten, men ganske så trufast fanskare. Mi platehylle byr på The Smiths sine studioplatenr Meat Is Murder frå 1985, og Strangeways, Here We Come, som vart slept i 1987, og på samleplata Louder Than Bombs, også den frå 1987, i tillegg til tre av Morrisey sine soloplater, studioplatene Viva Hate (1988) og You Are The Quarry (2004), samt samleplata The World Of Morrisey (1995). I 1967 vart Dan Roberts fødd i canadiske Winnipeg. Bassisten Roberts spelar til vanleg i Crash Test Dummies og kan hjå meg høyrast på plata God Shuffeled His Feet frå 1993. I 1972 var The Who i Olympic Studios i Barnet og spelte inn Join Together. Songen vart gjeve ut som singel i juni same år. I 1977 døyde Hampton Hawes. I 1980 var gutane i Toy Dolls på puben, nærare bestemt Round Robin Pub i Sunderland. I 1990 slepte Madonna plata I’m Breathless. Plata var soundtrack til kinofilmen Dick Tracy med den tidlegare storsjarmøren Warren Beaty i hovudrolla. I 2001 bydde dagen på plateslepp for The Dickies, produktet hadde namnet All This And Puppet Stew og var bandet si sjette studioplate. I 2013 spelte Bon Jovi for eit fullsatt Koengen i Bergen.

21.05.2017

Tjuefyrste mai

Tjuefyrste mai 1920 kom John William Barber til verda i Hornell i delstaten New York. Musikaren Bill Barber vart kjend som den fyrste til å spele moderne tubaspel i jazzmusikken og kan i mi platesamling høyrast på Miles Davis si plate Birth Of The Cool frå 1957, som også er nemnt mellom 1001 plater du må høyre før du døyr i boka med same namn. Barber døyde i 2007. I 1929 vart Larance Marable fødd i Los Angeles i California. Trommeslagaren Lawrence Marable held takten for Chet Baker på utvalde spor på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Marable døyde i 2012. I 1954 vart Marc Ribot fødd i flyplassbyen Newark i New Jersey. Gitaristen Ribot har spelt med ei rekkje store amerikanske artistar og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på plata Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991, og for Tom Waits på dei to studioplatene Rain Dogs (1985) og Mule Variations frå 1999. I 1955 kom Stanley Lynch til verda i Cincinatti i Ohio. Stan Lynch kan hjå meg høyrast med hjelpevokal på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. I 1963 vart Kevin Patric Shields fødd i New York City. Kevin Shields reknar seg som irsk, sjølv om han er fødd «over there» og er best kjend som gitarist og songar i My Bloody Valentine. Hjå meg kan han høyrast på studioplatene Isn’t Anything (1988) og Loveless (1991). Shields er i tillegg kreditert som gjest på Primal Scream si plate XTRMNTR frå 2000. I Santa Ana i El Salvador kom Pete Sandoval til verda. Trommeslagaren Sandoval held til dagleg takten for death metall-bandet Morbid Angel og i mi platehylle høyrer du arbeidet hans på plata Domination frå 1995. I 1965 gav The Who ut singelen Anyway, Anyhow, Anywhere som nådde ein tiandeplass på singellistene og som seinare vart nytta som kjenningsmelodi på fjernsynsprogrammet Ready, Steady, Go. Songen var spelt inn i IBC Studios i London i april same år og produsent var, som vanleg tidleg i The Who si karriere, Shel Talmy. I 1970 var superkvartetten Crosby, Stills, Nash & Young på plass i Record Plant Studio 3 for å spele inn songen Ohio, som protest mot politibrutalitet mot ein politisk studentmarsj, songen vart slept som singel, og kan også høyrast på samleplata Neil Young Greatest Hits. I 1981 spelte Iron Maiden opningskonserten på den fyrste turnéen sin i Japan. Same dag var det minnekonsert i Kingston på Jamaica til ære for avdøde reggealegenda Bob Marley. Konserten vart arrangert av det jamaikanske folket og både statsminister og opposisjonsleiaren var til stades samstundes, noko som vist nok ikkje er heilt vanleg på dei kantar. I 1987 enda Iron Maiden sin Somewhere On Tour i Osaka etter totalt eitt hundre og førtiåtte konsertar. I 1992 spelte Jethro Tull i Jerusalem, dei frammøtte fekk høyre Locomotive Breath, som også kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 2002 slepte The The samleplata 45rpm The Singles Of The The. I 2013 døyde Trevor Bolder. I 2015 døyde Louis Johnson. I 2016 døyde Nick Mensa.

20.05.2017

Tjuande mai

Tjuande mai 1940 vart Frode Thingnæs fødd i Nore og Uvdal. Jazzmusikaren Thingnæs var utdanna ved Musikkakademiet i København, har dirrigert Kringkastingsorkesteret, har spela med Popul Ace og var ei stund nærast over alt i norsk musikkliv. Hjå meg kan Thingnæs sitt trombonespel høyrast på utvalde spor på Trond-Viggo Torgersen si samleplate Trond-Viggos beste frå 1997. Thingnæs døyde i 2012. I 1944 kom John Robert Cocker til verda i den engelske stålbyen Sheffield. Joe Cocker vart kjend etter ein legendarisk opptreden med Beatles-låten With A Little Help From My Friends på den minst like vidgjetne Woodstock-festivalen i august 1969. Seinare har gamlingen frå stålbyen arbeidd jamnt og trutt og levert slagarar som You Can Leave Your Hat On frå filmen 9 ½ Weeks, og Love Lift Us Up Where We Belong. Hjå meg finn du Cocker si tredje studioplate, Something To Say frå 1972, konsertplata med den informative titelen Joe Cocker-Live (1990) og studioplata Across From Midnight frå 1997. Cocker døyde i 2014. I 1946 vart Cheryl Sarkisian fødd i Los Angeles i California. Songerinna og fotomodellen Cher gjorde stor suksess som den eine halvleiken av mann og kone-duoen Sonny & Cher på sekstitalet og er best kjend for kjempehiten I Got You Babe. Hjå meg kan Cher høyrast som snakkestemma på telefonen i songen Living In Sin på Gene Simmons si soloplate frå 1978, samt med vokalhjelp på utvalde spor på Meatloaf si samleplate Hits Out Of Hell frå 1984. I 1950 kom Warren Reginald Cann til verda i Victoria i kanadiske British Columbia. Trommisen Warren Cann er best kjend for å ha holdt takten i Ultravox og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Dancing With Tears In My Eyes frå 1997. I 1954 vart Guy Hoffman fødd i ølbyen Milwaukee i Wisconsin. Hoffman slo seg saman med Violent Femmes i 1993, og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene New Times (1994) og Freak Magnet (2000). I 1955 vart Steve George fødd i Phoenix i Arizona. Tangentmannen George var ein av mennene bak Mr. Mister, hjå meg kan høyrast på Elvis Costello si plate Mighty Like A Rose frå 1991. I 1956 kom Tyrone Downie til verda i Kingston på Jamaica. Tangentmannen Downie sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på samleplata Legend, som dødsbuet etter Bob Marley slepte i 1984, og på Peter Tosh sine samleplater The Toughest (1998), og The Best Of Peter Tosh (1999), begge to posthume utgjevingar. I 1960 vart Øyvind Staveland fødd. Staveland er frontfigur i Vamp og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene God Morgen, Søster (1993) og Flua På Veggen frå 1998. I 1964 vart Patricia Russo fødd i New Jersey. Songerinna Patti Russo syng til dagleg i Neverland Express, som er Meat Loaf sitt faste band. Hjå meg kan Russo høyrst medan ho syng bakgrunnsvokal på plata Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006. I 1969 kom Joseph Waronker til verda i Los Angeles i California. Trommisen Joey Waronker er best kjend for arbeidet han har gjort for Beck og kan i mi platehylle høyrast på platene Odelay (1996) og Midnite Vultures (1999). Waronker er også kreditert for å halde takten på R.E.M. sine plater Up (1998) og Reveal (2001), samt trommespel på Have You Fed The Fish, som Badly Drawn Boy slepte i 2002, Johnny Cash’ American IV: The Man Comes Around (2002), Air si plate Talkie Walkie (2004), og I.R.M., som Charlotte Gainsbourg slepte i 2009. I 1972 kom Trevor Tahiem Smith Jr. til verda i Brooklyn i New York City. Rapartisten Busta Rhymes sitt bidrag til mi platehylle han høyrast på Missy Elliott si plate Miss E…So Addictiv frå 2001. I 1994 slepte dødsbuet etter Nat King Cole samleplata The Trouble With Me Is You. I 1996 slepte Skunk Anansie plata Stoosh. Dette var bandet si andre studioplate og produsent var Garth Richardson. I 1997 var det klart for Foo Fighters si andre studioplate, The Colour And The Shape, som vart nominert til Grammy for beste plate året etter. I 2012 døyde Robin Gibb. I 2013 døyde Ray Manzarek.

19.05.2017

Nittande mai

Nittande mai 1934 kom Bobby Dyson til verda i Daleheart i skytegale Texas. Bassisten Dyson har spela med countrylegenda Jim Reeves, og skal vist nok vere fyrstemann som spela elektrisk bass i legendariske Grand Ole Opry i Nashville. Hjå meg kan Dysnon sitt basspel høyrast på utvalde spor på Dolly Parton si samleplate Greatest Hits frå 1982. Dyson døyde i 1997. I 1938 vart Brian Keith Flowers fødd i engelske Isleworth. Hjå meg kan allsidige Herbie Flowers høyrast medan han spelar bass for David Bowie på plata Space Oddity frå 1969, og på Lou Reed si andre studiosoloplate Transformer frå 1972. I Atlanta i Georgia kom Jerry Marvin Stembridge til verda. Gitaristen Chip Young er ein merittert studiomusikarar i countrymiløet i Nashville og kan i mi platehylle høyrast medan han trakterar gitaren for Dolly Parton på utvalde spor på samleplata Greatest Hits frå 1982. I 1939 kom John Sheahan til verda i irske Dublin. Fiolinisten Sheahan slo seg saman med The Dubliners i 1964 og hjå meg kan han høyrast på konsertplata Live In Carré frå 1985, samt samleplata At Their Best (1998). Sheahan er i tillegg kreditert for felespel på Shane MacGowan & The Popes si plate The Snake frå 1995. I 1945 kom The Who-gitaristen og låtskrivaren Pete Townshend til verda i eit utbomba etterkrigs-London. Nokre år seinare var Townshend mannen som fekk alle unge wanna be rockarar til å forstå at gitarknusing er nesten like tøft og viktig som sjølve gitarspelinga. Saman med dei andre i The Who fekk Townshend satt ord på ungdommeleg frustrasjon gjennom siste halvdel av sekstitalet og heile syttitalet. I dag har nok frustrasjonen lagt seg hjå den eminente gitaristen, men songane kling like bra. Eg høyrer gjerne på Tommy (1969) og Who’s Next (1971) om eg vil høyre Townshend sitt arbeid, men andre eldre plater, som A Quick One (1966), med meir, fungerer greitt om det er behov for å få opp stemninga i huset på ein regnvåt kveld. Townhend sitt giarspel kan i mi platehylle også høyrast på samleplatene Who Are You (1978), The Kids Are Alright (1979) og My Generatio – The Very Best Of The Who (1996). I 1948 vart Grace Jones fødd i Spanish Town på den karibiske øyperla Jamaica. Grace Jones er fotomodellen og skodespelaren som gjennom miljøet rundt kunstnaren Andy Warhol skapa seg ein musikkarriere. Hjå meg kan Jones sitt arbeid nytas på den doble samleplata Private Life - The Compass Point Sessions. I Los Angeles i California vart Tom Scott fødd. Scott er til vanleg ekspert på blåseinstrument og kan hjå meg høyrast på plata Diamonds & Rust, som Joan Baez slepte i 1975, Joni Mitchell si plate Hejira frå 1976, og på The Blues Brothers si konsertplate Briefcase Full Of Blues frå 1978. I tillegg kan arbeidet hans nytast på utvalde spor på samleplata Best Of The Blues Brothers (1981), og The Best Of Dolly Parton (1982). I 1949 vart Joseph Michael Hill fødd i cowboy-byen Dallas i skytegale Texas. Bassisten Dusty Hill spelar til dagleg i skjeggrockbandet ZZ Top og har fryda oss med tung bluesrock i meir enn førti år. Eg er stolt innehavar av platene Fandango (1975), Tres Hombres og Recycler (1990). I tillegg kan eg by på ei litt suspekt samling kalla Viva Las Vegas (1997). I 1950 kom Stephen A. Love til verda i Indiana. Love spelte bass på Roger McGuinn si tredje soloplate, Roger McGuinn & Band, frå 1975. I 1951 vart Jeffry Ross Hyman fødd i Queens i New York City. Joey Ramone var kjend som den karismatiske vokalisten i punkgruppa Ramones og kan i mi platehylle høyrast på Leave Home (1977), End Of The Century (1980), Pleasant Dreams, Ramones Mania (1988) og Brain Drain (1989). Ramone døyde i 2001. I 1953 kom Roddy Lorimer til verda i den ein gong så stolte skotske industribyen Glasgow. Lorrimer trakterar dei fleste blåseinstrumenta på bestilling. Hjå meg kan Lorimer høyrast medan han spelar trompet på The Waterboys si femte studioplate, Room To Roam, frå 1990, og saksofon og fløyte på Suede si andre studioplate, Dog Man Star, samt Blur si studioplate Parklife, begge frå 1994. Lorimer er også kreditert for spel på trompet og flyglehorn på Rufus Wainwright si studioplate Want One frå 2003, samt trompetspel på utvalde spor på samleplata Jump Back – The Best Of Rolling Stones frå 1993. I 1954 vart Phillip Hugh Norman Witshke Rudzevecuis fødd i den australske olympiabyen Melbourne. Trommeslagaren Phil Rudd slo i fyrste omgang trommer for kengururockarane i AC/DC frå 1975 til 1983, då han fekk avskjed på grått papir grunna overdriven rusbruk midt i innspelinga av Flick Of The Switch. Etter ein lang pause, der han overlet trommestolen til Simon Wright, og seinare Cris Slade, slo han seg saman med bandet igjen i 1994, men har for tida ein uavklært situasjon i bandet grunna tilbakefall til gamle rusvanar. Hjå meg kan Rudd høyrast på studioplatene High Voltage (1976), Dirty Deeds Done Dirt Cheap (1976), Back In Black (1980), For Those About To Rock We Salute You (1981), Black Ice (2008) og Rock Or Bust (2014), i tillegg til konsertplata If You Want Blood You Got It (1978) og diverse samlingar. I 1966 var The Byrds i studio og festa I See You til lydband, produktet kan høyrast på bandet si tredje studioplate, Fifth Dimension, som kom på marknaden seinare same året. I 1968 kom Jesse W. Peretz til verda i Cambridge i Massachusetts. Bassisten Jesse Peretz var ein av originalmedlemmene i Lemonheads og i mi platehylle kan han høyrast på bandet si debutplate Hate Your Friends frå 1987. I 1970 vart Stuart Cable fødd i walisiske Aberdare. Trommeslagaren Cable var ein av originalmedlemmene i Stereophonics, men var ikkje dedikert nok i jobbben og måtte overlate trommestolen til Steve Gorman i 2003. Hjå meg kan Cable høyrast på Stereophonics sine studioplater Word Gets Around (1997), Just Enough Education To Perform (2001) og You Gotta Go There To Come Back (2003). Cable kan også høyrast på songen Mama Told Me Not To Come på Tom Jones si plate Reload frå 1999. Cable døyde den lite ærefulle døden med spya i halsen i 2010. I 1972 slepte Uriah Heep si fjerde studioplate, Demons And Wizards. I 1975 slepte sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd singelen Saturday Night Special. Same dag vart Geir Zahl fødd. Zahl var, saman med Janove Ottesen, med å starte Kaizers Orchestra i 2000, og ein kan trygt hevda at dette var med å endre norsk rock for all framtid. Hjå meg kan Zahl sitt gitarspel høyrast på studioplatene Ompa Til Du Dør, Evig Pint (2003), og Violetta Violetta Volume 1 (2011). I 1980 opptrådde Ramones på fjernsynsshowet SHA NA NA i Los Angeles, California. I 1984 kom Toy Dolls og underheldt ungdomen i Youth Hall i Leiden. I 1986 gav Ramones ut plata Animal Boy. Plata vart produsert av Jean Beauvoir og spelt inn i Intergalactic Studios og Media Sound i 1985. I 1998 gav metallcorebandet Zao ut plata Where Blood And Fire Bring Rest. Dette var bandet si tredje studioplate og den fyrste med vokalisten Dan Wayandt. Dagen bydde også på ein platedebut, den var det Rufus Wainwrigth som stod for, og produktet hadde same namn som opphavsmannen.

18.05.2017

Attande mai

Attande mai 1922 kom Kai Chresten Winding til verda i den jyllandske hovudstaden Århus. Dansk-amerikanske Kai Winding trakterte trombonen så bar at i si tid var innom orkesterleiaren Benny Goodman sitt band, men vert ofte hugsa for eit livslangt samarbeid med trombonisten J.J. Johnson, ein mann han kan høyrast saman med på Miles Davis si samleplate Birth Of The Cool frå 1957. Winding døyde i 1983. I 1944 vart Albert Louis Hammond fødd i eit krigsherja London. Plateprodusenten Albert Hammond sine foreldre var evakuerte frå Gibraltar og vendte nasene heimover så snart krigen var over. Hammond sitt talent uvikla seg på klippa ved Middelhavet sin port og han tok seinare del i utviklinga av moderne populærmusikk i Spania. Hjå meg kan du høyre Hammond med både gitar- og tangentspel på Tina Turner si plate Foreign Affair frå 1989. I 1949 vart Richard Christopher Wakeman fødd i Perivale i Middlesex. Rick Wakeman er klassisk skolert pianist og er ein av dei mest markante musikarane som har vore innom det engelske progbandet Yes, der han gjerne spelte keyboard. Allsidige Wakeman sitt arbeid kan høyrast på David Bowie si andre studioplate, Space Oddity frå 1969, han har også vore innom Ozzy Osbourne sitt band, der mi platesamling byr på Wakeman sitt arbeid på plata Ozzmosis frå 1996. Wakeman sine bravadar med Yes kan hjå meg høyrast på plata Going For The One frå 1977. I 1951 kom Michael Gary Baird til verda i South Gate i California. Trommeslagaren Mike Baird var innom Journey akkurat lenge nok til at han kan høyrast på utvalde spor på samleplata Greatest Hits frå 1988. I 1954 kom plateprodusenten Reinhold Heil til verda i tyske Schlüchtern, den gongen det framleis heit Vest-Tyskland. Heil sitt bidrag til mi platehylle kan ein høyre om ein lyttar etter lyden av keyboard på plata Unbehagen, som Nina Hagen Band slepte laus på platekjøparane i 1979. I 1956 vart James Moginie fødd i den australske olympiabyen Sydney. Gitaristen Jim Moginie var ein av grunnleggjarane av Midnight Oil og var også ein av bandet sine viktigaste låtskrivarar. Hjå meg kan Moginie høyrast på studioplatene Diesel And Dust (1987) og Blue Sky Mining (1990), i tillegg til konsertplata Scream In Blue-Live frå 1992. I 1965 kom Stig Pedersen til verda i København. Bassisten Pedersen spelar til dagleg i D-A-D og mi platehylle byr på arbeidet hans på plata Soft Dogs frå 2002. I 1966 fekk songen Captain Soul evig liv i The Byrds sitt format. Resultatet kan høyrast på bandet si tredje studioplate, Fifth Dimension frå 1966. I 1971 var Cornelis Vreeswijk i Stockholm og spelte inn En Fattig Trubadur. Songen, som sikkert har sjølvbiografiske trekk, kan mellom anna høyrast på samleplata Guldkorn Från Master Cees Memoarer frå 1996. I 1973 spelte Johnny Cash inn songane Nasty Dan og One And One Makes Two i heimbyen Hendersonville. Begge songane kan høyrast på The Johnny Cash Childrens Album som kom ut i 1975. I 1979 platedebuterte Ian Dury & The Blockheads med plata Do It Yourself. Dury var sjølvsagt ein røynd plateartist, men dette var den fyrste plata Dury gav ut der han krediterte resten av bandet og plata produserte hittsinglen Hit Me With Your Rhythm Stick. I 1980 døyde Ian Curtis, og seinare på kvelden sa Shildon Old Club i Durham Oi!Oi! då Toy Dolls gjekk på scenen. I 1984 var Amsterdam Youth Centre vertar for Toy Dolls. I 1989 gav Miles Davis ut plata Amandla. Amandla betyr makt på dei to sørafrikanske språka Xhosa og Zulu. I 1992 slepte Kim Wilde plata Love Is. I 1993 gav Kiss ut si tredje konsertplate, og den fekk det treffande namnet Alive III. Dagen bydde også på eit høgdepunkt frå Judas Priest-leiren, dei gav ut samleplata Metal Works ’73-’93 som gjev platekjøparane det beste frå dei tjue fyrste åra med bandet. Som om det ikkje var nok slepte Schnit Acht si andre studioplate denne dagen, den hadde tittelen Slash & Burn og var bandet si mest markante utgjeving. I 2004 døyde Elvin Jones, same dag som Alanis Morissette slepte plata So-Called Chaos, hennar sjette studioplate.

17.05.2017

Syttande mai

Syttande mai 1936 kom Dennis Lee Hopper til verda i kvegbyen Dodge City i Kansas. Skodespelaren Dennis Hopper er kan hande best kjend for rolla han gjorde i tidenes Road Movie, Easy Rider, men hjå meg kan røysta hans høyrast på songen Fire Coming Out Of The Monkey’s Head på Gorillaz si plate Demon Days frå 1995. Hopper døyde i 2010. I 1955 vart gitaristen Pat Irwin fødd. Pat Irwin har gjeve sitt bidrag til fleire band på New York sin pønkscene i overgangen mellom sytti- og åttitalet, men hjå meg finn du gitarspelet hans på plata Good Stuff, som The B52s gav ut i 1992. I 1957 kom Paul Andrews til verda ein stad i den engelske hovudstaden. Paul di Anno var Iron Maiden sin fyrste vokalist og røysta hans kan høyrast på dei to fyrste studioplatene bandet gav ut, Iron Maiden (1980) og Killers (1981). I 1965 såg Michael Trent Reznor dagens ljos i Mercer i Pennsylvania. Trent Reznor er best kjend som mannen bak industrimetallprosjektet Nine Inch Nails, ei gruppe som prydar platehylla mi med plata Things Falling Apart frå 2000. Reznor kan også høyrast som gjestevokalist på songen Past The Mission frå Tori Amos si plate Under The Pink frå 1994. I 1966 spelte The Byrds inn Hey Joe (Where You Gonna Go), som i dag kan høyrast på bandet si tredje studioplate, Fifth Dimension, som kom på marknaden seinare same året. I 1968 vart David James Abbruzzese fødd i Stamford i Connecticut. Trommisen Dave Abbruzzese voks opp i skytegale Texas og spelte på to av Pearl Jam sine studioplater. Hjå meg kan Abbruzzese høyrast på plata Vitaology frå 1994. I 1973 kom Joshua Michael Homme til verda i Joshua Tree i California. Josh Homme er best kjend som den kreative krafta i gruppa Queens Of The Stone Age, som er noko av det grommaste rocken har å by på for tida. Queens Of The Stone Age sine studioplater Songs For The Deaf frå 2002 og Lullabies To Paralyze (2005) er på plass i platehylla mi, og fleire står på ynskjelista. Homme er i tillegg kreditert som gjest på Primal Scream si plate Beautiful Future frå 2008, samt gitarspel, tromming og bakgrunnsvokal på Melissa Auf Der Maur si studioplate Auf Der Maur frå 2004. I 1982 gjekk U2 i studio for å byrje innspelinga av plata War. I 1992 gav Melissa Etheridge ut plata Never Enough, som var hennar tredje studioplate og sikra ho ein Grammy for beste kvinnelege vokalprestasjon med låten Ain’t It Heavy. I 1993 platedebuterte Jamiroquai med produktet Emergency On Planet Earth. I 1994 kom Violent Femmes si plate New Times. I 1996 døyde Kevin Gilbert. I 1999 døyde Bruce Fairbairn some dag som Moby gav ut plata Play. I 2004 slepte Morrisey si niande soloplate, den fekk tittelen You Are The Quarry. I 2012 døyde Donna Summer.

16.05.2017

Sekstande mai

Sekstande mai 1944 kom William Emanuel Cobham til verda i Panama. Trommisen Billy Cobham voks opp i New York City, og før han slo seg ned i verdas mest keisame land, Sveits, på slutten av syttitalet, fekk han ein tur innom trompetlegenda Miles Davis sitt band. Hjå meg kan Cobham høyrast medan han trommar på Miles Davis si plate Bitches Brew frå 1970. I 1946 vart Robert Fripp fødd i engelske Wimborne Minster. Gitaristen Fripp er best kjend som leiar for King Crimson, i mi platehylle kan han høyrast medan han spelar gitar på eitt av spora på plata Parallel Lines, som Blondie slepte i 1978. I 1953 kom Richard Page til verda i Keokuk i landlege Iowa. Bassisten Page vert helst hugsa for tida han tenestegjorde i Mr. Mister, men hjå meg høyrest basspelet hans på Elvis Costello si plate Mighty Like A Rose frå 1991. I 1960 kom Stephen Charles New til verda i London. Gitaristen Steve New spelte i Rich Kids saman med Sex Pistols sin originalbassist, Glen Matlock, hjå meg kan han høyrast medan han briljerar på Iggy Pop si stuidoplate Soldier frå 1980. New døyde i 2010. I 1963 vart Serge Teyssot-Gay fødd i franske Saint-Étienne. Gitaristen Teyssot-Gay spelte tidlegare i Noir Desir og hjå meg kan han høyrast på plata Tostaky frå 1992. I 1964 vart Boyd Calvin Tinsley fødd i Charlottesville i Virginia. Fiolinisten Boyd Tinsley spelar til dagleg i Dave Matthews Band og hjå meg kan han høyrast på bandet si debutplate Under The Table And Dreaming frå 1994. Tinsley var også hyra inn for å spele fele på The Getaway People si plate Turnpike Diaries frå 2000. I 1965 vert dagen hugsa for fødselen av Krist Anthony Novoselic. Bassisten Krist Novoselic vart fødd i Los Angeles i California og spelte i grungebandet Nirvana. Novoselic vert rekna som limet som heldt Nirvana saman i dei mest stormfulle periodane før bandet vart oppløyst etter at gitarist og vokalist Kurt Cobain gjekk bort i 1994. Hjå meg kan Novoselic høyrast på studioplatene Bleach (1989), Nevermind (1991) og In Utero (1993), i tillegg til konsertplatene MTV Unplugged In New York (1994) og From The Muddy Banks Of Wishkah (1996). I 1966 spelte The Byrds inn songen I Come And Stand At Every Door for bruk på bandet si tredje studioplate, Fifth Dimension, som kom på marknaden seinare same året. I Gary i Indiana vart Janet Damita Jo Jackson fødd. Janet Jackson er vetlesystera til meir meritterte Michael, signerte med A&M Records som sekstenåring, og har produsert musikk av høg kvalitet jamt og trutt sidan. Plata Janet Jackson’s Rhythm Nation 1814 frå 1989 har loppa meir enn fjorten millionar av platekjøparar for pengane deira, og The Velvet Rope frå 1997 har også runda ti millionars grensa. Begge titlane er på plass i mi platehylle. Jackson er i tillegg kreditert for å syngje på Justin Timberlake si plate Justified frå 2002. På Janet Jackson sin fødselsdag gav Bob Dylan ut plata Blonde On Blonde. Plata var Dylan si sjuande studioplate og vart spela inn i tidsrommet oktober 1965 til mars 1966 i CBS Studios i countryhouvudstaden Nashville i Tennessee. Blonde On Blonde vert rekna som ei av dei beste platene Dylan har gjort nokon sinne. I 1974 kom Paul Joshua Sandoval til verda i San Diego i California. Songaren Sonny Sandoval syng til dagleg i det kristne Nu-Metal-bandet P.O.D. (Payable On Death) og kan hjå meg høyrast på plata Testify frå 2006. I 1980 vert dagen hugsa for at Olga og dei andre i Toy Dolls var attende og spelte for trufaste fans i Comrades Club i Hordon. I 1989 kom 10 000 Maniacs si fjerde studioplate Blind Man’s Zoo. I 1992 var Jethro Tull og underheldt i Ankara, dei frammøtte fekk høyre, mellom anna, Too Old To Rock’n Roll, Too Young To Die, som også kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1995 platedebuterte Supergras med I Should Coco. I 2000 slepte The Getaway People plata Turnpike Diaries, og Lou Reed sine fans fekk høve til å høyre det beste av det beste frå den gamle samuraien på ei og same plate, The Very Best Of Lou Reed. I 2010 måtte Ronnie James Dio gje tapt for kreften og eit langt liv i hardrocken si teneste var over.

15.05.2017

Femtande mai

Femtande mai 1948 kom Gary Mervin Thain til verda i Christchurch i New Zealand. Bassisten Gary Thain kan hjå meg høyrast medan han spelar for Uriah Heep på studioplatene Demons And Wizzards (1972), The Magican’s Birthday og Wonderworld (1974), samt på utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark frå 1991. Thain sin diskografi inneheld også Sweet Freedom frå 1973, og konsertplata Uriah Heep Live, men desse glimrar enn så lenge med sitt fråvær i mi platehylle. Thain døyde i 1975. Same dag vart Brian Peter George St. John le Babtiste de la Salle Eno fødd i engelske Woodbridge i Suffolk. Brian Eno var i ungdomstida ein viktig del av kunstrockbandet Roxy Music som har fått samleplata More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music frå 1995 inn i mi platehylle, hjå meg kan Eno også høyrast medan han hjelp Robert Wyatt med tangentspel på hans ellevte studioplate, Comicopera frå 2007, samt på utvalde spor på samleplata More Than This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music (1995). I 1955 vart Kevin John Morris fødd i London. Frå 1983 har Kevin Morris traktert trommene i Dr. Feelgood, og han kan i mi platehylle høyrast med stødige taktslag på studioplata Primo frå 1991. I 1959 kom Andrew William Harvey Taylor til verda i engelske Ely. Andrew Eldrich er røysta i Sisters Of Mercy og hjå meg kan han høyrast på plata Floodland, som kom på marknaden i 1997. I 1970 gjorde Jimi Hendrix og Cry Of Love Band fyrste sesjon i innspelinga av songen Freedom. I 1971 vart Erland Dahlen fødd på Ulefoss. Trommisen Dahlen har spela med Madrugada og hjå meg kan han høyrast på studioplata The Deep End, og konsertplata Live At Tralfemadore, begge frå 2005. I 1972 var Led Zeppelin i Stargroves saman med Rolling Stones Mobile. Walter’s Walk frå denne seansen kan høyrast på samleplata Coda, som kom ut i 1982. I 1974 vart Sveinung Eide fødd i Oslo. Bydelsoverlegen Eide har ei fortid i Klovner I Kamp og i mi platehylle kan han høyrast på plata Bjølsen Hospital frå 2001. I 1998 kom plata No Substance på marknaden, artistar var californiapønkarane i Bad Religion. I 2001 nytta Missy Elliot dagen til å gje ut plata Missy E…So Addictive. Og Weezer slepte si tredje studioplate, Weezer, gjerne kalla The Green Album, for å skilje produktet frå bandet si debutplate, Weezer, som har fått tilnamnet The Blue Album. Det er sjølvsagt ikkje naudsynt å forklare at dette skuldast fargen på plateomslaget. I 2003 ebba livet ut for countrysongerinna, komponisten og tekstforfattaren June Carter Cash. I 2007 slepte Wilco si sjette studioplate Sky Blue Sky.

14.05.2017

Fjortande mai

Fjortande mai 1943 kom Derek Leckenby til verda i den ein gong så stolte engelske fotballbyen Leeds. Leckenby vert hugsa for glitrande gitarspel i Herman’s Hermits, bandet som stod for den evigunge No Milk Today. Leckenby sitt gitarspel kan i mi platehylle høyrast på ei uoffisiell samleplate som har fått same namn som bandet sin største hit. Leckenby døyde i 1994. I 1952 vart David Byrne fødd i skotske Dumbarton. Songaren og gitaristen Byrne var ein av grunnleggjarane av Talking Heads og kan i mi platehylle høyrast på konsertplata Stop Making Sense (1984) og samleplata Once In A Life Time-The Best Of Talking Heads (1992). I 1962 vart Ian Robert Astbury fødd i Heswall i engelske Merseyside. Ian Astbury er songar i det engelske bandet The Cult, som hjå meg er representert med studioplata Born Into This frå 2007. I 1971 spelte The Who på Liverpool University. Same dag og same stad vart dei fotografert for omslaget til plata Who’s Next. I 1976 gav AC/DC ut den internasjonale versjonen av albumet High Voltage. Låtutvalet på denne versjonen er satt saman av to songar frå den originale, australske High Voltage-plata og eit utval av songar frå den neste AC/DC-plata på den australske marknaden T.N.T. I 1977 kom Heart si andre studioplate, Little Queen på marknaden. Plata har seld til tre gonger platina i USA og har bandet sitt feitaste opningsriff gjennom tidene med songen Barracuda. I 1982 slepte The Clash si femte studioplate, den fekk tittelen Combat Rock og produserte kjempehitten Should I Stay Or Should I Go?. Plata var den siste der Mick Jones og Topper Heddon deltok. I 1991 vart Elvis Costello si trettande studioplate, Migthy Like A Rose, tilgjengeleg for det platekjøpande publikumet. I 1992 var Jethro Tull og spelte andre kveld på rad i Athen. I 1998 døyde Frank Sinatra. I 1999 døyde William Tucker. Gitaristen Tucker sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Ministry si konsertplate In Case You Didn’t Feel Like Showing Up frå 1990. I 2001 slepte R.E.M. si tolvte studioplate, Reveal. I 2015 døyde B.B. King.

13.05.2017

Trettande mai

Trettande mai 1944 kom Carolyn Ann Franklin til verda i Memphis i Tennessee. Songerinna Carolyn Franklin var vetlesystera Aretha Franklin og kan i mi platehylle høyrast som bakgrunnsongerinne på utvalde spor på storesystera si samleplate The Best Of Aretha Franklin Vol. 1 frå 1994. Franklin døyde av brystkreft i 1988. I 1945 vart Lou Marini Jr. fødd i Navarre i Ohio. Trompetisen Blue Lou kan hjå meg høyrast some ein del av The Blues Brothers på konsertplata Briefcase Full Of Blues frå 1978, og på samleplata The Best Of Blues Brothers frå 1981. Marini er også kreditert for å spele trompet på eit spor på studioplata Wanted Dread And Alive, som Peter Tosh slepte i 1981, samt på utvalde spor på samleplata The Toughest (1998). Marini kan også høyrast medan som ein del av blåserekkja på utvalde spor på Meatloaf si samleplate Hits Out Of Hell, som kom på marknaden i 1984. I New London i Connecticut kom Richard Salwitz til verda. Munnspelvirtousen Magic Dick var ein av grunnleggjarane av J. Geils Band, men hjå meg kan dei trillande harmonicatonane hans nytast på eit spor på plata Rockbird, som Blonie-vokalisten Debbie Harry slepte i 1986. I 1947 kom Peter Watts til verda i den engelske industribyen Birmingham. Bassisten og produsenten Peter Overend Watts var ein av grunnleggjarane av Mott The Hoople og hjå meg kan arbeidet hans høyrast på studioplatene Wildlife (1971), All The Young Dudes (1972), Mott (1972), The Hoople (1974), Drive On (1975) og Shouing & Pointing (1976), i tillegg til samleplatene Greatest Hits (1976) og Walking With A Mountain (1990). Watts er også kreditert for å spele bass på utvalde spor på Hoople-kompis Ian Hunter si samleplate The Very Best Of Ian Hunter (1990). Watts døyde i 2017. I 1950 vart Daniel David Kirwan fødd i Brixton i London. Gitaristen Danny Kirwan spelte med Fleetwood Mac frå 1968 til 1972 og i mi platehylle høyrer du han på samleplata Greatest Hits frå 1971. I 1951 vart Paul Thompson fødd i engelske Newcastle-upon-Tyne. Trommeslagaren Thompson er best kjend for å halde takten for Roxy Music og hjå meg kan han høyrast på samleplata More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music frå 1995. I 1954 kom Ray Kennedy til verda i den ein gong så stolete industribyen Buffalo i New York. Kennedy har gjeve ut fleire plater på eiga hand, men hjå meg er det som perkusjonist for Steve Earle på plata El Corazón frå 1997, og på tolvstrengs gitar på Lucinda Williams si femte studioplate Car Wheels On A Gravel Road frå 1998, ein kan høyre arbeidet hans. I 1962 kom musikkprodusenten Yngve Leidulv Sætre til verda i høgskulebygda Ørsta. Sætre kan hjå meg høyrast som vokalist i bandet Barbie Bones som i 1992 fekk spelemannsprisen for plata Death In The Rocking Horse Factory. Sætre er i tillegg kreditert for å traktere orgel på plata Crash, som Pogo Pops slepte i 1993, for å spele piano på Anne Grete Preus si plate Alfabet (2001), for å syngje bakgrunnsvokal på plata A Fine Young Man, som Evil Tordivel slepte i 2004, og for pianospel og kor på Kaizers Orchestra si plate Violetta Violetta Vol 1. som kom på marknaden i 2011. I 1964 vart skotske Glasgow berika med ein kvinneleg songar. Lorraine McIntosh er best kjend for å synge nydeleg i Deacon Blue. McIntosh er i tillegg gift med bandleiar Ricky Ross. I mi platehylle kan McIntosh høyrast på studioplatene Fellow Hudlums (1987) og Raintown (1991). I New York-bydelen Brooklyn vart Karen Bernod fødd. Songerska Bernod kan hjå meg høyrast på Eryka Badu si konsertplate Baduism – Live frå 1997, og på Paul Simon si plate Songs From The Capeman, også den frå 1997. I 1968 kom Per Sarin Madsen til verda i Fredrikstad. Trommisen Madsen slo seg saman med Postgirobygget i 1996 og kan i mi platesamling høyrast i taktfast arbeid på plata Melis frå same året. I 1971 var Cornelis Vreeswijk og heldt konsert i Kunstträdgården i Stockholm. Publikum fekk mellom anna høyra Svappavaara-visan som var med på plata Låt Almerna Leva. Produsent var Anders Burman og songen kan også høyrast på samleplata Guldkorn (Samhällskritikern). I 1974 var Johnny Cash i studio i Hendersonville og spela inn songen I Am The Nation, som kan høyrast på samleplata Johnny Cash’s America frå 2008. I 1977 slepte The Clash singelen Remote Control. I 1988 starta Iron Maiden sin Seventh Son Of A Seventh Son-turne i Moncton i Canada. Dette var fyrste av femtini konsertar i Nord-Amerika. Dette var også dagen Chet Baker omkom etter eit fall ut av eit hotellvindauga i Amsterdam. I 1992 kunne Jethro Tull opplevast i levande live i Athen. Songane Someday The Sun Won’t Shine For You og John Barleycorn kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå september 1992. I 1994 slepte Mano Negra studioplata Casa Babylon. I 2012 døyde Donald «Duck» Dunn.

12.05.2017

Tolvte mai

Tolvte mai 1912 kom Marshall Royal til verda i Sapulpa i Oklahoma. Saksofonisten Royal spelte saman med Count Basie i meir enn tjue år og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Atomic Swing som kom ut i 1999. Royal døyde i 1995. I 1942 vart den engelske bandleiaren Ian Robins Dury fødd i Harrow, ikkje langt frå den pulserande storbyen London. Ian Dury sleit med polio sidan ungdomen, men det hindra han ikkje i å spele inn fleire hitlåtar, som Sex, Drugs & Rock’n Roll og Hit Me With Your Rhythm Stick. Eg er stolt av å endeleg kunne seie at eg eig platene New Boots And Panties og Do It Yourself (1979). Begge er kjøpt på tilbod på postkontoret på Lagunen for tjuefem kroner stykket. To kupp frå den tida me framleis hadde postkontor her i landet. Dury gjekk dessverre så altfor tidleg bort i 2000. I 1945 kom Ian William Patrick McLagan til verda i London-forstaden Hounslow. Tangentmannen Ian McLagan herja hitlistene seint på seksti- og tidleg på syttitalet med engelske band som Small Faces og Faces. Hjå meg kan McLagan høyrast på Faces si plate Long Player frå 1971, i tillegg til Faces-kollega Rod Stewart si studioplate Smiler frå 1974. McLagan er også kreditert for spel på diverse tangentar på Melissa Etheridge-platene Never Enough, frå 1992, og Yes, I Am frå 1993, samt på Ryan Adams si plate Love Is Hell frå 2004. Og som om ikkje det var nok har The Georgia Satellites kreditert McLagan for både orgel- og pianospel på si studioplate In The Land Of Salvation And Sin frå 1989. McLagan døyde i 2014. I 1948 vart Stephen Lawrence Winwood fødd i den engelske industribyen Birmingham. Multiinstrumentalisten Steve Winwood har laga godlyd for The Spencer Davis Group og Traffic, hjå meg høyrer du han medan han trakterar tangentar for Marianne Faithfull på plata Broken English frå 1979, samt på utvalde spor på James Brown si samleplate The Godfather Of Soul, som kom på marknaden i 1998. I Praha i det gamle Tsjekkoslovakia vart Ivan Kral fødd. Komponisten Kral er i mi platehylle kreditert for å spele med på eigenkomponerte songar på Patti Smith si plate Easter frå 1978, i tillegg til at han hjelp til på plata Solider, som Iggy Pop slepte i 1980. I 1950 kom Ronnie Foster til verda i industribyen Buffalo nord i delstaten New York. Tangentmannen Foster er best kjend for å spele innom sjangerane jazz og funk, men hjå meg kan han høyrast medan han spelar for Robbie Robertson på hans andre soloplate, Storyville frå 1991. I 1953 vart Donald Kinsey fødd i Gary i Indiana. Gitaristen Kinsey leiar i dag sitt eige band, The Kinsey Report, men er best kjend for å ha spel i Bob Marley sitt faste band The Wailers. Hjå meg kan Kinsey sitt gitarspel høyrast på samleplatene The Thoughest (1998) og The Best Of Peter Tosh (1999), begge i regi av Peter Tosh sitt dødsbu. I 1956 vart Gregory Arthur Phillinganes fødd i Detriot i Michigan. Greg Phillinganes er ein merittert tangentmann og kan hjå meg høyrast på plata Off The Wall, som Michael Jackson slepte i 1979, Rickie Lee Jones si studioplate The Magazine frå 1984, og Boz Scaggs si studioplate Dig frå 2001. Phillinganes er også kreditert for tangentspel på samleplata More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som Bryan Ferry og kompisane i Roxy Music slepte i 1995. I 1958 kom Eric Doyle Mensinger til verda i Cleveland i Ohio. Trommeslagaren Eric Singer har tromma for store namn som Black Sabbath og Alice Cooper, før han erstatta Eric Carr som trommis i Kiss og hjå meg kan trommespelet hans høyrast på konsertplata Alive III. I 1961 vart William Henry Duffy fødd i engelske Manchester. Billy Duffy er gitarist i det engelske bandet The Cult, og kan hjå meg høyrast på plata Born Into This frå 2007. I 1962 vart Brett Gurewitz fødd i Los Angeles i California. Gitaristen Gurewitz var med og starta Bad Religion så tidleg som i 1979, men har hoppa av fleire gonger, for så å slå seg saman med gamle punkvenner igjen. Som sjef for Epitaph Records har han også vore med og forme karrieren til Rancid, som er eit anna band som tek opp plass i platehylla mi. Hjå meg kan Gurewitz sitt gitarspel høyrast på Bad Religion si studioplate Stranger Than Fiction frå 1994, samt at han bidreg med litt vokalhjelp på Rancid si plate Indestrucitble frå 2003 . I 1968 kom Myke Gray til verda i London. Gitaristen Gray sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Skin si plate Experience Electric frå 1997. I 1981 var singelen Grey Day galningane i Madness sitt bidrag på listene. Platekjøparane svara med å skaffe den alltid like livlige oktetten ein fin fjerdeplass og songen kan, for dei som ikkje hadde høve til å kjøpe originalinnspelinga, høyrast på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1998. I 1987 døyde Victor Feldman. I 1992 var Jethro Tull i Frankfurt og dei som stappar konsertplata A Little Ligth Music i spelaren kan høyre Life Is A Long Song frå denne konserten. Same dag slepte The Black Crows den andre studioplata si, den fekk namnet The Southern Harmony And Musical Companion. I 1998 gav Soul Asylum ut plata Candy From A Stranger.

11.05.2017

Ellevte mai

Ellevte mai 1938 vart Bruce Langhorne fødd i Tallahassee i Florida. Gitaristen Langhorne er kjent som mannen som introduserte elektrisk gitar i det puritanske folk-rock miljøet i Greenwich Village på sekstitalet. I mi platehylle finn du Langhorne sitt arbeid på studioplatene The Freewheelin’ Bob Dylan (1963) og Pat Garrett & Billy The Kid (1973), begge signert Bob Dylan. I 1947 kom Claude Hudson Trucks til verda i Jacksonville i pensjoniststaten Florida. Butch Trucks er den eine av to trommeslagarar i bandet som er kreditert for å vere opphavet til omgrepet Sørstatsrock, The Allman Brothers Band. Hjå meg kan Trucks sine taktfaste merittar høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band First Set frå 1992. I 1965 vart Greg Dulli fødd i Cincinnati i Ohio. Dulli vart fyrst kjend som vokalist i bandet Afghan Wigs, som prydar platehylla mi med platene What Jail Is Like (1994) og Black Love frå 1996. Duli er også kreditert for å spele gitar på eitt av spora på Foo Fighters si sjølvtittulerte debutplate frå 1995. Dulli er i dag leiar av prosjektet The Twilight Singers, som enno ikkje er på plass i mi platehylle, og han har samarbeidd med Mark Lannegan og med tanke på tidlegare merittar har begge desse prosjekta ein soleklar plass på ynskjelista. I 1966 kom Christoph Schneider til verda i Berlin i Aust-Tyskland. Schneider tenar til dagleg til livets opphald som trommeslagar i Rammstein og kan i mi platehylle høyrast medan han held takten på plata Sehnsucht (1997). I tyske Hohenthurm vart Christiane Hebold fødd. Bobo er best kjend for sitt eige band, Bobo In The White Wooden Houses, men kan hjå meg høyrast medan ho hjelp Rammstein med bakgrunnsvokal på plata Sehnsucht frå 1997. I 1971 fullførte The Who innspelinga av The Song Is Over i Olympic Studios. I 1979 slepte The Clash singelen I Fought The Law, som klatra til ein tjueandreplass på dei britiske singellistene. I 1981 døyde den jamaikanske reggaeartisten Bob Marley på eit sjukehus i Miami i pensjoniststaten Florida, etter ei stunds sjukeleie. I 1982 la Iron Maiden ut på den nordamerikanske delen av verdsturneen sin, 104 konsertar som oppvarmar for mellom anna Rainbow og Judas Priest venta dei langhåra engelskmennen. I 1992 slepte Iron Maiden plata Fear Of The Dark som debuterte på fyrsteplass på listene og som sjølvsagt er på plass i mi platehylle. Same dag spelte Jethro Tull i Berlin og foreviga songen Bourée som kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1993 kom The Hooters si femte studioplate, Out Of Body, der produsenten Joe Hardy var med på laget. I 1998 var det endeleg klart for verdslansering av Garbage si plate Version 2.0. I 2005 slepte Gorillaz si andre plate, studioplata Demon Days, ut på marknaden. I 2011 døyde Snooky Young.

10.05.2017

Tiande mai

Tiande mai 1946 vart Graham Gouldman fødd i engelske Broughton. Gouldman song og spelte både gitar og bass i det engelske kunstrockbandet 10CC, som hadde stor suksess på syttitalet og vert rekna som ein av dei britiske øyane sine viktigaste musikkeksportar. Hjå meg kan Gouldman høyrast på samleplata Live In Concert Volume One. Same dag vart Donovan Philips Leitch fødd i den skotske storbyen Glasgow. Donovan har ei omfattande sjølvstendig karriere med fleire store hits, men hjå meg er det som hjelpevokalist på Alice Cooper si plate Billion Dollar Babies frå 1973 han kan høyrast. I 1952 kom Lee Collinson til verda i hamnebyen Durban i Sør-Afrika. Lee Brilleaux var med å starte det engelske pubrockbandet Dr. Feelgood i 1971 og var med bandet til han døyde i 1994. Hjå meg er plata Primo frå 1991 einaste bidrag frå Brilleaux så langt. I Kingston på Jamaica vart Lowell Fillmore Dunbar fødd. Trommeslagaren Sly Dunbar kan hjå meg høyrast på Peter Tosh si studioplate Wanted Dread And Alive frå 1981, samt utvalde spor på samleplatene The Toughest (1998), og The Best Of Peter Tosh (1999). Dunbar er også kreditert for trommespel på utvalde spor på samleplatene The Bootleg Series Vol 1-3 (Bob Dylan, 1991), Jump Back – The Best Of The Rolling Stones (1993), og The Singles 1992-2003 som No Doubt slepte i 2003. I 1953 kom Alex Foster til verda i den tidlegare industribyen Oakland i California. Sakofonisten Foster har deltatt på ulike jazzsesionar sidan tidleg på syttitalet, hjå meg kan han høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986, og på samleplata Sister Sledge som kom ut i same Sister Sledge sitt namn i 1996. I 1957 vart John Simon Richie fødd i London. Sid Vicious vart hyra inn som bassist i Sex Pistols etter at dei hadde sparka Glenn Matlock for å like The Beatles. Vicious er betre kjend for sin ikoniske verdi enn for sine musikalske bidrag til musikksoga og toppa det heile med å ta livet av kjærasten Nancy Spungen like før han sjølv døyde. Hjå meg kan Vicious høyrast på utvalde spor på samleplata Flogging A Dead Horse frå 1980. Vicious døyde av ein overdose i 1979. I oljebyen Houston i skytegale Texas kom Carleen Cassandra Anderson til verda. Songerinna Carleen Andreson har gjort suksess i england og i mi platehylle er ho kreditert for å syngje hjelpevokal Dr. John si studioplate Anutha Zone (1998), og på Paul Weller sine studioplater Modern Classics (1998) og Studio 150 (2004). Carter si røyst kan også høyrast på utvalde spor på samleplata More Than This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som kom på marknaden i 1995. I 1960 kom Paul David Hewson til verda i irske Dublin. Bono er best kjend for arbeidet han har gjort som vokalist i U2 og kan hjå meg høyrast på plata War frå 1983. Bono er også kreditert for å spele munnspel på Melissa Etheridge si plate Brave And Crazy frå 1989. I 1975 vart Torbjørn Brundtland fødd i Tromsø. Brundland er den eine halvleiken av elektronikaduoen Röyksopp og kan i mi platehylle høyrast på debutplata Melody A.M. frå 2001, i tillegg til at han er kreditert for programmering og tangentspel på Bel Canto sine studioplater Rush, som kom på marknaden i 1998, og Dorothy’s Victory frå 2003. I 1977 var AC/DC å sjå på programmet The Old Grey Whistle Test på BBC One, der dei spelte Problem Child. I dag er dette opptaket tilgjengeleg på DVD’en Plug Me In. I 1982 slepte australske The Birthday Party plata Junkyard, som nådde ein anstendig syttandeplass på dei engelske platelistene, mykje takka den britiske radioverten John Peel. I 1988 døyde Ciarán Bourke. I 1992 slepte Gary Moore plata After Hours. Same kveld var Jethro Tull i Praha og One White Duck vart foreviga og kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1993 gav Blur ut plata Moderne Life Is Rubbish, og Rancid platedebuterte med plata Rancid. I 1994 platedebuterte Weezer med ei sjølvtitulert plate som gjerne vert kalla The Blue Album og inneheldt slagaren Buddy Holly. Produsent var den gamle Cars-sjefen Ric Ocasek, som også bidrog med litt bakgrunnsvokal. I 1999 var det klart for Basement Jaxx si debutplate, Remedy. I 2011 døyde Dennis Godburn.

09.05.2017

Niande mai

Niande mai 1944 vart Paul Richard Furay fødd i Yellow Springs i Ohio. Richie Furay var ein del av legendariske Buffalo Springfield og kan hjå meg høyrast på bandet si andre studioplate, Buffalo Springfield Again frå 1967. I 1949 vart William Martin Joel fødd av jødiske immigrantforeldre i New York City. Billy Joel har etter kvart etablert seg som ein av dei største amerikanske poprock artistane etter at han slo gjennom med songen Piano Man i 1973. I mi platehylle finn ein, i kronologisk rekkefølgje, Glass House (1980), konsertplata Kohuept, som vart spela inn i Moskva i 1987, og studioalbumet Stormfront frå 1989. I Brookline i Massachusetts kom Bob Margolin til verda. Gitaristen kjend som Steady Rollin’ har ei fortid i Muddy Waters sitt band, hjå meg kan han høyrast på Johnny Winter si studioplate Nothing But The Blues frå 1977, og på utvalde spor på samleplata Rock’n Roll Collection, som same Winter slepte i 1994. I 1950 vart Tom Peterson fødd i Rockford i Illinois. Peterson er bassist i Cheap Trick, eit av mine store favorittband frå ungdomstida. Hjå meg kan Peterson sitt basspel høyrast på studioplata Latest (2009), konsertplata Live At Budokan (1978), i tillegg til den doble samleplata The Essential Cheap Trick. I 1951 kom John Victor Edwards til verda i London. Bassisten Rhino Edwards er best kjend for å traktere bassen i seinare versjonar av Status Quo, og kan i mi platesamling høyrast på studioplata Rock ’Til You Drop frå 1991, i tillegg til konsertplata Live Alive Quo frå 1992. I Ponce i den karibiske øystaten Puerto Rico vart Carlos Alomar fødd. Gitaristen Alomar er den musikaren som gjennom tidene har overlevd lengst i David Bowie sitt band. I mi platehylle kan Alomar sitt gitarspel nytast på plata Never Let Me Down frå 1987. I 1954 vart Barb Jungr fødd i engelske Rochdale. Komponisten Jungr arbeider til vanleg innom tradisjonell europeisk folkesong, hjå meg kan ho høyrast medan ho spelar munnspel for Billy Brag på plata Workers Playtime frå 1988. I 1962 vart Paul David Heaton fødd i engelske Bromborough. Paul Heaton har ei fortid som fotballhooligan i ein valdeleg suporterfraksjon som støtta Sheffield United, men er langt betre kjend for tida som songar i bandet The Housemartins. Hjå meg kan Heaton derimot høyrast som vokalist på platene Welcome To The Beautiful South og Painting It Red, som no oppløyste The Beautiful South spelte inn i høvesvis 1989 og 2000. I North Weald i engelske Essex kom Dave Gahan til verda. Gahan var med å starte synthpoptrioen Depeche Mode i 1980 og kan hjå meg høyrast på platene A Broken Frame (1982), Some Great Revard (1984), Music For The Masses (1985) og Playing The Angel, som kom på marknaden i 2005. I 1968 vart Benjamin Herman fødd i London. Den nederlandske saksofonisten Herman vert sett på som ein av dei mest innovative musikarane på heimemarknaden, hjå meg kan han høyrast på Paul Weller si plate Studio 150 frå 2004. I 1971 kom Paul Francis McGuigan til verda i engelske Barton-Upon-Irwell. Bassisten Paul McGuigan var ein av grunnleggjarane av Oasis og hjå meg kan han høyrast på bandet sine tre fyrste studioplater, Definitely Maybe (1994), (What’s The Story) Morning Glory (1995) og Be Here Now (1997). I 1989 slepte John Cougar Mellencamp plata Big Daddy, dette var den siste plata der han nytta resten av scenenamnet frå tida som Johnny Cougar. I 1992 var Jethro Tull i Graz der dei frammøtte, mellom anna, fekk høyre A New Day Yesterday, som også kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1995 gav det amerikanske death metall-bandet Morbid Angel ut plata Domination. I 1998 døyde Lester Butler. I 2000 slepte Calexico plata Hot Rail.

08.05.2017

Åttande mai

Åttande mai 1940 vart Cathryn Antoinette Tennille fødd i Montgomery i Alabama. Songerinna Toni Tennille sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som bakgrunnsvokal på The Beach Boys si tjuande studioplate 15 Big Ones frå 1976. I 1943 kom gitaristen Danny Ray Whitten til verda i Columbus i Georgia. Gitaristen Danny Whitten starta karriera si saman med Ralph Molina og Billy Talbot, noko som etter kvart vart til bandet Crazy Horse, som er kjend for samarbeidet med Neil Young. Hjå meg kan Whitten sitt gitarspel høyrast nettopp hjå Neil Young, på plata Tonight’s The Night frå 1975, samt på utvalde spor på samleplata Greatest Hits (2004). Whitten sleit etter kvart med massive rusproblem, noko som resulterte i at han fekk sparken både frå Crazy Horse og Neil Young sitt band, men først rakk han å inspirere Neil Young til å skrive songen The Nedle And The Damage Done. Whitten døyde av ein overdose i 1972. I 1945 vart Keith Jarrett fødd i Allentown i Pennsylvania. Pianisten Jarrett har brilljert i Miles Davis sitt band, men hjå meg kan han høyrast på ei plata under eige namn, My Song frå 1977, der vår eigen Jan Garbarek er ein del av bandet. I 1951 kom Phillip Irwin Bailey til verda i Denver i Colorado. Songaren Phillip Bailey har vore ein viktig del av lydbiletet hjå Earth Wind & Fire sidan han slo seg saman med bandet i 1972. Hjå meg kan Bailey høyrast på plata Touch The World frå 1987. I Fort Cambell i Kentucky vart Charlton Christopher Frantz fødd. Trommisen Chris Frantz etablerte Tom Tom Club i 1980, men var då allereie ein etablert artist i Talking Heads. Hjå meg kan Frantz høyrast på to titlar med sistnemnde, konsertplata Stop Making Sense (1984) og samleplata Once In A Lifetime-The Best Of Talking Heads (1992). I 1962 vart Max Costa fødd i Caracas i Venezuela. Perkusjonisten Costa sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Fiorella Mannoia si plate Belle Speranze frå 1998. I 1964 kom David Alexander de Home Rowntree til verda i engelske Colchester. Dave Rowntree er trommeslagar for bandet Blur, som ærar platehylla mi med så mykje som seks ulike titlar frå bandet si storhetstid, Leisure (1991), Modern Life Is Rubbish (1993), Parklife (1994), The Great Escape (1995), Blur (1997) og 13 (1999). I 1976 vart Martha Wainwright fødd i den kanadiske olympiabyen Montreal. Wainwright er dotter av artistane Loudon Wainwright III og Kate McGarrigle, og søster av Rufus Wainwrigth, eit slektskap som skapar forventningar. Hjå meg kan Wainwright høyrast med bakgrunnsvokal på storebror si sjølvtitulerte debutplate frå 1998, og på same mann si tredje studioplate Want One frå 2003. I 1982 fekk Huddersfield Polytechnic vitjing av Toy Dolls. I 1983 døyde Wendell Culley. I 1984 kom ei samleplate frå Bob Marley sitt dødsbu. Den storselgjande plata fekk tittelen Legend, og er kan hende den beste samlinga av reggaemusikk som nokon gong har vore på tilgjengeleg på den opne marknaden. I 2006 vart det mogleg å kjøpe Neil Young si plate Living With War i vanlege platebutikkar, etter at plata hadde vore tilgjengeleg for nedlasting i nesten ei veke. I 2011 døyde Cornell Dupree.

07.05.2017

Sjuande mai

Sjuande mai 1946 kom andre halvdel av The Rhythm Devils, Grateful Dead-trommeslagar Bill Kreutzmann, til verda i Palo Alto i California. Kreutzmann var enno ikkje ein del av laget då mi einaste Dead-plate vart spela inn i 1964, men er i mi platesamling å høyre på samarbeidsplata Dylan & The Dead frå 1989. Kreutzmann kan også høyrast på David Crosby si solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971. I 1948 vart William Peter Wingfield fødd i engelske Hampshire. Plateprodusenten Pete Wingfield kan hjå meg høyrast medan han spelar keyboard for The Beautiful South på debutplata deira Welcome To The Beautiful South frå 1989, han er også kreditert for stødig tangentspel på utvalde spor på Van Morrison si samleplate The Philosopher’s Stone frå 1998. I London kom Alan Spenner til verda. Bassisten Spenner sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Roxy Music si samleplate More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music frå 1995. Spenner døyde i 1991. I 1951 vart Bernhard John Marsden fødd i Buckingham i England. Gitaristen Bernie Marsden var med å grunnleggje Whitesnake og har i tillegg spelt med fleire av dei store britiske stjernene frå sytti- og åttitalet. I mi platesamling kan Marsden høyrast medan han er i Trøndelag og herjar på ein bluesfestival i Hell saman med engelske musikarkollega Mick Moody. Plata heiter Unplugged Live In Hell og kom på markanden i 1994. I 1955 kom Steve Diggle til verda i engelske Manchester. Gitaristen Diggle kan hjå meg høyrast på Buzzcocks samleplata Singles Going Steady. I 1961 vart Philip Anthony Campbell fødd i walisiske Pontypridd. Gitaristen Phil Cambell slo seg saman med Motörhead i 1983 og held ut med Lemmy & Co enno. Sjølv har eg vore heldig og sjå og høyre Cambell i levande live to gonger, 2004 og 2012, begge gonger i Bergen. Hjå meg kan Campbell sitt gitarspel høyrast på studioplatene Orgasmatron (1986), 1916 (1991), March Ôr Die (1992), Kiss Of Death (2006), Motörizer (2008) og The Wörld Is Yours (2010), i tillegg til samleplater, som mellom anna From The Vaults frå 1990. I 1968 kom Eagle-Eye Lanoo Cherry til verda i den svenske hovudstaden, Stockholm. Eagle-Eye er halvbror av Neneh Cherry og har gjort seg merk som både artist og DJ. Hjå meg finn du debutplata Desirelss frå 1997. Same dag vart den danske bassisten Mick Grøndahl fødd. Hjå meg kan Grøndahl høyrast medan han spelar på Jeff Buckley si debutplate Grace frå 1994. I Stuebenville i Ohio kom Nora Louise Kuzma til verda. Skodespelaren Traci Lords vekte i ung alder verdas merksemd i eit stort tal filmar med grovt pornografisk innhald. I mi platehylle kan Lords høyrast i duett med James Dean Bradfield på songen Little Baby Nothing frå Manic Street Preachers-plata Generation Terrorists (1992). I 1975 kom Martina Topley-Bird til verda i London-bydelen St. Pancras. Topley-Bird yt vokalbidrag på eit spor på Gorillas si plate Demon Days frå 2005. I 1980 var det i Empire Theatre i Sunderland Toy Dolls fekk høve til å utfolde seg. I 1984 var Motörhead og underheldt i Hammersmith Odeon. ”We murdered the audience that night” erindrar Lemmy i boka White Line Fever. Vonleg var det somme av dei frammøtte som overlevde den minnerike hendinga, som ein konsert med Motörhead alltid er. I 1992 heldt Jethro Tull konsert i München og songen From A Dead Beat To An Old Greaser kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 2008 døyde den irske saksofonisten John Earle. Earle er best kjend for å spele saxsolo på konsertversjonen av Thin Lizzy sin Dancing In The Moonlight, hjå meg kan han høyrast på landsmannen Rory Gallagher si samleplate Big Guns (1995) og på The Blues Band si studioplate Brand Loyalty (1982). I 2010 døyde Stuart Cable.

Sjette mai

Sjette mai 1945 kom Robert Clark Seger til verda i Dearborn i Michigan. Bob Seger har sidan 1970-talet gjeve ut ei rekkje plater saman med The Silver Bullet Band og lista mi tel studioplatene Beautiful Looser (1975), Night Moves (1976), Stranger In Town (1978), Against The Wind (1980), The Distance (1982) og The Fire Inside (1991), samt konsertplatene Live Bullet (1976) og Nine Tonight (1981). Seger er i mi platehylle i tillegg kreditert for bakgrunnsvokal på Kiss-bassist Gene Simmons si soloplate frå 1978. I 1950 vart Robbie McIntosh fødd i skotske Dundee. McIntosh var trommeslagar i Average White Band frå starten i 1972 og fram til han døyde i 1974. Hjå meg kan McIntosh høyrast på samleplata The Best Of Average White Band. I 1951 kom Davey Johnstone til verda i den skotske hovudstaden, Edinburg. Gitaristen Johnstone er best kjend for å spele med Elton John, men hjå meg høyrest han best på platene From The Inside, som var Alice Cooper sitt bidrag til musikksoga i 1978, og The Distance, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1982. Jonstone trakterte også gitaren på Kim Wilde si plate Love Is frå 1992, samt på utvalde spor på samleplata Hits Out Of Hell, som Meatloaf slepte laus på platekjøperane i 1984. I 1956 vart Steve Lindsey fødd i New York City. Plateprodusenten Lindsay er i mi platehylle kreditert for å traktere tantentar på plata Touch The World som Earth Wind & Fire slepte i 1987, samt Rod Stewart si plate Vagabond Heart frå 1991. I 1962 vart Juliet Roberts fødd i London. Robers kan i mi platehylle høyrast som hjelpevokalist på Joe Cocker si plate Across From Midnight frå 1997, Sophie Ellis-Bextor si plate Read My Lips frå 2001, og på Primal Scream si plate Beautiful Future frå 2008. I 1966 kom N’Dea Davenport til verda i Atlanta i Georgia. Songerinna Davenport sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som hjelpevokalist på Madonna si soundtrackplate til kinofilmen Dick Tracy, I’m Breathless frå 1990, og på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death, som kom på marknaden i 1992. I 1982 hadde Toy Dolls reist til Bristol for å spele på Newyate Club. I 1983 døyde Kai Winding. I 1986 slepte The Cure samleplata Standing On A Beach, ei samling som her heime, og i fleire andre land, fekk tittelen Staring At The Sea. I 1992 heldt Jethro Tull fyrste av to konsertar i Zürich og songen Under Wraps er gjort tilgjengeleg for ettertida og kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1994 gav Mano Negra ut plata Casa Babylon, som mellom anna inneheld songen Santa Maradona, ei hylling av den argentinske fotballegenda Maradona. Ei fransk nettside hevdar datoen var trettande mai, noko som resulterer i dobbel oppføring for denne plata, ein god ting kan ikkje nemnast for ofte. I 1996 slepte The Cure si tiande studioplate, Wild Mood Swings. I 2003 slepte canadiske The New Pornographers plata Electric Version, som var bandet si andre plate og fekk strålande kritikkar i dei fleste media. I 2004 døyde Barney Kessel. I 2008 døyde Micky Waller.

Femte mai

Femte mai 1898 er dagen William Samuel McTier skal ha blitt fødd, og det skal ha hendt i Thomson i den amerikanske delstaten Georgia. Blind Willie McTell var ein pioner i å spele tolvstrengs gitar og i tillegg ein habli slidegitarist. Blind Willie McTell inspirerte Bob Dylan til å skrive ein av sine sangar, den fekk same namn som ispirasjonskjelda. Hjå meg kan du høyre McTell sitt strålande gitarspel på den doble samleplata The Definitive Blind Willie McTell frå 1994. McTell døyde i 1959. I 1928 kom Marshall Garnett Grant til verda i Bryson City i North Carolina. Bassisten Marshall Grant var ein fast del av Johnny Cash sitt backingband i store delar av karrieren hans og kan i mi platehylle høyrast på dobbelplata The Fabolous Johnny Cash/Songs Of Our Soil (1958), studioplatene Hymns By Johny Cash (1959), Now, There Was A Song og Ride This Train, begge frå 1960, Orange Blossom Special (1965), America: A 200-Year Salute In Storry And Song (1972), Ragged Old Flag (1974) og The Johnny Cash Children’s Album (1975), i tillegg til konsertplatene At Folsom Prison (1968) og At San Quentin (1969). Grant er også kreditert for å spele på songen Girl From Northern County på plata Nashville Skyline, som Bob Dylan slepte i 1967. Grant døyde i 2011. I 1935 vart Edward Jordan fødd i Crowley i Louisiana. Saksofonisten Kidd Jordan kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på R.E.M. si plate Out Of Time frå 1991. I 1948 kom William Thomas Ward til verda i bydelen Aston i den tradisjonsrike industribyen Birmingham. Trommeslagar Bill Ward er mest kjend for å ha heldt takten for Black Sabbath, som sjølvsagt er godt representert i mi platehylle. Ward var stadig eit offer for gitarist Iommi sine practickal jokes, han tende fyr på den stakkars trommisen sitt skjegg. Ward har ukjend side som veganar, men er nok mindre kjend for det, noko som i seg sjølv er godt, for han er nok ein mykje betre trommeslagar. Men ein slik diett opnar likevel for overraskande mange gode måltid. Eg såg Ward og resten av ungdomsheltane i Black Sabbath på Koengen i Bergen i 2005 og har det lagra i minnet mitt som eit av mine beste konsertminne. Hjå meg kan Ward sitt trommespel høyrast på Black Sabbath si debutplate Black Sabbath (1970), samleplata Between Heaven And Hell frå 1995, samt konsertplata Live & Loud, som Ozzy Osbourne slepte i 1993. I 1953 vart Stuart Alexander Elliot fødd i London. Trommeslagaren Stuart Elliot har ein imponerande CV og kan hjå meg høyrast på Kate Bush si plate Lionheart frå 1978. I 1955 kom Roderick James Byers til verda i engelske Keresley i West Midlands. Roddy Radiation var gitarist i The Specials og kan i mi platehylle høyrast på bandet si debutplate The Specials frå 1979, i tillegg er han kreditert (som Roddy Byers) for ein gjesteopptreden på eitt av spora Rancid si plate Life Won’t Wait frå 1998. I 1959 vart Ian Stephen McCulloch fødd i den engelske hamnebyen Liverpool. Songaren Ian McCulloch var ein av grunnleggjarane av bandet Echo And The Bunnymen og kan hjå meg nytast på samleplata Ballyhoo – The Best Of Echo And The Bunnymen frå 1997. I 1967 kom The Wind Cries Mary på marknaden og skaffa gitarguruen Jimi Hendrix og resten av bandet Experience ein fin sjetteplass på dei engelske listene. I 1978 nytta Bob Seger dagen til å gje ut plata Stranger In Town. I 1980 kom Saxon si andre studioplate Wheels Of Steel, som saman med Back In Black og British Steel vert rekna som den viktigaste hardrockplata det året. I 1982 var Toy Dolls i London for å halde konsert på legendariske Marquee Club. I 1992 kom konsertplata Scream In Blue frå dei australske miljøvernarane Midnight Oil. Plata inneheld konsertopptak frå perioden 1982 til 1990. Same dag var Jethro Tull i aksjon på scenen i Mannheim. Songen Nursie frå denne konserten kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1995 døyde Marshall Royal. I 1997 slepte The Beatles-legenda Paul McCartney soloplata Flaming Pie. I 1998 slepte Tori Amos si fjerde studioplate, From The Choirgirl Hotel. I 2003 var det plateslepp frå The Dandy Warhols, produktet fekk namnet Welcome To The Monkey House.