08.05.2017

Åttande mai

Åttande mai 1940 vart Cathryn Antoinette Tennille fødd i Montgomery i Alabama. Songerinna Toni Tennille sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som bakgrunnsvokal på The Beach Boys si tjuande studioplate 15 Big Ones frå 1976. I 1943 kom gitaristen Danny Ray Whitten til verda i Columbus i Georgia. Gitaristen Danny Whitten starta karriera si saman med Ralph Molina og Billy Talbot, noko som etter kvart vart til bandet Crazy Horse, som er kjend for samarbeidet med Neil Young. Hjå meg kan Whitten sitt gitarspel høyrast nettopp hjå Neil Young, på plata Tonight’s The Night frå 1975, samt på utvalde spor på samleplata Greatest Hits (2004). Whitten sleit etter kvart med massive rusproblem, noko som resulterte i at han fekk sparken både frå Crazy Horse og Neil Young sitt band, men først rakk han å inspirere Neil Young til å skrive songen The Nedle And The Damage Done. Whitten døyde av ein overdose i 1972. I 1945 vart Keith Jarrett fødd i Allentown i Pennsylvania. Pianisten Jarrett har brilljert i Miles Davis sitt band, men hjå meg kan han høyrast på ei plata under eige namn, My Song frå 1977, der vår eigen Jan Garbarek er ein del av bandet. I 1951 kom Phillip Irwin Bailey til verda i Denver i Colorado. Songaren Phillip Bailey har vore ein viktig del av lydbiletet hjå Earth Wind & Fire sidan han slo seg saman med bandet i 1972. Hjå meg kan Bailey høyrast på plata Touch The World frå 1987. I Fort Cambell i Kentucky vart Charlton Christopher Frantz fødd. Trommisen Chris Frantz etablerte Tom Tom Club i 1980, men var då allereie ein etablert artist i Talking Heads. Hjå meg kan Frantz høyrast på to titlar med sistnemnde, konsertplata Stop Making Sense (1984) og samleplata Once In A Lifetime-The Best Of Talking Heads (1992). I 1962 vart Max Costa fødd i Caracas i Venezuela. Perkusjonisten Costa sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Fiorella Mannoia si plate Belle Speranze frå 1998. I 1964 kom David Alexander de Home Rowntree til verda i engelske Colchester. Dave Rowntree er trommeslagar for bandet Blur, som ærar platehylla mi med så mykje som seks ulike titlar frå bandet si storhetstid, Leisure (1991), Modern Life Is Rubbish (1993), Parklife (1994), The Great Escape (1995), Blur (1997) og 13 (1999). I 1976 vart Martha Wainwright fødd i den kanadiske olympiabyen Montreal. Wainwright er dotter av artistane Loudon Wainwright III og Kate McGarrigle, og søster av Rufus Wainwrigth, eit slektskap som skapar forventningar. Hjå meg kan Wainwright høyrast med bakgrunnsvokal på storebror si sjølvtitulerte debutplate frå 1998, og på same mann si tredje studioplate Want One frå 2003. I 1982 fekk Huddersfield Polytechnic vitjing av Toy Dolls. I 1983 døyde Wendell Culley. I 1984 kom ei samleplate frå Bob Marley sitt dødsbu. Den storselgjande plata fekk tittelen Legend, og er kan hende den beste samlinga av reggaemusikk som nokon gong har vore på tilgjengeleg på den opne marknaden. I 2006 vart det mogleg å kjøpe Neil Young si plate Living With War i vanlege platebutikkar, etter at plata hadde vore tilgjengeleg for nedlasting i nesten ei veke. I 2011 døyde Cornell Dupree.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar