25.05.2017

Tjuefemte mai

Tjuefemte mai 1936 vart Norman Gary Foster fødd i Leavenworth i Kansas. Musikaren Gary Foster trakterar dei fleste blåseinstrument og underheld i fleire sjangrar, som pop, jazz og klassisk. I mi platehylle kan Foster sitt fløytespill høyrast på Bob Dylan si studioplate Pat Garett & Billy The Kid frå 1973. I 1943 kom Miriam Johnson til verda i Phoenix i Arizona. Songerinna Jessi Colter var i hine hårde dagar gift med gitaristen Duane Eddy, men er best kjend for å ha vore gift med outlaw-legenda Waylon Jennings. Hjå meg kan Colter si røyst høyrast på Jennings si studioplate Ol’ Waylon frå 1977, samt på utvalde spor på Johnny Cash si samleplate The Mercury Years frå 2000. I 1948 vart Klaus Meine fødd i tyske Hannover. Meine er den nasale songaren i Scorpions, eit band han slo seg saman med i 1970, og han syng på alle platene bandet har slept. Hjå meg kan Meine høyrast på plata Crazy World frå 1990. I 1955 kom Gunnar Låstad til verda. Bassisten Låstad slo seg saman med Vinskvetten i 1976 og kan i mi platehylle høyrast på plata Rånnyen Og Kveitebollen frå 1997. I 1956 kom den amerikanske gitaristen og dobroartisten Cindy Cashdollar til verda i byen som har gjeve namn til verdas best kjende hippiefestival, Woodstock i New York. Cashdollar, som til vanleg spelar i Asleep At The Wheel, kan hjå meg høyrast medan ho trakterar flaskehalsen på Bob Dylan si plate Time Out Of Mind frå 1997, og for Ryan Adams på plata Easy Tiger frå 2007. I 1958 vart John William Weller fødd i engelske Woking. Mannen som kallar seg Paul Weller til vanleg, og som gjerne vert referert til som The Modfather, har gjort seg merkt som leiar av det legendariske Mod-bandet The Jam. The Jam er i mi platesamling representert med samleplata Beat Surrender frå 1993. Denne plata her ein heilt utruleg driv frå fyrste takt og kan tilrådast til alle som er glad i god Mod-musikk, men ikkje er komen i gang med å kjøpe enkeltproduksjonar. Weller sitt arbeid etter tida med The Jam er elles dokumenter på studioplata Studio 150, som kom på marknaden i 2004, og på ei samling av klassikarar kalla Modern Classics, som stod i platehyllene frå 1998. Weller kan også høyrast med gitarspel på utvalde spor på Oasis si plate (What’s The Story) Morning Glory (1995), og på Robet Wyatt si ellevte soloplate Comicopera frå 2007. I 1961 var John Coltrane med venner i A&M Studios i New York og spelte inn materialet til det som skulle ende opp som Coltrane si niande studioplate, Olé Coltrane som kom på marknaden i februar året etter. I 1966 var The Byrds i studio og spela inn 5D (Fifth Dimension), Wild Mountain og John Riley. Songane vart brukt på bandet si tredje studioplate, Fifth Dimension frå 1966. I 1978 spelte eit anna Mod-band, The Who, ein improvisert konsert i Shepperton Studios som ein del av innspelinga av filmen The Kids Are Alright. I 1982 var det ska-kveld då Madness fekk notert topplassering på listene med House Of Fun. I 1983 gav bandet Dio ut debutplata si, Holy Diver, som selte til både gull og platina i USA. I 1984 vart Marion Elise Ravn fødd på Lørenskog. M2M Marion er krediter som Marion Raven når ho syng på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006, som er hennar einaste bidrag til mi platehylle. I 1987 slepte The Cure si sjuande studioplate, Kiss Me, Kiss Me, Kiss Me, som var bandet si fyrste til å klatre inn på Top 40 på den renomerte amerikanske Bilboard-lista. I 1994 døyde Eric Gale.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar