21.11.2010

Tjuefyrste november

Tjuefyrste november 1948 vart keybordisten John Douglas Bundrick fødd i Houston. Bundrick sin CV tel namn som The Who, Eric Burdon og Johnny Nash, men hjå meg er det på Sleeping With The Dog frå Jethro Tull-plata Catfish Rising arbeidet hans kan høyrast. I 1960 fekk verda bassisten Brian Ritchie. Ritchie har ytt sitt bidrag til musikken si verd gjennom fleire plateinnspelingar med Violent Femmes. I 1961 kom Elvis Presley med singelen Can’t Help Falling In Love. Songen er henta frå filmen Blue Hawaii og låg fire veker på toppen av dei engelske listene. I USA var andreplass høgaste notering. I 1965 fekk verda den islandske songerinna Björk Guðmundsdóttir, som hjå meg både har fått plass til soloplata Debut frå 1993 og plata Stick Around For Joy som ho gav ut i 1992 som ein del av det fantastiske bandet Sugarcubes. I 1978 var Led Zeppelin i Polar Studios i Stockholm og spelte inn Wearing And Tearing. Det ferdige resulultatet kan høyrasat på samleplata Coda frå 1982. I 1980 la Iron Maiden ut på ein ti dagar turne i England, for å introdusere den nye gitaristen Adrian Smith for den voksande tilhengjarskaren. I 1979 gav plateselskapet CBS ut Gasolin’ si debutplate Gasolin’, i ettertid gjerne kalla Gas 1. Plata vart spela inn i Rosenberg Studios i København tidlegare same år og produsent var Sture Lindén. I 1981 spelter AC/DC i Rosemont Horizon i Chicago. I 1986 gav det amerikanske alternativbandet Soul Asylum ut den tredje plata si, While You Were Out. I 1995 underheldt Ozzy Osbourne gordiane i Newcastle City Hall. I 2000 gav Nine Inch Nails ut plata Things Falling Apart, som var ei samling remiksar frå andre studioplater og som ikkje fekk noko god mottaking i kritikarkrinsar. I 2007 tapte tidlegare Magnum-trommis Kevin ”Kex” Gorin kampen mot kreften. Gorin heldt takten på Magnum sine fire fyrste studioplater, eg har berre sikra meg to av dei, Kingdom Of Madeness (1978) og Magnum II (1979), i tillegg til liveplata Marauder som kom i 1980.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar