02.12.2017

Tjueniande november

Tjueniande november 1940 vart Seán Cannon fødd i irske Galway. Cannon har sidan 1982 vore vokalist i The Dubliners. Hjå meg kan Cannon si sprukne røyst nytast på konsertplata Live In Carré frå 1985. I den amerikanske hovudstaden Washington D.C. kom William Hart til verda. Trommeslagaren Billy Hart kan hjå meg høyrast på plata Tutu, som Miles Davis slepte i 1986. I Halifax på Nova Scotia vart Dennis Gerrard Stephen Doherty fødd. Songaren Denny Doherty var ein av grunnleggjarane av hippielegendene The Mamas & The Papas. Hjå meg kan Doherty høyrast på plata The Papas & The Mamas frå 1968. Doherty døyde i 2007. I 1947 kom Clare Torry til verda i England. Songerinna Torry er kjend for særeigen vokalhjelp på songen The Great Gig In The Sky på Pink Floyd si storselgjande plate Dark Side Of The Moon frå 1973. I San Francisco i California kom Ronald Douglas Montrose til verda. Gitaristen Ronnie Montrose har spelt med gitarlegender som Johnny Winter og Sammy Haggar, og hjå meg kan han høyrast medan han trakterar gitaren på utvalde spor på Van Morrison si samleplate The Philosopher’s Stone frå 1998. Montrose valde å ta sitt eige liv i 2012. I 1957 kom Heitor Teixeira Pereira til verda i Rio Grande i Brazil. Hjå meg kan Heitor Pereira sitt gitarspel høyrast på Simply Red si plate Stars frå 1991. I 1969 vart Lars Håvard Haugen fødd på Ål i Hallingdal. Gitaristen Haugen spelar til dagleg i Hellbillies og kan hjå meg høyrast på tre av bandet sine studioplater i tillegg til ei konsertplate. I 1975 fekk Neil Young hjelp av kompisane sine i Crazy Horse til å forevige godlyden som enda opp som songen Like A Hurricane. Dette skal ha skjedd på Broken Arrow Ranch. Plata American Stars’n Bars frå 1977 byr på denne perla. I tillegg kan ein sjølvsagt kjøpe plata Greatest Hits. I 1981 stod AC/DC på scenen i Richfield Coliseum i Cleveland i Ohio. I 1986 gav tidlegare Blondie-vokalist Debbie Harry ut den andre soloplata si, Rockbird, som var fyrste plate ho spela inn etter at Blondie skilte lag i 1982. I 1988 fekk platekjøparane høve til å kjøpe Guns n’ Roses si plate G N’ R Lies som var bandet si andre plate og inneheld fire tidlegare utgjevne livespor frå EP-plata Live ?!*@ Like A Suicide og fire akustiske spor som eigentleg var meint for Appetite For Destruction. Same dato i 1989 spela Toy Dolls i Chinatown i Madrid. I 2001 døyde George Harrison.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar