02.12.2017

Tjueåttande november

Tjueåttande november 1949 vart musikaren og skodespelaren Paul Allen Wood Shaffer fødd i den kanadiske skimetropolen Thunder Bay. Mannen bak It’s Raining Men og musikken i Dave Letterman sitt bidrag til fjernsynsunderhaldninga kan hjå meg høyrast som ein del av kultbandet The Blues Brothers på konsertplata Briefcase Full Of Blues frå 1978, og på den blinde landsmannen Jeff Healey si plate Hell To Pay frå 1990. I 1960 kom Aslag Haugen til verda på Ål i Hallingdal. Haugen er gitarist og vokalist i Hellbillies og kan i mi platehylle høyrast på tre av bandet sine tidlege studioplater, i tillegg til ei konsertplate frå 1997. I 1962 kom Matthew David Cameron til verda i San Diego i California. Trommisen Matt Cameron held til dagleg takten for Pearl Jam og Soundgarden, og hjå meg kan du høyre han på Soundgarden-platene Badmotorfinger (1991) og Superunknown (1994). Cameron var også med i tributebandet Temple Of The Dog, som hjå meg kan høyrast med ei sjølvtituelert debutplate frå 1991, og han kan i ledige stunder også finnast bak trommene for Hater, som gav ut ei plate med same fantasifulle tittel som bandet i 1993. I 1970 gav våre beste venner frå Wolverhampton, Slade, ut plata Play It Loud. Platetittelen indikerer korleis bandet sjølv meiner musikken deira best vert formidla, og det er ei vurdering eg er heilt einig i. Produsent for denne gamle klassikaren var Chas Chandler. I 1978 platedebuterte kultbandet The Blues Brothers med A Breifcase Full Of Blues, eit meisterverk som nådde fyrsteplassen på den viktige Billboard 200-lista. I 1981 var eit AC/DC på Nord-Amerika-turné i Market Square Arena i motorsportbyen Indianapolis. I 1989 var Zeleste i den katalanske hovudstaden, Barcelona, åstad for ein Toy Dolls konsert. I 1993 døyde Jerry Edmonton. I 1997 døyde William «Smithy» Smith.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar