21.06.2015

Tolvte juni

Tolvte juni 1937 kom Lincoln Wayne Moman til verda i La Grange i Georgia. Plateprodusenten Chips Moman har vore i kontrollrommet under innspelingar med Elvis Presley og Bobby Womack, hjå meg kan han høyrast medan han spelar gitar for Aretha Franklin på utvalde spor på samleplata The Very Best Of Aretha Franklin Vol. 1 frå 1994. I 1941 vart Armando Anthony Corea fødd i Chelsea i Massachusetts. Pianisten og jazzlegenda Chick Corea er kjend som orkesterleiar og som ein av føregangsmennen innan elektrifiseringa av jazzen. I mi platesamling Corea høyrast medan han spelar for Miles Davis på studioplatene In A Silent Way (1969), og Bitches Brew (1970), samt på utvalde spor på samleplata Water Babies frå 1976. I bydelen Brooklyn New York City kom Marvin Phillip Aufrichtig til verda. Sportsankeret Marv Albert kan i mi platehylle høyrast medan han parodierar seg sjølv på eit spor på Roger Water si tredje soloplate Amused To Death frå 1992. I 1944 kom Reginald Maurice Ball til verda i engelske Andover. Reg Presley var vokalist i The Troggs og kan i mi platehylle nytast på ei uoffisiell samleplate oppkalla etter bandet sin største slager, Wild Thing. Presley døyde i 2013. I 1949 kom bassisten John Kenneth Wetton til verda i engelske Willington. Multiinstrumentalisten John Wetton er best kjend som frontmann i bandet Asia, men har også vore innom Roxy Music og kan hjå meg høyrast på samleplata More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music frå 1995. Wetton kan også høyrast som bassist i Uriah Heep på studioplatene Return To Fantasy (1975) og High And Mighty (1976), samt på utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark, som kom på marknaden i 1991. I 1951 kom Brad Carlson til verda i Rockford i Illinois. Trommeslagar Bun E. Carlos har hatt levebrødet sitt i det fantastiske rockebandet Cheap Trick sidan starten, men grunna ryggproblem turnerar han for tida lite med bandet, sjølv om han framleis vert rekna som fullverdig medlem. Hjå meg kan Carlos sitt trommespel høyrast på studioplata Latest (2009), konsertplata At Budokan (1978), samt den doble samleplata The Essential Cheap Trick. I 1986 var andre og siste innspelingsdag av AC/DC sin promovideo av You Shook Me All night Long. Regissør var David Mallet. I 2014 bydde Bergenfest på regnfylt konsert med punklegendene Blondie, ein våt fornøyelse som var verdt kvar ei krone, og som viste ei aldrande Debbie Harry i toppform. Også Audrey Horne stod på scenen denne kvelden. Dette var bandet sin fyrste opptreden på festivalen som er for heimebane å rekne og etter det vi fekk sjå må arrangørane vere gale om dei ikkje inviterar dei lokale metall-stjernene attende snarast.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar