22.12.2017

Tjueandre desember

Tjueandre desember 1913 vart Dudley Brooks fødd i Los Angeles i California. Pianisten Brooks var fast studiomusikar for filmselskapet Paramount Studios og er best kjend for å spele på lydsporet i filmar med Elvis Presley i hovudrolla. Hjå meg kan Brooks sitt pianospel høyrast på utvalde spor på samleplata 30 #1 Hits, som dødsbuet etter kongen slepte i 2002. Brooks døyde i 1989. I 1939 kom James Martin Gurley til verda i bilbyen Detroit i Michigan. James Gurley var ein av to gitaristar i eit av Janis Joplin sine best kjende backingband, Big Brother & The Holding Company. Hjå meg kan Gurley høyrast på Big Brother & The Holding Company si sjølvtitulerte debutplate frå 1967, og på utvalde spor på samleplatene Janis/Early Recordings og Farewell Song, som dødsbuet etter Janis Joplin slepte i høvesvis 1975 og 1982. Gurley døyde i 2009. I 1942 vart Richard Parry fødd i engelske Suffolk. Saksofonisten Dick Parry er mannen bak det glitrande saksofonspelet på Pink Floyd sin song Money frå den millionselgjande studioplata Dark Side Of The Moon frå 1973. I 1946 vart Richard A. Nielsen fødd i Rockford i Illinois. Den energiske gitaristen Rick Nielsen er sjefen i Cheap Trick. Eg var så heldig at eg plukka opp konsertplata Live At Budokan ein gong tidleg på åttitalet og sidan har eg vore heilfrelst Cheap Trick-fan. I CD-hylla mi står, i tillegg til den omtala konsertplata, den doble samleplate The Essential Cheap Trick, som dekkar det meste av det beste dei har gjort. Og i det siste har også den nyaste plata, The Latest, distribuert gjennom Classic Rock Magazine, dukka opp. Nielsen spelte også gitar på Alice Cooper si plate From The Inside, og på Kss-bassist Gene Simmons si soloplate, begge frå 1978. I 1949 kom tvillingane Robin Hugh og Maurice Ernest Gibb til verda i den gamle vikingbyen Douglas på Isle Of Man. Saman med storebroren Barry starta Robin og Maurice Gibb Bee Gees og popmusikken vart aldri meir den same. Hjå meg kan tvillingane høyrast på konsertplata One Night Only som kom på marknaden i 1998. Diverre døyde Maurice Gibb i 2003. Robin Gibb døyde i 2012. I 1953 var Chet Baker i studio og spela inn Pro Defunctus og Moonlight Becomes You. Med seg i studio hadde han saksofonistane Herb Geller, Jack Montrose og Bob Gordon, pianisten Russ Freeman, Joe Mondragon på bass og trommeslagaren Shelly Manne. Begge låtane kan høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. I 1957 kom Richard Alexander Ross til verda i den ikkje altfor store skotske byen Dundee. Ricky Ross er best kjend som vokalist og gitarist i bandet Deacon Blue og kan hjå meg høyrast på studioplatene Raintown (1987) og Fellow Hoodlums (1991). I 1959 vart John Patitucci fødd i Brooklyn i New York City. Bassisten Patitucci spelar til vanleg med artistar innom jazz-sjangeren, men hjå meg kan han høyrast på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992. I 1965 freista The Byrds å korte ned ventetida fram til jul med å spele inn det som vart alternative versjonar av Eight Miles High og Why. Begge spora kan høyrast som tilleggsmateriale på bandet si tredje studioplate Fifth Dimension, som i originalversjon kom på marknaden i 1966. I 1967 kom Richey James Edwards til verda i walisiske Blackwood. Gitaristen Richey Edwards spelte i marxistbandet Manic Street Preachers fram til 1995 og i mi platehylle kan han høyrast på studioplatene Generation Terrorists (1992), Gold Against The Soul (1993) og The Holy Bible (1994). Edwards forsvann under ein biltur i 1995 og vart erklært antatt daud i 2008. I 1979 spela Toy Dolls i Football Club i Peterlee. I 1986 dundra Iron Maiden inn på hitlistene med Stranger In A Strange Land. Topplasseringa vart tjueandreplass. I 1992 døyde Harry Bluestone. I 2002 døyde Joe Strummer. I 2009 døyde Mick Cocks. I 2012 døyde Mike Scaccia. I 2014 døyde Joe Cocker.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar