02.11.2010

Andre november

Andre november 1947 vart David Pegg til verda. Dave Pegg har spelt med store folk-rock namn som Fairport Convention, og i mi platehylle kan han høyrast medan han speler med Jethro Tull på studioalbumet Catfish Rising frå 1991 og konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1976 gav Miles Davis ut plata Water Babies som inneheldt studioinnspelingar han hadde gjort saman med eit elitelag av musikarar på slutten av sekstitalet. Mi nyutgjevne CD-plate inneheld songen Splash, som ikkje var blant dei fem utvalde spora på den originale plata. I 1977 var Neil Young i Woodland Sound Studios i Nashville og spela inn songen Comes A Time som vart utgjeven på plata med same namn. Same dato i 1979 stod Toy Dolls på plakaten i Comrades Club i Horden. Etter den konserten forlot Pete Zulu bandet for fyrste gong. I 1981 spela Toy Dolls sin konsert nummer hundre og det jubileet vart markert i Legions Park i South Shields, same dag gav Neil Young ut plata Re-Ac-Tor saman med husrockarane i Crazy Horse. I 1986 stod Toy Dolls på scenen i Salle De Faubourg i Geneve. I 1989 fekk Luxor i Köln gleda av å høyre og sjå Toy Dolls. I 1991 spela Mano Negra live på Club Chitta i Kawasaki, ein konsert som er foreviga på plata In the Hell of Patchinko som sjølvsagt står trygt plassert i platehylla mi.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar