06.10.2010

Sjette oktober

Sjette oktober 1966 danna gitarhelten Jimi Hendrix bandet Jimi Hendrix Experience. Det lengendariske bandet, som dei fleste har høyrd om, men som få fekk høve til å sjå live, bestod, i tillegg til Hendrix sjølv, av trommeslagaren Mitch Mitchell og Noel Redding på bass. I tillegg til musikken vekte bandet merksemd med plateomslaga sine som ofte viste meir bar kvinnehud enn det mange fann tilrådleg, til dømes vart omslaget til Electric Ladyland frå 1968 forboden i USA. Det kunne berre gå oppover. I 1980 heldt Bob Seger & The Silver Bullet Band konsert i Boston Gardens i Boston. Songen Nine Tonight kan høyrast på liveplata med same namn saman med Tryin’ To Live My Life Without You. I 1981 song Madness Shut Up og det plasserte dei fint på ein sjuandeplass på singellistene. I 1983 var Dubliners å høyre i levande live på radioprogrammet Folk Live frå Carré Theatre i den nederlandske kanalbyen Amsterdam. På same dato i 1989 spelte Toy Dolls på Bolwerk i Sneek ein annan stad i Nederland. I 1992 nytta Soul Asylum dagen til ål gje ut albumet Grave Dancers Union, ei plate som selde til tre gongar platinum.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar