12.05.2017

Tolvte mai

Tolvte mai 1912 kom Marshall Royal til verda i Sapulpa i Oklahoma. Saksofonisten Royal spelte saman med Count Basie i meir enn tjue år og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Atomic Swing som kom ut i 1999. Royal døyde i 1995. I 1942 vart den engelske bandleiaren Ian Robins Dury fødd i Harrow, ikkje langt frå den pulserande storbyen London. Ian Dury sleit med polio sidan ungdomen, men det hindra han ikkje i å spele inn fleire hitlåtar, som Sex, Drugs & Rock’n Roll og Hit Me With Your Rhythm Stick. Eg er stolt av å endeleg kunne seie at eg eig platene New Boots And Panties og Do It Yourself (1979). Begge er kjøpt på tilbod på postkontoret på Lagunen for tjuefem kroner stykket. To kupp frå den tida me framleis hadde postkontor her i landet. Dury gjekk dessverre så altfor tidleg bort i 2000. I 1945 kom Ian William Patrick McLagan til verda i London-forstaden Hounslow. Tangentmannen Ian McLagan herja hitlistene seint på seksti- og tidleg på syttitalet med engelske band som Small Faces og Faces. Hjå meg kan McLagan høyrast på Faces si plate Long Player frå 1971, i tillegg til Faces-kollega Rod Stewart si studioplate Smiler frå 1974. McLagan er også kreditert for spel på diverse tangentar på Melissa Etheridge-platene Never Enough, frå 1992, og Yes, I Am frå 1993, samt på Ryan Adams si plate Love Is Hell frå 2004. Og som om ikkje det var nok har The Georgia Satellites kreditert McLagan for både orgel- og pianospel på si studioplate In The Land Of Salvation And Sin frå 1989. McLagan døyde i 2014. I 1948 vart Stephen Lawrence Winwood fødd i den engelske industribyen Birmingham. Multiinstrumentalisten Steve Winwood har laga godlyd for The Spencer Davis Group og Traffic, hjå meg høyrer du han medan han trakterar tangentar for Marianne Faithfull på plata Broken English frå 1979, samt på utvalde spor på James Brown si samleplate The Godfather Of Soul, som kom på marknaden i 1998. I Praha i det gamle Tsjekkoslovakia vart Ivan Kral fødd. Komponisten Kral er i mi platehylle kreditert for å spele med på eigenkomponerte songar på Patti Smith si plate Easter frå 1978, i tillegg til at han hjelp til på plata Solider, som Iggy Pop slepte i 1980. I 1950 kom Ronnie Foster til verda i industribyen Buffalo nord i delstaten New York. Tangentmannen Foster er best kjend for å spele innom sjangerane jazz og funk, men hjå meg kan han høyrast medan han spelar for Robbie Robertson på hans andre soloplate, Storyville frå 1991. I 1953 vart Donald Kinsey fødd i Gary i Indiana. Gitaristen Kinsey leiar i dag sitt eige band, The Kinsey Report, men er best kjend for å ha spel i Bob Marley sitt faste band The Wailers. Hjå meg kan Kinsey sitt gitarspel høyrast på samleplatene The Thoughest (1998) og The Best Of Peter Tosh (1999), begge i regi av Peter Tosh sitt dødsbu. I 1956 vart Gregory Arthur Phillinganes fødd i Detriot i Michigan. Greg Phillinganes er ein merittert tangentmann og kan hjå meg høyrast på plata Off The Wall, som Michael Jackson slepte i 1979, Rickie Lee Jones si studioplate The Magazine frå 1984, og Boz Scaggs si studioplate Dig frå 2001. Phillinganes er også kreditert for tangentspel på samleplata More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som Bryan Ferry og kompisane i Roxy Music slepte i 1995. I 1958 kom Eric Doyle Mensinger til verda i Cleveland i Ohio. Trommeslagaren Eric Singer har tromma for store namn som Black Sabbath og Alice Cooper, før han erstatta Eric Carr som trommis i Kiss og hjå meg kan trommespelet hans høyrast på konsertplata Alive III. I 1961 vart William Henry Duffy fødd i engelske Manchester. Billy Duffy er gitarist i det engelske bandet The Cult, og kan hjå meg høyrast på plata Born Into This frå 2007. I 1962 vart Brett Gurewitz fødd i Los Angeles i California. Gitaristen Gurewitz var med og starta Bad Religion så tidleg som i 1979, men har hoppa av fleire gonger, for så å slå seg saman med gamle punkvenner igjen. Som sjef for Epitaph Records har han også vore med og forme karrieren til Rancid, som er eit anna band som tek opp plass i platehylla mi. Hjå meg kan Gurewitz sitt gitarspel høyrast på Bad Religion si studioplate Stranger Than Fiction frå 1994, samt at han bidreg med litt vokalhjelp på Rancid si plate Indestrucitble frå 2003 . I 1968 kom Myke Gray til verda i London. Gitaristen Gray sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Skin si plate Experience Electric frå 1997. I 1981 var singelen Grey Day galningane i Madness sitt bidrag på listene. Platekjøparane svara med å skaffe den alltid like livlige oktetten ein fin fjerdeplass og songen kan, for dei som ikkje hadde høve til å kjøpe originalinnspelinga, høyrast på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1998. I 1987 døyde Victor Feldman. I 1992 var Jethro Tull i Frankfurt og dei som stappar konsertplata A Little Ligth Music i spelaren kan høyre Life Is A Long Song frå denne konserten. Same dag slepte The Black Crows den andre studioplata si, den fekk namnet The Southern Harmony And Musical Companion. I 1998 gav Soul Asylum ut plata Candy From A Stranger.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar