21.05.2017

Tjuefyrste mai

Tjuefyrste mai 1920 kom John William Barber til verda i Hornell i delstaten New York. Musikaren Bill Barber vart kjend som den fyrste til å spele moderne tubaspel i jazzmusikken og kan i mi platesamling høyrast på Miles Davis si plate Birth Of The Cool frå 1957, som også er nemnt mellom 1001 plater du må høyre før du døyr i boka med same namn. Barber døyde i 2007. I 1929 vart Larance Marable fødd i Los Angeles i California. Trommeslagaren Lawrence Marable held takten for Chet Baker på utvalde spor på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Marable døyde i 2012. I 1954 vart Marc Ribot fødd i flyplassbyen Newark i New Jersey. Gitaristen Ribot har spelt med ei rekkje store amerikanske artistar og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på plata Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991, og for Tom Waits på dei to studioplatene Rain Dogs (1985) og Mule Variations frå 1999. I 1955 kom Stanley Lynch til verda i Cincinatti i Ohio. Stan Lynch kan hjå meg høyrast med hjelpevokal på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. I 1963 vart Kevin Patric Shields fødd i New York City. Kevin Shields reknar seg som irsk, sjølv om han er fødd «over there» og er best kjend som gitarist og songar i My Bloody Valentine. Hjå meg kan han høyrast på studioplatene Isn’t Anything (1988) og Loveless (1991). Shields er i tillegg kreditert som gjest på Primal Scream si plate XTRMNTR frå 2000. I Santa Ana i El Salvador kom Pete Sandoval til verda. Trommeslagaren Sandoval held til dagleg takten for death metall-bandet Morbid Angel og i mi platehylle høyrer du arbeidet hans på plata Domination frå 1995. I 1965 gav The Who ut singelen Anyway, Anyhow, Anywhere som nådde ein tiandeplass på singellistene og som seinare vart nytta som kjenningsmelodi på fjernsynsprogrammet Ready, Steady, Go. Songen var spelt inn i IBC Studios i London i april same år og produsent var, som vanleg tidleg i The Who si karriere, Shel Talmy. I 1970 var superkvartetten Crosby, Stills, Nash & Young på plass i Record Plant Studio 3 for å spele inn songen Ohio, som protest mot politibrutalitet mot ein politisk studentmarsj, songen vart slept som singel, og kan også høyrast på samleplata Neil Young Greatest Hits. I 1981 spelte Iron Maiden opningskonserten på den fyrste turnéen sin i Japan. Same dag var det minnekonsert i Kingston på Jamaica til ære for avdøde reggealegenda Bob Marley. Konserten vart arrangert av det jamaikanske folket og både statsminister og opposisjonsleiaren var til stades samstundes, noko som vist nok ikkje er heilt vanleg på dei kantar. I 1987 enda Iron Maiden sin Somewhere On Tour i Osaka etter totalt eitt hundre og førtiåtte konsertar. I 1992 spelte Jethro Tull i Jerusalem, dei frammøtte fekk høyre Locomotive Breath, som også kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 2002 slepte The The samleplata 45rpm The Singles Of The The. I 2013 døyde Trevor Bolder. I 2015 døyde Louis Johnson. I 2016 døyde Nick Mensa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar