04.12.2017

Fjerde desember

Fjerde desember 1944 vart Dennis Carl Wilson fødd i Marina Del Rey i solrike California. Dennis Wilson spelte trommer i The Beach Boys, eit band han var med å starte saman med brørne sine Carl og Brian, han var også husvert for The Manson Family i tida før drapet på Sharon Tate. Hjå meg kan Wilson sitt trommespel høyrast på studioplata 15 Big Ones (1976), og samleplatene Summer Dreams og Super Hits. Dennis Wilson døyde i 1983. Same dag, i same by, kom Christopher Hillman til verda. Bassisten Chris Hillman var ein av originalmedlemmane av The Byrds og kan hjå meg høyrast på bandet si tredje studioplate, Fifth Dimension frå 1966. I 1947 kom Terry Woods til verda i Dublin. Allsidige Woods spelar til vanleg mandolin i The Pogues. Hjå meg kan Woods sitt arbeid høyrast på studioplatene Red Roses For Me (1984), Rum Sodomy & The Lash (1985), If I Should Fall From Grace With God (1988), Peace And Love (1989), Hells Ditch (1990), Waiting For Herb (1993) og Pogue Mahone (1996), i tillegg til samleplatene The Best Of The Pogues (1991) og The Rest Of The Best (1992). Woods kan også høyrast saman med resten av The Pogues på Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1951 vart Gary Robert Rossington fødd i Jacksonville i pensjoniststaten Florida. Gitaristen Gary Rossington er ein av grunnleggjarane av sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd og kan hjå meg høyrast på studioplatene Lynyrd Skynyrd 1991 og Twenty (1997), i tillegg til den doble samleplata The Essential Lynyrd Skynyrd frå 1998. I 1956 spela Johnny Cash, Elvis Presley, Jerry Lee Lewis og Carl Perkins inn det som i ettertid er påstått å vere tidenes beste uutgjeve innspeling. Denne er etter kvart gjeve ut i eit heller rustent opptak som er kjekt å høyre for personar med sære interesser. I 1964 spelte Cornelis Vreeswijk i Stockholms Konserthus saman med Ann-Louise Hansson og Fred Åkerström. Brev Från Kolonien og I Natt Jag Drömde Nogot Som kan høyrast på samleplata Guldkorn Från Master Cees Memoarer. I 1969 kom Shawn Corey Carter til verda i Brooklyn i New York City. Rapartisten Jay-Z vert rekna som ein av verdas framste artistar og hjå meg høyrer du han på Missy Elliott sine plater Miss E…So Addictive frå 2001 og Under Construction frå 2002, i tillegg til Snoop Dogg si plate Paid Tha Cost To Be Da Boss, også den frå 2002. I 1976 døyde Tommy Bolin. I 1977 var det andre innspelingsdag til det som skulle bli Willie Nelson si Stardust-plate. Med hjelp av Booker T. Jones på tangentar og i kontrollrommet vart September Song festa til rullane. I 1979 var Toy Dolls innom og underheldt på Wine Loft i Sunderland. I 1981 stod eit AC/DC på Nord-Amerikaturné på scenen i Civic Centre i Providence. I 1987 var andre og siste innspelingsdag for AC/DC sin promovideo for Heatseeker. I 1993 døyde Frank Zappa. I 1998 døyde Egil Johansen. I 2001 slepte Limp Bizkit samleplata New Old Songs, som inneheld spanandes remixar av tidlegare innspelingar. I 2008 døyde Anna Parchel. I 2009 slepte Charlotte Gainsbourg si tredje studioplate, eit produkt som fekk tittelen IRM.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar