03.02.2012

Andre februar

Andre februar 1920 kom bassisten Joe Mondragon til verda. Mondragon var ein høgt skatta studiomusikar og kan hjå meg høyrast medan han spelar på plata Best Of Chet Baker Plays. I 1942 vart Graham William Nash fødd i tivolibyen Blackpool i eit krigsherja England. Graham Nash slo gjennom med eit brak i den engelske gruppa The Hollies, som etter kvart har fått sitt bidrag til mi platesamling. Nash tok etter kvart turen over dammen og starta eit samarbeid med David Crosby og Stephen Stills i meir kjende Crosby, Stills & Nash (& Young). I 1962 kom Jan Magne Førde til verda i Langevåg i Sula Kommune på Sunnmøre. Førde er saman med storebrørne Helge og Jarle, drivkrafta i den norske jazzgruppa Brazz Brothers, og kan høyrast på to ulike produksjonar i mi platehylle, Afrobrazz og Aquarium. I 1970 slepte Grand Funk Railroad singelen Heartbreaker som klatra til syttiandreplass på den viktige Billboardlista. I 1976 gav Lynyrd Skynyrd ut singelen Gimme Back My Bullets. I 1980 heldt Toy Dolls konsert i Comerads Club i Blackmill. I 1981 kom Iron Maiden si andre studioplate, Killers. I 1982 nytta dei engelske hardrockarane i Iron Maiden dagen til å sleppe den legendariske singelen Run To The Hills. Singelen der dei oppmodar om fjelltur klatra i dei påfølgjande vekene lett og elegant til sjuandeplassen på dei engelske singellistene. I 1991 fekk verda servert plata 1916 frå våre venner i Motörhead. Plata inneheld ei hylling av dei amerikanske kultpønkarane i Ramones og på tittelsporet, som avsluttar plata, har den aldrande speedfreaken Lemmy bytta ut bass med cello. Det siste får ikkje akkurat gamlingen til å høyrast ut som ein ekte Motörheadbanger, men det er ikkje tvil om at dette duger.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar