11.05.2017

Ellevte mai

Ellevte mai 1938 vart Bruce Langhorne fødd i Tallahassee i Florida. Gitaristen Langhorne er kjent som mannen som introduserte elektrisk gitar i det puritanske folk-rock miljøet i Greenwich Village på sekstitalet. I mi platehylle finn du Langhorne sitt arbeid på studioplatene The Freewheelin’ Bob Dylan (1963) og Pat Garrett & Billy The Kid (1973), begge signert Bob Dylan. I 1947 kom Claude Hudson Trucks til verda i Jacksonville i pensjoniststaten Florida. Butch Trucks er den eine av to trommeslagarar i bandet som er kreditert for å vere opphavet til omgrepet Sørstatsrock, The Allman Brothers Band. Hjå meg kan Trucks sine taktfaste merittar høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band First Set frå 1992. I 1965 vart Greg Dulli fødd i Cincinnati i Ohio. Dulli vart fyrst kjend som vokalist i bandet Afghan Wigs, som prydar platehylla mi med platene What Jail Is Like (1994) og Black Love frå 1996. Duli er også kreditert for å spele gitar på eitt av spora på Foo Fighters si sjølvtittulerte debutplate frå 1995. Dulli er i dag leiar av prosjektet The Twilight Singers, som enno ikkje er på plass i mi platehylle, og han har samarbeidd med Mark Lannegan og med tanke på tidlegare merittar har begge desse prosjekta ein soleklar plass på ynskjelista. I 1966 kom Christoph Schneider til verda i Berlin i Aust-Tyskland. Schneider tenar til dagleg til livets opphald som trommeslagar i Rammstein og kan i mi platehylle høyrast medan han held takten på plata Sehnsucht (1997). I tyske Hohenthurm vart Christiane Hebold fødd. Bobo er best kjend for sitt eige band, Bobo In The White Wooden Houses, men kan hjå meg høyrast medan ho hjelp Rammstein med bakgrunnsvokal på plata Sehnsucht frå 1997. I 1971 fullførte The Who innspelinga av The Song Is Over i Olympic Studios. I 1979 slepte The Clash singelen I Fought The Law, som klatra til ein tjueandreplass på dei britiske singellistene. I 1981 døyde den jamaikanske reggaeartisten Bob Marley på eit sjukehus i Miami i pensjoniststaten Florida, etter ei stunds sjukeleie. I 1982 la Iron Maiden ut på den nordamerikanske delen av verdsturneen sin, 104 konsertar som oppvarmar for mellom anna Rainbow og Judas Priest venta dei langhåra engelskmennen. I 1992 slepte Iron Maiden plata Fear Of The Dark som debuterte på fyrsteplass på listene og som sjølvsagt er på plass i mi platehylle. Same dag spelte Jethro Tull i Berlin og foreviga songen Bourée som kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1993 kom The Hooters si femte studioplate, Out Of Body, der produsenten Joe Hardy var med på laget. I 1998 var det endeleg klart for verdslansering av Garbage si plate Version 2.0. I 2005 slepte Gorillaz si andre plate, studioplata Demon Days, ut på marknaden. I 2011 døyde Snooky Young.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar