31.05.2017

Trettifyrste mai

Trettifyrste mai 1938 kom Peter Yarrow til verda i New York City. Politisk aktive Yarrow slo gjennom som ein del av folktrioen Peter, Paul & Mary på sekstitalet. Hjå meg kan Yarrow høyrast med bakgrunnsvokal på The Hooters si plate Zig Zag frå 1989. I 1940 vart August Meyers fødd i San Antonio i skytegale Texas. Augie Meyers spelte keyboard i Sir Douglas Quintet og vart med vidare då Doug Sahm gjekk saman med Freddy Fender og Flaco Jimenez for å starte den texanske supergruppa Texas Tornados. I tillegg til Texas Tornados-platene Hangin’ By A Thread frå 1992, og samleplata Best Of frå 1994, kan Meyers hjå meg høyrast medan han spelar på Bob Dylan-platene Time Out Of Mind, som kom på marknaden i 1997, og på Love And Theft frå 2001. I 1948 var denne dagen ein særs god dag for rytmeseksjonen, for kom den brasilianske perkusjonisten Paulo Roberto da Costa til verda i den solfylte sambabyen Rio de Janeiro. Paulinho Da Costa, som skal traktere så mykje som over to hundre ulike perkusjonsinstrument, skal ha spelt med fleire hundre artistar frå heile verda og kan hjå meg høyast medan han spelar på Michael Jackson si plate Off The Wall frå 1979, på Madonna si plate True Blue, som vart slepte i 1986, for Tracy Chapman på hennar sjølvtitulerte debutplate frå 1988, for Miles Davis på platene Tutu, som kunne kjøpast frå 1986, og Amandla frå 1989, Vagabond Heart, som Rod Stewart slepte i 1991, Willie Nelson si plate Across The Borderline (1993), og for Tori Amos på platene Little Earthquackes (1992), og Under The Pink (1994), samt utvalde spor på samleplatene Greatest Hits (The Bangles, 1990) og More Than This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music (1995). Same dag vart verdas, til no, mest hardtslåande trommeslagar, John Henry Bonham, fødd i engelske Redditch. John Bonham var den viktigaste delen av rytmeseksjonen i rockedinosaurane Led Zeppelin, kjent for å ha ei særs fin kjensle i spelet sitt sjølv om han slo like hardt som eit esel sparkar. Hjå meg kan Bonham høyrast på studioplatene II (1969), III (1970), IV (1971) og Precense (1976), i tillegg til samleplatene Coda (1982) og samleplata Mothership (2007). Bonham døyde etter ei fyllekule i 1980. Dette var også dagen Mike Edwards vart fødd i bydelen Ealing vest i London. Cellisten Edwards er best kjend for arbeidet han gjorde med Electric Light Orchestra og han kan hjå meg høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1979. Edwards døyde etter ein kollisjon med ein høyballe på motorvegen A381 i 2010. I 1952 kom Clive Hunt til verda i St. Catherine i Jamaica. Clive «Azul» Hunt sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som blåsearrangement på utvalde spor på Peter Tosh si samleplate The Toughest, som kom på marknaden i 1998. I 1954 kom Paul V. Franklin til verda i Detroit i Michigan. Multiinstrumentalisten Paul Franklin er best kjend for å spele Steel Guitar og det er nettopp dette instrumentet som gjev han plass i mi platehylle, dette kan du høyre på Willie Nelson si studioplate Across The Borderline frå 1993, og på utvalde spor på samlplata The Collection, som Steve Earle slepte i 2002. I 1958 vart den norske bassisten Håkon Torgersen fødd. Torgersen spelte bass med Jokke & Valentinerne i perioden 1984 til 1990 og kan hjå meg høyrast på plata III frå 1990. I 1965 kom Steve White til verda i London. Trommisen Steve «Supe» White er kjend for å halde takten for Paul Weller og kan i mi platehylle høyrast på The Modfather si fjerde soloplate Studio 150 frå 2004, samt på utvalde spor på samleplata Modern Classics (1998). White er også kreditert for å spele på studioplata Anutha Zone, som var Dr. John sitt bidrag til platehyllene i 1998. I 1969 slepte The Who plata Tommy i USA. Rockeoperaen nådde fjerdeplassen på dei amerikanske platelistene. I 1972 kom Christian Lee McBride til verda i Philadelphia i Pennsylvania. Bassisten Christian McBride kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på Sting si plate Sacred Love frå 2003, og på studioplata Travlin’ Light, som Queen Latifa slepte i 2007. I 1977 kom Scott Allen Klopfenstein til verda i Garden Grove i California. Scott Klopfenstein spelte gitar og trompet i Reel Big Fish fram til 2010 og kan i mi platehylle høyrast på bandet si fjerde studioplate Cheer Up! frå 2002. I 1978 vart Anna Alexandra Ternheim fødd i svenske Sollentuna. Anna Ternheim er i mi platehylle kreditert for å yte bidrag på Thåström si sjette soloplate Kärlek Är För Dom frå 2009. I 1980 døyde Sonny Burke, og Toy Dolls spelte på Westholme Farm Club i Wallsend. I 1983 kunne dei same Toy Dolls høyrast frå scenen på 100 Club i London. I 1988 oppsummerte dei skinnkledde i Ramones dei ti fyrste åra som plateartistar med samleplata Ramones Mania. I 1997 døyde Eddie Jones. I 2004 døyde Robert Quine.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar