07.12.2017

Sjuande desember

Sjuande desember 1943 kom David Madden til verda i Kingston på Jamaica. Trompetisten Madden har spelt med dei fleste store reggeastjernene og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Bob Marley på utvalte spor på samleplata Legend frå 1984, og for Peter Tosh på samlplata The Toughest frå 1998. I 1949 vart Thomas Alan Waits fødd i Pomona i California. Tom Waits har skrive skeiv og rufsete musikk sidan han signerte for Asylum Records i 1972. Mi platesamling byr så langt på titlane Small Change (1976), Swordfishtrombones (1983), Rain Dogs (1985) og Mule Variation (1999), noko som sjølvsagt er altfor lite når ein tenkjer på Waits sin produksjon. I 1956 kom Carlos Vega til verda på Cuba. Trommisen Vega kan i mi platehylle høyrast medan han held takten for Bette Midler på plata Some Peoples Lives, og for Madonna på I’m Breathless, begge frå 1990. Vega døyde for eiga hand i 1998. I 1966 kom Collin Murray Archer til verda i engelske Durham. Gitaristen Collin Archer slo seg saman med Oasis i 1999 og kan i mi platehylle høyrast på konsertplata Familliar To Millions frå 2000. I 1977 var AC/DC og spelte i levande live i myteomspunne Atlantic Studios i like myteomspunne New York City. Eit opptak frå denne konserten var gjeven ut tjue år seinare, i 1997, og fekk plass i CD-boxen Bonfire. I 1978 kom Denaun Porter til verda i bilbyen Detroit i Micigan. Rapparen Mr. Porter var ein del av rapkollektivet D12 (Dirty Dozen) og hjå meg høyrer du han på plata Devil’s Night frå 2001. I 1979 slepte The Clash singelen London Calling, som nådde ellevteplassen på dei engelske singellistene. I 1980 nytta AC/DC dagen til å spele i Festhalle i Frankfurt, oppvarmar var evigunge Whitesnake med den framtidige botoxkongen David Coverdale i spissen. Same dato eit år seinare, i 1981, hadde AC/DC enno ein gong teke turen over Atlanteren og spela i Spectrum i Philadelphia i Pennsylvania. I 1982 døyde Tommy Cogbill, og Toy Dolls var på ny på plass på scenen i 100 Club i London. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på University of Bangor. I 1989 var sporty engelskmenn i Toy Dolls på scenen i Sports Arena i Elorrio. I 2004 spela Motörhead i Philipshalle i tyske Düsseldorf, ein konsert som er tilgjengeleg for alle på DVD-plata Stage Fright som eg var heldig og fekk til jul eit år.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar