24.12.2017

Tjuefjerde desember

Tjuefjerde desember, sjølvaste julaftan, 1919 vart Henry Coker fødd i cowboy-byen Dallas i skytegale Texas. Trombonisten Coker spelte med Count Basie på femti- og sekstitalet og hjå meg høyrer du arbeidet hans på samleplata Atomic Swing frå 1999. Coker døyde i 1979. I 1945 kom Ian Kilmister til verda i Burslem i nærleiken av fotballbyen Stoke-On-Trent i engelske Staffordshire. Kilmister er i dag kjent mest kjent som Lemmy, sjefen over alle sjefar i verdas tøffaste rockeband, Motörhead. Lemmy har ei fortid som roadie for gitarguruen Jimi Hendrix og som bassist og vokalist i det legendariske undergrundsbandet Hawkwind før han stabla på beina sitt eige band midt på 1970-talet. Lemmy sin exit frå Hawkwind skuldast eit uheldig møte med det kanadiske grensepolitiet. Resten av bandet, med grunnleggar Dave Brock i spissen hadde ikkje tid til å vente på at bassisten skulle sone ferdig for smuglingsforsøk av eit par marihuanasigarettar, eit grovt brotsverk den gongen. Platehylla er full av Mötorheadplater, både vinyl og CD. Lemmy døyde i 2015. I 1951 kom Tom Wolk til verda i Yonkers i den amerikanske delstaten New York. Bassisten Tom «T-Bone» Wolk spelte lenge i bandet i fjernsynsshowet Saturday Night Live og elles saman med Hall & Oates. Hjå meg kan Wolk høyrast på plata Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991. Wolk døyde i 2010. I 1952 vart Jesús Merchán fødd i storbyen Bogota de Santa Fe i Columbia. I mi platehylle er bassisten Chucho Merchán kreditert for spele på Soft Machine-legenda Robert Wyatt si ellevte soloplate Comicopera frå 2004. I 1962 vart Darren Leigh Wharton fødd i engelske Failsworth. Tangentmannen Darren Wharton slo seg saman med Thin Lizzy som syttanåring og spelte med bandet fram til dei gav seg i 1983. Hjå meg kan Wharton høyrast på samleplata Dedication: The Very Best Of Thin Lizzy frå 1991, i tillegg til Phil Lynott si soloplate The Phillip Lynott Album frå 1982. I 1963 kom Mary Ramsey til verda i Washington D.C. Fiolinisten Ramsey konsentrerar seg om folk-generen, og kan hjå meg høyrast med fiolinhjelp på 10 000 Maniacs si konstruerte konsertplate MTV Unplugged frå 1993. I 1965 vart Brian Reitzell fødd. Trommisen Reitzell var ein av grunnleggjarane av bandet Redd Kross, men er like godt kjent for å samarbeide med Air og kan i mi platehylle høyrast på sistnemde si plate Talkie Walkie frå 2004. I 1968 vart Doyle Bramhall III fødd i cowboy-byen Dallas i skytegale Texas. Gitaristen Bramhall sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på gitarguruane B.B. King og Eric Clapton si samarbeidsplate Riding With The King frå 2000. I 1970 kom Will Oldham til verda i Louisville i Kentucky. Under artistnamnet Bonnie ”Prince” Billy har Oldham herja alternativscena sidan 1993, der han har skapt seg eit stort namn. Enno står ingen av hans eigne produksjonar i platehylle, men fortvil ikkje, for Bonnie ”Prince” Billy kan høyrast medan han syng saman med Johnny Cash på sin eigen song I See Darkness, som er å finne på plata Americana III: Solitary Man frå 2000. I 1973 vart Kjell Grutle fødd i Sveio. Grutle Kjellson er vokalist og bassist i Enslaved og står for tre solide bidrag til mi platehylle, Isa (2004), Vertebrae (2008) og Axioma Ethica Odini (2010). I 1981 bydde Birds Nest i Hartlepool til julefest med Toy Dolls som underhaldning. I 1983 var julestemninga sikra på Tin Can i Birmingham då Toy Dolls ringte jula inn. I 1989 spela Toy Dolls eit ettermiddagsshow på Street i Tokyo, og om kvelden var det E.L.L i Nagoya som fekk vitjing av dei hardarbeidande indierockarane frå Nordaust-England. I 1990 slepte Iron Maiden singelen Bring Your Daughter ... To The Slaughter som toppa listene i England i dei neste to vekene. I 2015 døyde William Guest. I 2016 døyde Rick Parfitt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar