16.05.2017

Sekstande mai

Sekstande mai 1944 kom William Emanuel Cobham til verda i Panama. Trommisen Billy Cobham voks opp i New York City, og før han slo seg ned i verdas mest keisame land, Sveits, på slutten av syttitalet, fekk han ein tur innom trompetlegenda Miles Davis sitt band. Hjå meg kan Cobham høyrast medan han trommar på Miles Davis si plate Bitches Brew frå 1970. I 1946 vart Robert Fripp fødd i engelske Wimborne Minster. Gitaristen Fripp er best kjend som leiar for King Crimson, i mi platehylle kan han høyrast medan han spelar gitar på eitt av spora på plata Parallel Lines, som Blondie slepte i 1978. I 1953 kom Richard Page til verda i Keokuk i landlege Iowa. Bassisten Page vert helst hugsa for tida han tenestegjorde i Mr. Mister, men hjå meg høyrest basspelet hans på Elvis Costello si plate Mighty Like A Rose frå 1991. I 1960 kom Stephen Charles New til verda i London. Gitaristen Steve New spelte i Rich Kids saman med Sex Pistols sin originalbassist, Glen Matlock, hjå meg kan han høyrast medan han briljerar på Iggy Pop si stuidoplate Soldier frå 1980. New døyde i 2010. I 1963 vart Serge Teyssot-Gay fødd i franske Saint-Étienne. Gitaristen Teyssot-Gay spelte tidlegare i Noir Desir og hjå meg kan han høyrast på plata Tostaky frå 1992. I 1964 vart Boyd Calvin Tinsley fødd i Charlottesville i Virginia. Fiolinisten Boyd Tinsley spelar til dagleg i Dave Matthews Band og hjå meg kan han høyrast på bandet si debutplate Under The Table And Dreaming frå 1994. Tinsley var også hyra inn for å spele fele på The Getaway People si plate Turnpike Diaries frå 2000. I 1965 vert dagen hugsa for fødselen av Krist Anthony Novoselic. Bassisten Krist Novoselic vart fødd i Los Angeles i California og spelte i grungebandet Nirvana. Novoselic vert rekna som limet som heldt Nirvana saman i dei mest stormfulle periodane før bandet vart oppløyst etter at gitarist og vokalist Kurt Cobain gjekk bort i 1994. Hjå meg kan Novoselic høyrast på studioplatene Bleach (1989), Nevermind (1991) og In Utero (1993), i tillegg til konsertplatene MTV Unplugged In New York (1994) og From The Muddy Banks Of Wishkah (1996). I 1966 spelte The Byrds inn songen I Come And Stand At Every Door for bruk på bandet si tredje studioplate, Fifth Dimension, som kom på marknaden seinare same året. I Gary i Indiana vart Janet Damita Jo Jackson fødd. Janet Jackson er vetlesystera til meir meritterte Michael, signerte med A&M Records som sekstenåring, og har produsert musikk av høg kvalitet jamt og trutt sidan. Plata Janet Jackson’s Rhythm Nation 1814 frå 1989 har loppa meir enn fjorten millionar av platekjøparar for pengane deira, og The Velvet Rope frå 1997 har også runda ti millionars grensa. Begge titlane er på plass i mi platehylle. Jackson er i tillegg kreditert for å syngje på Justin Timberlake si plate Justified frå 2002. På Janet Jackson sin fødselsdag gav Bob Dylan ut plata Blonde On Blonde. Plata var Dylan si sjuande studioplate og vart spela inn i tidsrommet oktober 1965 til mars 1966 i CBS Studios i countryhouvudstaden Nashville i Tennessee. Blonde On Blonde vert rekna som ei av dei beste platene Dylan har gjort nokon sinne. I 1974 kom Paul Joshua Sandoval til verda i San Diego i California. Songaren Sonny Sandoval syng til dagleg i det kristne Nu-Metal-bandet P.O.D. (Payable On Death) og kan hjå meg høyrast på plata Testify frå 2006. I 1980 vert dagen hugsa for at Olga og dei andre i Toy Dolls var attende og spelte for trufaste fans i Comrades Club i Hordon. I 1989 kom 10 000 Maniacs si fjerde studioplate Blind Man’s Zoo. I 1992 var Jethro Tull og underheldt i Ankara, dei frammøtte fekk høyre, mellom anna, Too Old To Rock’n Roll, Too Young To Die, som også kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1995 platedebuterte Supergras med I Should Coco. I 2000 slepte The Getaway People plata Turnpike Diaries, og Lou Reed sine fans fekk høve til å høyre det beste av det beste frå den gamle samuraien på ei og same plate, The Very Best Of Lou Reed. I 2010 måtte Ronnie James Dio gje tapt for kreften og eit langt liv i hardrocken si teneste var over.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar