07.05.2017

Tredje mai

Tredje mai 1920 vart John Aaron Lewis fødd i LaGrange i Illinois. Pianisten John Lewis kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Miles Davis på samleplata Birth Of The Cool frå 1957. Lewis døyde i 2001. I 1933 vart James Joseph Brown fødd i Barnewell i South Carolina. The Godfather Of Soul, James Brown si karriere tel eit utal slagarar, gullplater, ekte og uekte arvingar, og fengselsopphald etter diverse episodar av hustruvald. Brown gjorde seg fortent til tilnamnet The Godfather Of Soul og har gjennom åra hatt ei mengde store hits, som Papa’s Got A Brand New Bag, It’s A Mans World og ikkje minst den udødelege slagaren Sexmachine. Samleplata Godfather Of Soul frå 1993 fungerer som ei grei oppsummering av ei lang karriere for oss som ikkje er blodfans av funk og soul. Eg har i seinare tid også supplert samlinga med konsertplata Live, for å minnast korleis gamlingen høyrdes ut på scenen. Brown døyde i 2006. I 1940 kom Konrad Plank til verda i tyske Hütschenhausen. Plateprodusenten Conny Plank vert rekna som Krautrocken sitt motstykke til meir kjende (og berykta) Phil Spector og var involvert i fleire hundre plateproduksjonar, inkludert David Bowie sin Berlin-triologi. Plank var ikkje redd for å ta i eit tak for dei artistane han arbeidde med og er i miplatehylle kreditert for å spele perkusjon på Gianna Nannini si studioplate Profumo frå (1986), samt på utvalde spor på samleplata Maschi E Altri (1987). Plank døyde av kreft i 1987. I 1944 vart Pete Staples fødd i engelske Andover. Bassisten Staples slo gjennom med The Troggs og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Wild Thing, som er oppkalla etter bandet sin største slager. I 1955 kom Tim Cappello til verda i Westchester County i New York. Multiinstrumentalisten Timmy Cappello samarbeida tett med Tina Turner på 1980- og 90-talet og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar saksofon på plata Forreign Affair frå 1989. I 1959 vart David James Ball fødd i tivolibyen Blackpool. Tangentmannen Dave Ball er best kjend for å spele i Soft Cell og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Cruelty Without Beauty frå 2002. I 1964 kom Sterling Campbell til verda i New York City. Trommisen Campbell har ei fortid i Soul Asylum og kan i mi platehylle høyrast på halve studioplata Grave Dancers Union frå 1992, og som fullverdig bandmedlem på Candy From A Stranger frå 1998. Hjå meg kan du også høyre Sterling Campbell sitt trommespel på plata Good Stuff, som The B52s gav ut i 1992, og på somme av spora på Rufus Wainwright si tredje studioplate Want One frå 2003. I 1966 var The Byrds i studio og foreviga flyentusiasten Roger McGuinn sin song 2-4-2 Fox Trot (The Lear Jet Song). Det ferdige resultatet kan høyrast på bandet si tredje studioplate, Fifth Dimension som kom på marknaden seinare same året. I 1968 vart Jay Darlington fødd i engelske Sidcup, som vistnok ligg i Kent. Tangentmannen Darlington har ei fortid i bandet Kula Shaker og hjå meg kan han høyrast på plata Peasants, Pigs & Astronauts frå 1999. I New York City var Jimi Hendrix Experience i studio og spelte inn Voodoo Chile, den einaste singelen deira som enda opp med topplassering på listene. Det hendte i oktober 1970. I 1972 var Johnny Cash heime i Hendersonville og spela inn I Got A Boy And His Name Is John, ein duett han song med kona June Carter Cash. Songen kan høyrast på The Johnny Cash Children’s Album frå 1975. I 1976 gav Aerosmith ut plata Rocks, der ein finn klassikarar som Back In The Saddle og Last Child. I 1999 gav Suede ut si fjerde studioplate, Head Music. I 2005 døyde Pierre Moerlen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar