25.12.2017

Tjuefemte desember

Tjuefemte desember 1939 vart verdsmetropolen New York velsigna med Charles Alias. Perkusjonisten Don Alias spelte i lag med fleire store namn, som mellom anna Weather Report og Herbie Hancock. I mi platesamling kan Alias høyrast på Ian Hunter si plate All American Alien Boys frå 1976 og på Miles Davis si plate Amandla frå 1989, i tillegg til utvalde spor på Weather Report si samleplate Collections, som kom på marknaden i 2008. Alias gjekk bort i 2006. I 1944 kom Emory Lee Gordy til verda i olympiabyen Atlanta i Georgia. Plateprodusenten Emory Gordy Jr., med ei fortid i Elvis Presley sitt band, og som er gift med countrysongrinna Patty Loveless, er i mi platehylle kreditert for å spele bass på George Jones si plate Walls Can Fall frå 1992. I 1945 vart Ronnie Cuber fødd i New York City. Saksofonisten Cuber kan hjå meg høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1948 vart den amerikanske soulsongarinna Merry Clayton fødd i Gert Town i New Orleans i Louisiana, som dei fleste har fått med seg ligg i Louisiana. Clayton har ei allsidig karriere både som soloartist og korist for andre, mellom anna Rolling Stones-låta Gimme Shelter, hjå meg kan ho høyrast som bakgrunnsvokalist på Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Sprigfield Again frå 1967, og på Tori Amos si plate Under The Pink frå 1994. I 1954 vart den skotske artisten Ann Lennox fødd i oljebyen Aberdeen. Annie Lennox var den feminine halvdelen av den britiske popduoen Eurythmics, som hadde stor suksess frå starten i 1980 og framover. Hjå meg høyrer du Lennox på Eurythmics si åttande studioplate, We Too Are One frå 1989. I engelske Birmingham kom Robin Campbell til verda. Campbell er vokalist i engelske UB40 og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of UB40 Vol 1. frå 1987. I 1957 kom kultikonet Shane Patrick Lysaght MacGovan til verda i landsbyen Pembury i det engelske grevskapet Kent. Shane MacGovan er, saman med Jem Finer og Spider Stacy ein av grunnleggarane av det fantastiske folkpunkbandet The Pogues og kan i mi platehylle nytast på studioplatene Red Roses For Me (1984), Rum Sodomy & The Lash (1985), If I Should Fall From Grace With God (1988), Peace And Love (1989) og Hells Ditch (1990), i tillegg til samleplatene The Best Of The Pogues (1991) og The Rest Of The Best (1992). Før tida med The Pogues hadde Shane eit mindre kjend band med namnet The Nipple Erectors. Tungt alkoholiserte Shane har også gjeve ut plater saman med The Popes og debutplata The Snake frå 1994 er på plass i hylla. MacGovan kan også høyrast saman med resten av The Pogues på songen Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. MacGovan er elles kjend for å vere verdsmeister i tannlegeskrekk, noko som skal ha resultert i ein tanngard vanlege folk ikkje ville vere stolt av. I 1958 vart songarinna Alannah Myles fødd i Ontario i Canada. Myles slo gjennom med kjempehitten Black Velvet frå den sjølvtitulerte debutplata si i 1990, hjå meg kan ho i tillegg høyrast på to andre plater, den minst like gode andreplata Rockinghorse frå 1992, og Arrival frå 1998. I 1962 kom Francis Dunnery til verda i engelske Egremont. Gitaristen Dunnery sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Lauryn Hill si plate The Miseducation Of Lauryn Hill frå 1998. I 1963 kom Noël Rota til verda i Paris. Under namnet Helno eller Helno Rota gjorde mannen kjempesuksess som vokalist i det fantastiske bandet Les Negresses Vertes, som voks fram på den franske undergrunnscena på slutten av åttitalet. Rota song på dei to beste studioplatene frå bandet, Mlah (1988) og Famillie Nombreuse (1991), før han døyde av ein overdose heroin i 1993. I 1964 vart Torbjørn Eirik Økland fødd. Gitaristen Torbjørn Økland spelar til dagleg i Vamp og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene God Morgen, Søster (1993) og Flua På Veggen frå 1998. I 1969 vart Nicolas Godin fødd like utanfor Paris. Godin er ein halvpart av den franske electronicaduoen Air, som hjå meg kan høyrast på platene Moon Safari (1998) og Talkie Walkie (2004). I 1971 kom Noel Anthony Hogan til verda i Limeric i Irland. Noel Hogan er gitarist i irske The Cranberries og er i mi platesamling representert med platene Everybody Else Is Doing It So Why Can’t We (1993) og To The Faithful Departed (1996). I 1972 vart Josh Freese fødd i Orlando i pensjoniststaten Florida. Trommisen Freese er fast medlem av The Vandals og har i tillegg vore med på meir enn fire hundre plateinnspelingar. Hjå meg høyrer du Freese på modergruppa si plate The Quickening frå 1996, og frå den tida han var hyra inn for å halde takten på The Offspring si plate Splinter frå 2003. I 1979 var det Toy Dolls som var juleunderhaldninga i Northon Workmens Club i Stockton. I 2006 døyde James Brown. I 2016 døyde George Michael.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar