30.12.2017

Trettiande desember

Trettiande desember 1928 vart saksofonisten Jack Montrose fødd i bilbyen Detroit i Michigan. Montrose sitt saksofonspel kan hjå meg høyrast på Chet Baker si samleplate Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Montrose døyde i 2006. I 1930 kom Orville J. Rhodes til verda i Alton i Illinois. Red Rhodes hadde steel guitar som levebrød, etter at han la dobroen på hylla som femtenåring, og hjå meg kan arbeidet hans høyrast på Joan Baez si plate Diamonds And Rust frå 1975. Red Rhodes døyde i 1995. I 1934 vart Francisco Pep fødd i Havanna på Cuba. Perkusjonisten Alvin Patterson er best kjend for arbeidet han gjorde med Bob Marley, og hjå meg høyrer du han spele på samleplata Legend frå 1984, i tillegg til eit par uautoriserte samleplater som er utgjeven i reggealegenda sitt namn etter at han gjekk bort i 1981. I 1937 kom Noel Paul Stookey til verda i Baltimore i Maryland. Paul stookey vart verdsberømt som ein del av folktrioen Peter, Paul & Mary på sekstitalet, hjå meg kan han høyrast med bakgrunnsvokal på The Hooters si plate Zig Zag frå 1989. I 1942 kom Robert Wolfe Quine til verda i Akron i Ohio. Gitaristen Robert Quine var ein av mange talentfulle gitaristar som levde i skuggen av andre meir kjende rockeartistar, og ikkje har fått den berømmelsen merittane hans tilseier. Hjå meg kan Quine sitt gitarspel høyrast på Lou Reed si konsertplate Live In Concert (1996), som var ei nyutgjeving av konsertplata Live In Italy frå 1984. Quine er også kreditert for å spele på Tom Waits si åttande studioplate Rain Dogs frå 1985. Quine døyde i 2004. I 1946 kom Patricia Lee Smith til verda i Chicago i Illinois. Folk flest kjenner dama som den amerikanske punkdronninga Patti Smith og dei som ikkje har digga kjempehiten Because The Night burde skamme seg. Platene Easter (1978) og Peace And Noice frå 1997 er så langt på plass i mi hylle, og fleire står sjølvsagt på ynskjelista. Patti Smith er også kreditert for å syngje på songen E-Bow The Letter på R.E.M si plate New Adventures In Hi-Fi frå 1996. Ein annan stad i verda, i London, såg Clive William Bunker dagens ljos i engelske Luton. Clive Bunker er trommeslagar av legning og ein av grunnleggjarane av Jethro Tull, der han heldt takten fram til 1971. Bunker kan hjå meg høyrast på studioplatene This Was (1968) og Aqualung (1971). Etter tida i Jethro Tull var Bunker innom Manfred Mann’s Earth Band og tromminga hans kan høyrast på utvalde spor på samleplata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band Re-Mastered frå 1999. I 1947 kom Jeffrey Lynne til verda i engelske Birmingham. Plateprodusenten Jeff Lynne var den kreative krafta i Electric Light Orchestra og hjå meg er det beste frå dette bandet tilgjengeleg på samleplata Greatest Hits frå 1979. Lynne kan også høyrast med bakgrunnsvokal og gitar på Jeff Healy Band sin versjon av George Harrison-låta While My Guitar Gently Weeps på plata Hell To Pay frå 1990, og med gitar og vokalbidrag på plata Flaming Pie, som Paul McCartney slepte i 1997. I 1949 vart Bruce Earl Fairbairn fødd i den kanadiske olympiabyen Vancouver. Musikkprodusenten Bruce Fairbairn har produsert for band som Aerosmith, Bon Jovi og AC/DC, i mi platehylle kan han høyrast medan han spelar trompet for The Cranberries på plata To The Faithful Departed frå 1996, ei plate han også produserte. Fairbairn døyde i 1999. I 1959 vart Tracey Ullman fødd i byen med det sjarmerande namnet Slough. Den britiske skodespelaren og komikaren har ikkje berre plaga folk gjennom fjernsynsruta, ho har også herja platelistene og mi platehylle byr på samleplata The Very Best Of…, som, som tittelen indikerer, gjev oss det beste dama har spela inn gjennom åra. I glamorøse Los Angeles i California kom Paul Milton Jackson Jr til verda. Gitaristen Paul Jackson Jr kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Madonna på plata True Blue, som kom på marknaden i 1986, på Vagabond Heart, som var Rod Stewart sitt bidrag til populærkulture i 1991, og på Queen Latifa si studioplate Travlin’ Light frå 2007. I 1969 kom Jason Luis Cheetham til verda i engelske Stretford. Jay Kay er songar og frontfigur i Jamiroquai og hjå meg høyrer du han medan han utfoldar seg på bandet si debutplate Emergency On Planet Earth frå 1993. I 1970 vart Mark Traa Daniels fødd i elvestaten Ohio. Bassisten Traa Daniels spelar til dagleg i det så altfor kristne Nu-Metal-bandet P.O.D. (Payable On Death) og kan i mi platehylle høyrast på plata Testify frå 2006. I 1972 spelte Lou Reed saman med bandet The Totts på Main Point i Philadelphia i Pennsylvania. Dette var fyrste konsert der han presenterte materiale frå den fyrste soloplata si, Transformer, som kom på marknaden tidlegare same månad. I 1979 var det indierock på programmet i Old Club i Shildon, og sjølvsagt var det Toy Dolls som stod for romjulsunderhaldninga. I 2009 døyde Rowland S. Howard.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar