17.12.2017

Syttande desember

Syttande desember 1937 vart Art Neville fødd i New Orleans i Louisiana. Songaren Neville er best kjend som den eine halvleiken av The Neville Brothers, hjå meg kan han høyrast medan han spelar tangentar og syng bakgrunnsvokal på eit spor på den tidlegare The Band-leiaren Robbie Robertson si andre soloplate Storyville frå 1991. I 1948 kom fiolinisten Darryl Way til verda ein stad i engelske Somerset. Mi platehylle byr på Way sitt felespel på Jethro Tull si plate Heavy Horses frå 1978, men han nådde aldri status som fullverdig medlem av bandet. Way er også kreditert for å traktere felea på Marianne Faithfull si best kjende studioplate, Broken English, som kom på marknaden i 1979. I 1949 vart Paul Bernard Rodgers fødd i den engelske hamnebyen Middlesbrough. Songaren Paul Rodgers har hatt stor suksess med banda Free og Bad Company, og som erstattar for Freddie Mercury i Queen. Hjå meg kan rockens siste gentleman høyrast som frontmann for supergruppa Bad Company på bandet si andre studioplate Straight Shooter frå 1975. I 1950 kom Carlton Barrett til verda i Kingston i reggeastaten Jamaica. Trommisen Barrett starta karrieren sin i bandet The Upsetters, men der betre kjend for arbeidet han gjorde for Bob Marley. Hjå meg kan Barrett sitt taktfaste arbeid høyrast på plata Legend, som dødsbuet etter Bob Marley slepte i 1984, i tillegg til eit par samleplater av varierande kvalitet. Barrett døyde i 1987. I 1956 kom Roy Milton Huskey til verda i countryhouvudstaden Nashville i Tennessee. Bassisten Roy Huskey Jr kan hjå meg høyrast på Steve Earle si plate El Corazón frå 1997. Huskey døyde i 1997. I 1958 vart R.E.M.-musikaren Michael Edward Mills fødd i Orange County i California. Mike Mills kan høyrast på så mykje som ni ulike R.E.M-titlar i mi platehylle, studioplatene Fables Of Reconstruction (1985), Document (1987), Green (1988), Out Of Time (1991), Monster (1994), New Adventures In Hi-Fi (1996), Up (1998) og Reveal (2001), i tillegg til samleplata The Best Of R.E.M (1991). Mills kan også høyrast medan han spelar bass for Warren Zevon på plata Sentimental Hygiene frå 1987, medan han syng bakgrunnsvokal på eit spor Robbie Robertson si andre soloplate Storyville frå 1991, og medan han spelar piano for The Smashing Pumpkins på songen Soma frå plata Siamese Dream, som kom på marknaden i 1993. I 1960 kom Torstein Flakne til verda på Melhus i Trøndelag. Gitaristen Flakne var frontfigur i Stage Dolls og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Commandos frå 1986. I 1963 kom Vince DiFiore til verda. Trompetisten DiFiore kan hjå meg høyrast på The Dandy Warhols si plate Thirteen Tales Of Urban Bohemia frå 2000. I 1964 fekk The Long Black Veil og Mama You’ve Been On My Mind evig liv i Johnny Cash si tolking. Cash byrja også innspelinga av (I’m Proud) The Baby Is Mine. Alle songane kan høyrast på plata Orange Blossom Special som var produsert av Don Law. Dei faste musikarane Luther Perkins og Marshall Grant vart assistert Norman L. Blake, Ray Edenton og Robert L. Johnson på gitar, W.S. Holland på trommer, Floyd Cramer og William Withney Pursell på piano, Charles R. McCoy på munnspel og ei blåserekkje beståande av Homer L. Randolph på saksofon og trompetistane William K. McElhiney og Karl R. Garvin. I 1964 spela Johnny Cash inn The Long Black Veil, som enda opp på plata Orange Blossom Special. Songen kan også høyrast på ei rekkje samleplater, mellom anna Murder frå 2000. I 1976 gav AC/DC ut den internasjonale versjonen av plata Dirty Deeds Done Dirt Cheap. I 1981 spela AC/DC i War Memorial i Rochester og Toy Dolls var på plass i Turks Head i Darlington. I 1982 kom Toy Dolls til Smugglers Club i Stanley for å spele. I 1986 kom Toy Dolls til Coventry Polytechnic for å spele. I 1992 var Nash Kato, Blackie O og ”Eddie” King Roeser i Urge Overkill på plass i Studio 4 i Philadelphia for å byrje innspelinga av det som etter kvart vart plata Saturation og kom på marknaden året etter. I 2010 døyde Captain Beefheart. I 2011 døyde Cesária Évora.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar