31.12.2017

Trettifyrste desember

Trettifyrste desember 1942 vart Andrew James Summers fødd i engelske Lancashire. Multiinstrumentalisten Andy Summers var gitarist i The Police og hjå meg kan han høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1992. I 1943 kom Peter Alexander Greenlaw Quaife til verda i idylliske Devon på den engelske sørkysten. Pete Quaife var originalbassisten i The Kinks og spelte med bandet i den mest kreative og hitrike perioden, 1963 til 1969. Hjå meg kan Quaife sitt basspell høyrast på samleplata Greatest Hits. Quaife døyde i 2010. I 1946 vart Peter William Wells fødd. Gitaristen Peter Wells var ein av grunnleggjarane av australske Rose Tattoo og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of Rose Tattoo frå 2005. Wells døyde i 2006. I 1948 vart LaDonna Adriana Gaines fødd i Boston i Massachusetts. Discodronninga Donna Summer produserte ei rekkje hits på syttitalet. Hjå meg kan Summer høyrast medan ho syng hjelpevokal på Gene Simmons si soloplate frå 1978. Summer døyde av lungekreft i 2012. I 1951 vart Thomas William Hamilton fødd i Colorado Springs i Colorado. Bassisten Tom Hamilton har tent til livets opphald i dei amerikanske rockedinosaurane Aerosmith og har sikkert ikkje angra på det karrierevalet. Bandet har tross alt selt fleire millionar plater sidan den spede byrjinga seint på sekstitalet. I mi platehylle kan ein høyre Hamilton sitt basspel på platene Rocks og Draw The Line, som kom på marknaden høvesvis i 1976 og 1977. I 1953 kom den belgiske songerinna Danielle Schoovaerts til verda. Dani Klein var med å starte Vaya Con Dios, eit av belgias mest suksessrike band gjennom tidene, i 1986. Hjå meg finn du Klein sine vokalprestasjonar på plata Time Flies frå 1992, som var Vaya Con Dios si tredje studioplate og som Klein også produserte. I 1959 vart Bjørn Gunnar Sando fødd. Trommeslagaren Sando spelar til dagleg i Hellbillies og kan hjå meg høyrast på tre av bandet sine tidlege studioplater, Sylvspente Boots (1992), Lakafant (1995) og Drag (1996), i tillegg til konsertplata Live Laga frå 1997. I 1963 vart Scott Ian Rosenfeldt fødd i Jamaica, ikkje reggeaøystaten i Karribia, men eit nabolag i bydelen Queens i New York City. Scott Ian er gitarist, vokalist og ubestridt leiar av det amerikanske skateboard-hardrockbandet Anthrax og er i mi platehylle representert med studioplatene State Of Euphoria (1988) og Percistence Of Time (1990), i tillegg til samleplata Return Of The Killer A’s frå 1999. I 1969 kom Thornetta Davis til verda i bilbyen Detroit i Michigan. Davis kan hjå meg høyrast medan ho syng bakgrunnsvokal på Bob Seger And The Silver Bullet Band si plate The Fire Inside frå 1991. Også Billy Graziadei vart fødd denne dagen, det skal ha hendt i Boston i Massachusetts. Graziadei kan hjå meg høyrast som vokalist i Biohazard, eit band som enn så lenge er representert med to titlar, State Of The World Adress (1994) og Mata Leãõ (1996), i mi platehylle. I 1973 nytta AC/DC årets siste dag til å spele sitt fyrste offisielle show. Det skal ha hendt i ein av verdas mange homsemetropolar, Sydney i Australia, og om dei små gutane med den store lyden levde opp til den partymyten dei har slått om seg med resten av karrieren, var det nok fyrste januar og eit godt stykke ut i 1974 før dei gav seg. I 1979 vart året avslutta med at Toy Dolls var underhaldninga på nyttårsfesten i Harveys Restaurant i Sunderland. I 1991 spelte The Allman Brothers Band i Macon City Auditorium i Georgia, ein konsert som er inkludert på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set frå 1992. I 1997 ebba året ut saman med pianisten Floyd Cramer. Det var neppe det som var årsaka til at det vart sendt opp fyrverkeri den kvelden. I 2001 slepte den Bergens-baserte elektronikaduoen Röyksopp plata Melody A.M, som bydde på sterke spor som Eple og Poor Leno, og som gjekk til topps på hitlister over heile den vestlege verda. Og med det passar det å ynskje dei som har tatt seg bryet med å kikke innom på denne bloggen gjennom eit langt og innhaldsrikt 2014 eit godt nytt år, eg vonar de kjem til å følgje med på oppdateringane som vonleg kjem flittig også i det nye året.

30.12.2017

Trettiande desember

Trettiande desember 1928 vart saksofonisten Jack Montrose fødd i bilbyen Detroit i Michigan. Montrose sitt saksofonspel kan hjå meg høyrast på Chet Baker si samleplate Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Montrose døyde i 2006. I 1930 kom Orville J. Rhodes til verda i Alton i Illinois. Red Rhodes hadde steel guitar som levebrød, etter at han la dobroen på hylla som femtenåring, og hjå meg kan arbeidet hans høyrast på Joan Baez si plate Diamonds And Rust frå 1975. Red Rhodes døyde i 1995. I 1934 vart Francisco Pep fødd i Havanna på Cuba. Perkusjonisten Alvin Patterson er best kjend for arbeidet han gjorde med Bob Marley, og hjå meg høyrer du han spele på samleplata Legend frå 1984, i tillegg til eit par uautoriserte samleplater som er utgjeven i reggealegenda sitt namn etter at han gjekk bort i 1981. I 1937 kom Noel Paul Stookey til verda i Baltimore i Maryland. Paul stookey vart verdsberømt som ein del av folktrioen Peter, Paul & Mary på sekstitalet, hjå meg kan han høyrast med bakgrunnsvokal på The Hooters si plate Zig Zag frå 1989. I 1942 kom Robert Wolfe Quine til verda i Akron i Ohio. Gitaristen Robert Quine var ein av mange talentfulle gitaristar som levde i skuggen av andre meir kjende rockeartistar, og ikkje har fått den berømmelsen merittane hans tilseier. Hjå meg kan Quine sitt gitarspel høyrast på Lou Reed si konsertplate Live In Concert (1996), som var ei nyutgjeving av konsertplata Live In Italy frå 1984. Quine er også kreditert for å spele på Tom Waits si åttande studioplate Rain Dogs frå 1985. Quine døyde i 2004. I 1946 kom Patricia Lee Smith til verda i Chicago i Illinois. Folk flest kjenner dama som den amerikanske punkdronninga Patti Smith og dei som ikkje har digga kjempehiten Because The Night burde skamme seg. Platene Easter (1978) og Peace And Noice frå 1997 er så langt på plass i mi hylle, og fleire står sjølvsagt på ynskjelista. Patti Smith er også kreditert for å syngje på songen E-Bow The Letter på R.E.M si plate New Adventures In Hi-Fi frå 1996. Ein annan stad i verda, i London, såg Clive William Bunker dagens ljos i engelske Luton. Clive Bunker er trommeslagar av legning og ein av grunnleggjarane av Jethro Tull, der han heldt takten fram til 1971. Bunker kan hjå meg høyrast på studioplatene This Was (1968) og Aqualung (1971). Etter tida i Jethro Tull var Bunker innom Manfred Mann’s Earth Band og tromminga hans kan høyrast på utvalde spor på samleplata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band Re-Mastered frå 1999. I 1947 kom Jeffrey Lynne til verda i engelske Birmingham. Plateprodusenten Jeff Lynne var den kreative krafta i Electric Light Orchestra og hjå meg er det beste frå dette bandet tilgjengeleg på samleplata Greatest Hits frå 1979. Lynne kan også høyrast med bakgrunnsvokal og gitar på Jeff Healy Band sin versjon av George Harrison-låta While My Guitar Gently Weeps på plata Hell To Pay frå 1990, og med gitar og vokalbidrag på plata Flaming Pie, som Paul McCartney slepte i 1997. I 1949 vart Bruce Earl Fairbairn fødd i den kanadiske olympiabyen Vancouver. Musikkprodusenten Bruce Fairbairn har produsert for band som Aerosmith, Bon Jovi og AC/DC, i mi platehylle kan han høyrast medan han spelar trompet for The Cranberries på plata To The Faithful Departed frå 1996, ei plate han også produserte. Fairbairn døyde i 1999. I 1959 vart Tracey Ullman fødd i byen med det sjarmerande namnet Slough. Den britiske skodespelaren og komikaren har ikkje berre plaga folk gjennom fjernsynsruta, ho har også herja platelistene og mi platehylle byr på samleplata The Very Best Of…, som, som tittelen indikerer, gjev oss det beste dama har spela inn gjennom åra. I glamorøse Los Angeles i California kom Paul Milton Jackson Jr til verda. Gitaristen Paul Jackson Jr kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Madonna på plata True Blue, som kom på marknaden i 1986, på Vagabond Heart, som var Rod Stewart sitt bidrag til populærkulture i 1991, og på Queen Latifa si studioplate Travlin’ Light frå 2007. I 1969 kom Jason Luis Cheetham til verda i engelske Stretford. Jay Kay er songar og frontfigur i Jamiroquai og hjå meg høyrer du han medan han utfoldar seg på bandet si debutplate Emergency On Planet Earth frå 1993. I 1970 vart Mark Traa Daniels fødd i elvestaten Ohio. Bassisten Traa Daniels spelar til dagleg i det så altfor kristne Nu-Metal-bandet P.O.D. (Payable On Death) og kan i mi platehylle høyrast på plata Testify frå 2006. I 1972 spelte Lou Reed saman med bandet The Totts på Main Point i Philadelphia i Pennsylvania. Dette var fyrste konsert der han presenterte materiale frå den fyrste soloplata si, Transformer, som kom på marknaden tidlegare same månad. I 1979 var det indierock på programmet i Old Club i Shildon, og sjølvsagt var det Toy Dolls som stod for romjulsunderhaldninga. I 2009 døyde Rowland S. Howard.

29.12.2017

Tjueniande desember

Tjueniande desember 1927 vart Matt Murphy fødd i Sunflower i Mississippi. Matt “Guitar” Murphy er ein bluesgitarist som ofte vert hugsa for arbeidet han har gjort med bandet The Blues Brothers sjølv om han debuterte saman med Howlin’ Wolf så tidleg som i 1948. Hjå meg kan Murphy høyrast på konsertplata Breifcase Full Of Blues (1978), og samleplata Best Of The Blues Brothers (1981). I 1942 kom Richard Clare Danko til verda i Green’s Corner i kanadiske Ontario. Bassisten Rick Danko spelte i The Band og hjå meg høyrer du han på bandet si siste studioplate Islands frå 1977. Danko er også kreditert for å spele bass på eit spor på tidlegare The Band-kollega Robbie Robertson si andre soloplate Storyville frå 1991. Danko døyde i 1999. I 1946 vart Marian Evelyn Faithfull fødd i London. For mange er Marianne Faithfull best kjend som eks-dama til Mick Jagger, men Faitfull har hatt ei spanande solokarriere, berre avbroten av periodar som uteliggjar og knallhard avrusing. Plata Broken English frå 1979 vert rekna som eit av hennar sterkaste kort og står på heidersplass i hylla mi. I 1947 kom Colin Flooks til verda i engelske Cirencester. Under artistnamnet Cozy Powel gjorde Flooks stor suksess som trommeslagar for ei rekkje tungrockband, som mellom anna Black Sabbath, MSG og Whitesnake. I mi platehylle kan Powel høyrast når han held takten for eks-Deep Purple-gitarist Richie Blackmore sitt band Rainbow på plata Long Live Rock’n Roll frå 1978, i tillegg til eitt spor på samlaplata From The Vaults som Motörhead slepte i 1990. Powel døyde i ei bilulukke i Bristol i 1998. I 1954 vart John Robinson fødd i Creston i Iowa. Trommisten J.R. Robinson påstår å vere den den trommeslagaren som har delteke på flest innspelingar av alle i hans yrkesgruppe, hjå meg kan Robinson høyrast medan han held takten for Michael Jackson på Off The Wall (1979), for Chris Isaak på utvalde spor på samleplata Wicked Games (1991), for Manhattan Transfer på The Offbeat Of Avenues (1991), og for Joe Cocker på Across From Midnight, som kom på markanden i 1997. I 1960 vart Jeff Campitelli fødd. Campitelli har gjort størst suksess som trommeslagar for Joe Satriani og kan hjå meg høyrast på to av gitargeniet sine produksjonar, Not Of This Earth (1986) og Flying In A Blue Dream (1989). I 1961 vart Jim Reid fødd i skotske Glasgow. Jim Reid har livnært seg som vokalist i det skotske bandet Jesus And The Mary Chain og er representert i mi platehylle med studioplata Darklands frå 1987, og samleplata The Sound Of Speed (1993). I 1965 kom Bryan Keith Holland til verda i Garden Grove i California. Dexter Holland er songar og gitarist i The Offspring og hjå meg kan han høyrast på studioplatene Ignition (1992), Smash (1994), Americana (1998), Conspiracy Of One (2000) og Splinter (2003). I 1967 kom Evan Seinfeld til verda i Brooklyn i New York City. Seinfeld har ei fortid i bandet Biohazard og kan hjå meg høyrast på to plater frå det glade og kreative nittitalet, State Of The World Adress (1994) og Mata Leãõ (1996). I 1969 gav Grand Funk Railroad ut si andre studioplate, som fekk titelen Grand Funk. I 1970 vart Dallas Austin fødd i Columbus i Georgia. Plateprodusenten Austin har jobba med stjerner som Janet Jackson og Anastacia. Hjå meg kan Austin høyrast medan han spelar trommer og keyboard på Gwen Stefani si plate Love. Angel. Music. Baby. frå 2004. I 1979 sa Sunderland velkomen til Toy Dolls. Det hendte i Hepworth & Grandage Club. I 2008 døyde Freddie Hubbard.

28.12.2017

Tjueåttande desember

Tjueåttande desember 1942 vart Allan Schwartzberg fødd i New York City. Trommisen Schwarzberg sitt bidrag til mi platehylle finn du på Gene Simmons si soloplate frå 1978, i tillegg til eit spor på plata Music From The Elder, som Kiss slepte i 1981. I 1946 kom Edgar Holland Winter til verda i Beaumont i skytegale Texas. Edgar Winter er yngre bror av gitaristen Johnny Winter. Multiinstrumentalisten Edgar Winter trakterar keyboard og saxofon og har gjeve ut ei rekkje plater på eiga hand. Hjå meg må du enn så lenge nøye deg med å høyre Winter på konsertplata Captured Live (1976), kreditert den meir meritterte storebroren, Johnny Winter, på Meat Loaf si storselgjande plate Bat Out Of Hell frå 1977, i tillegg til Tina Turner si plate Foreign Affair frå 1989. I 1947 vart Jess Roden fødd i engelske Kidderminster. Songaren Rodden kan hjå meg høyrast medan han yt vokalhjelp til Mott The Hoople på bandet si tredje studioplate, Wildlife frå 1971. I 1948 kom Joseph Modeliste til verda i New Orleans i Louisiana. Trommisen Ziggy Modeliste var ein av grunnleggjarane av The Meters, hjå meg kan han høyrast medan han held takten på eit spor på Robbie Robertson si studioplate Storyville frå 1991. I 1950 vart Hugh McDonald fødd Philadelphia i Pennsylvania. Den meritterte studiobassisten McDonald har ei fortid med så ulike artistar som Alice Cooper og Willie Nelson, men slo seg etter kvart saman med Bon Jovi, og kan hjå meg høyrast på plata These Days frå 1995. I 1973 vart Catherine Popper fødd i Charlotte i North Carolina. Bassisten Popper har ei fortid i The Cardinals, bandet som tidlegare var å rekne som fast backingband for Ryan Adams, og kan i mi platehylle høyrast på Adams si plate Easy Tiger frå 2004. I 1978 kom John Roger Stephens til verda i Springfield i Ohio. Artisten John Legend sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som pianist på Everything Is Everything på Lauryn Hill si plate The Miseducation Of Lauryn Hill frå 1998. I 1981 fekk Norseman Hotel i Peterlee atter ein gong dei hardtarbeidande pønkarane i Toy Dolls på vitjing. I 1983 døyde Dennis Wilson. I 1984 døyde Eddie Brown. I 1989 spelte Toy Dolls to konsertar i Club Quatro i Tokyo. Fyrste opptreden var klokka seks om ettermiddagen og klokka halv ni var det sanneleg på an igjen. I 1991 gjorde The Allman Brothers Band den fyrste av tre konsertar i Macon City Auditorium i Georgia. Opptak frå denne konserten kan høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set, som kom på marknaden året etter. I 2004 slepte hardtarbeidande Glen Matlock And The Phillestines plata On Something. I 2015 døyde Lemmy, fire dagar etter at han fylde sytti. Også Ron «Prophet» Ford sang siste verset denne dagen.

27.12.2017

Tjuesjuande desember

Tjuesjuande desember 1933 vart John Hughey fødd i Elaine i Arkansas. Steelguitar-legenda John Hughey sitt bidrag til mi platehylle finn du på George Jones si plate Walls Can Fall frå 1992. Hughey døyde i 2007. I 1944 kom Michael Leslie Jones til verda i den engelske hamnebyen Portsmouth. Gitaristen Mick Jones er best kjend som ein av grunnleggarane av bandet Foreigner, men hjå meg er det som gitarist på Billy Joel si plate Storm Front frå 1989 han kan høyrast. Det er like greitt at denne Mick Jones ikkje vert forveksla med den noko yngre The Clash-gitaristen med same namn. I 1946 vart Lenny Kaye fødd i New York City. Gitaristen Kaye har lang fartstid i Patti Smith Group og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Easter (1978) og Peace & Noice (1997). I 1967 gav Bob Dylan ut plata John Wesley Harding. Dette var hans åttande studioplate. I 1980 stod Toy Dolls for romjulsunderhaldning i Steels Club i Sunderland. I 1989 var Toy Dolls på scenen i Club Quatro i Tokyo. Konserten er tilgjengeleg for ettertida på plata Twenty Two Tunes Live From Tokyo. I 2004 døyde Hank Garland.

26.12.2017

Tjuesjette desember

Tjuesjette desember 1947 kom George Porter Jr til verda i jazzhovudstaden New Orleans i Louisiana. Bassisten Porter er best kjend for at han var med å starte bandet The Meters på midten av 1960-talet, men i mi platehylle må ein nøye seg med å høyre arbeidet hans på platene Storyville, som som var den tidlegare The Band-sjefen Robbie Robertson si andre soloplate og vart slept i 1991, og Under The Pink, som var Tori Amos sitt bidrag til populærkulturen i 1994. I 1951 vart John Scofield fødd i Dayton i Ohio. Gitaristen Scofield har ei merittliste som er lengre enn eit vondt år, men hjå meg må ein enn så lenge nøye seg med å høyre han på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. I engelske Barnsley kom Paul Anthony Quinn til verda. Gitaristen Paul Quinn si karriere er sentrert rundt det engelske hardrockbandet Saxon, der han spelt og komponert på kvar einaste plate bandet har slept. Quinn kan hjå meg høyrast på bandet si gjennombrottsplate Wheels Of Steel frå 1980. I 1957 kom Guy Barker til verda i London. I mi platesamling vert trompetisten Baker lagt merke til for å spele flygelhorn på sporet More Than I Can Bear på Matt Bianco si plate Whose Side Are You On frå 1984, og for å spele messingblåser på eitt spor på plata Reload, som Tom Jones slepte i 1999. I 1963 vart Lars Ulrich fødd i danske Gentofte. Trommisen Ulrich er ein av grunnleggjarane av Metallica etter at han la ei lovande tenniskarriere på hylla. I mi platehylle kan Ulrich hørast på platene Ride The Lightning (1984), Master Of Puppets (1986), …And Justice For All (1988), Metallica (1991), Load (1996) og St. Anger (2003). I 1966 er dette dagen det vert hevda Jimi Hendrix skreiv songen Purple Haze. I 1970 kom James Russel Mercer fødd i Honolulu på Hawaii. James Mercer er frontmann i kritikarroste The Shins og kan i mi platehylle høyrast på bandet si andre studioplate Chutes Too Narrow frå 2003. I 1989 var Toy Dolls sin verdsturne komen fram til Osaka i Japan. Muse Hall var staden det hendte for Toy Dolls-fansen denne kvelden, og det hendte like godt to gongar, fyrst klokka seks om ettermiddagen, sidan halv ni. I 2004 døyde Sigurd Køhn i tsunamien som råka Thailand. Også den svenske cellisten Markus Sandlund omkom i katastrofen. Sandlund (fødd 1975) kan i mi platehylle høyrast på Brian Wilson si konsertplate Presents Smile.

25.12.2017

Tjuefemte desember

Tjuefemte desember 1939 vart verdsmetropolen New York velsigna med Charles Alias. Perkusjonisten Don Alias spelte i lag med fleire store namn, som mellom anna Weather Report og Herbie Hancock. I mi platesamling kan Alias høyrast på Ian Hunter si plate All American Alien Boys frå 1976 og på Miles Davis si plate Amandla frå 1989, i tillegg til utvalde spor på Weather Report si samleplate Collections, som kom på marknaden i 2008. Alias gjekk bort i 2006. I 1944 kom Emory Lee Gordy til verda i olympiabyen Atlanta i Georgia. Plateprodusenten Emory Gordy Jr., med ei fortid i Elvis Presley sitt band, og som er gift med countrysongrinna Patty Loveless, er i mi platehylle kreditert for å spele bass på George Jones si plate Walls Can Fall frå 1992. I 1945 vart Ronnie Cuber fødd i New York City. Saksofonisten Cuber kan hjå meg høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1948 vart den amerikanske soulsongarinna Merry Clayton fødd i Gert Town i New Orleans i Louisiana, som dei fleste har fått med seg ligg i Louisiana. Clayton har ei allsidig karriere både som soloartist og korist for andre, mellom anna Rolling Stones-låta Gimme Shelter, hjå meg kan ho høyrast som bakgrunnsvokalist på Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Sprigfield Again frå 1967, og på Tori Amos si plate Under The Pink frå 1994. I 1954 vart den skotske artisten Ann Lennox fødd i oljebyen Aberdeen. Annie Lennox var den feminine halvdelen av den britiske popduoen Eurythmics, som hadde stor suksess frå starten i 1980 og framover. Hjå meg høyrer du Lennox på Eurythmics si åttande studioplate, We Too Are One frå 1989. I engelske Birmingham kom Robin Campbell til verda. Campbell er vokalist i engelske UB40 og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of UB40 Vol 1. frå 1987. I 1957 kom kultikonet Shane Patrick Lysaght MacGovan til verda i landsbyen Pembury i det engelske grevskapet Kent. Shane MacGovan er, saman med Jem Finer og Spider Stacy ein av grunnleggarane av det fantastiske folkpunkbandet The Pogues og kan i mi platehylle nytast på studioplatene Red Roses For Me (1984), Rum Sodomy & The Lash (1985), If I Should Fall From Grace With God (1988), Peace And Love (1989) og Hells Ditch (1990), i tillegg til samleplatene The Best Of The Pogues (1991) og The Rest Of The Best (1992). Før tida med The Pogues hadde Shane eit mindre kjend band med namnet The Nipple Erectors. Tungt alkoholiserte Shane har også gjeve ut plater saman med The Popes og debutplata The Snake frå 1994 er på plass i hylla. MacGovan kan også høyrast saman med resten av The Pogues på songen Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. MacGovan er elles kjend for å vere verdsmeister i tannlegeskrekk, noko som skal ha resultert i ein tanngard vanlege folk ikkje ville vere stolt av. I 1958 vart songarinna Alannah Myles fødd i Ontario i Canada. Myles slo gjennom med kjempehitten Black Velvet frå den sjølvtitulerte debutplata si i 1990, hjå meg kan ho i tillegg høyrast på to andre plater, den minst like gode andreplata Rockinghorse frå 1992, og Arrival frå 1998. I 1962 kom Francis Dunnery til verda i engelske Egremont. Gitaristen Dunnery sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Lauryn Hill si plate The Miseducation Of Lauryn Hill frå 1998. I 1963 kom Noël Rota til verda i Paris. Under namnet Helno eller Helno Rota gjorde mannen kjempesuksess som vokalist i det fantastiske bandet Les Negresses Vertes, som voks fram på den franske undergrunnscena på slutten av åttitalet. Rota song på dei to beste studioplatene frå bandet, Mlah (1988) og Famillie Nombreuse (1991), før han døyde av ein overdose heroin i 1993. I 1964 vart Torbjørn Eirik Økland fødd. Gitaristen Torbjørn Økland spelar til dagleg i Vamp og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene God Morgen, Søster (1993) og Flua På Veggen frå 1998. I 1969 vart Nicolas Godin fødd like utanfor Paris. Godin er ein halvpart av den franske electronicaduoen Air, som hjå meg kan høyrast på platene Moon Safari (1998) og Talkie Walkie (2004). I 1971 kom Noel Anthony Hogan til verda i Limeric i Irland. Noel Hogan er gitarist i irske The Cranberries og er i mi platesamling representert med platene Everybody Else Is Doing It So Why Can’t We (1993) og To The Faithful Departed (1996). I 1972 vart Josh Freese fødd i Orlando i pensjoniststaten Florida. Trommisen Freese er fast medlem av The Vandals og har i tillegg vore med på meir enn fire hundre plateinnspelingar. Hjå meg høyrer du Freese på modergruppa si plate The Quickening frå 1996, og frå den tida han var hyra inn for å halde takten på The Offspring si plate Splinter frå 2003. I 1979 var det Toy Dolls som var juleunderhaldninga i Northon Workmens Club i Stockton. I 2006 døyde James Brown. I 2016 døyde George Michael.

24.12.2017

Tjuefjerde desember

Tjuefjerde desember, sjølvaste julaftan, 1919 vart Henry Coker fødd i cowboy-byen Dallas i skytegale Texas. Trombonisten Coker spelte med Count Basie på femti- og sekstitalet og hjå meg høyrer du arbeidet hans på samleplata Atomic Swing frå 1999. Coker døyde i 1979. I 1945 kom Ian Kilmister til verda i Burslem i nærleiken av fotballbyen Stoke-On-Trent i engelske Staffordshire. Kilmister er i dag kjent mest kjent som Lemmy, sjefen over alle sjefar i verdas tøffaste rockeband, Motörhead. Lemmy har ei fortid som roadie for gitarguruen Jimi Hendrix og som bassist og vokalist i det legendariske undergrundsbandet Hawkwind før han stabla på beina sitt eige band midt på 1970-talet. Lemmy sin exit frå Hawkwind skuldast eit uheldig møte med det kanadiske grensepolitiet. Resten av bandet, med grunnleggar Dave Brock i spissen hadde ikkje tid til å vente på at bassisten skulle sone ferdig for smuglingsforsøk av eit par marihuanasigarettar, eit grovt brotsverk den gongen. Platehylla er full av Mötorheadplater, både vinyl og CD. Lemmy døyde i 2015. I 1951 kom Tom Wolk til verda i Yonkers i den amerikanske delstaten New York. Bassisten Tom «T-Bone» Wolk spelte lenge i bandet i fjernsynsshowet Saturday Night Live og elles saman med Hall & Oates. Hjå meg kan Wolk høyrast på plata Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991. Wolk døyde i 2010. I 1952 vart Jesús Merchán fødd i storbyen Bogota de Santa Fe i Columbia. I mi platehylle er bassisten Chucho Merchán kreditert for spele på Soft Machine-legenda Robert Wyatt si ellevte soloplate Comicopera frå 2004. I 1962 vart Darren Leigh Wharton fødd i engelske Failsworth. Tangentmannen Darren Wharton slo seg saman med Thin Lizzy som syttanåring og spelte med bandet fram til dei gav seg i 1983. Hjå meg kan Wharton høyrast på samleplata Dedication: The Very Best Of Thin Lizzy frå 1991, i tillegg til Phil Lynott si soloplate The Phillip Lynott Album frå 1982. I 1963 kom Mary Ramsey til verda i Washington D.C. Fiolinisten Ramsey konsentrerar seg om folk-generen, og kan hjå meg høyrast med fiolinhjelp på 10 000 Maniacs si konstruerte konsertplate MTV Unplugged frå 1993. I 1965 vart Brian Reitzell fødd. Trommisen Reitzell var ein av grunnleggjarane av bandet Redd Kross, men er like godt kjent for å samarbeide med Air og kan i mi platehylle høyrast på sistnemde si plate Talkie Walkie frå 2004. I 1968 vart Doyle Bramhall III fødd i cowboy-byen Dallas i skytegale Texas. Gitaristen Bramhall sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på gitarguruane B.B. King og Eric Clapton si samarbeidsplate Riding With The King frå 2000. I 1970 kom Will Oldham til verda i Louisville i Kentucky. Under artistnamnet Bonnie ”Prince” Billy har Oldham herja alternativscena sidan 1993, der han har skapt seg eit stort namn. Enno står ingen av hans eigne produksjonar i platehylle, men fortvil ikkje, for Bonnie ”Prince” Billy kan høyrast medan han syng saman med Johnny Cash på sin eigen song I See Darkness, som er å finne på plata Americana III: Solitary Man frå 2000. I 1973 vart Kjell Grutle fødd i Sveio. Grutle Kjellson er vokalist og bassist i Enslaved og står for tre solide bidrag til mi platehylle, Isa (2004), Vertebrae (2008) og Axioma Ethica Odini (2010). I 1981 bydde Birds Nest i Hartlepool til julefest med Toy Dolls som underhaldning. I 1983 var julestemninga sikra på Tin Can i Birmingham då Toy Dolls ringte jula inn. I 1989 spela Toy Dolls eit ettermiddagsshow på Street i Tokyo, og om kvelden var det E.L.L i Nagoya som fekk vitjing av dei hardarbeidande indierockarane frå Nordaust-England. I 1990 slepte Iron Maiden singelen Bring Your Daughter ... To The Slaughter som toppa listene i England i dei neste to vekene. I 2015 døyde William Guest. I 2016 døyde Rick Parfitt.

23.12.2017

Tjuetredje desember

Tjuetredje desember 1928 kom Murrey Mizell Harman til verda i countryhovudstaden Nashville i Tennessee. Trommisen Buddy Harman vart fyrste musikar med fast engasjement i legendariske Grand Ole Opry og skal ha medverka på så mykje som atten tusen ulike innspelingar. Hjå meg kan Harman sitt taktfaste arbeid nytast på dobbelplata The Fabolous Johnny Cash/ Songs Of Our Soil (1958), i tillegg til studioplatene Hynmn By Johnny Cash (1959), Now, There Was A Song (1960) og Ride This Train (1960), alle med Johnny Cash i førarsetet. I 1929 vart Chesney Henry Baker, Jr fødd i Yale i preriestaten Oklahoma. Den norskætta jazztrompetisten Chet Baker fekk etter kvart mange fans for det særeigne trompetspelet sitt, mellom anna den norske poeten Jan Erik Vold. Men nesten like mykje omtale har Baker hausta for den storstilte narkotikabruken sin, ein uvane som sørgja for at han måtte sone ei lang fengselsstraff i Italia, at han vart deportert frå det som den gong vart kalla Vest-Tyskland og at karrieren hans gjekk rett på skogen. Hjå meg kan Baker høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Baker døyde etter at han fall ut av eit hotellvindauga i Amsterdam i 1988. I 1940 kom Jorma Ludwig Kaukonen til verda i Washington D.C.. Gitaristen Jorma Kaukonen slo gjennom med hippie-legendene Jefferson Airplane, hjå meg kan han høyrast på David Crosby si soloplate If I Could Only Remember My Name frå 1971. I 1946 kom Luther James Grosvenor til verda i engelske Evesham. Gitaristen Ariel Bender spelte ein periode i Mott The Hoople og hjå meg kan han høyrast på bandet si sjuande studioplate, The Hoople frå 1974. I 1949 kom Robert Steven Belew til verda i Covington i Kentucky. King Crimson-gitaristen Adrian Belew kan hjå meg høyrast medan han spelar gitar for Paul Simon på plata Graceland frå 1986 og med synthgitar på songen God Shuffeled His Feet frå plata med same namn og som Crash Test Dummies slepte i 1993. I 1951 kom Douglas Stegmeyer til verda på Long Island i New York City. Bassisten Doug Stegmeyer er best kjend for eit årelangt samarbeid med Billy Joel og kan i mi platesamling høyrast på studioplata Glass Houses (1980), og konsertplata Kohucept frå 1987. Den stødige bassisten fekk etter kvart sparken frå Joel sitt band og ein desillusjonert Stegmeyer døyde for eiga hand i 1995. I 1956 kom David Michael Murray til verda i London. Gitaristen Dave Murray er i dag den eine av to gjenværande originalmedlemmer i dei engelske hardrocklegenden Iron Maiden. Den tidlegare skin headen «Moonface» Murray er til no representert på femten Iron Maiden studioplater i mi platehylle. Please keep it comin’. I 1962 vart trommeslagaren Sonny Emory fødd i olympiabyen Atlanta i den amerikanske delstaten Georgia. Emory kan i mi platehylle høyrast medan han spelar trommer for The B-52’s på plata Cosmic Thing frå 1989. I den tradisjonsrike engelske industribyen Birmingham kom Sarah Jordan til verda. Songaren Sass Jordan voks opp i den kanadiske olympiabyen Montreal og kan hjå meg høyrast på Jeff Healey si studioplate Hell To Pay frå 1990. I 1964 kom Edward Louis Severson III til verda i Chicago-forstaden Evanston i Illinois. Songaren og ukulelevirtousen Eddie Vedder var ein av grunnleggjarane av Pearl Jam og kan i mi platehylle høyrast på bandet si debutplate Ten (1991), og på den tredje studioplata Vitaology frå 1994. Vedder er også kreditert for vokalhjelp på Temple Of The Dog si einaste studioplate, Temple Of The Dog, frå 1991. I 1966 vart trommeslagaren Bobby Schayer fødd i det som vist nok skal vere englane sin by, Los Angeles. Kvifor denne er plassert på den amerikanske vestkysten er det ikkje tid eller plass til å diskutere her. Schayer var trommis i Bad Religion i ti år, frå 1991 til 2001, men måtte diverre forlate bandet på grunn av ei skadd skulder. Sjølv om musikarkarrieren fekk ein lei slutt, kan Schayer sitt trommespelet høyrast på platene Stranger Than Fiction frå 1994, og No Substance, som kom på marknaden i 1998. I 1968 kom Stanislas Poupaud til verda i franske Neuilly-sur-Seine. Multiinstrumentalisten Yarol Poupaud spelte gitar i det franske funkrockbandet Fedèration Francaise de Funk (FFF), som berikar mi platehylle med tre titlar, Blast Culture (1991), Free For Fever (1993) og FFF (1996). I 1976 vart Jamie Murphy fødd i engelske Liverpool. Gitaristen Murphy spelar til dagleg i Space og kan i mi platehylle høyrast på eit spor på Tom Jones si samarbeidsplate Reload frå 1999. I 1979 slepte Public Image Ltd si andre studioplate Metal Box. Hjå meg finn du andreutgåva, Second Edition. På kvelden vitja Toy Dolls Boiler Makers Club i Sunderland. I 1983 spela Toy Dolls på Noresman i Amble. I 1992 døyde Eddie Hazel. I 1998 markerte The Cranberries at det snart var jul med å gje ut singelen I Just Shot John Lennon. I 2007 døyde Oscar Peterson. I 2013 døyde Ricky Lawson.

22.12.2017

Tjueandre desember

Tjueandre desember 1913 vart Dudley Brooks fødd i Los Angeles i California. Pianisten Brooks var fast studiomusikar for filmselskapet Paramount Studios og er best kjend for å spele på lydsporet i filmar med Elvis Presley i hovudrolla. Hjå meg kan Brooks sitt pianospel høyrast på utvalde spor på samleplata 30 #1 Hits, som dødsbuet etter kongen slepte i 2002. Brooks døyde i 1989. I 1939 kom James Martin Gurley til verda i bilbyen Detroit i Michigan. James Gurley var ein av to gitaristar i eit av Janis Joplin sine best kjende backingband, Big Brother & The Holding Company. Hjå meg kan Gurley høyrast på Big Brother & The Holding Company si sjølvtitulerte debutplate frå 1967, og på utvalde spor på samleplatene Janis/Early Recordings og Farewell Song, som dødsbuet etter Janis Joplin slepte i høvesvis 1975 og 1982. Gurley døyde i 2009. I 1942 vart Richard Parry fødd i engelske Suffolk. Saksofonisten Dick Parry er mannen bak det glitrande saksofonspelet på Pink Floyd sin song Money frå den millionselgjande studioplata Dark Side Of The Moon frå 1973. I 1946 vart Richard A. Nielsen fødd i Rockford i Illinois. Den energiske gitaristen Rick Nielsen er sjefen i Cheap Trick. Eg var så heldig at eg plukka opp konsertplata Live At Budokan ein gong tidleg på åttitalet og sidan har eg vore heilfrelst Cheap Trick-fan. I CD-hylla mi står, i tillegg til den omtala konsertplata, den doble samleplate The Essential Cheap Trick, som dekkar det meste av det beste dei har gjort. Og i det siste har også den nyaste plata, The Latest, distribuert gjennom Classic Rock Magazine, dukka opp. Nielsen spelte også gitar på Alice Cooper si plate From The Inside, og på Kss-bassist Gene Simmons si soloplate, begge frå 1978. I 1949 kom tvillingane Robin Hugh og Maurice Ernest Gibb til verda i den gamle vikingbyen Douglas på Isle Of Man. Saman med storebroren Barry starta Robin og Maurice Gibb Bee Gees og popmusikken vart aldri meir den same. Hjå meg kan tvillingane høyrast på konsertplata One Night Only som kom på marknaden i 1998. Diverre døyde Maurice Gibb i 2003. Robin Gibb døyde i 2012. I 1953 var Chet Baker i studio og spela inn Pro Defunctus og Moonlight Becomes You. Med seg i studio hadde han saksofonistane Herb Geller, Jack Montrose og Bob Gordon, pianisten Russ Freeman, Joe Mondragon på bass og trommeslagaren Shelly Manne. Begge låtane kan høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. I 1957 kom Richard Alexander Ross til verda i den ikkje altfor store skotske byen Dundee. Ricky Ross er best kjend som vokalist og gitarist i bandet Deacon Blue og kan hjå meg høyrast på studioplatene Raintown (1987) og Fellow Hoodlums (1991). I 1959 vart John Patitucci fødd i Brooklyn i New York City. Bassisten Patitucci spelar til vanleg med artistar innom jazz-sjangeren, men hjå meg kan han høyrast på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992. I 1965 freista The Byrds å korte ned ventetida fram til jul med å spele inn det som vart alternative versjonar av Eight Miles High og Why. Begge spora kan høyrast som tilleggsmateriale på bandet si tredje studioplate Fifth Dimension, som i originalversjon kom på marknaden i 1966. I 1967 kom Richey James Edwards til verda i walisiske Blackwood. Gitaristen Richey Edwards spelte i marxistbandet Manic Street Preachers fram til 1995 og i mi platehylle kan han høyrast på studioplatene Generation Terrorists (1992), Gold Against The Soul (1993) og The Holy Bible (1994). Edwards forsvann under ein biltur i 1995 og vart erklært antatt daud i 2008. I 1979 spela Toy Dolls i Football Club i Peterlee. I 1986 dundra Iron Maiden inn på hitlistene med Stranger In A Strange Land. Topplasseringa vart tjueandreplass. I 1992 døyde Harry Bluestone. I 2002 døyde Joe Strummer. I 2009 døyde Mick Cocks. I 2012 døyde Mike Scaccia. I 2014 døyde Joe Cocker.

21.12.2017

Tjuefyrste desember

Tjuefyrste desember 1940 vart Frank Vincent Zappa fødd i Baltimore i Maryland. Multitalentet Frank Zappa var bandleiaren som komponerte eigen musikk, produserte plater og laga filmar og musikkvideoar. Bandet han leia var The Mothers Of Inveintion, som følgde Zappa i tjukt og tynt. Hjå meg finn du Zappa sitt arbeid på den litt underlege samleplata Rare Beefheart/Vintage Zappa, som han deler med eksentriske Captain Beefheart. Zappa døyde i 1993. I 1943 kom Albert Lee til verda i engelske Lingen. Gitaristen Lee er kjend for sitt spesielle fingerspill og har inspirert ei rekkje unge gitaristar etter han. Hjå meg kan Lee sitt gitarspel høyrast på Michelle Shocked si studioplate Arkansas Traveller frå 1992, og på utvalde spor på Dolly Parton si samleplate Greatest Hits frå 1982. I 1946 kom Carl Dean Wilson til verda i Hawthorne i California. Gitaristen Carl Wilson er den mindre kjende broren til Brian Wilson og spelte gitar i The Beach Boys. Hjå meg høyrer du Wilson sitt gitarspel på studioplata 15 Big Ones frå 1976, og på samleplata Summer Dreams. Carl Wilson døyde i 1998. I 1948 vart Martin Belmont fødd i Bromley i det engelske grevskapet Kent. Gitaristen Belmont kan hjå meg høyrast på plata Workers Playtime, som Billy Bragg slepte i 1988. I 1951 kom Alejandro Blake Fearon Jr. til verda i Panama. Bassisten Alex Blake kom til USA som sjuåring, slo seg opp som fusionbassist og har ein imponerande CV. Hjå meg kan Blake sitt basspel høyrast på plata The Offbeat Of Avenues, som The Manhattan Transfer slepte i 1992. I 1960 vart Debsey Wykes fødd i London-bydelen Hammersmith. Bassisten Wykes var på slutten av syttitalet med å starte bandet Dolly Mixture, i mi platehylle kan ho høyrast medan ho syng bakgrunnsvokal på The Pogues sine studioplater Waiting For Herb (1993) og Pogue Mahone (1996). I 1963 døyde Clifford Gibson. I 1971 sa Deep Purple seg fornøgde og avslutta innspelinga av det som skulle ende opp som studioplata Machine Head. I 1981 spela AC/DC den andre konserten på to kveldar i Largo/Landover. Hendinga vart filma og eit opptak av Let’s get it up er å finne på DVD’en Family Jewels. I 1982 var Toy Dolls og spela på Julies i Newcastle. I 1983 kunne Toy Dolls opplevast på Brannigans i Leeds. I 2007 tapte tidlegare Magnum-trommis Kevin ”Kex” Gorin kampen mot kreften. Gorin heldt takten på Magnum sine fire fyrste studioplater, eg har berre sikra meg to av dei, Kingdom Of Madeness (1978) og Magnum II (1979), i tillegg til konsertplata Marauder, som kom på marknaden i 1980. I 2013 døyde Björn J:son Lindh.

20.12.2017

Tjuande desember

Tjuande desember 1945 vart George Peter John Criscoula fødd i Brooklyn i New York City. Trommis Peter Criss var ein av dei fire originale medlemmane av Kiss, men slutta så tidleg som 1980 og bidrog minimalt på plata Dynasty frå 1979, sjølv om han var avbilda på omslaget og har hausta det meste av æra for trommespelet på plata. Criss har seinare dukka opp på diverse attforeiningar av Kiss. Hjå meg kan Criss høyrast på platene Love Gun, frå 1977, og altså med eit minimalt bidrag på Dynasty, i tillegg til samleplata Double Platinum frå 1978. I 1948 kom Alan Parsons til verda i London. Plateprodusenten Parsons har gjort seg merkt med bandet The Alan Parsons Project, som var aktive i perioden 1975 til 1990, og kan hjå meg høyrast på samleplata The Instrumental Works frå 1988. I 1951 vart Brynjulf Blix fødd i Oslo. Pianisten Blix er best kjend for å spele med Terje Rypdal, i mi platehylle kan han høyrast medan han spelar keyboards på Stage Dolls si plate Commandos frå 1986. I 1957 kom Stephen William Bragg til verda i London. Billy Bragg er ein kjend artist på alternativscena der han blandar element frå folk rock og punk. Billy Bragg er ein aktiv aktivist på den politiske venstresida, slike skulle det ha vore fleire av, og bidraget til mi platehylle heiter Workers Playtime, var Bragg si tredje studioplate og kom på marknaden i 1988. I Memphis i Tennessee vart Anita Ward fødd. Discodronninga Ward er best kjend for låta Ring My Bell (1979), som også er tittelen på hennar bidrag til mi platehylle. I 1964 var dette dagen Johnny Cash var i studio og spela inn Danny Boy, All Of Gods Children Ain’t Free, Orange Blossom Special og Engine 143 medan andre var ute og kjøpte julepresangar. Songane kan høyrast på plata Orange Blossom Special som kom på marknaden året etter. I 1966 kom Christopher Mark Robinson til verda i Marietta i Georgia. Songaren Chris Robinson slo gjennom med bandet Black Crows, saman med broren Rich Robinson, men har også putla med sideprosjekt som The Chris Robinson Brotherhood. I mi platehylle kan du høyre Robinson si røyst på studoplatene The Southern Harmony And Musical Companion (1992), Amorica (1994) og By Your Side (1999). I 1967 fekk Jimi Hendrix Experience foreviga Crosstown Traffic i Olympic Studios i London. I 1970 hjelpte Black Sabbath til med å ringe jula inn på Olympia i Paris. Dei frammøtte fekk høyra mellom anna War Pigs og N.I.B som kan høyrast og sjåast på DVD-en Undead And Alive. I 1979 var Toy Dolls i Ferryhill for å spele i Station Workmen Club. I 1981 let AC/DC Hells Bells ringe i øyro på konsertgjengarane i Largo/Landover. Songane Back In Black og T.N.T. frå denne konserten kan nytast på DVD’en Plug Me In. I 1982 vart John Olav Nilsen fødd. Nilsen voks opp i Loddefjord vest for Bergen, og saman med Gjengen platedebuterte John Olav i 2009 med plata For Sant Til Å Være Godt, som vart ein bestsegjar i ein elles vanskeleg platemarknad. Oppfølgjaren Det Nærmeste Du Kommer frå 2011 toppa platelister for både sal og nedlasting og står som ei antitese i ei verd prega av dalande platesal. Don Law døyde denne dagen. I 1983 var det Toy Dolls som sikra høg førjulsstemning frå scenen på 100 Club i London. I 2009 døyde James Gurley.

19.12.2017

Nittande desember

Nittande desember 1915 kom sporven Edith Piaff til verda som Edith Giovanna Gassion. Unge Piaf skal ha vokse opp i ein bordell i Normandie, før ho som femtanåring drog til Paris og hovdsakleg livnærte seg som gatesongarske. Med tida vart ho oppdaga av Yves Montand, som sørga for at ho fekk platekontrakt. Hjå meg høyrer du den høgst uofisielle samleplata Greatest. Piaf døyde allereie i 1963. I 1929 vart jazzmusikaren Robert Brookmeyer fødd i Kansas City i Missouri. Bob Brookmeyer kan i mi platesamling høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays, som Chet Baker slepte i 1992. Brookmeyer døyde i 2011. I 1935 kom Robert Henry Timmons til verda i Philadelphia i Pennsylvania. Pianisten Bobby Timmons sine leikne tonar kan hjå meg høyrast på Chet Baker si samleplate Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Timmons døyde i 1974. I 1941 vart Maurice White fødd i rock’n roll hovudstaden Memphis i Tennessee. Earth Wind & Fire-sjefen White sine bragder kan hjå meg nytast på plata Touch The World frå 1987. I 1942 kom Cornell Luther Dupree til verda i Fort Worth i skytegale Texas. Gitaristen Cornell Dupree skal ha spelt på så mange som 2500 innspelingar, hjå meg finn du arbeidet hans på eitt spor på plata All American Alien Boys, som Ian Hunter slepte i 1976. Dupree døyde i 2011. I 1944 vart Graham Alvin Barnes fødd i den engelske fotballbyen Nottingham. Supergitaristen Alvin Lee starta bandet Ten Years After i 1960 og gjorde ein fantastisk konsert på den gigantiske festivalen i Woodstock i 1969. Hjå meg kan du høyre Lee på bandet si sjette studioplate, Watt, frå 1970. Lee døyde i 2013. I 1947 kom James Stewart Bain til verda i skotske Newtonmore. Bassisten Jimmy Bain har spela med Phil Lynnot i Thin Lizzy, men er mest kjend for å ha spelt i Rainbow og Dio. Hjå meg kan Bain høyrast på platene The Phillip Lynott Album, som Phil Lynott slepte i 1982, og på Holy Diver (1983) og Dream Evil (1987) frå bandet til metallgnomen Ronnie James Dio. Bain døyde i 2016. I 1951 vart John Gerrard McAvoy fødd i nordirske Belfast. Bassisten Gerry McAvoy er best kjend for samarbeidet med den irske gitaristen Rory Gallagher og basspelet hans kan hjå meg høyrast på plata Calling Card frå 1976, samt utvalde spor på samleplata Big Guns, som kom på marknaden i 1995. I 1957 kom den australske bassisten Tracy Pew til verda. Tracy Pew spelte i bandet The Birthday Party og kan hjå meg høyrast på plata Junkyard frå 1982. Pew døyde i 1986. I 1958 var Count Basie og bandet hans i studio og spela inn sin versjon av Quincy Jones sin The Midnite Sun Never Sets. Komponisten sjølv var arrangør, og solist var Marshall Royal på altsaksofon. Resultatet kan du høyre på samleplata Atomic Swing frå 1999. I 1964 vart Kermitt Ruffins fødd i New Orleans i Louisiana. Trompetisten Ruffins, som har ein spelestil som er sterkt inspirert av Louis Armstrong, kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Robbie Robertson på hans andre soloplate, Storyville frå 1991. I 1982 var det Legions Club i South Shields som var vertskap for Toy Dolls. I 1992 kom Alannah Myles si andre studioplate, Rockinghorse. I 1993 døyde Michael Clarke. I 2000 døyde Rob Buck og Roebuck «Pops» Staples. I 2013 døyde Herb Geller.

18.12.2017

Attande desember

Attande desember 1941 kom Sam Houston Andrew III til verda i småbyen Taft i California. Gitaristen Sam Andrew var ein av grunnleggjarane av gruppa Big Brother & The Holding Company, som også var bandet der Janis Joplin la grunnlaget for sitt ettermæle. Hjå meg kan Andrew høyrast på Big Brother & The Holding Company si sjølvtitulerte debutplate frå 1967, i tillegg til samleplatene Janis/Early Performances og Farewell Song, som Janis Joplin sitt dødsbu slepte i høvesvis 1975 og 1982. Andrew døyde i 2015. I 1943 vart Robert Henry Keys fødd i Slaton, ein liten tettstad langs Highway 84 nord i den skytegale amerikanske delstaten Texas. Saksofonisten Bobby Keys er i mi platehylle kreditert for å spele på songen Had Me A Good Time frå Faces si plate Long Player, som kom på marknaden i 1971, og på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975, i tillegg til sørstatsrockarane Lynnyrd Skynyrd sin versjon av JJ Cale sin legendariske hit They Call Me The Breeze, som du finn på samleplata The Essential Lynyrd Skynyrd frå 1998. Keys døyde i 2014. I engelske Dartford, like sør for storbyen London, kom Keith Richards til verda. Gitaristen Richards har tent seg steinrik på å spele i Rolling Stones, som hjå meg er representert med samleplata Jump Back. Hjå meg kan Richards elles høyrast medan han trakterar strengane på Tom Waits si åttande studioplate Rain Dogs frå 1985, samt utvalde spor på reggealegenda Peter Tosh sine samleplater The Toughest (1998) og The Best Of Peter Tosh (1999). I 1950 kom Randolpho Francisco Castillo til verda i omsungne Alberquerque i New Mexico. Trommeslagaren Randy Castillo tente lenge til livets opphald ved å halde takten for sjølvaste The Prince Of Darkness, Ozzy Osbourne, og han har fleire plateinnspelingar bak seg. Hjå meg kan Castillo høyrast på studioplatene No Rest For The Wicked (1988) og No More Tears (1991). Castillo er også ein av fleire trommeslagarar som har vikariert i Mötley Crüe medan deira faste trommeslagar, Tommy Lee, var innom kasjotten, etter at han vart dømd for å ha banka kona si, den kanadiske skodespelaren Pamella Anderson. Castillo døyde i 2002. I White Plains i delstaten New York vart Craig Pruess fødd. Pruess er kreditert for å spele sitar på Manic Street Preachers si plate This Is My Truth Tell Me Yours frå 1998. I 1953 vart Elliot Easton fødd i Brooklyn. Easton var sjefsgitarist i The Cars og kan hjå meg høyrast på studioplatene The Cars (1978) og Door To Door 1987), i tillegg til samleplata Greatest Hits frå 1987. I 1964 var Johnny Cash i studio i countryhovudstaden Nashville i Tennessee og spela inn songane The Wall, You Wild Colorado og Wildwood Flower. Han spela også inn si versjon av Bob Dylan sin slager Don’t Think Twice, It’s Alright. Cash byrja også på innspelinga av When It’s Springtime In Alaska (it’s forty below) (duett med June Carter) og Amen. Alle songane kan høyrast på plata Orange Blossom Special, og i tillegg finn du When It’s Springtime In Alaska og The Wall på samleplata Murder frå 2000. I 1969 var eit Band Of Gypsies leia av Jimi Hendrix i studio for å spele inn Ezy Ryder. I 1971 kom Baxter Dury til verda i engelske Wingrave. Den engelske indieartisten Baxter er son av meir meritterte Ian Dury og debuterte som frontfigur på omslaget til faren si plate New Boots And Panties som femåring. Hjå meg kan Baxter Dury høyrast på plata Floor Show frå 2005. I 1972 kom Leor Dimant til verda i Riga i Latvia. DJ Lethal spelte tidlegare med House Of Pain, hjå meg kan han høyrast medan han samplar og spelar tangentar for Limp Bizkit på samleplata New Old Songs frå 2001. I 1974 vart Knut Schreiner fødd i Oslo. Gitaristen Euroboy har gjort seg merkt både i Turboneger og Kåre And The Cavemen, som etter kvart endra namn til Euroboys. Hjå meg høyrer du Euroboy Schreiner på platene Jet Age som Kåre And The Cavemen slepte i 1997, Soft Focus (Euroboys 2007) og Retox, som Turbonegro slepte i 2007. I flyplassbyen Newark i New Jersey kom Rashia Fisher til verda. Rapartisten Rah Digga har tidlegare samarbeida med Busta Rhymes, hjå meg høyrer du ho på plata The Score, som Fugees slepte i 1996. I 1979 spela Toy Dolls i Rumors Disco i Sunderland. I 1983 avslutta Iron Maiden World Piece Tour med konsert i tyske Dortmund. I 1987 døyde Conny Plank. I 2000 døyde Kirsty MacColl. I 2011 døyde Ralph MacDonald. I 2013 døyde Ronnie Biggs.

17.12.2017

Syttande desember

Syttande desember 1937 vart Art Neville fødd i New Orleans i Louisiana. Songaren Neville er best kjend som den eine halvleiken av The Neville Brothers, hjå meg kan han høyrast medan han spelar tangentar og syng bakgrunnsvokal på eit spor på den tidlegare The Band-leiaren Robbie Robertson si andre soloplate Storyville frå 1991. I 1948 kom fiolinisten Darryl Way til verda ein stad i engelske Somerset. Mi platehylle byr på Way sitt felespel på Jethro Tull si plate Heavy Horses frå 1978, men han nådde aldri status som fullverdig medlem av bandet. Way er også kreditert for å traktere felea på Marianne Faithfull si best kjende studioplate, Broken English, som kom på marknaden i 1979. I 1949 vart Paul Bernard Rodgers fødd i den engelske hamnebyen Middlesbrough. Songaren Paul Rodgers har hatt stor suksess med banda Free og Bad Company, og som erstattar for Freddie Mercury i Queen. Hjå meg kan rockens siste gentleman høyrast som frontmann for supergruppa Bad Company på bandet si andre studioplate Straight Shooter frå 1975. I 1950 kom Carlton Barrett til verda i Kingston i reggeastaten Jamaica. Trommisen Barrett starta karrieren sin i bandet The Upsetters, men der betre kjend for arbeidet han gjorde for Bob Marley. Hjå meg kan Barrett sitt taktfaste arbeid høyrast på plata Legend, som dødsbuet etter Bob Marley slepte i 1984, i tillegg til eit par samleplater av varierande kvalitet. Barrett døyde i 1987. I 1956 kom Roy Milton Huskey til verda i countryhouvudstaden Nashville i Tennessee. Bassisten Roy Huskey Jr kan hjå meg høyrast på Steve Earle si plate El Corazón frå 1997. Huskey døyde i 1997. I 1958 vart R.E.M.-musikaren Michael Edward Mills fødd i Orange County i California. Mike Mills kan høyrast på så mykje som ni ulike R.E.M-titlar i mi platehylle, studioplatene Fables Of Reconstruction (1985), Document (1987), Green (1988), Out Of Time (1991), Monster (1994), New Adventures In Hi-Fi (1996), Up (1998) og Reveal (2001), i tillegg til samleplata The Best Of R.E.M (1991). Mills kan også høyrast medan han spelar bass for Warren Zevon på plata Sentimental Hygiene frå 1987, medan han syng bakgrunnsvokal på eit spor Robbie Robertson si andre soloplate Storyville frå 1991, og medan han spelar piano for The Smashing Pumpkins på songen Soma frå plata Siamese Dream, som kom på marknaden i 1993. I 1960 kom Torstein Flakne til verda på Melhus i Trøndelag. Gitaristen Flakne var frontfigur i Stage Dolls og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Commandos frå 1986. I 1963 kom Vince DiFiore til verda. Trompetisten DiFiore kan hjå meg høyrast på The Dandy Warhols si plate Thirteen Tales Of Urban Bohemia frå 2000. I 1964 fekk The Long Black Veil og Mama You’ve Been On My Mind evig liv i Johnny Cash si tolking. Cash byrja også innspelinga av (I’m Proud) The Baby Is Mine. Alle songane kan høyrast på plata Orange Blossom Special som var produsert av Don Law. Dei faste musikarane Luther Perkins og Marshall Grant vart assistert Norman L. Blake, Ray Edenton og Robert L. Johnson på gitar, W.S. Holland på trommer, Floyd Cramer og William Withney Pursell på piano, Charles R. McCoy på munnspel og ei blåserekkje beståande av Homer L. Randolph på saksofon og trompetistane William K. McElhiney og Karl R. Garvin. I 1964 spela Johnny Cash inn The Long Black Veil, som enda opp på plata Orange Blossom Special. Songen kan også høyrast på ei rekkje samleplater, mellom anna Murder frå 2000. I 1976 gav AC/DC ut den internasjonale versjonen av plata Dirty Deeds Done Dirt Cheap. I 1981 spela AC/DC i War Memorial i Rochester og Toy Dolls var på plass i Turks Head i Darlington. I 1982 kom Toy Dolls til Smugglers Club i Stanley for å spele. I 1986 kom Toy Dolls til Coventry Polytechnic for å spele. I 1992 var Nash Kato, Blackie O og ”Eddie” King Roeser i Urge Overkill på plass i Studio 4 i Philadelphia for å byrje innspelinga av det som etter kvart vart plata Saturation og kom på marknaden året etter. I 2010 døyde Captain Beefheart. I 2011 døyde Cesária Évora.

16.12.2017

Sekstande desember

Sekstande desember 1939 kom Bernard Noël McKenna fødd i den irske hovudstaden Dublin. Banjo Barney McKenna var ein av grunnleggjarane av The Dubliners og kan hjå meg høyrast på konsertplata Live In Carré, i tillegg til fleire samleplater. McKenna er også kreditert for å spele banjo på Shane MacGowan & The Popes si debutplate The Snake frå 1995. McKenna døyde i 2012. I 1945 vart William Frederick Gibbons fødd i oljebyen Houston i skytegale Texas. Billy Gibbons er den skjeggete gitaristen i den texanske bluesrockgruppa ZZ Top. Sjølv var eg heldig og fekk sjå ZZ Top i levande live i Oslo Spectrum i 1996, ei oppleving eg levde lenge på. I platehylla står, enn så lenge, dei svært så ulike studioplatene Fandango (1975) og Recycler (1990), samt samleplate Viva Las Vegas. Gibbons er også kreditert for å bidra med grom gitarlyd på Queens Of The Stone Age si fjerde studioplate, Lullabies To Paralyze frå 2005. I Nelson i engelske Lancashire kom Anthony Christopher Hicks til verda. Gitaristen Tony Hicks har spela i The Hollies sidan 1963 og kan i mi platehylle høyrast på samleplata 20 Great Love Songs. I 1946 kom framtidige Hep Stars-pianist Benny Bror Göran Andersson til verda i den svenske hovudstaden Stockholm. Sjølv om det var i Hep Stars grunnlaget for verdsherredømd vart lagdt, er Benny Andersson best kjent for tida i den svenske popgruppa ABBA. ABBA serverte ei rekkje hits gjennom syttiåra og vidare inn på åttitalet, og Andersson har også, i samarbeid med kompisen Bjørn Ulveus, vore med å komponere musikalar som Chess. Hjå meg finn du samleplatene The Hits og ABBA Gold. I 1949 vart James Whiting fødd i Harlem i New York City. Munnspelvirtousen Sugar Blue er i mi platehylle kreditert for å spele på utvalde spor på Bob Dylan si triple samleplate The Bootleg Series Vol. 1-3, som kom på marknaden i 1991. I 1959 var Count Basie med band i studio og spela inn songen Back To The Apple. Frank Foster og Joe Newman var solistar på tenorsaksofon og trompet. Resultatet kan høyrast på samleplata Atomic Swing frå 1999. I 1973 vart Scott Spencer Storch fødd på Long Island like utanfor New York City. Plateprodusenten Scott Storch kan hjå meg høyrast medan han spelar keyboard på rapkollektivet D12 si debutplate Devil’s Night frå 2001. I 1981 spela AC/DC i War Memorial i Rochester. I 1982 var det publikum på Mitre i Newcastle som tok i mot dei unge mennene i Toy Dolls. I 1997 døyde Nicolette Larson. I 2001 døyde Stuart Adamson.

15.12.2017

Femtande desember

Femtande desember 1955 kom Paul Gustave Simonon til verda i engelske Halifax. Bassisten Paul Simonon er best kjend for tida i punklegendene The Clash, som så langt har lura to plater, studioplata Combat Rock (1982) og samleplata The Singles (2007), inn i samlinga mi. Simonon trør også til på Gorillaz si plate Plastic Beach frå 2010, der han er attforeina med tidlegare Clash-kollega Mick Jones. I 1956 vart William Mark Wainwright fødd på austkanten av storbyen London. William Orbit spelar både gitar og tangentar på Madonna si plate Music frå 2000. I 1957 vart Tim Reynolds fødd i Wiesbaden i det som den gongen var Vest-Tyskland. Reynolds er gitarist i Dave Matthews Band og har også spela konsertar og gjeve ut plater saman med Dave Matthews under namna Dave & Tim og Dave Matthews & Tim Reynolds. I mi platehylle finn ein Reynolds sitt gitarspel på platene Under The Table And Dreaming frå 1994, før Reynolds var fullverdig medlem i DMB, og Dave Matthews & Tim Reynolds Live At Luther College frå 1999. I 1961 kom Timoty Gaines til verda i Portland i konservative Oregon. Tim Gaines spelar til dagleg bass i det kristne glamrock-bandet Stryper og kan i mi platehylle høyrast på plata To Hell With The Devil frå 1986. I 1973 vart Mick Cooke fødd. Cooke har ei fortid som trompetist i Belle & Sebastian og kan hjå meg høyrast på plata The Boy With The Arab Strap frå 1998. I 1979 inntok Toy Dolls Boldon Dewside Club i Sunderland og i 1981 spela AC/DC i Boston Garden i Boston. I 1982 var Toy Dolls på plass i Old Twenty Nine i Sunderland. I 1983 kunne Toy Dolls høyrast på Bear Pit i Newcastle. I 2001 døyde Rufus Thomas. I 2009 døyde Chris Feinstein. I 2011 døyde Bob Brookmeyer.

14.12.2017

Fjortande desember

Fjortande desember 1943 kom Richard Allen Wagner til verda i Oelewein i Iowa. Gitaristen Dick Wagner sitt arbeid kan hjå meg høyrast på Alice Cooper-platene School’s Out frå 1972 og Billion Dollar Babies, som kom på marknaden i 1973, i tillegg til From The Inside frå 1978. Wagner døyde i 2014. I 1946 vart Jane Mallory Birkin fødd i London. Skodespelaren Jane Birkin syng den kvinnelege røysta på Serge Gainsbourg si plate Historie De Melody Nelson frå 1971. Birkin fekk dottera Charlotte Gainsbourg saman med Serge. I 1949 vart Clifford Williams fødd i Romford i Essex. Cliff Williams er beste kjend som bassist i AC/DC der han erstatta Mark Evans i juni 1977. Williams har sidan klamra seg til jobben og er i skrivande stund framleis ansvarleg for firestrengsgitaren. Hjå meg høyrer du Williams på platene Back In Black (1980), For Those About To Rock (1981), The Razors Edge og Black Ice (2008). I 1952 kom John Lurie til verda i Minneapolis i Minnesota. Saksofonisten Lurie er i mi platehylle kreditert for å spele på eit spor på Tom Waits si åttande studioplate, Rain Dogs frå 1985. I 1957 kom Runar Tafjord til verda i Langevåg på Sunnmøre. Tafjord spelar valthorn i The Brazz Brothers og hjå meg kan valthornspelet hans høyrast på platene Afrobrazz (1993) og Aquarius (2001). I 1958 såg Peter Stacy dagens ljos i den badebyen Eastbourne på den engelske søykysten. Fløytespelande Spider Stacy er ein av grunnleggarane av The Pogues, og hjå meg kan arbeidet hans høyrast på studioplatene Red Roses For Me (1984), Rum Sodomy & The Lash (1985), If I Should Fall From Grace With God (1988), Peace And Love (1989), Hells Ditch (1990), Waiting For Herb (1993) og Pogue Mahone (1996), i tillegg til samleplatene The Best Of The Pogues (1991) og The Rest Of The Best (1992). Spider Stacy kan også høyrast saman med resten av The Pogues på songen Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988, og på Shane MacGowan & The Popes-plata The Snake frå 1995. I Edinburg vart Michael Scott fødd. Mike Scott har sidan fyrste halvdelen av åttitalet vore drivkrafta i bandet Waterboys og sidan som soloartist. Scott har fått plass i mi platehylle både som soloartist med albumet Bring ’Em All Inn frå 1995, og med Waterboys si femte studioplate, Room To Roam, som kom på marknaden i 1990. Scott er også kreditert for å spele gitar på Janet Jackson si plate The Velvet Rope frå 1997. I 1959 nytta Johnny Cash denne dagen til å erklære at han var Going To Memphis, truleg ikkje for ei Seccond Honeymoon, men for å syngje The Ballad Of The Harpweaver. Alle desse tre songane kan høyrast på plata Ride This Train. Going To Memphis kan også høyrast på samleplata Murder frå 2000. I 1960 kom Gary Milton James til verda i England. Trommisen Gary James spelar for tida i Magnum, hjå meg kan han høyrast på Thunder si andre studioplate, Laughing On Judgement Day, frå 1992. I 1981 feira AC/DC bassisten Williams sin fødselsdag med å halde konsert i Boston Garden i Boston i Massachusetts. I 1982 stod Toy Dolls for underhaldninga på Honeysuckle i Gateshead. I 1986 kunne Toy Dolls opplevast på Sala Largi i Pamplona. I 2001 døyde Conte Candoli. I 2005 gav Madrugada ut konsertplata Live At Tralfamador. I 2006 døyde Sivuca.

13.12.2017

Trettande desember

Trettande desember 1947 vart Charles B. Findley fødd i Johnstown i Pennsylvania. Trompetisten Chuck Findley sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på eitt spor på Joni Mitchell si plate Hejira frå 1976, og på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose (2006), i tillegg til utvalde spor på samleplata Greatest Hits, som Dolly Parton slepte i 1982. I 1948 kom Theodore Anthony Nugent til verda i traktene rundt bilbyen Detroit i Michigan. Gitaristen Ted Nugent har ei fortid i Amboy Dukes, men er best kjend for arbeidet med eiga solokarriere. Nugent er kjend som The Motor City Madman og får diverre omdømet sitt skjemt av ei rekkje særs høgrevridde meiningar som provar at ein ikkje treng vere over gjennomsnittet smart for å spele gitar på dugande vis. Hjå meg finn du Nugent sitt arbeid på soloplata Penetrator frå 1984. I den amerikanske hovudstaden Washington D.C. vart Jeffrey Allen Baxter fødd. Gitaristen Jeff Baxter har vore innom både Steely Dan og The Doobie Brothers, men arbeider i dag som rådgjevar for det amerikanske forsvarsdepartementet med missilar som spesialfelt. Hjå meg høyrer du Baxter sitt gitarspel på platene Gene Simmons Soloalbum frå 1978, og Backstreets Of Desire, som Willy DeVille slepte i 1992. I London kom David O’List til verda. Gitaristen Davy O’List var innom Roxy Music tidleg i deira karriere og hjå meg kan han høyrast medan han spelar på utvalde spor på samleplata More Than This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music frå 1995. I 1950 vart Don Dixon fødd i Lancaster i South Carolina. Plateprodusenten Dixon er i mi platehylle kreditert for å spele bass på eitt spor på R.E.M. si samleplate The Best Of R.E.M., som kom på marknaden i 1991. I 1974 vart Nicholas John Augustine McCarthy fødd i badebyen Blackpool. Nicholas McCarthy livnærer seg som gitarist i det skotske indiebandet Franz Ferdinand og kan hjå meg høyrast på bandet sine tre fyrste studioplater, Franz Ferdinand (2004), You Could Have It So Much Better (2005) og Tonight: Franz Ferdinand (2009). I 1982 kunne Toy Dolls opplevast i New Crown Hotel i South Shields, og Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte studioplata The Distance. I 1986 var Toy Dolls i Zaragoza for å spele på Metro. I 1988 gjekk Uriah Heep i PRT Studios for å spele inn det som endte opp som plata Raging Silence, som kom ut året etter på det svenske selskapet Lynx Records. I 2005 gav Beck ut plata Guerolito, som inneheld remixa versjonar av songane på plata Guero, som kom ut tidlegare same året. I 2007 døyde Dan Fogelberg. I 2010 døyde T.T. Oksala.

12.12.2017

Tolvte desember

Tolvte desember 1915 vart Francis Albert Sinatra fødd i Hoboken i New Jersey. Songaren Frank Sinatra var kjend som Ol’ Blue Eyes og kunne fronte eit kvart storband med stor suksess. I mi platehylle finn du den uautoriserte samleplata The Original Sessions Vol. 2. Sinatra døyde i 1998. I 1936 kom Reggie Young til verda i Caruthersville i Missouri. Gitaristen Young er best kjend som studiomusikar, og hjå meg kan han høyrast på studioplata Attempted Mustache, som var Loudon Wainwright III sitt bidrag til platehyllene i 1973, Waylon Jennings si plate Ol’ Waylon frå 1977, og på countrylegenda George Jones si sekstiande studioplate Walls Can Fall, som kom på marknaden i 1992. I 1941 vart Tim Hauser fødd i Troy i delstaten New York. Songaren Hauser var ein av grunnleggjarane, og einaste gjenværande originalmedlem, av vokalgruppa The Manhattan Transfer, og hjå meg kan han høyrast på plata The Offbeat Of Avenues frå 1991. Hauser døyde i 2014. I 1943 vart Forrest Richard Betts fødd i West Palm Beach i pensjoniststaten Florida. Gitaristen Dickey Betts var ein av grunnleggjarane av The Allman Brothers Band og held ut saman med resten av bandet enno. Hjå meg kan Betts sitt gitarspel høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set frå 1992. I 1944 kom Alejandro Neciosup Acuña til verda i Pativilca i Peru. Trommisen Alex Acuña sitt arbeid kan i mi platehylle høyrast på plata Storyville, som var den tidlegare The Band-nestoren Robbie Roberson si andre soloplate og kom på marknaden i 1991. Same fødselsdag er kreditert Robert Derminer. Rob Tyner er best kjend som vokalisten med det store håret i det amerikanske punk/hardrock-bandet MC5, som inspirerte ein heil generasjon unge punkarar og hardrockarar på slutten av sekstitalet. MC5 sitt bidrag til mi platesamling heiter Back In The USA og kom på marknaden i 1970. Tyner døyde av hjerteinfarkt i 1991. I 1945 kom Anthony Tillmon Williams til verda i Chicago i Illinois. Trommeslagaren Tony Williams kan hjå meg høyrast medan han held takten for Miles Davis på platene In A Silent Way frå 1969, og Water Babies frå 1976. Williams døyde i 1997. I 1946 vart Dennis Dias fødd i Philadelphia i Pennsylvania. Gitaristen Denny Dias var ein av grunnleggjarane av Steely Dan og kan hjå meg høyrast på utvalde spor på Steely Dan-kompiane Becker & Fagen si samleplate The Masters. I 1948 vart Lindsay Raymond Jackson fødd i engelske Newcastle upon Tyne. Mandolinvirtousen Ray Jackson har ei fortid i Lindsifarne, hjå meg kan han høyrast på Rod Stewart si plate Smiler frå 1974. I 1953 kom Bruce Kullick til verda i Brooklyn i New York City. Gitaristen Kullick spelar i dag i Grand Funk Railroad, men er kan hende best kjend for at han spelte i Kiss i ei årrekkje, og han kan hjå meg høyrast på platene Crazy Nights frå 1987 og Alive III frå 1993. Same dag gav liv til den tidlegare Georgia Satellites-vokalisten Daniel John Baird. Dan Baird, vart fødd i San Diego i California og vert rekna som ein av pionerane i Cow/Country-punk genren og er i dag sjef i eige hus i bandet Homemade Sin, i tillegg til arbeidet han gjer med moderbandet The Georgia Satellites. Hjå meg kan Baird høyrast på plata In The Land Of Salvation And Sin, som moderbandet gav ut i 1989. I 1956 vart Geir Holmsen fødd i Oslo. Bassisten Holmsen er høgskuleutdanna i faget sitt og kan skilte med fleire fjernsynsseriar på CV’en. Hjå meg kan Holmsen høyrast på utvalde spor på samleplatene Absolute Prima Vera (1994), og 21 Beste, som var Olav Stedje sitt bidrag til populærkulturen i 1998. I 1965 kom David Russel Batiste Jr til verda i New Orleans i Louisiana. Trommisen Russel Batiste Jr sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Robbie Robertson si andre soloplate Storyville frå 1991. I 1971 vart Hans Petter Åserud fødd. Åserud var med å starte Trang Fødsel i 1992 og kan hjå meg høyrast på studioplatene Hybel (1997) og Feber (1998). I 1972 vart Hank Williams III fødd i countrybyen Nashville i Tennessee. Barnebarnet til den legendariske hulkecountrystjerna Hank Williams har markert seg i den diffuse countrypunksjangeren, og står på ingen måte tilbake for korkje bestefar eller far, den nesten like vidgjetne countryartisten Hank Williams Jr. I 1973 kom Paz Lenchantin til verda i Mar Del Plata i Argentina. Bassisten Lenchantin er systera til cellisten Ana Lenchantin, og saman flytta dei til Los Angeles i California i ung alder, og ho kan i mi platehylle høyrast som gjestemusikar på Queens Of The Stone Age si plate Song For The Deaf frå 2002. I 1976 kom Daniel Francis Hawkins til verda i Surrey. Dan Hawkins er bror av meir kjende Justin Hawkins og spelar gitar i bandet The Darkness, som hjå meg er representert med med debutplata Permission To Land frå 2003. Same kveld gjorde AC/DC opptak for australsk fjernsyn og spelte eit seksten minuttar langt sett der ein får høyre Baby, Please Don’t Go og Problem Child. For dei som gjekk glipp av denne sendinga då ho gjekk på australsk fjernsyn er det høve til å sjå dette opptaket på DVD-plata Let There Be Rock. I 1977 spelte Willie Nelson inn Stardus, Georgia On My Mind, Blue Skies, All Of Me og Moonlight In Vermont, som alle endte opp på plata Stardust. I 1981 var AC/DC og spela i Forum i den kanadiske olympiabyen Montreal. I 1982 var Toy Dolls å finne i Shineyrow Club i Sunderland. I 1983 var Toy Dolls framleis å finne i Sunderland, på Old Twenty Nine denne gongen. Same dag var AC/DC attende i Capital Center i Largo/Landover der publikum fekk høyre Flick Of The Switch og Bedlam In Belgium. Eit tidlegare uutgjeve opptak frå denne konserten er å finne på DVD-samlinga Plug Me In. I 1985 døyde Ian Stewart. I 1986 vitja Toy Dolls Sala Txibisto i Begara. I 1987 døyde Tiny More. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i Les Confert Modern i Pottiers. I 1991 døyde saksofonisten Ronnie Ross. I 2007 var dette dagen gitaristen Ike Turner gjekk bort. I 2010 døyde Rudy Stevenson.

11.12.2017

Ellevte desember

Ellevte desember 1938 kom Alfred McCoy Tyner til verda i Philadelphia i Pennsylvania. McCoy Tyner er ein jazzpianist som er best kjend for arbeidet han har gjort saman med John Coltrane, og hjå meg er det på Coltrane sine plater Olé Coltrane frå 1962 og Cresent frå 1964, det elegante pianospelet hans kan høyrast. McCoy Tyner sitt pianospel kan også høyrast på Wayne Shorter si femte studioplate Juju frå 1964. I 1939 vart André Brasseur fødd i belgiske Ham-sur-Sambre. Tangentmannen Brasseur sitt arbeid kan i mi platehylle høyrast på Vaya Con Dios si plate Time Flies frå 1992. I 1954 vart Jermaine LaJuane Jackson fødd i Gary i Indiana. Jermaine Jackson er ein av fleire storebrør av betre kjende Michael Jackson og hjå meg høyrer du han på samleplata The Ultimate Collection, som Jackson 5 slepte i 1995. I 1958 vart Frank Carlton Serafino Ferrana Jr fødd i San Diego i California. Nicky Sixx tenar til sitt daglege brød som bassist i glamrockbandet Mötley Crue. Hjå meg kan Sixx sitt basspel høyrast på Mötley Crüe sine tre fyrste studioplater Too Fast For Love (1981), Shout At The Devil (1983) og Theatre Of Pain (1985). I 1961 gav Miles Davis ut plata Someday My Prince Will Come. I Illinois-storbyen Chicago kom Darryl Jones til verda. Jones er best kjend for å ha avløyst Bill Wyman som bassist i Rolling Stones, men i mi platesamling han han nytast som ein del av Miles Davis sin stødige rytmeseksjon hjå på plata Decoy frå 1984. I 1963 kom Jon Brion til verda i Glen Ridge i New Jersey. Multiinstrumentalisten Brion sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast medan han spelar vibrafon på Grant Lee Buffalo si plate Jubilee frå 1998, og på Rufus Wainwright si sjølvtitulerte debutplate, også den frå 1998. I 1970 vart Anouk Khelifa-Pascal fødd i Frankrike. Songerinna Anouk er i mi platehylle kreditert for å syngje på Mano Negra si plate America Perdida frå 1991. I 1974 vart Laust Sonne fødd på Fredriksberg i Danmark. Trommeslagaren Sonne er best kjend for arbeidet han gjer med bandet D-A-D og heime hjå meg høyrer du han på plata Soft Dogs frå 2002. I 1975 kom Samantha Maloney til verda i byen som vert kalla The Big Apple. Maloney steppa inn som trommis i Mötley Crüe då den faste trommisen, Tommy Lee, var innom kasjotten, ho skal også ha spelt trommer på Hole si tredje studioplate, Celbrity Skin frå 1998, sjølv om ho ikkje er kreditert for den jobben. I 1981 spela AC/DC for andre kveld på rad i ishokeyarenaen Maple Leaf Gardens i Toronto. I 1982 var Toy Dolls på plass i Peterlee Comunity Centre. På same dag gav Slade ut konsertplata Slade On Stage, som også står trygt plassert i mi platehylle. I 1986 vart den katalanske hovudstaden, Barcelona, invadert av punkarar frå Nordaust-England, nærare bestemt Toy Dolls, og invasjonen enda på Zeleste. I 1989 var det Club Nuit i Auch som fekk vitjing av Toy Dolls. I 2001 slepte No Doubt si femte studioplate, Rock Steady. I 2012 døyde Ravi Shankar.

10.12.2017

Tiande desember

Tiande desember 1948 kom Jessica Marguerite Cleaves til verda i Los Angeles i California. Songerinna Jessica Cleaves var ei tid fast innventar i Earth, Wind & Fire, før ho slo seg saman med funklegenda George Clinton. Hjå meg kan Cleaves si røyst høyrast på samleplatene Greatest Hits, som George Clinton slepte i 2000, og You Got The Funk, We Got The Funk, som Funcadelics, også det eit George Clinton-prosjekt, slepte laus på uskuldige platekjøparar i 2011. Cleaves døyde av komplikasjonar i samband med eit hjerneslag i 2014. I 1959 vart Wolf Hoffmann fødd i tyske Mainz. Gitaristen Hoffmann kan hjå meg høyrast på Accept si femte studioplate Balls To The Wall frå 1983, i tillegg til samleplata No Substitute. I 1963 kom Ole Amund Gjersvik til verda. Bassisten og grunnleggjaren av Acoustic Records er i mi platehylle representert med soloplata Milonga Triste frå 1999, i tillegg til på Tødsel sine to studioplater Hybel (1997) og Feber (1998). I 1966 vart Colm O’Maonlai fødd i Irland. Skodespelaren O’Maonla er best kjend for å spele i den engelske såpeserien Eastenders, men er også ein talentfull komponist og musikar. I mi platehylle er O’Maonla kreditert for å spele fløyter på Shane MacGowan And The Popes si plate The Snake frå 1994. I 1972 kom Odd Nordstoga til verda i Vinje i Telemark. Nordstoga plaga for ei tid tilbake livet av norske radiolyttarar med songen om ein slakteferdig gris som ular i sumarnatta. Hjå meg kan Nordstoga høyrast medan han spelar accordion på Katzenjammer si plate Le Pop frå 2008. I 1974 vart Megan Martha White fødd i Grosse Point Farms i Michigan. Meg White spelte trommer i The White Stripes gjennom heile bandet si karriere og kan hjå meg høyrast med stødige taktslag på plata White Blood Cells frå 2001. I 1981 hadde AC/DC teke turen over grensa til Canada og spelte fyrste konsert av to i Maple Leaf Gardens i Toronto. I 1982 var Toy Dolls i 101 Club i Ferryhill. I 1985 platedebuterte Fine Young Cannibals med ei sjølvtituelert plate som inneheldt ein fantastisk versjon av sjølvaste kongen, Elvis Presley, sin slagar Suspicious Minds. I 1999 døyde Rick Danko. I 2003 kom Offspring si sjuande studioplate ut akkurat i tide for julehandelen, den fekk tittelen Splinter.

09.12.2017

Niande desember

Niande desember 1946 vart William Church fødd i Faribury i Nebraska. Bassisten Bill Church sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på to spor på Van Morrison si samleplate The Philosopher’s Stone frå 1998. I Cottage Grove i Orekon kom Dennis Dunaway til verda. Bassisten Dunaway spelte i tidlegare tider i Alice Cooper Group og han er også kreditert som medkomponist på fleire av bandet sine store slagarar frå tidleg på syttitalet. Hjå meg kan Dunaway høyrast på platene Schools Out, som kom på marknaden i 1972, og på Billon Dollar Babies frå 1973. I 1950 vart Joan Anita Barbara Armatrading fødd i Basseterre, hovudstaden i den karibiske øystaten St. Kitts & Nevis. Songarinna og gitaristen Joan Armatrading har fleire Grammy- og Brit Awards-nominasjonar og er tildelt den engelske ordenen MBE for arbeidet sitt. Hjå meg finn du Armatrading si tredje studioplate, med same namn som artisten sjølv, og som kom på marknaden i september 1976. I 1955 kom Einar Mjåland til verda i Kristiansand. Bassisten Wallen er best kjend for å spele i Son Of Sam og New Jordal Swingers, i mi platehylle kan han høyrast på utvalde spor på samleplata 21 Beste, som Olav Stedje slepte i 1998. I 1958 kom Nicholas More Seymour til verda i Benalla i australske Victoria. Bassisten Nick Seymour spelar til dagleg i Crowded House og kan hjå meg høyrast på plata Together Alone frå 1993. I 1964 kom Heiko Paul Hiersche til verda i Berlin i DDR. Paul Landers spelar gitar og spyttar flammer i Rammstein og kan hjå meg høyrast på plata Sensucht (1997). I 1966 slepte The Who plata A Quick One på den britiske marknaden. USA måtte vente til mai året etter. I 1969 kom Brian Bell til verda i Iowa City i Iowa. Bell er til dagleg gitarist i Weezer og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Weezer (The Blue Album) (1994), Pinkerton (1996) og Weezer (The Green Album) frå 2001. I 1971 vart Geoff Barrow fødd i engelske Walton In Gordano. Barrow er medlem av den engelske elektronikatrioen Portishead og om du kjem innom kan du få høyre bandet sine to fyrste studioplater, Dummy (1994) og Portishead (1997). Du kan også få høyre Barrow medan Portishead hjelp til på eit spor på Tom Jones si plate Reload frå 1999. I 1972 vart Frank Edwin Wright III fødd i tyske Frankfurt. Frå 1990 har Tré Cool okkupert trommestolen i Green Day og mi platesamling byr på platene Dookie frå 1994 og Nimrod, som kom i 1997, i tillegg til konsertplata Bullet In A Bible. I 1979 var AC/DC sin Highway To Hell-turné komen til Paris, der dei spelte på Pavillion De Paris. Eit opptak av denne konserten vart tilgjengeleg på dobbel CD i 1997 og var ein del av CD-boxen Bonfire. I 1989 fekk dei frammøtte i Youth Hall i Renteria sjå og høyre den muntre gjengen i Toy Dolls spele.

08.12.2017

Åttande desember

Åttande desember 1938 kom Bernhard L. Krause til verda i bilbyen Detroit i Michigan. Bernie Krause er den eine halvleiken av duoen Beaver & Krause, og i mi platehylle kan han høyrast medan han trakterar Moog Syntheziser på utvalde spor på Van Morrison si samleplate The Philosopher’s Stone frå 1998. I 1941 kom Robert Hartley Elliot til verda i engelske Burnley. Trommisen Bobby Elliot er best kjend for å halde takten for The Hollies og hjå meg høyrer du arbeidet hans på samleplata 20 Great Love Songs. I 1942 vart Frederick Nathaniel Hibbert fødd i May Pen i Jamaica. Toots Hibbert har leia regggea- og skabandet Toots & The Maytals sidan starten og kan i mi platehylle høyrast på plata Light A Light frå 2005. I 1943 vart middelklasseguten James Douglas Morrison fødd av millitærforeldre tilknytt US Navy, det skal ha hendt i Melbourne i pensjoniststaten Florida. Under namnet Jim Morrison gjorde han suksess som låtskrivar og songar i hippiebandet The Doors. Han gav i tillegg ut fleire diktsamlingar. Hjå meg kan Morrison sitt arbeid høyrast på samleplata Greatest Hits. Morrison vart funnen daud i eit badekar på eit hotellrom i Paris i 1971. I 1947 kom Gregory Lenoir Allman til verda i country hovudstaden Nashville i Tennessee. Gitaristen Gregg Allman var saman med broren Duane med å starte bandet The Allman Brothers Band i 1969 og med det skape grunnlaget for omgrepet sørstatsrock. Rus og sjukdom har lagt ein dempar på det som kunne vore ei soge om eit superband, men om du kjenner for å ha An Evening With The Allman Brothers Band (1992), så kan den fyrste delen av konsertplata med den tittelen høyrast hjå meg. Allman døyde i 2017. I 1950 vart Daniel Earl Hartman fødd i Harrisburg i Pennsylvania. Dan Hartman er i mi platehylle kreditert for å spele bass på Tina Turner si plate Foreign Affair frå 1989. Hartman døyde i 1994. I 1951 kom den norske visesongaren Jan Eggum til verda i Bergen. Sidan debuten i 1975 har melankolikaren Eggum jamleg forsynt det norske folk med visesong av høgaste klasse. Hjå meg kan du høyra plata Dingli Bang frå 1997. I 1953 vart skodespelarinna Kim Basinger fødd som Kimila Ann Basinger i universitetsbyen Athens i Georgia. Grunnen til at sexsymbolet med filmar som mellom anna 9 1/2 Weeks på merittlista er nemnt her, er at dama faktisk har sunge duett med Ozzy Osbourne. Det skjedde på songen Shake Your Head som kan høyrast på plata One Up The B-Side som kom på marknaden i Sør-Afrika i 1997. Saksofonisten Stan Harrison kom også til verda på denne dagen. Harrison sitt saksofonspel kan hjå meg høyrast på David Bowie si studioplate Never Let Me Down (1987), samt på utvalde spor på samleplatene Once In A Lifetime – The Best Of Talking Heads (1982) og Sister Sledge, som Sister Sledge slepte i 1996. I 1955 kom Nathan Harrell East til verda i Philadelphia i Pennsylvania. Bassisten Nathan East kan hjå meg høyrast på Rickie Lee Jones si plate The Magazine frå 1984, gitarguden Eric Clapton si akustiske konsertplate Unplugged frå 1992, plata Riding With The King, som same Clapton slepte i samarbeid med B.B. King i 2000, i tillegg til Boz Scaggs si plate Dig frå 2001, og Justin Timberlake Justified (2002). I 1957 vart John Tumminello fødd i St. Louis i Missouri. Bassisten Johnny Rod spelte i W.A.S.P. i to periodar, frå 1986 til 1989 og 1992 til 1993 og kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1994. På Staten Island i New York City vart Kasim Anthony Sulton fødd. Bassisten Kasim Sulton spelar gjerne saman med Todd Rundgren, hjå meg kan han høyrast med bass og bakgrunnsvokal på Meat Loaf si plat Bat Out Of Hell (1977), og med bakgrunnsvokal på oppfølgjarane Bat Out Of Hell II: Back Into Hell (1993), og Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006. I 1962 fekk Elvis Presley sin femtiande listeplassering i England med Return To Sender. Songen debuterte med ein andreplass, berre slått av Frank Ifield sin Lovesick Blues. Dette hendte samstundes med at Martin Adam Friedman kom til verda i Laurel i Marryland. Gitaristen Marty Friedman slo seg saman med Megadeth i 1990 og heldt ut med bandet til 1999, då han emigrerte til soloppgangens land, Japan. Hjå meg kan Friedman høyrast på plata Rust In Peace frå 1990. I 1966 vart Sinead Marie Bernadette O’Connor fødd i irske County Dublin. Samfunnsengasjerte Sinead O’Connor har skapt overskrifter med meiningane sine åttitalet og er best kjend for sin versjon av det lille lilla rockegeniet Prince sin Nothing Compares 2 U. Hjå meg kan Sinead O’Connor høyrast på plata I Do Not Want What I Haven’t Got frå 1990, og som hjelpevokalist på eit spor på Willie Nelson si studioplate Across The BOrderline frå 1993. I 1972 gav Lou Reed ut si andre studioplate, Transformer, som vart produsert av radarparet David Bowie og Mick Ronson. Plata inneheld somme av dei best kjende songane til Reed og produserte singlar som Walk On The Wild Side, Satellite Of Love og Perfect Day. I 1974 vart Nicholas Joseph Zinner fødd i Sharon i Massachusetts. Nick Zinner spelar ei rekkje instrument i bandet Yeah Yeah Yeahs og vert i tillegg rekna som ein habil fotograf. Hjå meg kan Zinner høyrast på bandet si debutplate Fever To Tell frå 2003. I 1975 døyde Gary Thain. I 1976 slepte Uriah Heep High And Mighty, bandet si niande studioplate. I 1979 stod Motörhead si plate On Parole ut i platehyllene. Seinare same dag var Toy Dolls underhaldning i Central Club i Darlington. I 1980 vart John Lennon skoten og drepen utanfor Dakota-bygningen i New York City. I 1981 var det klart for konsert med Toy Dolls i Newton Park Hotel i Newcastle og AC/DC sin Nord-Amerika-turné var komen til Spectrum i Philadelphia. I 1984 døyde Gene Ramey. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i Sala Ilargi i Lacunza.

07.12.2017

Sjuande desember

Sjuande desember 1943 kom David Madden til verda i Kingston på Jamaica. Trompetisten Madden har spelt med dei fleste store reggeastjernene og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Bob Marley på utvalte spor på samleplata Legend frå 1984, og for Peter Tosh på samlplata The Toughest frå 1998. I 1949 vart Thomas Alan Waits fødd i Pomona i California. Tom Waits har skrive skeiv og rufsete musikk sidan han signerte for Asylum Records i 1972. Mi platesamling byr så langt på titlane Small Change (1976), Swordfishtrombones (1983), Rain Dogs (1985) og Mule Variation (1999), noko som sjølvsagt er altfor lite når ein tenkjer på Waits sin produksjon. I 1956 kom Carlos Vega til verda på Cuba. Trommisen Vega kan i mi platehylle høyrast medan han held takten for Bette Midler på plata Some Peoples Lives, og for Madonna på I’m Breathless, begge frå 1990. Vega døyde for eiga hand i 1998. I 1966 kom Collin Murray Archer til verda i engelske Durham. Gitaristen Collin Archer slo seg saman med Oasis i 1999 og kan i mi platehylle høyrast på konsertplata Familliar To Millions frå 2000. I 1977 var AC/DC og spelte i levande live i myteomspunne Atlantic Studios i like myteomspunne New York City. Eit opptak frå denne konserten var gjeven ut tjue år seinare, i 1997, og fekk plass i CD-boxen Bonfire. I 1978 kom Denaun Porter til verda i bilbyen Detroit i Micigan. Rapparen Mr. Porter var ein del av rapkollektivet D12 (Dirty Dozen) og hjå meg høyrer du han på plata Devil’s Night frå 2001. I 1979 slepte The Clash singelen London Calling, som nådde ellevteplassen på dei engelske singellistene. I 1980 nytta AC/DC dagen til å spele i Festhalle i Frankfurt, oppvarmar var evigunge Whitesnake med den framtidige botoxkongen David Coverdale i spissen. Same dato eit år seinare, i 1981, hadde AC/DC enno ein gong teke turen over Atlanteren og spela i Spectrum i Philadelphia i Pennsylvania. I 1982 døyde Tommy Cogbill, og Toy Dolls var på ny på plass på scenen i 100 Club i London. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på University of Bangor. I 1989 var sporty engelskmenn i Toy Dolls på scenen i Sports Arena i Elorrio. I 2004 spela Motörhead i Philipshalle i tyske Düsseldorf, ein konsert som er tilgjengeleg for alle på DVD-plata Stage Fright som eg var heldig og fekk til jul eit år.

06.12.2017

Sjette desember

Sjette desember 1925 Bob Cooper til verda i Pittsburgh i Pennylvania. Saksofonspelande Cooper har delteke på ei rekkje store innspelingar i jazzsgmentet, i mi platehylle kan han høyrast på Madonna si plate I’m Breathless frå 1990. Cooper døyde i 1993. I 1949 døyde Leadbelly. I 1955 vart Edward Tudor-Pole fødd i London-bydelen Lambeth. Skodespelaren og artisten Tudor-Pole, også kjend som Eddie Tenpole, vart tiltenkt rolla som Johnny Rotten sin erstattar i Sex Pistols og er i mi platehylle kreditert for å syngje på eitt spor på samleplata Floggin A Dead Horse frå 1980. I San Antonio i skytegale Texas kom Leticia Hinojosa til verda. Songerinna Tish Hinojosa er ein prisløna artist med mexicanske røter og stort samfunnsengasjement, mellom anna for psykisk utviklingshemma. Mi platesamling byr på studioplatene Homeland (1989) og Sign Of Truth (2000). I engelske Woking kom Paul Richard Buckler til verda. Trommeslagaren Rick Buckler er best kjend som den stødige rytmeseksjonen i Mod-bandet The Jam og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Beat Surrender frå 1993. I 1956 vart Randall William Rhoads fødd på St. John’s Hospital i Santa Monica i solrike California. Gitaristen Randy Rhoads var med å starte hardrockbandet Quiet Riot på slutten av 1970-talet, men er best kjent for å ha spelt gitar på dei to fyrste studioplatene til skrekkrockaren, fjernsynsstjerna og familiefaren Ozzy Osbourne. Rhoads sin visjon var å foreine hardrock og klassisk musikk, noko som kan høyrast på konsertplata Tribute, som Ozzy Osbourne gav ut som ei hylling fem år etter at kompisen gjekk bort, i 1987. Rhoads omkom då han var passasjer i eit småfly som styrta i pensjoniststaten Florida i 1982. I Berkley i California kom Peter Lawrence Buck til verda. Pete Buck er ein av grunnleggjarane av R.E.M., som etter kvart er med å setje preg på platesamlinga mi med så mange som ni ulike titlar, studioplatene Fables Of Reconstruction (1985), Document (1987), Green (1988), Out Of Time (1991), Monster (1994), New Adventures In Hi-Fi (1996), Up (1998) og Reveal (2001), i tillegg til samleplata The Best Of R.E.M (1991). Buck har ei rekkje sideprosjekt på gang og kan også høyrast på plata Trading With The Enemy (1998), som han slepte med bandet Tuatara. Og som om det ikkje er nok, er han i tillegg kreditert for gitarspel på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. I 1961 kom David Lovering til verda i Burlington i Massachutsetts. Trommeslagaren Lovering slo seg saman med The Pixies i 1986 og kan i mi platehyhylle høyrast på studioplatene Bossanova (1989) og Doolittle (1990). I 1971 vart Anne Marie Almedal fødd. Almedal har ei fortid som songar i Velvet Belly og kan hjå meg høyrast på plata The Landing frå 1996. Same dag gjekk Deep Purple i studio i den sveitsiske festivalbyen Montreaux. Her byrja dei innspelinga av det som skulle ende opp som albumet Machine Head, der ein blant alle godbitane finn songen som er å rekne som bandet sin kjenningsmelodi, Smoke On The Water. I 1977 vart gitaristen Kjetil Grande fødd. Grande har ei fortid som gitarist i bandet Good Time Charlie og hjå meg kan han høyrast på plata Oochie Coochie! Frå 1999. I 1980 kunne Toy Dolls høyrast i East Stanley i Stanley. I 1981 spela AC/DC i Byrne Meadowlands Arena i Meadowlands. I 1985 var New College i Durham vertskap for Toy Dolls. I 1988 døyde Roy Orbison. I 1990 filma AC/DC ein promovideo av Moneytalks. Trufaste David Mallet var regissør. I 1994 kom Pearl Jam si tredje studioplate Vitalogy. I 1999 slepte Kent plata Hagnesta Hill.

05.12.2017

Femte desember

Femte desember 1934 kom Art Davis til verda i den historiske byen Harrisburg i Pennsylvania. Bassisten og psykologen Davis kan hjå meg høyrast medan han spelar for John Coltrane på plata Olé Coltrane frå 1962. Davis døyde i 2007. I 1938 vart John Weldon Cale fødd i præriebyen Oklahoma City i Oklahoma. J.J. Cale er godt kjend for å ha si eiga karriere i countryverda, og har i mi platesamling lurt inn ei samleplate med tittelen Classic, i tillegg kan han høyrast medan han trakterar gitaren på Neil Young si plate Comes A Time frå 1978. Cale døyde i 2013. I 1962 kom Kevin Graham Ogilvie til verda i den kanadiske olympiabyen Calgary. Tangentmannen Nivek Ogre er ein av grunnleggjarane av Skinny Puppy, hjå meg kan han høyrast medan han spelar for Ministry på konsertplata In Case You Didn’t Feel Like Showing Up frå 1990. I 1973 vart Neil John Codling fødd i engelske Tiddington. Tangentmannen Neil Codling slo seg saman med Suede og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Coming Up (1996) og Head Music (1999), i tillegg til utvalde spor på samleplata Sci-Fi Lullabies frå 1997. I 1976 spelte AC/DC live på programmet Countdown på ABC, Dirty Deeds Done Dirt Cheap kan sjåast på DVD’en Family Jewels. Same dag var dei unge rockarane på scenen i Sidney Meyer Music Bowl i den australske olympiabyen Melbourne. Songen Problem Child frå denne konserten finn du på den doble DVD’en Plug Me In. I 1977 var Willie Nelson i studio. Han hadde selskap av pianisten Bobbie Nelson, trommeslagarane Paul English og Rex Ludwig, gitarist Jody Payne, bassistane Bee Spears og Chris Ethridge, munnspelar Michey Raphael og pianist og produsent Booker T. Jones. Saman arbeida dei fram det som skulle bli til den prisløna studioplata Stardust. Don’t Get Around Much Anymore og Someone To Watch Over Me vart resultatet av denne dagens arbeid. I 1989 stod Club i Leon på Toy Dolls sin turneplan. I 1994 kom The Stone Roses si andre og, så langt, siste plate, The Second Coming. I 2000 slepte Rage Against The Machine si fjerde studioplate, Renegades, som inneheld utelukkande bandet sine eigne versjonar av andre artistar sine låtar.

04.12.2017

Fjerde desember

Fjerde desember 1944 vart Dennis Carl Wilson fødd i Marina Del Rey i solrike California. Dennis Wilson spelte trommer i The Beach Boys, eit band han var med å starte saman med brørne sine Carl og Brian, han var også husvert for The Manson Family i tida før drapet på Sharon Tate. Hjå meg kan Wilson sitt trommespel høyrast på studioplata 15 Big Ones (1976), og samleplatene Summer Dreams og Super Hits. Dennis Wilson døyde i 1983. Same dag, i same by, kom Christopher Hillman til verda. Bassisten Chris Hillman var ein av originalmedlemmane av The Byrds og kan hjå meg høyrast på bandet si tredje studioplate, Fifth Dimension frå 1966. I 1947 kom Terry Woods til verda i Dublin. Allsidige Woods spelar til vanleg mandolin i The Pogues. Hjå meg kan Woods sitt arbeid høyrast på studioplatene Red Roses For Me (1984), Rum Sodomy & The Lash (1985), If I Should Fall From Grace With God (1988), Peace And Love (1989), Hells Ditch (1990), Waiting For Herb (1993) og Pogue Mahone (1996), i tillegg til samleplatene The Best Of The Pogues (1991) og The Rest Of The Best (1992). Woods kan også høyrast saman med resten av The Pogues på Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1951 vart Gary Robert Rossington fødd i Jacksonville i pensjoniststaten Florida. Gitaristen Gary Rossington er ein av grunnleggjarane av sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd og kan hjå meg høyrast på studioplatene Lynyrd Skynyrd 1991 og Twenty (1997), i tillegg til den doble samleplata The Essential Lynyrd Skynyrd frå 1998. I 1956 spela Johnny Cash, Elvis Presley, Jerry Lee Lewis og Carl Perkins inn det som i ettertid er påstått å vere tidenes beste uutgjeve innspeling. Denne er etter kvart gjeve ut i eit heller rustent opptak som er kjekt å høyre for personar med sære interesser. I 1964 spelte Cornelis Vreeswijk i Stockholms Konserthus saman med Ann-Louise Hansson og Fred Åkerström. Brev Från Kolonien og I Natt Jag Drömde Nogot Som kan høyrast på samleplata Guldkorn Från Master Cees Memoarer. I 1969 kom Shawn Corey Carter til verda i Brooklyn i New York City. Rapartisten Jay-Z vert rekna som ein av verdas framste artistar og hjå meg høyrer du han på Missy Elliott sine plater Miss E…So Addictive frå 2001 og Under Construction frå 2002, i tillegg til Snoop Dogg si plate Paid Tha Cost To Be Da Boss, også den frå 2002. I 1976 døyde Tommy Bolin. I 1977 var det andre innspelingsdag til det som skulle bli Willie Nelson si Stardust-plate. Med hjelp av Booker T. Jones på tangentar og i kontrollrommet vart September Song festa til rullane. I 1979 var Toy Dolls innom og underheldt på Wine Loft i Sunderland. I 1981 stod eit AC/DC på Nord-Amerikaturné på scenen i Civic Centre i Providence. I 1987 var andre og siste innspelingsdag for AC/DC sin promovideo for Heatseeker. I 1993 døyde Frank Zappa. I 1998 døyde Egil Johansen. I 2001 slepte Limp Bizkit samleplata New Old Songs, som inneheld spanandes remixar av tidlegare innspelingar. I 2008 døyde Anna Parchel. I 2009 slepte Charlotte Gainsbourg si tredje studioplate, eit produkt som fekk tittelen IRM.

03.12.2017

Tredje desember

Tredje desember 1946 vart Albert Victor Malcolm fødd i engelske Newcastle Upon Tyne. Gitaristen Vic Malcolm spelte i Geordie, og kan i mi platehylle høyrast medan han trakterar gitaren på samleplata Can You Do It, som kom på marknaden i 1997. I 1948 vart The Prince Of Darkness, Ozzy Osbourne, fødd som John Michael Osbourne i den fattigslege bydelen Aston i den engelske storbyen Birmingham. Industriarbeidarsonen med den spesielle røysta slo på slutten av sekstitalet, og gjennom dei harde syttiåra, seg opp som songar saman med dei langhåra heltane i Black Sabbath, før han, i samarbeid med kona Sharon Osbourne (f. Arden) starta ei solokarriere som har sementert legendestatusen med sal av millionar av plater verda over. Hjå meg finn du Ozzy sine soloplater No Rest For The Wicked (1988), No More Tears (1991) og Ozmosis (1995), og konsertplatene Speak Of The Devil (1982), Tribute (1987) og Live & Loud (1993). I 1953 kom Duane Roland til verda i Jeffersonville i Indiana. Gitaristen Roland var ein av grunnleggjarane av Molly Hatchet og spelte med bandet fram til 1990. Hjå meg kan Roland høyrast på studioplata Flirtin’ With Disaster frå 1979 og konsertplata Double Trouble Live frå 1985. Roland døyde i 2006. I 1966 kom The Who singelen Happy Jack om mannen som budde i sanden på den tidlegare vikingkolonien Isle Of Man i Irskesjøen, og som nådde tredjeplassen på listene i førjulstida. I 1977 var Willie Nelson i studioet Enactron Truck og spelte gjorde innspelingar til albumet Stardust. Resultatet av arbeidet denne dagen var Unchained Melody og On The Sunny Side Of The Street. Produsent var Booker T. Jones. I 1980 var det dei frammøtte i New Shildon W.M.C i Shildon som fekk høyre Toy Dolls. I 1981 var AC/DC sin turné omsider nådd fram til Civic Centre i Hartford. I 1987 fekk AC/DC hjelp av regissøren David Mallet for å spele inn ein promovideo til låta Heatseeker. I 1989 vitja Toy Dolls Hippo i Valladolild. I 2001 døyde Grady Martin. I 2002 slepte EMI Europe samlinga 18 Classic Tracks på vegne av Ike & Tina Turner. I 2014 døyde Ian McLagan. I 2015 døyde Scott Weiland.

02.12.2017

Andre desember

Andre desember 1931 vart Wynton Kelly fødd i Brooklyn i New York City. I mi platehylle kan pianomannen Kelly høyrast medan han trakterar tangentane for trompetlegenda Miles Davis på plata Someday My Prince Will Come frå 1961, og på songen Freddie Freeloader på plata Kind Of Blue, som same Davis slepte i 1959. Kelly døyde i 1971. I 1941 kom Tom McGuinness til verda i tennismetropolen Wimbledon. McGuinness, som også har ei fortid i Manfred Mann’s Earth Band, var med å starte The Blues Band i 1979 og kan i mi platehylle høyrast på platene Official Blues Band Bootleg Album frå 1979, Ready, som kom på marknaden i 1980, Itchy Feet, som stogga så langt nede som på sekstiandeplass på dei engelske listene i 1981, og Brand Loyality frå 1982. I 1952 kom Rob Mounsey til verda i Berea i Ohio. I mi plathylle kan tangentmannen Mounsey høyrast på Paul Simon si plat Graceland frå 1986. I 1960 vart Ulf Risnes fødd i Trondheim. Risnes slo gjennom med bandet Tre Små Kinesere og kan hjå meg høyrast på plata Tro, Håp & Kjærlighet frå 1996. I 1968 vart Nathan Gregor Mendel fødd i Richland i Washington. Bassisten Nate Mendel spelar til dagleg i Foo Fighters og kan hjå meg høyrast på plata The Colour And The Shape frå 1997. I 1971 gav Led Zeppelin ut singelen Black Dog med Misty Mountain Hop på B-Sida. Plata klatra til femtande plassen på dei amerikanske listene. I 1978 vart Brian Chase fødd på Long Island i New York. Chase spelar til dagleg trommer i bandet Yeah Yeah Yeahs, som i mi platehylle er representert med plata Fever To Tell. I 1980 la Madness seg inn på ein fin fjerdeplass på listene med Embarresment. Den legendariske arenaen Madison Square Garden i New York er kan hende mest kjend for boksekampar med avtalt utfall, men i 1981 var det AC/DC som var hovudattraksjonen då scenelysa kom på. I 1989 stod Toy Dolls for larm og lyd i Sala Rancho Bill i Burgos. I 2009 døyde Eric Woolfson. I 2014 døyde Bobby Keys.

Fyrste desember

Fyrste desember 1944 kom Eric Bloom til verda i New York City. Blom er vokalist og gitarist i Blue Öyster Cult og kan hjå meg høyrast på plata Spectres frå 1977. I Los Angeles i California vart John Paul Densmore fødd. Trommisen John Densmore var ein av grunnleggjarane av The Doors, men har seinare vendt musikkbransjen ryggen. Hjå meg kan Densmore sitt taktfaste spel høyrast på samleplata Greatest Hits. I 1945 vart den amerikanske skodespelaren og songarinna Bette Midler fødd i den største og best kjende byen i stillehavsparadiset Hawaii, Honolulu. Midler skapte seg legendestatus for hovudrolla i filmen The Rose, som uoffisielt handlar om livet til Janis Joplin. Midler sitt bidrag til mi platehylle heiter Some People’s Lives og kom på marknaden i 1990. I 1951 kom John Francis Anthony Pastorius til verda i Norristown i Pennsylvania. Jaco Pastorius vert rekna som ein av tidenes beste jazz- og rockebassistar og vert gjerne hugsa frå tida med bandet Weather Report. I mi platesamling kan Pastorius sitt eminente basspel høyrast på Ian Hunter si plate All American Alian Boy frå 1976, og plata Hejira, som Joni Mitchell slepte i 1976. Bipolare Pastorius sleit etter kvart med store rusproblem og døyde etter å ha blitt sparka rått og brutalt ihjel av ein dørvakt i Fort Lauderdale i pensjoniststaten Florida i 1987. I 1963 vart Alberto Tafuri Lupinacci fødd i den italienske olympiabyen Torino. Pianisten Alberto Fafuri kan hjå meg høyrast medan han spelar for Fiorella Mannoia på plata Belle Speranza frå 1998. I 1965 spelte Johnny Cash inn Happines Is You, som etter kvart vart gjeven ut på eit album med same namn. Songen kan også høyrast på samleplata Love frå 2000, som prydar mi platehylle. I 1975 kom Isaiah Randolph Owens til verda i Long Beach i California. Tangentmannen Isaiah Owens spelar til dagleg i The Mars Volta og hjå meg høyrer du han på plata The Bedlam In Goliath frå 2008. I 1977 vart Bradford Phillip Delson fødd i Agoura i California. Gitaristen Brad Delson er ein av grunnleggjarane av Linkin Park og hjå meg kan han høyrast på studioplata Meteora, og på konsertplata Live In Texas, begge frå 2003. Same dag gav Aerosmith ut plata Draw The Line. I 1989 var Salamanca vertar for Toy Dolls.

Trettiande november

Trettiande november 1932 kom Bob Loyce Moore til verda i countryhovudstaden Nashville i Tennessee. Bassisten Bob Moore er ei legende i miljøet rundt Grand Ole Opry og kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på samleplata 30 #1 Hits, som dødsbuet etter Elvis Presley slepte i 2002. I 1943 vart David William Lyons fødd i engelske Mansfield. Bassisten Leo Lyons var sentral i Ten Years After og kan i mi platehylle høyrast på bandet si sjette studioplate Watt frå 1970. I 1945 kom Roger David Glover til verda i Brecon i Wales. Bassisten Roger Glover var sentral i Deep Purple og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på Deep Purple si studioplate Machine Head frå 1972, og konsertplata Nobody’s Perfekt frå 1988, samt samleplata Power House, som kom på den japanske marknaden i 1977. I 1953 vart David Sancious fødd i Ashbury Park i New Jersey. Multiinstrumentalisten Sancious spelte på dei tre fyrste studioplatene Bruce Springsteen gav ut, i mi platehylle kan han høyrast medan han spelar på samleplata More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som Bryan Ferry og kompisane i Roxy Music slepte på marknaden i 1995. I 1980 var Toy Dolls attende i Durham og kunne opplevast frå scenen i West Cornfort Club. I 1981 rocka AC/DC dei frammøtte i Ruff Arena i Lexington. I 1985 kunne universitetet i Nottingham helse Toy Dolls velkomen. I 1989 hadde Toy Dolls teke turen til Spania der dei stod på scenen i Chinatown i Madrid. I 1994 døyde Connie Kay.