27.02.2012

Tjuesjuande februar

Tjuesjuande februar 1951 kom Stephen Malcolm Ronald Nice til verda i London. Steve Harley har, saman med Cockney Rebel, produsert ei rekkje store hits opp gjennom tida, og er best kjend for Make Me Smile (Come Up And See Me), Sebastian og ein rimeleg bra versjon av George Harrison sin Here Comes The Sun. I 1957 kom Adrian Fredrick Smith til verda. Smith har traktert gitaren i Iron Maiden sidan 1980 og debuterte på plata Killers. Smith tok ein pause frå Iron Maiden frå 1990 til 1999, men er i dag attende i gjengen som underheldt bergenserar og tilreisande på Koengen i august 2010. I 1962 var dette datoen Elvis Presley slepte singelen Good Luck Charm laus på den platekjøpande delen av folket. Plata nådde fyrsteplassen i både USA og England, høvesvis i to og fem veker. I 1964 vart bassisten Ewen Vernal fødd i Glasgow. Vernal er best kjend for å vere ein del av rytmeseksjonen i det skotske bandet Deacon Blue og kan hjå meg høyrast på platene Raintown og Fellow Hoodlum. I 1981 vart banjoguruen Noam Pikelny fødd i Chicago. Pikelny kan hjå meg høyrast på k.d. Lang si plate Watershed frå 2008. Same dag gav The Who ut singelen You Better You Bet, som klatra så høgt som til niandeplass på dei engelske listene. I 1983 vart datoen prega av at ein kunne høyre Toy Dolls på Gallery i Manchester. I 1986 hadde Toy Dolls teke turen til Circus i Oslo for å underhalde dei frammøtte. Same dag gjekk AC/DC i gang med innspelinga av ein promovideo til Who Made Who. Resultatet kan ein mellom anna sjå på DVD’en Family Jewels. I 1996 gav The Pogues ut plata Pogue Mahone, ein platetittel som er så direkte tale som ”kyss meg i ræva”, utan at nokon treng kjenne det som eit personleg kall. I meir heimlege trakter nytta Bel Canto dagen til å sleppe plata Magic Box.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar