27.10.2010

Tjuesjuande oktober

Tjuesjuande oktober 1933 vart den amerikanske pianisten Floyd Cramer fødd i Louisiana. Cramer sin CV inneheld pianospel for storleikar som Elvis Presley, Patsy Cline og Chet Atkins, men i mi platesamling er det på Johnny Cash sine plater Ride This Train og Now There Was A Song, begge frå 1960, tangentleiken hans kan høyrast. Cramer døyde i 1997. I 1977 fullførde The Who innspelinga av ein ny sang, tittelen var New Song. I 1979 var dette dagen Motörhead si plate, Bomber, kom på marknaden. Eg har også ei kjelde, CD-boxen Protect The Innocent, som hevdar dette også var dagen dei same karane slepte den etter kvart legendariske liveplata No Sleep ’Till Hammersmith laus på folk. Discografien på Motörhead sin eigen nettstad påstår at plata ikkje kom før tjuesjuande juni 1981. I 1979 var også Toy Dolls på scenen i Ryhope Popular Club i Sunderland. I 1986 var Toy Dolls attende og spelte for dei frammøtte i Alabamhalle i Munchen. I 1989 var Toy Dolls innom Kiel og spelte på Max Music Hall.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar