27.12.2017

Tjuesjuande desember

Tjuesjuande desember 1933 vart John Hughey fødd i Elaine i Arkansas. Steelguitar-legenda John Hughey sitt bidrag til mi platehylle finn du på George Jones si plate Walls Can Fall frå 1992. Hughey døyde i 2007. I 1944 kom Michael Leslie Jones til verda i den engelske hamnebyen Portsmouth. Gitaristen Mick Jones er best kjend som ein av grunnleggarane av bandet Foreigner, men hjå meg er det som gitarist på Billy Joel si plate Storm Front frå 1989 han kan høyrast. Det er like greitt at denne Mick Jones ikkje vert forveksla med den noko yngre The Clash-gitaristen med same namn. I 1946 vart Lenny Kaye fødd i New York City. Gitaristen Kaye har lang fartstid i Patti Smith Group og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Easter (1978) og Peace & Noice (1997). I 1967 gav Bob Dylan ut plata John Wesley Harding. Dette var hans åttande studioplate. I 1980 stod Toy Dolls for romjulsunderhaldning i Steels Club i Sunderland. I 1989 var Toy Dolls på scenen i Club Quatro i Tokyo. Konserten er tilgjengeleg for ettertida på plata Twenty Two Tunes Live From Tokyo. I 2004 døyde Hank Garland.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar