10.08.2017

Tiande august

Tiande august 1918 vart Arnett Cleophus Cobb fødd i oljebyen Houston i skytegale Texas. Saksofonisten Arnett Cobb var kjend som The Wild Man Of Tenor Sax og skreiv songar Ella Fitzgerald hadde suksess med, og var arrogant nok til å avslå eit tilbod frå sjølvaste Count Basie. I mi platehylle kan Cobb høyrast i godt driv på utvalde spor på Asleep At The Wheel si samleplate Route 66 frå 1992. Cobb døydde i 1989. I 1940 kom Jerry Glenn Kennedy til verda i Shreveport i Louisiana. Gitaristen Jerry Kennedy spelte for Bob Dylan på plata Blonde On Blonde frå 1966. I 1947 vart Ian Scott Anderson fødd i Dunfermline i Fife i Skotland. Kommunisten Ian Anderson har vore leiar av Jethro Tull sidan den spede starten på slutten av 1960-talet. Underteikna var så uheldig å sjå Anderson og Jethro Tull i Grieghallen i Bergen i 2009, men røysta til Anderson var så dårleg at det heile var ganske så skuffande. Då er det betre å hygge seg med dei platene som står i hylla heime, studioplatene This Was (1968), Aqualung (1971), Thick As A Brick (1972), Too Old To Rock & Roll; Too Young To Die (1976), Heavy Horses (1978), Catfish Rising (1991) og konsertplata A Little Light Music (1992). I tillegg til samleplatene M.U. The Best Of Jethro Tull (1976), Repeat. The Best Of Jethro Tull Vol II (1977) og Nightcap (1993). I 1950 kom Patti Austin til verda i Harlem i New York City. Songerinna Austin fekk gleda av å syngje på Michael Jackson si debut soloplate Off The Wall frå 1979, og så langt er det det som er hennar bidrag til mi platehylle. I 1956 kom Lars Martin Myhre til verda i Noregs eldste by, Tønsberg. Myhre sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast på Odd Børretzen si plate Noen Ganger Er Det Alright (1995), der Myhre både har komponert og står for lunt gitarspel. I 1960 vart Terje Storli fødd. Bassisten Storli var ein av grunnleggjarane av Stage Dolls og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Commandos frå 1986. I 1961 vart Jonathon James Farriss fødd i Perth på den australske vestkysten. Jon Farriss har traktert trommene i bandet INXS sidan starten i 1977. Hjå meg kan Farriss høyrast på platene Listen Like Thieves (1985) og Welcome To Wherever You Are (1992). I 1964 kom Kåre Kolve til verda på Voss. Saksofonisten Kolve er kjend for å spele saman med dei islandske jazzlegendene Mezzoforte, hjå meg kan han høyrast med grom lyd på spor tre på Tre Små Kinesere si femte studioplate Tro, Håp & Kjærlighet frå 1996. I 1978 kunne ein høyre Gasolin i Tigerstaden. Dei heldige frammøtte fekk mellom anna høyre Det Bedste Til Mig Og Mine Venner, Hvad Gør Vi Nu, Lille Du, Kattemor og Kloden Dreier Stille Rundt. Dette er songar som alle er å høyre på samleplata Derudaf – Forever frå 1993, eit godt alternativ for oss som ikkje hadde høve til å vere tilstades når opptaka vart gjort. I 1979 slepte Michael Jackson plata Off The Wall, som vart hans fyrste store gjennombrott med millionsal på heimemarknaden. I 1981 gav Bob Dylan ut si tjuefyrste studioplate, Shot Of Love. I 1984 platedebuterte Red Hot Chili Peppers med ei plate med same namn som bandet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar