14.12.2017

Fjortande desember

Fjortande desember 1943 kom Richard Allen Wagner til verda i Oelewein i Iowa. Gitaristen Dick Wagner sitt arbeid kan hjå meg høyrast på Alice Cooper-platene School’s Out frå 1972 og Billion Dollar Babies, som kom på marknaden i 1973, i tillegg til From The Inside frå 1978. Wagner døyde i 2014. I 1946 vart Jane Mallory Birkin fødd i London. Skodespelaren Jane Birkin syng den kvinnelege røysta på Serge Gainsbourg si plate Historie De Melody Nelson frå 1971. Birkin fekk dottera Charlotte Gainsbourg saman med Serge. I 1949 vart Clifford Williams fødd i Romford i Essex. Cliff Williams er beste kjend som bassist i AC/DC der han erstatta Mark Evans i juni 1977. Williams har sidan klamra seg til jobben og er i skrivande stund framleis ansvarleg for firestrengsgitaren. Hjå meg høyrer du Williams på platene Back In Black (1980), For Those About To Rock (1981), The Razors Edge og Black Ice (2008). I 1952 kom John Lurie til verda i Minneapolis i Minnesota. Saksofonisten Lurie er i mi platehylle kreditert for å spele på eit spor på Tom Waits si åttande studioplate, Rain Dogs frå 1985. I 1957 kom Runar Tafjord til verda i Langevåg på Sunnmøre. Tafjord spelar valthorn i The Brazz Brothers og hjå meg kan valthornspelet hans høyrast på platene Afrobrazz (1993) og Aquarius (2001). I 1958 såg Peter Stacy dagens ljos i den badebyen Eastbourne på den engelske søykysten. Fløytespelande Spider Stacy er ein av grunnleggarane av The Pogues, og hjå meg kan arbeidet hans høyrast på studioplatene Red Roses For Me (1984), Rum Sodomy & The Lash (1985), If I Should Fall From Grace With God (1988), Peace And Love (1989), Hells Ditch (1990), Waiting For Herb (1993) og Pogue Mahone (1996), i tillegg til samleplatene The Best Of The Pogues (1991) og The Rest Of The Best (1992). Spider Stacy kan også høyrast saman med resten av The Pogues på songen Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988, og på Shane MacGowan & The Popes-plata The Snake frå 1995. I Edinburg vart Michael Scott fødd. Mike Scott har sidan fyrste halvdelen av åttitalet vore drivkrafta i bandet Waterboys og sidan som soloartist. Scott har fått plass i mi platehylle både som soloartist med albumet Bring ’Em All Inn frå 1995, og med Waterboys si femte studioplate, Room To Roam, som kom på marknaden i 1990. Scott er også kreditert for å spele gitar på Janet Jackson si plate The Velvet Rope frå 1997. I 1959 nytta Johnny Cash denne dagen til å erklære at han var Going To Memphis, truleg ikkje for ei Seccond Honeymoon, men for å syngje The Ballad Of The Harpweaver. Alle desse tre songane kan høyrast på plata Ride This Train. Going To Memphis kan også høyrast på samleplata Murder frå 2000. I 1960 kom Gary Milton James til verda i England. Trommisen Gary James spelar for tida i Magnum, hjå meg kan han høyrast på Thunder si andre studioplate, Laughing On Judgement Day, frå 1992. I 1981 feira AC/DC bassisten Williams sin fødselsdag med å halde konsert i Boston Garden i Boston i Massachusetts. I 1982 stod Toy Dolls for underhaldninga på Honeysuckle i Gateshead. I 1986 kunne Toy Dolls opplevast på Sala Largi i Pamplona. I 2001 døyde Conte Candoli. I 2005 gav Madrugada ut konsertplata Live At Tralfamador. I 2006 døyde Sivuca.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar