13.05.2017

Trettande mai

Trettande mai 1944 kom Carolyn Ann Franklin til verda i Memphis i Tennessee. Songerinna Carolyn Franklin var vetlesystera Aretha Franklin og kan i mi platehylle høyrast som bakgrunnsongerinne på utvalde spor på storesystera si samleplate The Best Of Aretha Franklin Vol. 1 frå 1994. Franklin døyde av brystkreft i 1988. I 1945 vart Lou Marini Jr. fødd i Navarre i Ohio. Trompetisen Blue Lou kan hjå meg høyrast some ein del av The Blues Brothers på konsertplata Briefcase Full Of Blues frå 1978, og på samleplata The Best Of Blues Brothers frå 1981. Marini er også kreditert for å spele trompet på eit spor på studioplata Wanted Dread And Alive, som Peter Tosh slepte i 1981, samt på utvalde spor på samleplata The Toughest (1998). Marini kan også høyrast medan som ein del av blåserekkja på utvalde spor på Meatloaf si samleplate Hits Out Of Hell, som kom på marknaden i 1984. I New London i Connecticut kom Richard Salwitz til verda. Munnspelvirtousen Magic Dick var ein av grunnleggjarane av J. Geils Band, men hjå meg kan dei trillande harmonicatonane hans nytast på eit spor på plata Rockbird, som Blonie-vokalisten Debbie Harry slepte i 1986. I 1947 kom Peter Watts til verda i den engelske industribyen Birmingham. Bassisten og produsenten Peter Overend Watts var ein av grunnleggjarane av Mott The Hoople og hjå meg kan arbeidet hans høyrast på studioplatene Wildlife (1971), All The Young Dudes (1972), Mott (1972), The Hoople (1974), Drive On (1975) og Shouing & Pointing (1976), i tillegg til samleplatene Greatest Hits (1976) og Walking With A Mountain (1990). Watts er også kreditert for å spele bass på utvalde spor på Hoople-kompis Ian Hunter si samleplate The Very Best Of Ian Hunter (1990). Watts døyde i 2017. I 1950 vart Daniel David Kirwan fødd i Brixton i London. Gitaristen Danny Kirwan spelte med Fleetwood Mac frå 1968 til 1972 og i mi platehylle høyrer du han på samleplata Greatest Hits frå 1971. I 1951 vart Paul Thompson fødd i engelske Newcastle-upon-Tyne. Trommeslagaren Thompson er best kjend for å halde takten for Roxy Music og hjå meg kan han høyrast på samleplata More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music frå 1995. I 1954 kom Ray Kennedy til verda i den ein gong så stolete industribyen Buffalo i New York. Kennedy har gjeve ut fleire plater på eiga hand, men hjå meg er det som perkusjonist for Steve Earle på plata El Corazón frå 1997, og på tolvstrengs gitar på Lucinda Williams si femte studioplate Car Wheels On A Gravel Road frå 1998, ein kan høyre arbeidet hans. I 1962 kom musikkprodusenten Yngve Leidulv Sætre til verda i høgskulebygda Ørsta. Sætre kan hjå meg høyrast som vokalist i bandet Barbie Bones som i 1992 fekk spelemannsprisen for plata Death In The Rocking Horse Factory. Sætre er i tillegg kreditert for å traktere orgel på plata Crash, som Pogo Pops slepte i 1993, for å spele piano på Anne Grete Preus si plate Alfabet (2001), for å syngje bakgrunnsvokal på plata A Fine Young Man, som Evil Tordivel slepte i 2004, og for pianospel og kor på Kaizers Orchestra si plate Violetta Violetta Vol 1. som kom på marknaden i 2011. I 1964 vart skotske Glasgow berika med ein kvinneleg songar. Lorraine McIntosh er best kjend for å synge nydeleg i Deacon Blue. McIntosh er i tillegg gift med bandleiar Ricky Ross. I mi platehylle kan McIntosh høyrast på studioplatene Fellow Hudlums (1987) og Raintown (1991). I New York-bydelen Brooklyn vart Karen Bernod fødd. Songerska Bernod kan hjå meg høyrast på Eryka Badu si konsertplate Baduism – Live frå 1997, og på Paul Simon si plate Songs From The Capeman, også den frå 1997. I 1968 kom Per Sarin Madsen til verda i Fredrikstad. Trommisen Madsen slo seg saman med Postgirobygget i 1996 og kan i mi platesamling høyrast i taktfast arbeid på plata Melis frå same året. I 1971 var Cornelis Vreeswijk og heldt konsert i Kunstträdgården i Stockholm. Publikum fekk mellom anna høyra Svappavaara-visan som var med på plata Låt Almerna Leva. Produsent var Anders Burman og songen kan også høyrast på samleplata Guldkorn (Samhällskritikern). I 1974 var Johnny Cash i studio i Hendersonville og spela inn songen I Am The Nation, som kan høyrast på samleplata Johnny Cash’s America frå 2008. I 1977 slepte The Clash singelen Remote Control. I 1988 starta Iron Maiden sin Seventh Son Of A Seventh Son-turne i Moncton i Canada. Dette var fyrste av femtini konsertar i Nord-Amerika. Dette var også dagen Chet Baker omkom etter eit fall ut av eit hotellvindauga i Amsterdam. I 1992 kunne Jethro Tull opplevast i levande live i Athen. Songane Someday The Sun Won’t Shine For You og John Barleycorn kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå september 1992. I 1994 slepte Mano Negra studioplata Casa Babylon. I 2012 døyde Donald «Duck» Dunn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar