22.08.2017

Tjueandre august

Tjueandre august 1917 vart bluesartisten John Lee Hooker fødd i Coahoma County i Mississippi. Hooker vert rekna som ein av dei fremste representantane for Delta Blues og innsatsen frå debuten i 1948 og framover sikra han ei stjerne på Hollywood Walk Of Fame. Hooker sitt bidrag til mi platehylle heiter Best Of Friends og er ei samleplate som tok for seg diverse samarbeidsprosjekt Hooker gjorde i åra 1986-1998. Hooker døydde i 2001. I 1943 kom Ermine Ortense Bramwell til verda i det berykta og frykta distriktet Trenshtown i Kingston, hovudstaden på reggeaøya Jamaica. Songerinna Cherry Smith (også kreditert som Cherry Green) var fast bakgrunnssongerinne for The Whailers midt på sekstitalet og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Collection Gold frå 1991. Smith døydde i 2008. I 1958 kom Vernon Reid til verda i London. Gitaristen Reid spelar til dagleg i Living Colour og kan hjå meg høyrast på plata Stain frå 1993. I 1961 kom Roland Jaime Orzabal de la Quintana til verda i den engelske hamnebyen Portsmouth. Roland Orzabal var den eine halvleiken av den britiske duoen Tears For Fears. Hjå meg høyre du Orzabal på studioplatene Songs From The Big Chair (1985) og Elemental (1993), og samleplata Tears Roll Down (Greatest Hits 82-92), som kom på marknaden i 1992. I Los Angeles vart Deborah Mary Peterson fødd. Saman med systera Vicki Peterson starta trommeslagar Debbi Peterson jentebandet The Bangles som i mi platehylle er representer med samleplata Greatest Hits frå 1990. I 1963 kom Myra Ellen Amos til verda i Newton i North Carolina. Tori Amos er ei dame som, sidan ho platedebuterte i 1992, har laga musikk som kitlar øyregongane på ein mjuk og behageleg måte, og etter kvart har ho fått så mange titlar inn i platehylla mi at ho er med å farge totalinntrykket. Lista viser, så langt, Little Earthquakes (1992), Under The Pink (1994), From The Choirgirl Hotel (1998), To Venus And Back (1999) og American Doll Posse (2007). I 1964 vart William Calhoun fødd i Brooklyn i New York City. Trommeslagaren Will Calhoun spelar til dagleg i Living Colour og kan i mi platehylle høyrast medan han held takten på plata Stain frå 1993. I 1967 vart den tidlegare vokalisten i Alice In Chains, Layne Thomas Stanley fødd i Kirkland i den amerikanske delstaten Washington. Layne Stanley var med å starte Alice In Chains så tidleg som i 1987, men sleit dei siste åra av livet sitt med store rusproblem. Hjå meg høyrer du Stanley sine vokalprestasjonar på platene Facelift (1990) og Dirt (1992). Stanley døydde i 2002. I 1969 kom Stephen John Cradock til verda i engelske Solihull. Gitaristen Steve Cradock er best kjend for å spele i Paul Weller sitt band og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Studio 150 frå 2004, i tillegg til samleplata Modern Classics: The Greatest Hits frå 1998. I 1971 kom Craig Finn til verda i Boston i Massachusetts. Finn er vokalist i The Hold Steady og kan hjå meg høyrast på plata Stay Positive frå 2008. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast i Dixons Club i Sunderland. I 1992 toppa Iron Maiden nok ein gong plakaten på Monsters Of Rock på Castle Donnington. Andre langhåra rockarar på plakaten var Skid Row, Slayer, Thunder og W.A.S.P. I 2005 slepte Super Furry Animals plata Love Kraft, dette var walisarane si sjuande studioplate.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar