28.05.2017

Tjueåttande mai

Tjueåttande mai 1926 kom Russell Donald Freeman til verda i Chicago i Illinois. Jazzpianisten Russ Freeman vart på førti- og femtitalet kjend for samarbeid med Art Pepper og Shorty Rogers, men er i dag best kjend for å ha spela med den norskætta jazztrompetisten Chet Baker. Freeman sitt bidrag til mi platehylle finn du på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Russ Freeman døyde i 2002. I 1937 vart William Artur Walker fødd i Sydney i Australia. Musikkprodusenten Bill Walker hadde eit kort intermesso i Sør-Afrika før han dukka opp i den amerikanske countryhovudstaden Nashville i Tennesse. Walker fekk etter kvart jobben som musikalsk leiar for The Johnny Cash Show og deltok på fleire av plateinnspelingane hans. Hjå meg kan Walker høyrast medan han spelar piano på The Johnny Cash Childrens Album, som kom på marknaden i 1975. I 1944 vart Gladys Maria Knight fødd i olympiabyen Atlanta i Georgia. Songerinna Gladys Knight kom inn under den kjende Motown-etiketten i 1966. Ho vert omtala som Keisarinna av Soul, har hausta Grammy-prisar og har hatt fleire store hits saman med bandet The Pips. Hjå meg kan Knigth høyrast på ei dobbel samleplate som dekkar det meste av det beste ho gjorde både som soloartist og saman med The Pips. I 1945 vart John Cameron Fogerty fødd i universitetsbyen Berkeley. John Fogerty var frontfiguren og den kreative krafta i bandet Creedence Clerarwater Revival, som leverte fleire udøydelege slagarar på overgangen frå seksti- til syttitalet. I 1947 kom Leyland Bruce Sklar til verda i motorsykkelbyen Milwaukee i Wisconsin. Bassisten Leyland Sklar er ein høgt skatta studiomusikar og kan hjå meg høyrast på plata From The Inside, som Alice Cooper slepte i 1978, i tillegg til eitt spor på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene (1987), plata The Offbeat Of Avenues, som The Manhattan Transfer slepte i 1991, og Era si sjølvtitulerte debutplate (1996). Sklar er også kreditert for å traktere bassen på utvalde spor på Dolly Parton si samleplata Greatest Hits frå 1982. I 1949 kom Wendy Orlean Williams til verda i Webster i New York. Artisten Wendy O Williams var betre kjend for ellevill sceneopptreden enn songrøyst, men har likevel sikra seg legendestatus i enkelte miljø etter ei kaotisk karriere med bandet Plasmatics og på eiga hand. O Williams gjorde seg også merkt i filmbransjen, dog ikkje i den mest seriøse delen av bransjen. O Williams tok sitt eige liv i 1998. I 1956 vart Gerald Calvin Douglas fødd i Warren i Ohio. I mi platesamling kan ein høyre mannen som er kreditert som Jerry Douglas spele dobro på songen Nothing But A Child frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988, samt på Michelle Shocked si plate Arkansas Traveller (1992). Same dag kom den danske visesongaren Poul Krebs til verda i Jylland sin største by, Århus. Krebs slo gjennom med plata Små Sensationer i 1995. Plata var hans tiande, har vokalbidrag frå den norske krimkongen Jo Nesbø, og står i mi platehylle. I 1961 vart Roland Lee Gift fødd i den ein gong så stolte engelske industribyen Birmingham. Roland Gift var den karrismatiske songaren i Fine Young Cannibals, som smykkar mi platehylle med den sjølvtitulerte debutplata si frå 1985. I 1970 kom den engelske trommeslagaren Mark Richardson til verda i engelske Leeds. Richardson kan i mi platesamling høyrast medan han held takten for Skunk Anansie på plata Stoosh frå 1996, og Post Orgasmic Chill, som kom på marknaden i 1999. I svenske Eskilstuna vart Sami Petteri Sirviö fødd. Gitarisen Sami Sirviö var ein av grunnleggjarane av Kent og kan hjå meg høyrast på platene Kent (1995), Hagnestad Hill (1999), Du & Jag Döden (2005), samt Tillbaka Till Samtiden frå 2007. I 1973 kom Harry Mikael Sommerdahl til verda i Stockholm. Musikkprodusente og låtskrivaren Harry Sommerdahl eig sitt eige musikkstudio og har jobba med vår eigen Hanne Sørvåg, i mi platehylle er han kreditert for programmering på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006. I 1982 hadde Smuglers Arms i Stanley æra av Toy Dolls sitt besøk. I 1983 slepte Iron Maiden plata Piece Of Mind som nådde til tredjeplass på listene. I 1988 hadde Toy Dolls teke turen til Burgos for å spele på Ramas. I 1991 platedebuterte The Smashing Pumpkins med plata Gish. I 2002 slepte Eminem si tredje studioplate The Eminem Show.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar