18.05.2017

Attande mai

Attande mai 1922 kom Kai Chresten Winding til verda i den jyllandske hovudstaden Århus. Dansk-amerikanske Kai Winding trakterte trombonen så bar at i si tid var innom orkesterleiaren Benny Goodman sitt band, men vert ofte hugsa for eit livslangt samarbeid med trombonisten J.J. Johnson, ein mann han kan høyrast saman med på Miles Davis si samleplate Birth Of The Cool frå 1957. Winding døyde i 1983. I 1944 vart Albert Louis Hammond fødd i eit krigsherja London. Plateprodusenten Albert Hammond sine foreldre var evakuerte frå Gibraltar og vendte nasene heimover så snart krigen var over. Hammond sitt talent uvikla seg på klippa ved Middelhavet sin port og han tok seinare del i utviklinga av moderne populærmusikk i Spania. Hjå meg kan du høyre Hammond med både gitar- og tangentspel på Tina Turner si plate Foreign Affair frå 1989. I 1949 vart Richard Christopher Wakeman fødd i Perivale i Middlesex. Rick Wakeman er klassisk skolert pianist og er ein av dei mest markante musikarane som har vore innom det engelske progbandet Yes, der han gjerne spelte keyboard. Allsidige Wakeman sitt arbeid kan høyrast på David Bowie si andre studioplate, Space Oddity frå 1969, han har også vore innom Ozzy Osbourne sitt band, der mi platesamling byr på Wakeman sitt arbeid på plata Ozzmosis frå 1996. Wakeman sine bravadar med Yes kan hjå meg høyrast på plata Going For The One frå 1977. I 1951 kom Michael Gary Baird til verda i South Gate i California. Trommeslagaren Mike Baird var innom Journey akkurat lenge nok til at han kan høyrast på utvalde spor på samleplata Greatest Hits frå 1988. I 1954 kom plateprodusenten Reinhold Heil til verda i tyske Schlüchtern, den gongen det framleis heit Vest-Tyskland. Heil sitt bidrag til mi platehylle kan ein høyre om ein lyttar etter lyden av keyboard på plata Unbehagen, som Nina Hagen Band slepte laus på platekjøparane i 1979. I 1956 vart James Moginie fødd i den australske olympiabyen Sydney. Gitaristen Jim Moginie var ein av grunnleggjarane av Midnight Oil og var også ein av bandet sine viktigaste låtskrivarar. Hjå meg kan Moginie høyrast på studioplatene Diesel And Dust (1987) og Blue Sky Mining (1990), i tillegg til konsertplata Scream In Blue-Live frå 1992. I 1965 kom Stig Pedersen til verda i København. Bassisten Pedersen spelar til dagleg i D-A-D og mi platehylle byr på arbeidet hans på plata Soft Dogs frå 2002. I 1966 fekk songen Captain Soul evig liv i The Byrds sitt format. Resultatet kan høyrast på bandet si tredje studioplate, Fifth Dimension frå 1966. I 1971 var Cornelis Vreeswijk i Stockholm og spelte inn En Fattig Trubadur. Songen, som sikkert har sjølvbiografiske trekk, kan mellom anna høyrast på samleplata Guldkorn Från Master Cees Memoarer frå 1996. I 1973 spelte Johnny Cash inn songane Nasty Dan og One And One Makes Two i heimbyen Hendersonville. Begge songane kan høyrast på The Johnny Cash Childrens Album som kom ut i 1975. I 1979 platedebuterte Ian Dury & The Blockheads med plata Do It Yourself. Dury var sjølvsagt ein røynd plateartist, men dette var den fyrste plata Dury gav ut der han krediterte resten av bandet og plata produserte hittsinglen Hit Me With Your Rhythm Stick. I 1980 døyde Ian Curtis, og seinare på kvelden sa Shildon Old Club i Durham Oi!Oi! då Toy Dolls gjekk på scenen. I 1984 var Amsterdam Youth Centre vertar for Toy Dolls. I 1989 gav Miles Davis ut plata Amandla. Amandla betyr makt på dei to sørafrikanske språka Xhosa og Zulu. I 1992 slepte Kim Wilde plata Love Is. I 1993 gav Kiss ut si tredje konsertplate, og den fekk det treffande namnet Alive III. Dagen bydde også på eit høgdepunkt frå Judas Priest-leiren, dei gav ut samleplata Metal Works ’73-’93 som gjev platekjøparane det beste frå dei tjue fyrste åra med bandet. Som om det ikkje var nok slepte Schnit Acht si andre studioplate denne dagen, den hadde tittelen Slash & Burn og var bandet si mest markante utgjeving. I 2004 døyde Elvin Jones, same dag som Alanis Morissette slepte plata So-Called Chaos, hennar sjette studioplate.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar