02.12.2017

Trettiande november

Trettiande november 1932 kom Bob Loyce Moore til verda i countryhovudstaden Nashville i Tennessee. Bassisten Bob Moore er ei legende i miljøet rundt Grand Ole Opry og kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på samleplata 30 #1 Hits, som dødsbuet etter Elvis Presley slepte i 2002. I 1943 vart David William Lyons fødd i engelske Mansfield. Bassisten Leo Lyons var sentral i Ten Years After og kan i mi platehylle høyrast på bandet si sjette studioplate Watt frå 1970. I 1945 kom Roger David Glover til verda i Brecon i Wales. Bassisten Roger Glover var sentral i Deep Purple og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på Deep Purple si studioplate Machine Head frå 1972, og konsertplata Nobody’s Perfekt frå 1988, samt samleplata Power House, som kom på den japanske marknaden i 1977. I 1953 vart David Sancious fødd i Ashbury Park i New Jersey. Multiinstrumentalisten Sancious spelte på dei tre fyrste studioplatene Bruce Springsteen gav ut, i mi platehylle kan han høyrast medan han spelar på samleplata More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som Bryan Ferry og kompisane i Roxy Music slepte på marknaden i 1995. I 1980 var Toy Dolls attende i Durham og kunne opplevast frå scenen i West Cornfort Club. I 1981 rocka AC/DC dei frammøtte i Ruff Arena i Lexington. I 1985 kunne universitetet i Nottingham helse Toy Dolls velkomen. I 1989 hadde Toy Dolls teke turen til Spania der dei stod på scenen i Chinatown i Madrid. I 1994 døyde Connie Kay.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar