30.05.2017

Trettiande mai

Trettiande mai 1924 vart Armando Peraza fødd i Havanna på Cuba. Percusjonisten Peraza sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast medan han spelar congas på utvalde spor på samleplata Best Of Friends, som John Lee Hooker slepte i 1988. Peraza døyde i 2014. I 1926 kom Anthony Terran til verda i den ein gong så stolte industribyen Buffalo i New York. Trompetisten Tony Terran er ein mykje nytta studiomusikar tilknytta The Wrecking Crew, som fekk plass i Music Hall Of Fame i 2007. Hjå meg høyrer du Terran på Madonna si soundtrackplate til kinofilmen Dick Tracy, I’m Breathless frå 1990. I 1935 vart Harold Winston Beckett fødd i Saint Michael på Barbados. Trompetisten Harry Beckett sine bidrag til mi platehylle er å finne på songen Had Me A Good Time frå Faces-plata Long Player frå 1971, og på Madonna si soundtrackplate til kinofilmen Dick Tracy, I’m Breathless, som kom på markanden i 1990. Beckett døyde i 2010. I 1955 kom Nicholas Bowen Headon til verda i engelske Bromley. Topper Headon si karriere er merkt av han er den best kjende trommeslagaren i det legendariske punkbandet The Clash. I mi platehylle kan Topper høyrast på The Clash-platene Combat Rock frå 1982, og samlinga The Singles, som kom på markanden i 2007. I 1958 vart Gun-Marie Fredrikson fødd i svenske Össjö. Roxette-vokalisten Marie Fredrikson kan hjå meg høyrast på den storselgjande studioplata Joyride frå 1991. I 1964 kom Thomas Baptiste Morello til verda i den belasta bydelen Harlem i storbyen New York City. Gitaristen Tom Morello er best kjend for å spele med Rage Against The Machine og Audioslave og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Rage Against The Machine (1992), The Battle Of Los Angeles (1999) og Renegades (2000), og konsertplata Live At The Grand Olympic Auditorium (2003), alle Rage Against The Machine, og på Audioslave sine studioplater Out Of Exile (2005) og Revelations (2006). I engelske Bebington vart Chris Sharrock fødd. Trommisen Sharrock har ei fortid på trommestolen i mytiske The La’s, hjå meg kan han høyrast medan han held takten for Robbie Williams på studioplata I’ve Been Expecting You (1998), og på eit spor for Tom Jones på plata Reload frå 1999. I 1965 kom Briana Corrigan til verda i den nordirske hovudstaden Belfast. Sjølv om ho er lista som tilleggsperson vert Corrigan rekna som den kvinnelege songerinna i The Beautiful South og song med på dei tre fyrste studioplatene frå bandet. Hjå meg kan Corrigan høyrast på debutplata Welcome To The Beautiful South frå 1989. I 1967 kom Sven Pipien til verda i tyske Hannover. Pipien er bassist i Black Crows etter å ha erstatta originalbassisten Johnny Colt frå plata By Your Side frå 1999. I 1976 vart Björn Samuelsson fødd i svenske Lysekil. Samuelsson spelte trombone i Brian Wilson sitt band ein periode og kan i mi platehylle høyrast på plata Presents Smile frå 2004. I 1980 kunne heldige frammøtte i Civic Hall i Shildon sjå Toy Dolls spele i levande live. I 1986 døyde Hank Mobley. I 1988 bydde dagen på konsert med Toy Dolls i Madrid, der dei var reist for å spele på Rock Club. I 1996 slepte Gloria Estefan si sjuande studioplate Destiny. I 1997 døyde West Arkeen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar