10.12.2017

Tiande desember

Tiande desember 1948 kom Jessica Marguerite Cleaves til verda i Los Angeles i California. Songerinna Jessica Cleaves var ei tid fast innventar i Earth, Wind & Fire, før ho slo seg saman med funklegenda George Clinton. Hjå meg kan Cleaves si røyst høyrast på samleplatene Greatest Hits, som George Clinton slepte i 2000, og You Got The Funk, We Got The Funk, som Funcadelics, også det eit George Clinton-prosjekt, slepte laus på uskuldige platekjøparar i 2011. Cleaves døyde av komplikasjonar i samband med eit hjerneslag i 2014. I 1959 vart Wolf Hoffmann fødd i tyske Mainz. Gitaristen Hoffmann kan hjå meg høyrast på Accept si femte studioplate Balls To The Wall frå 1983, i tillegg til samleplata No Substitute. I 1963 kom Ole Amund Gjersvik til verda. Bassisten og grunnleggjaren av Acoustic Records er i mi platehylle representert med soloplata Milonga Triste frå 1999, i tillegg til på Tødsel sine to studioplater Hybel (1997) og Feber (1998). I 1966 vart Colm O’Maonlai fødd i Irland. Skodespelaren O’Maonla er best kjend for å spele i den engelske såpeserien Eastenders, men er også ein talentfull komponist og musikar. I mi platehylle er O’Maonla kreditert for å spele fløyter på Shane MacGowan And The Popes si plate The Snake frå 1994. I 1972 kom Odd Nordstoga til verda i Vinje i Telemark. Nordstoga plaga for ei tid tilbake livet av norske radiolyttarar med songen om ein slakteferdig gris som ular i sumarnatta. Hjå meg kan Nordstoga høyrast medan han spelar accordion på Katzenjammer si plate Le Pop frå 2008. I 1974 vart Megan Martha White fødd i Grosse Point Farms i Michigan. Meg White spelte trommer i The White Stripes gjennom heile bandet si karriere og kan hjå meg høyrast med stødige taktslag på plata White Blood Cells frå 2001. I 1981 hadde AC/DC teke turen over grensa til Canada og spelte fyrste konsert av to i Maple Leaf Gardens i Toronto. I 1982 var Toy Dolls i 101 Club i Ferryhill. I 1985 platedebuterte Fine Young Cannibals med ei sjølvtituelert plate som inneheldt ein fantastisk versjon av sjølvaste kongen, Elvis Presley, sin slagar Suspicious Minds. I 1999 døyde Rick Danko. I 2003 kom Offspring si sjuande studioplate ut akkurat i tide for julehandelen, den fekk tittelen Splinter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar