19.12.2017

Nittande desember

Nittande desember 1915 kom sporven Edith Piaff til verda som Edith Giovanna Gassion. Unge Piaf skal ha vokse opp i ein bordell i Normandie, før ho som femtanåring drog til Paris og hovdsakleg livnærte seg som gatesongarske. Med tida vart ho oppdaga av Yves Montand, som sørga for at ho fekk platekontrakt. Hjå meg høyrer du den høgst uofisielle samleplata Greatest. Piaf døyde allereie i 1963. I 1929 vart jazzmusikaren Robert Brookmeyer fødd i Kansas City i Missouri. Bob Brookmeyer kan i mi platesamling høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays, som Chet Baker slepte i 1992. Brookmeyer døyde i 2011. I 1935 kom Robert Henry Timmons til verda i Philadelphia i Pennsylvania. Pianisten Bobby Timmons sine leikne tonar kan hjå meg høyrast på Chet Baker si samleplate Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Timmons døyde i 1974. I 1941 vart Maurice White fødd i rock’n roll hovudstaden Memphis i Tennessee. Earth Wind & Fire-sjefen White sine bragder kan hjå meg nytast på plata Touch The World frå 1987. I 1942 kom Cornell Luther Dupree til verda i Fort Worth i skytegale Texas. Gitaristen Cornell Dupree skal ha spelt på så mange som 2500 innspelingar, hjå meg finn du arbeidet hans på eitt spor på plata All American Alien Boys, som Ian Hunter slepte i 1976. Dupree døyde i 2011. I 1944 vart Graham Alvin Barnes fødd i den engelske fotballbyen Nottingham. Supergitaristen Alvin Lee starta bandet Ten Years After i 1960 og gjorde ein fantastisk konsert på den gigantiske festivalen i Woodstock i 1969. Hjå meg kan du høyre Lee på bandet si sjette studioplate, Watt, frå 1970. Lee døyde i 2013. I 1947 kom James Stewart Bain til verda i skotske Newtonmore. Bassisten Jimmy Bain har spela med Phil Lynnot i Thin Lizzy, men er mest kjend for å ha spelt i Rainbow og Dio. Hjå meg kan Bain høyrast på platene The Phillip Lynott Album, som Phil Lynott slepte i 1982, og på Holy Diver (1983) og Dream Evil (1987) frå bandet til metallgnomen Ronnie James Dio. Bain døyde i 2016. I 1951 vart John Gerrard McAvoy fødd i nordirske Belfast. Bassisten Gerry McAvoy er best kjend for samarbeidet med den irske gitaristen Rory Gallagher og basspelet hans kan hjå meg høyrast på plata Calling Card frå 1976, samt utvalde spor på samleplata Big Guns, som kom på marknaden i 1995. I 1957 kom den australske bassisten Tracy Pew til verda. Tracy Pew spelte i bandet The Birthday Party og kan hjå meg høyrast på plata Junkyard frå 1982. Pew døyde i 1986. I 1958 var Count Basie og bandet hans i studio og spela inn sin versjon av Quincy Jones sin The Midnite Sun Never Sets. Komponisten sjølv var arrangør, og solist var Marshall Royal på altsaksofon. Resultatet kan du høyre på samleplata Atomic Swing frå 1999. I 1964 vart Kermitt Ruffins fødd i New Orleans i Louisiana. Trompetisten Ruffins, som har ein spelestil som er sterkt inspirert av Louis Armstrong, kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Robbie Robertson på hans andre soloplate, Storyville frå 1991. I 1982 var det Legions Club i South Shields som var vertskap for Toy Dolls. I 1992 kom Alannah Myles si andre studioplate, Rockinghorse. I 1993 døyde Michael Clarke. I 2000 døyde Rob Buck og Roebuck «Pops» Staples. I 2013 døyde Herb Geller.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar